Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Om sanning, moral og makt i Soga om Ramnkjell Frøysgode

Om sanning, moral og makt i Soga om Ramnkjell Frøysgode

Dette er ei analyse av nokre litterære verkemiddel i Soga om Ramnkjell Frøysgode.

Sjanger
Særoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
03.04.2003

Om sanning, moral og makt  -  ei analyse av nokre litterære verkemiddel i

 

SOGA OM RAMNKJELL FRØYS­GODE

                

Den korte, oversynlege og velkomponerte soga om Ramn­kjell Frøysgode er ei forteljing om korleis bonden Såm fekk tak i godordet til Ramnkjell Gode, og korleis Ramnkjell vann det att.

 

På ein og same måte er soga både unik og tradisjonell. Ho er unik fordi dei lyriske skildringane kjem sterkare fram i ho enn dei gjer i mange andre soger. I så måte er ho eit kunstnar­leg meisterstykke. Dei tradisjonelle elementa bind seg saman med det originale, og gjer soga om Ramnkjell Frøys­gode til noko særskild i eldre nordisk litteratur.

 

For eit litterært verk er det jamvel om mange har halde dette for tvilsamt i dei vel åtte hundre åra som soga har eksistert i dei skriftleg variantane vi har. Først og fremst gjeld det alle spørsmåla om kva som er sanning i sogene, korleis dei vart til og kva for bodskap sogene kan gje oss som lesarar. Men tilhøvet dei hadde til strid, ære, blodhemn, sjølvtekt, drap og valdsbruk, er og viktige element i soga, jamvel i forståinga av dette som litterære verkemiddel.

 

I det følgjande vil eg leggja hovudvekt på Ramnkjell og Såm sine tilhøve til etikk og moral, til makt og maktbruk og til æresomgrep. Men vegen dit må gå gjennom nokre av dei strids­spørsmåla som har gjeve opphavet til diskusjonen kring soge­ne.

 

Sjølve opphavet, overgangen frå munnlege til skrivne soger lar eg liggje. Eg tar utgangspunkt i at Ramnkjellsoga  blei nedskriven ein gong på slutten av 1200-talet.       

 

Alle tekster, kor gamle og rotfesta dei enn er hos oss, vil på eitt eller fleire punkt vere prega av den samtida dei vart skapte i. Enten ved at viktige element frå "fortel­jar-stadiet" kjem fram, eller ved at forfattaren har gjeve vidare noko av seg sjølv eller den samtida som han var ein naturleg del av. Mykje av det vi i dag omhandlar som hovud­verk i verdslitteraturen, som grunn­elementa i religionane våre, eller som basis for den generel­le oppfatninga vi har innanfor moral og etikk, byggjer på førestellingar som høyrer heime i ei anna tid, under andre himmelstrok, og i ei opplevingssfære som er framand for oss i dag.

 

 SANNING ELLER FIKSJON

       

Med sanning meiner vi moderne menneske oftast tilhøvet som eit utsegn har til den verkelege verda, enten i historisk eller samtidig samanheng. Torleiv Hann­aas skriv dette i innleiinga til ei av utgåvene av Ramnkjell­soga:

 

              " I det store og heile er soga sann".

 

Historikaren Hallvard Lie er noko meir reser­vert, men seier at: 

 

            "I sine store grunntrekk kviler sagaen utan tvil på forholdsvis trygg historisk grunn."

 

Det same seier mange andre historikarar og litteraturfor­skarar. Men den islandske sogeforskaren Sigurdur Nordal seier at hovudhendingane i soga aldri har gått føre seg. Dette kjem han til etter å ha jamført dei historiske opplysningane i soga med meir truverdige kjelder. Det er til dømes ikkje samsvar mellom landnåmet og soga, fordi landnåmet er minst eit hundreår eldre. Rett nok er det mogeleg at det er munnle­ge variantar som ligg til grunn her. Men noko korrekt histo­risk skildring gjev Ramnkjellsoga oss ikkje. Kan det likevel ten­kjast at dei alle har rett på ein måte, at soga er "sann" sjølv om ho ikkje heilt stemmer inn i den historiske "sannin­ga". Kan det tenkjast at noko av nøkkelen til forstå­inga av soga ligg løynd nettopp her?

 

Eit moderne menneske reknar med fleire sanningar. Det er den såkalla historiske sanninga kor nøyaktig historisk for­sking gjev eit bilete av kva som eigentleg har gått føre seg. Der ein ikkje har absolutt prov på historia, kjem tvilen fram som merknader. Historikaren og historielesaren veit, eller trur han veit, skilnaden på det "sanne" og det som kan ha hendt. Denne andre sanninga kan vi som moderne menneske lett sjå på som t.d. litterære sanningar, det har kanskje ikkje hendt nett slik som det står skrive. Men handlinga er plas­sert i eit miljø som stemmer med den historiske sanninga.

I tillegg til disse omgrepa vil ein moderne lesar også kunne nytte omgrep som dikting, kor omsynet til den reelle verda ligg langt borte.

 

Forfattaren av Ramnkjellsoga og dei andre sogene hadde ikkje denne fleirdelinga av omgrepa. Det er mykje som tyder på dei berre hadde medvit om ei slags sanning, som vi kan kalle den synkretiske. Denne sanninga var noko som var gitt, og som dei ikkje hadde medvit om som noko som kunne skapast. Dei gamle forteljarane skapa om røyndomen sin i heile sitt levande mangfald. Dei hadde evna til å foreine oppfatningar og omgrep om tid og rom på ein måte som er borte i dag. Med denne særeigne dimensjonen kom også kunsten fram, og ikkje berre det som vi kallar historisk sanning. Etter moderne medvit kan ikkje desse omgrepa sameinast. Den synkretiske sanninga er tapt for all tid. Ho finst berre uttrykt i soge­ne.

 

Det er språket som gjev det sikraste provet på at folket på Island berre hadde medvit om eit slag sanning. Etter ei tid blei det hevda at forfat­tarane til sogene ikkje skreiv historis­ke skrift, men noko som vi nærmast må rekne som roma­nar. Dei var klar over at det var fiktive hendingar dei skriv ned, men dei sette dei inn i ein tidskoloritt som gav dei liv. Omgrep som historiske avhand­lingar, historiske romanar, romanar og noveller, og dikting fans rett og slett ikkje i det norrøne språket på den tida. Heller ikkje hadde dei til rådvelde metodane til den moderne historie-skrivinga. Det er i hovud­sak desse metodane som gjer oss i stand til å skilje mellom dikt og sanning i dag.

 

Ordet "saga" er  det vi kan kalle eit universalord, avleidd av verbet "segja". Det vart brukt både i samanheng med skriftle­ge og munnlege overføringar.Det tyder sjølvsagt at noko er sagt eller fortalt. Men ordet kunne også vere eit omgrep på det som blir fortalt. Og fordi strid og kamp var sjølve berekrafta i sogene, kan ordet også stundom overset-tjast med "strid" eller "kamp".

 

I det gamle målet finst ikkje  ord som tyder "å forfat­te". Verbet "dikta" blei berre brukt om verk på latin. Dei norrøne orda "skrifa" og "rita" tydde båe det vi i dag legg i tydinga "skrive". Men dei norrøne verba skil ikkje mellom forfattar­gjerninga og sjølve arbeidet med å skrive. Ordet forfattar, som på nyislandsk heiter "hofundur", kom ikkje inn i språket før på 1700-talet ein­gong.

 

Dei hadde sjølvsagt forståing for det vi opplever som  "san­ning og løgn" i si eiga samtid, dei gamle islendingane. Sant var kan hende det dei såg og røynde,  løgn var det dei opp­fatta som urett og t.d. ærekrenkjande. Om denne uret­ten vart ut­trykt i ei soge blei han "sann" i deira forståing av soge­ne. Striden vart ei soge, og altså "sann".  

 

Ramnkjellsoga må altså tydast som eit litterært prosa-verk, skriven av ein forfattar frå mellomalderen med stor kjennskap til historia og den etikk og moral som fans nokre hundre år før samtida hans. Med den ubendige, umedvetne trongen sin til å vere litterat framstår han som ein genial forteljar på tolvhundreta­let eingong. Med psykologisk klår­syn, utan dei store orda, gjer han oss ei soge frå si eiga nære fortid spedd med klåre trekk frå europeisk litteratur i samtida si.

 

Han ofrar historia for det kunstnarleg sannsynle­ge, og det litterært akseptable.

 

Jamført med annan europeisk litteratur, har det synt seg at mangt, ikkje minst i einetalane og i dialoga­ne, har å gjere med ein framstillingsmåte som sluttar seg til vanleg mellom­alderleg og antikk litteraturtradisjon.  

   

 

Soga er full av handlingar kor sterke etiske motivnormer har gjeve  handlinga. Som alltid elles er det striden mellom to personar, krefter eller sanningar om ein vil som fører med seg  hemn og drap. Dei handla ut frå normer som dei slett ikkje kalla etikk. Det er ein ordbruk som er komen seinare i bruk. Men det tyder slett ikkje at Ramnkjell, Såm og strids-brørne deira ikkje hadde klåre bilete om kva som var rett og gale, og kva omverda deira venta av dei. Dei hadde ikkje omgrepet "etikk" hos seg, men dei var kanskje sterkare mora­listar enn det vi moderne menneske gjer oss ut for å vere. Tilhøve til det vi kallar verdinormer er verkeleg sentrale spørsmål i soga. Til islendin­gesoge å vere er det uvanleg få personar i ho. Handlingsgangen er klar og lett å hugse, og soga samlar seg om ei rekkje av handlingar med tydeleg moti­vering.

 

Fremst i soga blir dei to hovudpersonane presenterte i tur og orden. Subjektet og antisubjektet er altså Ramnkjell og Såm, - to subjekt av ulik støyping. Ramnkjell er "mektig av naturen", medan det blir sagt om Såm at "....han var ein storlåten mann, og velkunnig i lova."  Alt no skapast det ein sirkel av einskap i soga, Ramnkjell og Såm vert klare paral­lellar i skildringa.

 

Det står att å sjå om uvenskapen og striden mellom dei er noko meir enn ein strid om kven som har det kvassaste sverdet eller den skarpaste hugen, altså ein rein maktkamp for makta si eigen skuld. Eller om det finst andre djupare meiningar med striden mellom dei. Mange av dei andre persona­ne i soga framstår også ofte saman med kvaran­dre, og kastar indirekte lys over kvarandre.

 

   

Liksom i folkeeventyra, der prinsessa kjem heim att til kongsgarden, kan det snakkast om ei sirkulær overføring av verdiar. Når det går godt for den eine, går det gale for den andre. I bibelen finn vi mange av desse teknikkane.I Jobs bok går soga også på ein måte i ring. Det startar med eit harmo­nisk tilhøve, som vert brote av ein strid og ei utvikling, for så å vende attende til byrjinga igjen. Ramnkjell står til slutt attende der han starta, berre mykje rikare og mektigare enn han var i byrjinga. Men det er jamvel ein skilnad med Jobs Bok i Jødesoga. Ramnkjell hadde på heidensk vis lova truskap til Frøy gjennom hesten sin, som han kalla Frøys­fakse. Denne lovnaden er kimen til tragedien og til det tragiske dilemma som set heile soga i gang

 

Vi finn fleire døme på at biletbruken i soga har henta symbolverdiar frå bibelen. Dette kjem klårt fram i forteljin­ga om den vonde tåa til Torgeir. Såm tykte ikkje det var rådeleg at dei skulle rykkje den sjuke og sovande gamle mannen i den vonde tåa hans, for å vinne han over på deira side. Hendinga får oss til å tenkje på Kristi lidingshisto­rie, kor vegen til det gode går gjennom lidinga. Dette er eit fundamentalt element i bibelen. Likeins er det rimeleg å rekne Miklagards-fararane som målsmenn for kristen kultur.  Og dei mørkeblåe kleda til Ramnkjell er symbol på dauden og dei mørke maktene.  

 

Men i Ramnkjellsoga ser det heller ut som om forfattaren har nytta dei nye tankane i tida som eit middel for å framhe­ve spenninga i striden i eit biletspråk som han rekna med at lesarane hans forstod.

 

På den tida då Ramnkjellsoga vart skriven, hadde dei fleste som kunne lese fått lærdomen sin gjennom kristen oppseding. Den kristne ideologien var ein del av dagleglivet hos dei som kunne lese. Når Ramnkjell rir ut over heia for drepe Einar, har han på seg dei mørkeblå kleda sine. Denne symbolbruken passar nok inn i den kristne fortel­jar-tradisjo­nen, men det er feil å tolke han som freistnad på kristen påverknad. Dette stemmer jo heller ikkje med Ramn­kjell sitt tilhøve til dei heidne skikkane. Men forteljaren oppnår dei spennings­momenta som han treng for å peike på det  dramatiske som no kjem til å gå føre seg.   

 

Soga kan derfor vanskeleg sjåast på som eit slikt kris­te­leg-moralsk forsvarsskrift slik som islendingen Hermann Palsson har hevda. Til det er det for ofte brest i logikken, sett ut frå ein kristen forteljartradisjon. Det er ikkje i tråd med "god" kristendom å la han som i kristen moral-tradi­sjon framstår som vond, og som drep ein saklaus gutunge, få vende attende for så seinare å framstå som rik og mektig.   Hadde forfattaren ønska å vere ein kristen forkynnar, måtte han enten ha valt å skrive ei anna soge med ein heilt annan intrige, eller så måtte han ha omdanna dei munnlege sogene som var grunnlaget slik at dei kunne passa inn i den kristne idesfæren.  Bruken av bileta frå jødesoge vert altså ikkje noko mål i seg sjølve, berre eit middel.

 

 

Alt i prologen møter vi dei forholda som saman med Ramn­kjell sin lovnad legg  grunnlaget for handlinga. Frampeika er stutte og konkrete, og gjer spaninga stor. Alt no er det som om forfatta­ren tvingar oss til å ta eit standpunkt. Han legg spørsmåla i øyra våre, men han gjev ikkje noko konkret råd eller svar.

Han held skarpt på plassen sin utanfor soga.

 

Han er allvitan­de, men ikkje på noko punkt direkte moralise­rande. Han tek ikkje parti for nokon. Den episke avstanden i hold­ning og avstanden til det fortalde er sjølve berekrafta i soga. Hadde han vore ein moralist ville han kanskje fått nokre fleire lesarar i samtida si. Men soga ville ha døydd vekk med dei skiftande oppfatningane om moral som Europa og verda omkring gjekk i møte gjennom mellomalde­ren og framover. Han er ein litterær katalysator, - han gjev næring til pro­sessen utan sjølv å ta direkte del i han. Denne mangelen på vilje til å dømme i striden er den største styr­ken i soga.

 

Likevel trer forteljaren inn i soga stundom. Men det kjennest som om den rolla som forteljaren har lever sitt eige liv, men forteljaren er der, nokre gongar usynleg, og andre gongar heilt klår og synleg. Forteljaren er alltid den som formidlar stoffet til lesarane. Han blir ei forlengd arm eller ein reiskap for forfattaren. Han krev av oss at vi sjølv skal svare på spørsmåla. Det er forteljaren som skil­drar dei vakre naturopplevin­gane som Einar i si einsemd opplever der han går over elva Grot­tegså i  "..upp­lette etter sønnatåke og småregn."   Seinare skal vi sjå kor dramatisk ei lyrisk skildring kan vere.

 

MAKT OG ÆRE; - middel eller mål?

 

Kan eit moderne menneske finne dei etiske førestellingane som hendingane i soga er framstilte under, og er det ein føreset­nad for forståinga av ho at ein har kjennskap til dei?

 

Til alle tider har det vore nær samanheng mellom makt og det vi i dag samlar under omgrep som moral og etikk. Den eller dei som har makta styrer moralen og dei omgrepa som høyrer til. Dei set seg sjølve som dommarar, og er fysisk og åndeleg i stand til å effektuere dei lovnadene dei set ut rykte om.

 

Mange lesarar har halde det for sannsynleg at både for­fattaren og dei gamle islendingane var nokre umoralske skap­ningar som tura fram, utan nokon annan etikk enn den som dei sjølv meinte høvde dei best der og da. Ei stund var det få som såg på sogene som litterære verk.

 

Eg trur at den kristne oppsedinga til lesarane frå mellomal­deren av og opp mot våre dagar, har gjeve mest alle islendin­gesogene ei tolking som i mange høve er fjernt frå intensjo­nane som sogeforfattaren hadde. Denne trongen til å vere på utkikk etter  til dømes kristen moralsk oppseding i alle skriftlege framstillingar, har meir å gjere med lesarane si eiga samtid enn den har å gjere med sterk trong til på­verknad frå forfattaren.

 

Den episke avstanden i tid frå det fortalde til det skrivne i lag med avstanden frå det skrivne til oss, gjer soga spanande og interessant, samstundes som ho nok har forvirra lesarane opp gjennom tida.

   

 

Det som i byrjinga verkar mest framand på ein moderne lesar er den nærmast besynderlege tol, ja stundom den stille beund­ring, han finn hos sogeforteljarane overfor folk som etter vanleg oppfatning i dag nærmast må kunne sjåast på som vriompei­sar, kranglefantar, umedgjerlege stridbukkar og slikt. Ein spør seg uvilkårleg kva mål for verdinormer dei kunne ha. Om sogene ikkje skal framstå som umoralske anarki­skrift må det kunne finnast ein grunnide som var gjengs oppfatning hos islendingane på denne tida.

 

Eg trur denne grunnideen var det dei kalla "det gode", ("godr" på norrønt)  og som kan omsetjast til "det rette", det som passar seg og som høyrer saman. Det som var rett var godt. God i den meininga vi har av ordet, oftast eit omgrep for moralsk-kristeleg og moderne juridisk tradisjon, var ukjend for islen­dingane. Dei hadde jo inga statsmakt som kunne staka ut retningane i så måte.

 

Drap blei altså nokre gangar framstelt som noko heilt naturleg og normalt, og ikkje nødvendigvis eit brotsverk i seg sjølve. Det gjaldt både den som utførte drapa og den som skildra dei.

 

Kan det verkeleg vere sånn som det stundom blir hevda at

det fall lettare for dei gamle islendingane å slå i hel? Slikt kan det nok sjå ut for ein moderne lesar når han råkar på skildringar av drap som dette dømet frå Ramn­kjellsoga:

 

          ". Sidan sprang han (Ramnkjell) av hesteryggen,  innpå Einar og hogg han banehogg. Då det var gjort, reid han heim til Adalbol og fortalde kva som hadde hendt..     .."

 

Drapa skjer utan noko kjensleopprør. Dei er skildra som den naturlegaste saka i verda. Det er og verd å merke seg at det her ikkje er snakk om drap som går føre seg i slag eller  sinnsopprør.

 

Nei, det er oftast dei mest fredsæle menneska som utfører dei sjølv, eller som førebur og samtykkjer i at dei blir utførde, sjølv om dei nokre gongar ikkje gjer det med eiga hand. Her er og mangelen på omgrep eit prov på nokre av dei føre­stel­lingane dei hadde om det å ta liv.. Noko allment omgrep for drap fanst ikkje. Eit drap vart ikkje alltid rekna som eit vonde. Følgjeleg fanst heller ikkje den sjølvmotsei­in­ga som framvok­steren av statsmakta kom til å skipa, nemleg at drap er forkasteleg med mindre det blir utført av Staten som vern mot trugsmål mot det beståande.

 

Det er i alle høve heilt feil å slutta at folk på denne tida var meir hjartelause enn i våre dagar. I alle sogene blir drapa stilt i samanheng med ei føregåande handling som har gjeve drapsmannen "rett" til å drepe. Drapa er ikkje noko mål i seg sjølve, men fullføringa av ein moralsk skyldnad, ei plikt. Innhaldet i denne moralske skyldnaden er som oftast ei eller anna form for hemn.

 

Det kan vere hemn for noko som nokon har gjort mot han som så blir drapsmann. Eller det kan vere hemn for noko som andre, slektningar, brør eller "blods­brør" som ikkje er slektningar i det heile, har gjeve kvaran­dre ein eller annan form av eid eller pakt på.   

 

I Ramnkjell og Einar sitt høve er det faktisk ikkje bruken av ein hest som er opphavet til at Ramnkjell banehogg Einar Torbjørnson. Som vi no skal sjå ligg kimen i tilhøvet mellom Ramnkjell sin lovnad, og statusen han har som hovding og "arbeidsgivar". Ramnkjell er ein heiden hovding, Han har teke seg ein tenestegut, og som husbond og hovding har han eit sjølvsagt ansvar for guten sitt liv og for velferden hans. For eit moderne menneske er det vanskeleg å tenkje seg at ein skarve hest kan vere opphav til eit overlagt drap. Medvetts­laust, som resultat av sinnsforvirring ein augneblink kanskje, men som ei rettvis handling, - ikkje tale om.

 

Men hugs på kva som gjekk føre seg før Ramnkjell sende Einar i veg med sauene. Han sa jo at gjetarguten ikkje i noko høve måtte ri på Frøyfakse, for som han sa, Ramnkjell:

 

      " .eg har lova dyrt å bli den mann til bane som rid på han..."

 

Dette er ei direkte gjentaking av det som vi finn mot slutten av prologen kor vi får del i Ramnkjell sitt forhold til hesten sin.

 

 

No gjer forfattaren noko storveges sett frå ein litterær ståstad. Einar er i ferd med å gjere eit moralsk val. For å streke under dette særs viktige skiljet i soga, legg forfattaren hendinga om i tid. No skriv han i notid, og denne forma, som vi kallar historisk presens, gjev nærleik mellom lesaren og det fortalde.

 

Tidlegare har vi sett korleis Ramn­kjell og Einar har gjeve lovnader. Men fram til no har dei berre vore tomme ord, all den stund ingen har gått mot dei lovnadene som dei har gjort. Men no gjerast det eit medvete mo­ralsk val som saman med dei tidlegare hendingane fører til dramatiske konfronta­sjonar.  Det er ingen vitne til dette.

 

Forfat­taren lar for­teljaren syne noko av si eiga allmen­ne røyns­le, trer inn i soga for ein augneblink og brukar lyriske element for å dra lesaren med i det som er sjølve kjerne i soga; Einar sitt val om ri på Frøysfakse. Einar veit at han ikkje skal ri på hesten til Ramnkjell. Forfattaren veit det, forteljaren veit det, og lesaren veit det og etter ei tid. Handlinga som no kjem, er meir dramatisk enn alle morda  og alle dei dramatis­ke hendin­gane i soga til saman. Men ho blir skildra med vare bilete som alle kjenner seg igjen i. Lesaren stoggar opp framfor den dramatiske hendinga. Det gjev tid til ettertanke.

           

"Kvifor gjer Einar det han gjer?" tenkjer lesa­ren, ”Kvifor må Ramn­kjell no gjere det han må?" tenkjer vi vidare. Og vi ser heile intrigen framføre oss lenge før han har star­ta.

 

Når så Einar likevel rir på hesten kjem Ramnkjell i eit typisk dilemma mellom skyldnaden sin som husbond, og lovnaden sin til Frøy. Og mykje mot sin eigen vilje drep han Einar. Som hovding kunne han godt ha late vore, ingen kunne ha fjerna han frå hovdingsete for det. Men eit ord er eit ord.

 

Det blir ikkje noko tragisk poeng berre av det eine at han kjem til å drepe den som rir på Frøysfaksen, men omstenda kring hendinga kan sjåast på i eit dramatisk lys. Drapet på Einar er uunngåeleg, sjølv om Ramnkjell syns han er ein god mann. Jamvel ein moderne merksam lesar skjønar såpass. Det tragiske i denne hendinga blir at Ramnkjell må vere verdig i høve til lovnaden sin. Han er sterkt klar over den uløyselege situasjonen han er komen opp i, og at Einar si handling var uavvendeleg. Alle desse elementa er allmenne krav til den klassiske episke tragedien.

 

Og Ramnkjellsoga er eit døme på ein slik tragedie, og Ramnkjell er ein tragisk person. Dei uforeinlege motsetnadene som Ramnkjell strir med, løyser eit problem, men skapar samstundes fleire andre. Det tragiske i Ramnkjellsoga er ikkje at Einar som repre­sentant for overmotet blir slått til jorda, boksta­veleg talt. Men at Ramnkjell, som er helten, må gjere det han gjer, er eit godt døme på den klassiske trage­dien. Som spennin­gskapar i litterær samanheng har tragedien hatt mykje å seie sidan han kom i bruk som drama­tisk sjanger om lag fire hundre år før år 0. Helten har ein klar og sen­tral plass i alle tragiske, drama­tiske situasjonar. Han represen­terer æres-codexen, og kjem på kollisjonskurs med overmotet.

 

 

Forfattaren syner berre kva som skjer, han legg handlinga fram slik det kan ha gått føre seg. Og lesaren rivast med i ei handling som han kjenner, og som han veit hovudtrekka i. Den positive moralske skyldnaden som Ramnkjell gav Frøy, og som Einar kjende til, var ikkje mindre enn i våre dagar. Fortel­jingane om korleis dei tok alle slags riskar for å fullføre ho, vitnar klårt om ei pliktkjensle som har vore større enn i våre dagar. At drapa vart utførde med roleg hug, er ikkje eit uttrykk for hjarteløyse, men det er eit vitnemål om kor sterk denne moralske skyldnaden var for menneska på denne tida. Men skyldnad eller ikkje. For dei kan hende fram som dei gjorde fordi sterke etiske normer var deira måte å vise makta si på?

 

Berre den som har makt kan setje etiske eller moral­ske førestellingane om til handling. Dei etiske handlingane som finst i soga er ikkje noko grunnlag i seg sjølv. Grunnla­get er heller av sosial enn etisk natur. Først og fremst handlar Ramnkjellsoga om makt, korleis ein bør stelle seg som maktha­var, og kva slags menn som høver til å ha makt. Dette kan vi kanskje kalla den politiske tendensen i soga. Spørsmå­let om kven som skal sitje med makta som hovding er sentralt i soga. Makta er det objektet som subjekta trår etter. I byrjinga er det Ramnkjell som er hovding. Han er den eine mot dei mange. Han slår stort om seg som hovding, ber makta si med seg i all framferda sin,og treng ikkje å spille tida med å stable på beina ein usikker allianse.

 

Den første av Ramnkjell sine motstandarar som tek del i soga, er gamle Torbjørn, som vil ha oppreising etter drapet på sonen. Det verdiobjektet han trår etter er altså hemn eller oppreising. Men det einaste han har å stille opp med er viljen til oppreising.Til gjengjeld er den så overvel­dande at han stiller større krav enn rimeleg er, om ein ser det ut frå ein sosial ståstad. Torbjørn syner seg som ein fåvis mann, noko frendane hans seier rett opp i andletet på han. Når han dreg ned til Adalbol der Ramnkjell tek vel i mot han, er det ikkje makt han fyrst og fremst er ute etter. I alle høve ikkje makt i same monn som Ramnkjell. Rett nok ber han om bøter for Ramnkjell si gjerning, men det trur eg kan tolkast som eit inderleg ynskje om oppreisning. Han ber indirekte om at Ramnkjell skal vedgå at handlinga var for urett å rekne.  Men maktlaus er Torbjørn så det er synd å sjå. Hadde han vore ein hovding med stor makt og mange menn rundt seg ville nok kjenslene for sonen som vart drepen ha vore den same. Men han ville ha vore i stand til å gjere noko anna enn å dra til Adalbol for å be om bot. Då ville han ha hatt fysisk makt til å gjere det som han no må ha hjelp frå andre for å gjere.

 

Men i og med at han får Såm over på sida si, kjem han i allianse med Såm som representant for kunnskap. Såm er ein relativt klok mann. Han har kunnskap i lova, men er først ikkje særleg villig til å gje Torbjørn den handa han ber om. Men då Sem om litt gjev han lovnad om hjelp er stoda til Torbjørn radikalt betra. Men samstundes skjer det eit skifte av tyngde­punktet i aktantmodellen. Torbjørn glir meir og meir ut av soga som aktiv medspelar, og Såm vert eit anti-subjekt. For Torbjørn var hemnen over sonen det viktigaste. At han synte seg som ein fåvis mann, er berre eit middel forfattaren nyttar for å få han ut or soga. Hadde dette vore ein kamp mellom to hovdingar, ville noko av det spesielle og originale i soga ha kome bort. Subjekta ville ha blitt for like, og soga ville kan hende ikkje ha fengja så godt hos lesaren.

 

Når forfattaren lar Såm gli inn i handlinga, blir Såm antisubjektet. Med det skiftar også objektet innhald. For Såm er det ikkje noko hovudsak å få hemn over Einar. Rett nok var dei syskenborn Einar og Såm. Men dei hadde kan hende ikkje  hatt så mykje med kvarandre å gjere. I alle høve er det hovdingmakta til Ramnkjell som Såm er ute etter.

   

I motsetnad til Ramnkjell er Såm ingen mektig mann. Soga seier at han var ein  " ..storlåten mann og velkunnig i lova." Men det syner seg at kunnskap i lova ikkje er nok til å bøye nakken på Ramnkjell. Såm veit at det skal andre kref­ter til om han skal klare å rive åt seg hovdingmakta på Adalbol. Det veit og forfattaren som treng mest to tredjede­lar av soga før han set Såm i stand til å samle nok folk til den avgjerande handlinga, feransdomen i Adalbol. At ein framifrå forfattar treng så mykje tid og rom før han kan gje antisubjektet Såm makt nok til å gjere opp med Ramnkjell, trur eg syner kor viktig den makta var. Ikkje berre som fysisk eksekutør, men like mykje som trugsmål og for å setje makt bak rettsavgjerda.

 

Tjostarsønene, som Såm omsider fekk med seg, representerer denne makta. Såm er framleis den som representerer kunnskapen eller vilja om ein vil.

 

Denne rollefordelinga har motstykket sitt i det gamle islandske rettssystemet. Eit sentralt trekk i denne lovskip­naden var at ein hadde skilt den lovgivande og den dømmande makta.Det var ei dramatisk kløft mellom dei offentlege retts­avgjerdene, som gjorde kjent kven som hadde rett, og den private eksekverin­ga av dommen.

 

Alltinget mangla altså den utøvande makta. Det måtte den einskilde ordne med sjølv. Og det var det Såm streva felt med å få i stand. Til saman er dei allierte sterke nok til å vinne over Ramnkjell. Og det ser ut som om Såm har tileigna seg Ramnkjell si hovdingmakt.

 

No skjer det ei første overføring av verdiar. Motsetnaden er altså Ramnkjell, den store hovdingen som hadde all makt i si hand mot Såm, bonden, den unge, den nye. Motsetnaden er klassisk,og skil seg kan hende noko ut om ein samanliknar med mange andre islendinge­soger. Det naturlege hadde vore at Såm hadde teke godordet frå Ramnkjell, og flytta den ettertrakta hovdingmakta, altså verdien, og etablert seg som gode heime på Leikskålar. Det ville svare til at prinsessa vart røva frå kongsgarden og sett i berg. Men i denne soga er det slik at hovdingmakta følgjer Adalbol. I staden for at "berget kjem til Muhammed", må "Muhammed" (Såm) "kome til berget." Men grunn-strukturen er likevel den same. Transporten av verdi­objekt skjer berre ved at begge subjekta flytter. Såm slår seg ned på Adalbol, som tyder hovdingsete e.l.. Og Ramnkjell flyttar aust over Fljotdalsheia, og kjøper seg ein gard på borg.

 

Ikkje berre har han tapt makta si. Han står no også utan gudstru. Ho blir ikkje erstatta av nokon annan religion, slett ikkje den kristne. Den vørdnaden som Ramnkjell no får hos folka i heradet, kjem seg av hardt arbeid og stor flid med det han gjer. Men sidan han har slutta ned bloting og gudsdyrking, ser vi at han har mista potensialet sitt til å bli ein tragisk figur igjen. Alt det han no kjem til å gjere, på godt og vondt, har missa ein dimensjon; - han har ikkje lenger tilhøvet til to forhold å rette seg etter. Tragedien i soga slutta då Ramnkjell fekk straffa si. Det er kan hende desse elementa som har fått forskarar til å seie at soga er eit kristeleg-moralsk skrift. Det er nok rettare å sjå på det at Torkjell og mennene hans styrta Frøyfakse ut for hammaren, og at dei plyndra og brann Ramnkjell sitt gudehove som ein anti-heidensk maktdemonstrasjon, rettare enn ei kristen handling. 

 

No er det altså Såm som har makta, kan det sjå ut som. Det ser ikkje ut som om religionen har spela nokon rolle for han.Ikkje er han kristen og ikkje er han heiden. Ja han er ikkje eingong ikkje-heiden slik som Ramnkjell no har blitt etter at dei plyndre gudehovet hans.

 

Han har fått hovdingmakta som han streva etter, men han er jamvel i sosial ubalanse. Han har ikkje noko anna å halde opp moralen sin med enn at han reint faktisk er ein forholds­vis rik mann med stor fysisk makt. Men han er ikkje noko hovdingemne. Og det veit han. Faren hans Bjarne, var ein forstandig bonde som kjende plassen sin i samfunnet. Såm  trådde ut av bondestanden på leiting etter tilhald i noko anna og betre. Rett nok gjorde Bjarne opprør mot det han såg på som urettvist. Men det var ikkje det at han gjekk ut frå plassen sin i standen som gjorde han til ein stakkar, men at han kravde meir enn han fortente. Bjarne skulle ha handla på ein annan måte, fortel soga oss, og forfattaren detroniserer han frå "ærleg bonde", kor han høyrde heime, til ein stakkar  som kravde for mykje.

 

Er det det same Såm no gjer?  Veit han at han manglar det vi ville kalle eit etisk-moralsk fundament å byggje livet sitt som hovding vidare på? Krev han å bli sett på som hov­ding utan grunn? Om svaret er ja, må det ha vore ting som Såm burde ha gjort då han tok makta, men som han ikkje gjorde.

 

La oss stogge litt å sjå kva som hende under maktskiftet. Såm var altså representant for kunnskap, mens Tjostarsønene hjelpte han med fysisk makt. Når Ramnkjell blir teken rår Tjostarsønene Såm at han skal drepe Ramnkjell. Berre slik kan det gå han godt, berre slik kan han bli ein skikkeleg hov­ding.

 

Men Såm gjev Ramnkjell valet om å bli drepen der og da, eller fare i veg til ein annan plass. Han syner vilje til det han trur er eigenskapen "makt" men han skjønar ikkje at "makt" og "hovdingmakt" ikkje er det same. Ekte hovdingmakt er saman­sett av fleire komponentar, kor ætt, rikdom, mot, handle­kraft, kunnskap, og "det gode" (godr) er nokre av dei vikti­gaste. Skiftande med dei forskjellige tidsepokane har også tilhøvet til religiøse og okkulte forhold spela inn. For Såm er det ikkje nok berre å spela rolla som høvding. Han må også ha det i seg. Men  Såm manglar mest alle desse ele­menta. Motivet hans er berre den rå makta. Og no let han altså vere å drepe han som han har tatt denne makta frå, - Ramn­kjell. I deira omgrepsverd ville det ha vore noko stort og hovdingsleg

om han hadde gjort det. Det ville ha passa seg ein ekte hovding.

 

Dette er fyrste gongen at Tjostarsønene framstår som dei som vakta moralen. Det syner seg at dei har kunnskap meir enn dei brukar. Dei seier rett ut at det er feil ikkje å drepe Ramn­kjell, og det vil gå gale i framtida om Såm ikkje følgjer råda deira. Frampeika er klåre, og det syner seg i slutten av soga at dei fekk rett.

 

Om forteljaren nokon gong i denne stutte soga syner eit snev av moralisering, eller i det minste let lesaren forstå at slikt noko gjer ein ikkje, så må det vel vere her. Hendin­ga kring Tjostarsønene sine freistnader på å få Såm til å ta Ramnkjell av dage, får etter måten stor plass i soga. Og hendinga er skildra med moderate litterære verkemiddel for at lesaren sjølv skal kome på tanken om at Såm sin mangel på handling er forkasteleg. Kanskje det mest forkastelege i heile soga.

 

Forfattaren let no Såm vere den som gjer freistnad på hovdingsleg framferd, men han er ikkje god nok etter deira mål. Tjostarsønene kunne nok ha blitt høvelege høvdingar. Torkjell Tjostarson og brørne hans framstår i heile soga som dei som gjev dei gode råda samstundes som dei er sterke nok til å setja fysisk makt bak krava. Men for å gjere ei soge av hendingane, vel altså forfattaren Såm for å syne tilhøvet mellom det å kunne vere stor hovding og berre det å stele makta frå nokon for ei kort stund.

 

 

Ramnkjell sit på garden sin og er hovding i sjela si framleis sjølv om han ikkje har status som nokon. Godordet sitt har han tapt. Men det viktigaste er at han ikkje lengre er bunden til nokon religion. Alle dei lovnadene han gjorde før, blei han løyst frå då gudehovet hans blei brent, og dei styrta Frøyfaksen hans utfor stupet.

 

Nok eingong rir Ramnkjell over heiane med hemnhugen blafrande i dei mørkeblå kleda sine. I motsetnad til Einar sitt høve, får drapet på Øyvind stor plass i soga. Såm hadde stelt seg sånn at hemnen måtte kome. Det er ikkje nok for han å gjere Såm ulukkeleg for at broren hans blir drepen. Han vil ha makta si attende for seg og ætta si. Men Ramnkjell treng nok litt hjelp hos forteljaren om drapet ikkje berre skal framstå som blodtørstig hemn.

Og den hjelpa får han.

 

Det er menneskelege kjensler som kjem fram i Ramnkjell når den gamle kona pirrar han med snakket sitt. Som ei volve manar ho fram det ho har sett, - den staselege karen  med det lysande skjoldet sitt som kjem heim som ein hovding når all striden er lagt. Di meir ho talar, di meir gjev Ramnkjell ho rett. Og forteljaren klarar også å få lesarane sine med på at det er berre rett å rimeleg at Såm no får på kjeften sin. At ein saklaus mann fell i lag med andre menn frå båe sidene, får lite å seie i denne saman­hengen.

 

Er det sånn at forteljaren moraliserer for drap og sedløyse slik som vi ofte har høyrd at det har vore hevda? Nei, eg trur ikkje det. Drapa er ikkje viktige i seg sjølve. Dei er berre eit middel for å halde oppe den sosiale og moralske standarden som samfunnet deira tufta all verksemda si på. Er det kan hende ikkje nettopp desse prinsippa som har rådd opp gjennom tidene? I dag ville vi kalle slike handlingar for sjølvtekt, uansett kor moralsk og etisk forsvarlege dei måtte vere. Men det er fordi vi har eit rettssamfunn som har teke over mykje av den tankeverda og problemløysinga som folket i den gamle verda sjølv måtte hanskast med.

 

Ein kan undrast over kvifor Ramnkjell ikkje drep Såm. Tidlegare har eg jo peika på det lagnadstunge i at Såm ikkje drap Ramnkjell då han hadde høve. Den ytre likska­pen i dei to hendingane, Såm vs. Ramn­kjell, og sist Ramnkjell vs. Såm, meiner eg er valt for å syne den store mennes­kelege skilnaden det var mellom desse to perso­nane. Berre ein verkeleg hovding kan med æra i behald spegla seg i augo til motstandaren sin som har fått valet mellom å døy, eller å tapa alt og gje seg i veg. Når ein vanleg mann, utan den rette ætta tar på seg hovdinghammen, blir alt han gjer berre eit skodespel.

 

Såm sitt største tap no, er ikkje at han er fråteken makta si, men at Tjostarsønene ikkje lenger vil gje han ei hjelpande hand i freistnaden hans på å få makta attende. Og sjølvsagt kan dei ikkje det. Dei ser at samfunnet deira er attende til det var i si tid. Verdi­normene er dei same. Rett nok frå Ramnkjell sin synsvinkel, han som var det opp­havlege subjektet. For det er Ramnkjell og hans like heile soga handlar om. Så når antisubjek­tet, Såm blir støyt atten­de til bondestanden og endar dagane sine som ein vonbro­ten mann, er vi attende til der det heile starta, i eit samfunn med fred og tolsemd innanfor klare sosiale og poli­tiske liner.   

Jamvekta er i alle høve oppnådd, og alt er såre vel.

 

 

Eg ser for meg forfattaren av "Soga om Ramnkjell Frøys­gode" som ein som fyrst og fremst vil vere litterat. Han har kjennskap til framvoksteren av fleire av dei litterære verke­midla som finst på denne tida. Men det vikti­gaste for han er å skrive, og å føle gleda ved at nokon les det han skriv. Det er ingen skilnad på han og ein forfat­tar som kjem seinare. Begge nyttar dei element frå forteljar­stadiet som grunnlag for det dei skriv.

 

Dei moralske aspekta i Ramn­kjell­soga er synlege og tar klårt standpunkt. Men dei er ikkje så påtren­gjande som ein kanskje skulle tru når ein veit om alle dei tolkingane som finst.

 

Om forfattaren har kjent til Aristote­les og katharsis (rein­sing) som eit tragisk-litterært verke­mid­del, veit ein sjølv­sagt ikkje. Men om det er sånn, og mykje tyder på det, så ser det ut som om det er anti-subjek­tet, han som ikkje har to i seg til å bli noko anna enn det han verkeleg er, som skal rein­sast for tankane sine om å prøve seg. Tragedien represente­rer jo dei som har den eigent­lege makta og det offisielle synet.

 

At forskarar har gjeve vidt forskjellige tolkin­gar av soga, opp gjennom tidene kan sjåast på som eit døme på den ibuande litterære livs­krafta ho har, snarare enn prov på at forfatta­ren ikkje har makta å få fram kjernen i soga. 

 

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil