Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
SjølvtillitSkriv ut Utskrift
Essay om sjølvtillit.
Nynorsk - EssayForfatter:



Året er 2003, og ein skulle tru at alle gjekk rundt og hadde det som plomma i egget. Tvertom, same kvar du går vil du alltid møte på folk med dårleg sjølvtillit. Det er akkurat det emnet eg skal ta opp no.


Noko dei alle fleste veit, er at sjølvtillit er viktig, men det store spørsmålet er kvifor?


La oss ta for oss ordet sjølvtillit. Kva betyr det egentleg? Min definisjon vil nok bli å ha trua på seg sjølv. Sjå på seg sjølv positivt og i det heile tatt tenke positivt om seg sjølv. Men det er ikkje alltid like lett å tenke slik for alle.


Men kvifor er det slik at nokon har tipp topp sjølvtillit, mens andre klarer såvidt å gå ut og hente posten sin?


Hadde vi laga ei spørjeundersøking og spurt kva aldersgrupper som kjem verst ut når det gjeld å ha dårleg sjølvtillit, trur eg ungdommar og vaksne hadde komt verst ut.


Grunnen til det er rett og slett at dei må ta meir ansvar og er meir utsatt for mistillit.


Om ein ungdom blir mobba igjennom heile ungdommsskulen og vidergåande, kan du banne på at den personen ikkje har noka form for sjølvtillit igjen.


På både skular/arbeidsplassar er det mange ulike folk som jobbar. Nokon strålar av sjølvtillit, andre eig det ikkje. Noko som er vanleg då, er at dei som strålar gjer alt dei kan for å øydelegge sjølvtilliten til andre. Baksnakking er ein klassiker. Mange mistar sjølvtillit pga det!


For dei dette går utover, er det veldig synd på. Tenk deg sjølv:

Læraren din stiller spørsmål som kan vere med på å heve munnleg karakteren din. Du veit alle svara, men tørr ikkje rette opp handa. Du er redd for kva som vil skje om du svarer feil eller i det heile tatt om du er i stand til å seie noke. Personar som har det slik, har det ikkje godt.


For ei stund sidan var eg på ungdommsskulen i heimbygda mi. Barneskulen hadde sett opp ein musikal som heite "Jakta på sjølvtilliten". Hovudpersonen var ein gut, Jens, som ikkje hadde sjølvtillit. Han var åleine og fekk ikkje vere saman med dei andre. Han blei mobba for ting han hadde gjort.


Men mens Jens søv, kjem det ei drømme prinsesse som skal hjelpe han å få tilbake sjølvtilliten. Jens fekk ein krakk med 3 bein, altså krakken manglar eit bein. Illustrasjon på mangel på sjølvtillit! Musikalen ender med at Jens får tilbake sjølvtilliten sin, med hjelp frå "bakgrunnsstemmer" som fortel Jens at han er snil, flink osv kvar gong han gjer noko. Som ein slags motivasjon.


Motivasjon er viktig før ein skal utføre ei handling. Det får en til å tenke positivt på det heile. Seier du til deg sjølv "dette skal eg greie" før du utfører handlinga, går det garantert betre enn om du ser svart på det heile. Slikt er bevist!


For dei som ikkje har sjølvtillit, er det mange ting som kan gjerast for å få den tilbake. Som tidlegare nemnt kan motivasjon, gjerne frå andre, gjere sitt til at den aukar. Har du mykje familie og nære vener, hjelp det og. Vener av det motsatte kjønn kan faktisk heve sjølvtilliten din også!


Veit du om nokon som treng å få heva sjølvtilliten sin, kan du hjelpe den personen ved å smile til han/ho, utføre ei positiv handling til fordel for han/ho eller gi han/ho ein oppmuntrande kommentar. Berre prøv, så får du sjå at det hjelp!


Nedriving av sjølvtilliten kan skje på ulike måtar. Sjalusi, som eg vil tru er mest utbreidd blandt dei vaksne, er ein ting. Mistillit, mobbing, krangling o.l er og ting som øydlegg sjølvtilliten. Når du først har fått den øydelgad, kan det ta ei god stund før du når tak i han igjen. Derfor er det viktig at får god støtte frå familie og nære vener. Men ein ting som er veldig viktig i jakta på sjølvtilliten, er at du må tenke positivt om deg sjølv og ikkje bry deg om kva andre synst.


Tenk slik at det er dei som mobbar/baksnakkar som har eit problem og ikkje du.


No som eg har tenkt litt meir over omgrepet sjølvtillit, har eg kome fram til at sjølvtillit er noko som påverkar dei fleste handlingane du utfører. Dess betre sjølvtillit du har, dess betre resultat blir det utav handlingane dine. Du får og økt trivsel og velvære.


Sjølvtillit er en vesentleg del av kvardagen til enkeltpersonar. Svært mange har altfor lav sjølvtillit og korleis kan vi gjere noko med det? Jo, vi skal respektere andre og forstå at ikkje alle er like. Men ein annan ting vi også må innsjå, er at det alltid vil vere nokon som har mykje sjølvtillit og nokon som nesten ikkje eig det.


Blir vi meir tolerante overfor kvarandre, kan det kanskje jamne seg litt utover. Det får vel tida vise...




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish