Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Flukta frå IrakSkriv ut Utskrift

Situasjonsfortelling om en flukt fra Irak. Karakter 5, 9. klassetrinn.

Nynorsk - FortellingForfatter:



”Ali, du må vakna, amerikanarane kjem”. Brått vakna eg, først blei eg sint på Muhammed for å vekke meg på den måten, men da eg fikk at grepet på verkelegheita, kom eg på at vi var flyktningar. På rømmen frå dei nådelause amerikanarane. Ali glømte aldri den natta da dei amerikanske soldatane angrep landsbyen hans, og myrda alt og alle. Det var bare han og Muhammed som slapp unna dei gale amerikanarane.

 

Plutseleg kjente eg at det dundra i bakken, det var nesten som om det kom 100 elefantar i fullt firsprang mot oss, men det var den amerikanske hæren, det hadde vore betre om det var elefantar. Da helikopterduren kom, starta vi å springe, så fort som aldri før. Med den farten, kunne vi ha vunne OL gull. Plutseleg høyrde vi bjeffing, vill bjeffing. Det einaste som overdøyvde hundane, var helikopteret som kom tilbake etter å ha sirkla over den opne sletta. Det verste med hundane til amerikanarane var at dei ikkje var vanlege hundar, men ein slags blanding av ulvar, løver og hundar. Dei var genetisk designa for å drepe.

 

Muhammed, religiøs som han var, begynte å be, og eg som alltid hadde erta han for hans religion, begynte også å be. Eg visste ikkje kvifor, men eg bad, om å overleve og eg bad om at familien min skulle ha det bra der oppe i himmelen, eller kor dei no var.

 

Men dette var ikkje dei vanlege soldatane som ikkje visste kva dei gjorde, dette var elitesoldatar, som var trena til å drepe. Og om vi blei tatt, ville dei ikkje drepe oss, men torturere oss, for å få noko å gjøre. Dei gale amerikanarane, dei drap for moro skuld.     

Plutseleg landa det eit stort helikopter framfor oss, og ut kom ein gjeng med amerikanarar. På brøkdelen av eit sekund seig det vesle håpet vi hadde ut av oss, vi var fanga. Det var ute med oss.

 

Dei ga oss noe å drikke, og etter det huskar eg ingenting. Da eg vakna hadde eg kraftige smerter i hovudet. Alt var svart der eg var, først tenkte eg at eg hadde blitt blind, men så fann eg ut at eg hadde bind for auga mine. Da eg fjerna bindet, oppdaga eg at eg var i ein kjellar. Ved sidan av meg låg Muhammed, da eg så kva dei hadde gjort med han, spydde eg. Auga hans var hakka ut, og han hadde ikkje fingrar eller tær. Kjellaren var utan vindauge, og den einaste vegen ut var ei stor dør med jernbeslag. Eg prøvde desperat å finne ein annan utveg, før det gjekk med meg, som med min kjære ven Muhammed. Men det var nok for seint, plutseleg banka det på døra, og på eit gebrokkent persisk,  sa voktaren ”No er det din tur, vesle Ali”. Eg lurte sterkt på korleis han visste namnet mitt, med det fikk fare.

 

Eg la merke til at voktaren hadde bilnøklane sine lett tilgjengeleg, og sidan eg var trent som lommetjuv, var det ikkje noko problem å ta nøklane utan at voktaren merka det. Dette var ein sikker død. Voktaren småsnakka litt med seg sjølv på amerikansk, og i eit lite augeblink av uoppmerksamheit frå voktaren, stakk eg nøklane, så djupt som dei gjekk, inn i låret på voktaren. Han hylte i smerte, mens eg sprang opp, mot fridomen. Da eg kom ut på taket, høyrde eg at amerikanarane hadde sett i gang alarmen. Eg var fanga, men eg ville ikkje dø i hendene på amerikanarane. Så eg hoppa ned, ned mot døden. Men det var ei vollgrav der nede, som redda livet mitt.

 

På nøklehanken var det ein bilnøkkel. Det sto faktisk Audi merket på nøkkelen, så det var ikkje noko problem å finne den rette bilen. Det var ein stor biol som var lett å kjøre. Eg kom meg ut på hovudvegen, og køyrde for harde livet. Eg var i sikkerheit.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish