Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ven søkesSkriv ut Utskrift

Om ensomhet.

Nynorsk - FortellingForfatter:



Om eg berre hadde hatt ein ven, ein einaste ven så hadde alt vore betre.
Eg hadde kanskje ikkje sloppe all ertinga, men då hadde eg ikkje følt meg så einsam, så åleine.
Nok ein dag går og fortsatt er eg åleine, eg har prøvd å gå bort til nokon for å bli med i samtala, men så fort eg kjem bort til dei går dei ned på fotballbanen eller andre stader.
Eg har prøvd å vere med på fotball. Det gjekk ikkje serleg bra, ingen sentra til meg og når eg fekk tak i ballen så kom det berre ein og tok han.

Friminutt, kvifor heiter det friminutt ? Fri frå kva da ? Timene er greie, då er det ingen som erter og plager meg, då har eg fri.
No har eg gått i denna klassa i seks år, men det føles ikkje som om eg er ein av gjengen ennå.
Eg kan endå hugse den fyrste skuledagen, alle stirde på meg.

Nesten alle dei andre kjende kvarandre frå før, medan eg som var ny i bygda ikkje kjende reglane i leikane, ikkje kjende eg nokon av dei fine plassane som dei andre hadde vore på med barnehagen.

Dei erta ikkje, dei kalla ikkje, dei gjorde ingenting og det var absolutt mykje verre.
Eg hugser den fyrste vinteren, alle brukte ski i friminutta, det var fine bakkar med kuleløype og langrensløype, ja alt var eigentleg ganske fint.


No vart eg lagt merke til, ikkje fordi eg var flink, men fordi eg ikkje fekk heilt til det der med skia. Eg datt og slo meg heile tida. Alle dei andre stod og lo, etter likna og gjorde narr av meg. Det verste var at det såg ut som til og med lærarane stod der og lo. Lærarane som eigentleg skulle stoppe ertinga og plaginga, stod og lo!

Også har vi sommar friminutta. Dei var ikkje greie då heller. Då vi skulle hoppa paradis så var det ikkje slik som eg hadde lærd i byen, her var det andre reglar. Det som var lov i byen var ikkje lov her og omvendt.

Dei som var eldre var ikkje så greie dei heller. Det var ein som alltid skulle vere plagsam.
Om vinteren stod han gøymt bak gjørner og venta på at eg skulle komma forbi slik at han kunne ha snø ned i nakken på meg eller snødynke meg. Eg sa ifrå til læraren slik at ho snakka med den idioten, men vart det noko betre ? Nei , han fortsatte , enda meir enn før. 

No sit eg her i klasserommet og ser meg rundt og tenkjer på kva eg skal gjere i neste friminutt. -kva skal eg gjere i neste friminutt ? skal eg sjå på dei andre spela fotball ? Skal eg sita og gjere leksar eller skal eg gå ein tur ?
Klokka ringde så timen var ferdig og alle gjekk ut,eg gjekk sist ut som vanleg.
Då læraren stoppar meg og spør: Har du ikkje lyst til å gå ut ? Eg berre ristar på hovudet og går stille ut. Ute på gangen stoppar eg og ser meg rundt, eg bestemmer meg for å gå på do. Der inne møtar eg Anne. Ho ser trist ut. Eg tenkjer for meg sjølv -skal eg våge meg bort til henne og kanskje spørja om noko er gale ? nei, det er nok best å halde seg litt unna, tenkjer eg.

Eg set meg ned på benken som står rett utanfor do og ser på klokka.
Berre to minutt att til klassens time.

Læraren fortel i klassens time at det kjem ei ny jente i klassen.
Eg kjenner plutseleg eit lite håp om å få meg ein ven, så kanskje…….




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish