Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Slutte på skulen i dag?Skriv ut Utskrift
Av og til kan det berre vere så fristande å slutte på skulen...
Nynorsk - NovelleForfatter:



”Pip, pip, pip, pip”. Det var vekkjarklokka mi som ringde, ringde om at ein ny dag stod for døra, ein ny dag på skulen. Eg drog dyna over kroppen min, kraup saman som ein ball, og prøvde å gløyme den pipande vekkjarklokka på nattbordet mitt. Det siste eg hadde lyst til var å stå opp. Tanken på ein ny skuledag var drepande. Eg hadde berre lyst å liggje der i senga mi, sleppe å stå opp, sleppe skulen..

Eg slapp motvillig taket rundt beina mine, og famla vilt etter klokka som gjorde sitt beste for å få meg opp frå den varme senga. Med eit brak datt den i golvet, og brått vart rommet mitt frykteleg stille. Altfor stille.. Ikkje kunne eg høyre mamma som laga frukost nede frå kjøkkenet. Ikkje kunne eg høyre den irriterande dunkinga frå stereoannlegge til broren min. Ikkje kunne eg høyre den bedande mjauinga frå katten som ville inn etter ei lang natt ute. Vanlegvis ville eg ha vore glad for denne stillheita, men no som eg budde på hybel kunne eg ha gjort kva som helst for å høyre så lite som eit lite mjau utanfor vindauget mitt. Men eg hadde ikkje så mykje val. Skulle eg gå på skule, måtte eg bu på hybel også. Til å begynne med synes eg det var stas å skulle flytte på hybel. Tenk å kunne lage den maten ein ville, og feste til langt på natt utan at dumme foreldre blanda seg inn. Det var kjekt i eit par månadar, men ettervart begynte eg å sakne dei blautkokte potetene til mamma.

 

Men no måtte eg stå opp, klokka var allereie alt for mykje. Eg kava meg ut av senga, og med tunge skritt gjekk eg inn på badet. Der hadde eg som vanleg gløymt å skru på varmen etter helga, og lengselen etter den varme dyna vart berre endå større. Eg slengte på meg nokon klede som låg i ein haug på golvet, vaska meg i andletet og la litt sminke. Deretter sprang eg inn på rommet mitt, og til mi fortviling var der berre eit par minutt til eg måtte gå. I full panikk heiv eg bøkene som låg på pulten i sekken, og samvitet mitt begynte å gnage litt for leksene eg hadde sovna frå dagen før. Ikkje at det var så uvanleg at eg gjorde det. Som regel sovna eg med hovudet krasja i boka før eg var halvferdig med det eg skulle ha gjort. Kanskje det ikkje var så gale, men det var jammen ikkje lang i frå.. Lekser var berre ikkje min ting..

 

I neste augeblikk var eg ute på vegen. Magen min romla etter mat. Det einaste kjøleskåpet mitt hadde hatt å tilby etter helga, var ein gamal skalk frå forrige veke. Med tom mage, raske skritt og skulelyst på null, var eg på veg til skulen. Sjølv kor raskt eg gjekk, kom eg aldri fram. Slik var det alltid når eg hadde dårleg tid. Eg kunne ikkje gå fort nok.

 

Då eg endeleg var framme, var dei andre i klassen allereie trygt plassert på plassane sine. ”Line, du er for sein”, kom det frå læraren, og det var ikkje fyrste gongen. Skamfull og raud som ein tomat, gjekk eg å sette meg på pulten min. Igjen ga eg meg sjølv eit løfte om å aldri komme for seint igjen, men innerst inne visste eg at eg aldri ville klare å halde det.

 

Den fyrste timen snegla seg forbi. Vi hadde historie, og alt læraren babla om 1. verdskrig, for inn det eine øyret og ut det andre. Om det i det heile tatt for inn då.. Eg var ikkje noko skulegeni, og medan dei andre noterte for harde livet, satt eg som vanleg med tankane i ei heilt anna verd. Når eg til slutt vart vekt av læraren si høge røyst: ”Line! Kor tid slutta 1. verdskrig?”, var det einaste eg kunne få fram: ”Hæ? Kva for noke? Kremt.. Eg veit ikkje helt eg”. 

Eg visste det vel eigentleg innerst inne, men når eg plutseleg vart bombandert med eit spørsmål eg ikkje var forberedt på, var eg dømd til å mislukkast.

 

I friminuttet var eg som vanleg i kantina med venene mine. ”Kva har du gjort på i helga då? Har du begynt på stilen vi skal levere neste veke?”, spurte bestevenninna mi Maren, meg. Vi hadde akkurat sett oss ned med eit bord, og eg skulle til å ta den fyrste jafsen av sjokolademuffinsen eg hadde kjøpt til frukost. ”Kva for stil? Ånei, den har eg gløymt”, svarte eg, litt bitter over at no kunne eg ikkje nyte muffinsen min lenger. Det verste eg visste var å skrive stil. Greit nok at det var gale å lese til ei vanleg prøve, men å skrive stil tok berre heilt kaka. Ikkje gjorde det noko betre at vi hadde ei samfunnsfagprøve, ei matteprøve og ei naturfaginnlevering som skulle gjerast i tillegg. Å vete at ein har mykje å gjere er heilt grusomt. Ein klara liksom ikkje helt å slappe av. Sjølv om ein ikkje går å tenke på det heile tida, liggje det alltid å gnege i bakhovudet likevel. Det beste er jo å gjere seg ferdig med det med ein gong, men så var det jo denne motivasjonen min då..

Plutseleg høyrde eg nokon som knipsa framfor meg.”Line! Hallo! Er du heilt vekke eller?”. Det var Maren som sa det til meg. Ho lo. ”Du er jo heilt vekke du. Det ringde nettopp inn. Kom, lat oss gå!” Ho hoppa opp frå stolen, og ufrivilleg fylgde eg etter. Magen min romla i takt med stega eg tok. Eg hadde heilt gløymt å ete muffinsen eg kjøpte til frukost.

 

Den neste timen fekk vi igjen ei av naturfagprøvene vi hadde hatt sist veke. Medan dei andre jubla over 5´arane og 6´àrane sine, sat eg der med 3´áren min, eller 2/3 for å vere heilt ærleg. Men kva var eigentleg vitsen med å kunne alle stoffa i periodesystemet på rams? Okay, skal innrømme at eg øvde litt til den prøva, og at det hadde vore kjekt med ein 4´ar i det minste, men kva var eigentleg vitsen med å ha ein god karakter? Det er greit nok at læraren skal ha eit tal å skrive i karakterboka på slutten av året, men kvifor skal eg slite ræva av meg for at det skal stå 5 istaden for 3? Kvifor skal eg skal eg stå opp tidleg 5 dagar i veka for å høyre på ein tørr lærar bable om 1. verdskrig? Det er greit nok at eg bør ha ei utdanning, men kvifor skal det gjerast på den harde måten. Eg treng ikkje vite om 1. verdskrig for å sitte i kassa på Rimi, eller for å vere designer for den del. Ein lærer alt for mykje unødvendig på skulen, eller den prøva ivertfall å lære meg mykje unødvendig. Av og til kunne det vere så fristande å berre slutte på skulen..

 

Resten av dagen gjekk eg berre å venta på at skuleklokka skulle ringe ut for siste gong, og det gjorde den omsider etter 4 seige timar. For fyrste gong den dagen kjende eg meg litt vaken, og eg omtrent hoppa ned trappa til skuleplassen. No skulle eg endeleg heim. Ikkje at det var så veldig kult å vere på hybelen, men ein slapp ivertfall å sitte klistra på skulebenken.

 

På veg heim den dagen skjedde det noko merkeleg, noko som aldri hadde hendt før. Eg møtte på ein mann, ein uteliggjar rettare sagt. Han hadde triste auge, og dei få fillene han hadde på seg stinka gamalt fyll. ”Har du nokon kroner å gi ein stakkar gamal mann?”, spurde han meg, og såg på meg med dei triste auga sine. Eg vart heilt stum, men rota fram dei få kronene eg hadde igjen etter muffinsen eg kjøpte i kantina. Eg slapp dei i dei rynkete hendene, og ga han eit lite medynkeleg smil. ”Du er heldig du”, sa han til meg, og såg på skulesekken min. ”Nytt den tida du har på skulen, og få deg ei god utdanning. Ellers kan du ende opp som meg, sa han, og snudde seg å gjekk. Den setninga fekk meg til å tenke. ”…Ellers kan du ende opp som meg..”. Setninga gjekk igjen og igjen i hovudet mitt. Ville eg ende opp som han? Det var akkurat som om noko gjekk opp for meg, kanskje eg trengde skulen likevel? Den dagen gjekk eg heim med ei ny innstilling. Neste dag skulle eg gå på skulen med opne armar, trudde eg ivertfall..




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish