Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Hva skaper vår personlighet?Skriv ut Utskrift
Drøfting rundt emnet om hvorfor vi er den vi er.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:



Heile livet begynner med at ein har ein kropp som inneheld fleire milliardar DNA- sammeinsetjingar. Til dømes: EG à ei sabla god blanding av mamma og pappa. Måten eg fungerer på er forunderlig, eg er meg, noen andre er eg liksom ikkje! Det er dei fire enkle bokstavane A, T, C og G som har danna meg, og alle andre. Dei blir sett saman til milliardar av forskjellige og avanserte variantar. Det er dei som er arvematerialet vårt, og det er dei som bestemmer korleis du og eg blir som personar, både innvendig og utvendig.


Etter kvart veks vi opp, og av ein eller anna grunn blir vi forskjellige variantar menneske, for alltid. Samfunnet har allereie laga normer og reglar som seier kva som er riktig og galen, desse må dei barna som veks opp følgje for å bli akseptert i denne verda! Sjølv om vi har ein oppskrift vi ”må” følgje finnast det mange variantar om korleis ein oppfattar reglane, og om kor mykje ein er villig til å følgje dei. Men kva er det nå alle menneske eig som gjør oss så forskjellige?

…Gi meg eit liv, og eg vil framleis ikkje kunne gi deg eit svar som alle kan godta, men eg kan likevel prøve å forklare dette miraklet ut frå den oppfatninga eg har i dag. Eg liker å kalle det eit mirakel, samfunnet liker å kalle det for ein personlegdom! Eg kallar det eit mirakel fordi eg aldri har sett noe så vakkert og vedunderleg som alle dei personlegdommane som finnast i denne verda! Ingen er like, det er eit stort puslespel som fungerer! Det fungerer (ikkje bra og ikkje dårleg, bare fungerer), og det gjør meg utruleg imponert… så kvifor skrik vi i dag så høgt ut om kor urettferdig det er at ikkje alle menneske i verda har dei like føresetnader for å vekse opp? Røyndommen er at ikkje noen, ikkje ein gong to, har dei eksakt same moglegheitene ut frå sitt arvemateriale.

Personlegdommen vil bli påverka av alt det eit menneske opplever i eit liv, og utviklar seg på grunn av det miljøet vi lev i. Ein kan seie at personlegdommen er alle dei karakteristiske eigenskapane eit individ eig som heilskap. Dette kan til dømes vere legning, lynne osv. Verda er i ei stadig forandring, og det gjeld og utvikle seg slik at ein kan følgje med!. Det er viktig for ungdom å ha ein personlegdom!!! Til dømes når ungdommen skal bestemme seg for kva slags utdanning dei har lyst til å velje, da er det best å vite kva slags personlegdom du har, slik at du ikkje velgjer feil vei!

Men når har du og eg ein personlegdom, og kva er det som skaper den? Kan ein allereie i ungdomsåra vite kva slags personlegdom ein har? Min oppfatning er at ein aldri HAR ein personlegdom, det er tida som skaper den, og det er ei konstant utvikling gjennom heile livet ditt Vi har eit utgangspunkt i arvematerialet vårast, og etter ein liten periode i starten av livet begynner vi å utvikle oss til å bli det vi skal bli. Sjølvsagt, eller mest truleg, kan hendingar som du opplever prege din personlegdom og etse vekk sterke prinsipp frå barndommen Vi samlar erfaringar og lagar oss nye prinsipp ut frå dei hendingane vi har opplevd. Eg trur at man kan sjå teikn av personlegdommen vår allereie rett etter fødselen, og allereie da vite litt om korleis du vil bli, men det fullstendige resultatet kan vi ikkje sjå…for då er vi allereie døde. Det vil seie at vi utviklar oss heilt frå vi bli født til vi dør.


Eit anna alternativ er at det ikkje er noe som skaper vår personlegdom, men at det er noe som har blitt skapt! Kan hende det var neon rotlause ungdommar som trengte ei forklaring på kvifor det var umulig å bli lik som ein av de kulaste i gjengen!?! Elles veit ein jo at sjela er blitt til i moderne filosofi, og blir definert som ein av komponentane i Freud si personlegdom-teori! Sjela er Jeg’et i personlegdommen!!

Når ein veit at det ikkje er noen som har lik sjel eller personlegdom er det skremmande å sjå kor mange menneske som er like kvarandre. Vi blir født som originalar, kvifor dør vi da som kopier av noen andre? Meininga med at vi har fått udelt ein slik skatt som personlegdommen vår kan da ikkje vere at vi skal sløse den bort på å herme etter andre!! Forskingssjef Eivind Stø har ein gong sagt at ”Det gjelder å finne en egen identitet i en komplisert verden”. Dette er heilt korrekt! Verda er såpass komplisert at vi menneske ikkje forstår oss så godt på den, det er da man skal gripe den eine sjansen vi har fått med å bli den vi er! Eg veit sjølv kor mykje betre det følast når eg meiner og gjør det som passer for meg, og ikkje for alle andre!!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish