Kattar

Ei tekst med humoristisk tone og harde fakta om kattar.
Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2003.02.19
Tema
Dyr

Når nokon nemner ordet «katt», tenkjer dei fleste på ein heilt vanleg huskatt, som føretrekkjer Wiskas kattemat, er blank i pelsen og  helst ligg framfor peisen mesteparten av dagen.

Om nokon deretter spør om ein veit om fleire kattedyr, vil nok mannen i gata svare løve eller tiger.

Berre eit lite fåtal av oss vil nok komme på Norden si løve, gaupa!  «Men….» spør eg meg sjølv, «….kvifor er gaupa så ukjend ? Er ikkje norske ting kule lenger ?»

La meg no, for å auke nasjonalkunnskapen Dykkar, få fortelje litt

om gaupa, «eit ålreit dyr».

 

Den europeiske gaupa, Felis lynx, er eit korthala pattedyr, som høyrer til kattefamilien, Felidae. Den norske gaupa kan bli opp til 30 kilo tung, og er blant dei største gaupeartane  i verda. Folk med peiling på gaupe kan stadfeste at me i Noreg har tre typar gaupe; Revegaupe, kattegaupe og ulvegaupe.  Det som skil dei, er fargar og mønster i pelsen deira.

 

Gauper er einstøingar som bur i skogen og jaktar åleine. Som kattar flest, spring dei lite etter byttet sitt, men snik seg heller sakte innpå det, og avsluttar jakta med eit lynraskt sprang og ein dødeleg presisjon. Synet, høyrsla og luktesansen er sers godt utvikla hos gaupa og ho er også god til å klatre og symje. I hovudsak et gaupa smågnagarar, hare og skogsfugl. Vinterstid får gaupa tak i mykje rådyr og rein, fordi dei trakkar gjennom snøen medan gaupa har store potar og spring lett oppå den.

 

Drektighetstida til gaupa er om lag 60 dagar, og ho føder ungane i ei hol trestamme eller i ei steinrøys. Det har vore skotpremie på gaupa her i landet sia 1800- talet, og fram til eingong på 1980- talet. Talet på gauper i Noreg har auka jamnt dei siste tiåra, og ser ut til å fortsetje med det.

 

No har du lært ein del om gaupa og korleis den har det, så neste gong nokon snakkar om kattar, praktiser din ekstravagante  kunnskap på feltet. Men hugs: alt med måte!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst