Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Litt fakta om MaltaSkriv ut Utskrift
Omfattende tekst med mye faktastoff om Malta (uten illustrasjoner).
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter: Anonym



Litt historie

 

Omkring år 4000 f.kr reiste ei gruppe bønder frå Sicilia for å busette seg på nokre øyar lenger sør. Dei brakte med seg dyr, leirkrukker, frø til å gro diverse plantar med, flintstein osb… Det var dei første maltesarane. Etterkvart som Malta fekk betre jordbruk, fekk innbyggjarane på øya meir tid til andre gjeremål, som t.d. byggje templar og andre element som høyrar til i ein sivilisasjon. Desse bøndene visste korleis ein laga reiskap av koppar, men kvaliteten på dei koppar-reiskapa som dei klarte å lage var så dårleg at dei orginale flintreiskapa som folket hadde brukt før, var betre og lettare å lage. Det finns ein teori, som går ut på at det kom ei ny gruppe menneskje til Malta 2200 etter dei første hadde komme til øya, og tok over denne buplassen, samstundes som dei underla seg dei som allereie budde der og hadde budd der. Dei nye folka kom frå Italia og hadde betre teknologi og våpen enn dei stakkars maltesarane. Dei sistenemnte var eit særs fredeleg folk, og hadde ikkje noko å forsvare seg med, så dei blei ein lett ”match” for Italienarane å ta den vakre øya. Det er heller ikkje funne noko spor etter våpen frå den tida då dei første fredelege bøndene på Malta hadde øya for seg sjølv

 

Franskmenna kjem

I juni 1798 tok Napoleon med sin hær over Malta. Det var ingen stor siger for den store hærføraren, fordi sjefsgeneralen på det stakkars landet som vart angripen fann straks ut at det var nyttelaust å prøve å kjempe imot den voldsame overmakta som kom. Dermed gav den maltiske hæren seg med ei einaste gong. Berre ei veke etter at Napoleon hadde kome til den vesle øya, inntok han byen Valletta, og før maltesarane fekk gjort noko motstand, så hadde Napoleon gjort Malta katolsk. Det Napoleon eigentleg var mest oppteken av, var alle rikdommane han kunne få. Han rana privatbustadar, templar, kyrkjar og det han elles kunne komme over.

 

Engelskmenna kjem

Så fort franskmenna vart drivne tilbake frå Malta, så tok England over styret på Malta. Eigentleg så hadde ikkje England så veldig lyst på Malta, men dei ville i kvert fall ikkje ha franskmenna der. Faktisk så blei løysninga å gje tilbake Malta til St. John si orden som først måtte reformerast. Denne ordenen styrte Malta før franskmenna kom og tok over. Det vart laga ei lov som sa at alle dei verkeleg store verdsmaktane på den tida måtte love at dei skulle gjere sitt for å halde fred på Malta. Italiensk fortsette å være hovudspråket på øya, og England fekk løyve til å bruke sjøen utfor Malta så mykje dei berre ville.

 

 

Vegen til sjølvstende

 

Språket har alltid spilt ei stor rolle i historia. Det har vore mykje fram og tilbake, og for folket på Malta var vegen til sjølvstendig styre vanskeleg og tung. Før den endelege beslutninga som sa at Malta skulle vere ei eiga stat, var politikken på øya tredelt. Det var det engelske ”partiet” som meinte at Malta skulle bli så engelsk som mogleg. Det dei meinte med det, var at engelsk skulle bli hovudspråket, og kulturen skulle bli gjort meir engelsk. Den andre gruppa var italiensk. Dei meinte at engelsk og italiensk skulle vere hovudspråk. Dei syns også at sida Malta var geografisk nærast Italia, så skulle kulturen vere så italiensk som mogleg. Den tredje og siste gruppa var ”arbeidarpartiet”. Dei meinte at det burde satsast på utdanning, betre levevilkår generelt og at det engelske og maltesiske språket skulle fremmast. ”Arbeidarpartiet” skulle då styre Malta frå 1921, men det vart så mykje problem og kyrkja fekk alt for stor makt, at i 1931 blei Malta lagt under engelsk styre igjen. Då vart det i kvert fall bestemt at maltesisk og engelsk skulle være hovudspråket. Dei to språka er faktisk den dag i dag dei to som vert rekna for hovudspråk.

 

Etter lange og omfattande forhandlingar fekk Malta sjølvstendig styre den 21 september, 1964, men framleis var dronninga av England også dronning av Malta. Kort tid seinare vart den vesle øya frigjort 100% frå England sitt styre. Malta var no vorte ein republikk, og Sir Anthony Mamo var den første presidenten.

 

Andre verdskrig på Malta

Då andre verdskrig starta, allierte Italia seg med Tyskland, og Malta vart kasta inn i første rekke i krigen. Dei første bombene som råka maltisk jord, falt den 11. juni, 1940. Dei maltiske krigsstyrkane brukte gamle gravkammer og katakombar som var gravne ut under jorda for nokre tusen år sida som beskytting mot bombeangrep. Når krigen kom til Malta, var øya veldig dårlig utrusta med krigsutstyr. For eksempel dei einest krigsflya som var der, hadde for lengst sett sine beste dagar. Dei var bare utstyrt med nokre maskingevær som måtte styrast manuelt. Det var dei så kalla Gloster Gladiator flya med Hurricane maskingevær som maltesiske styrkar tok i bruk. I 1943 var krigen så og seie over på Malta, og kong George syntes det var trygt nok å komme å besøke den stakkars vesle øya, som endelig var kvitt krig og elende.

 

 

Dei tre byane

 

Det som er kjend som dei tre byane på Malta er Birgu, Senglea og Bormla. Desse byane har vore viktige for Malta opp igjennom tidane, og dei ligg særs tett inntil kvarandre. Det er på ein måte ein by, fordi det ligg så tett, men det kallast altså dei tre byane. Den første (Birgu) var ein liten fiske by, som lå bak det store slottet "Castell'a Mare". Slottet hadde nesten selvstyre. Det som meinast med det, er at dei kunne gjere så og seie som dei ville i området. Det var nesten som eit eige lite land.

 

Den andre byen (Senglea) vart oppkald etter generalen Claude de la Sengle, som gav byen namnet "Città Senglea" som det heiter på orginalspråket. Under krigar opp i gjennom historia, har denne byen vist masse mot, som ein av dei få. Dei fleste generalane gav seg over med ei gong når franskmenna, engelskmenna og tyskarane angreip øya, men Senglea var alltid den byen som sloss tilbake mot fiendtlige makter. Som regel var motstanden fåfengt, men byen fekk ærestitlar som "Città Vittoriosa" (den sigrande byen) og "Città Invita" som tyder den ubesigra byen, sjølv om byen har vorte teken av andre statsmaktar.

 

Den siste byen (Bormla) er bindeleddet mellom Birgu og Senglea. Det er området som ligg i mellom desse to byane. Denne byen vart kalla "Città Cospicua" som tyder byen som er verdt å leggje merke til. Birgu var den byen som var mest brukt til sjøfart. Det er fordi den enkelt og greitt ligger nærmast sjøen.

 

 

Hagar Qim

Hagar Qim er eit gamalt tempel som vart bygd for 4700 år sida. Det var i "kopper-alderen". Dette tempelet er det eldste byggverket som er lagd av menneskje, som vi veit om den dag i dag. Tempelet er utsmykka med bilete og symbol av dyr, idol, ofrings alter og liknande. Steintypen som er brukt til å lage tempelet med, er mjuk og lett å jobbe med. Det er også funnet spor etter fallisk tilbeding. Ein mystisk pillar med uvanlig vakker dekor er også funnet i Hagar Qim tempelet. Det er stort sannsyn for at denne pilaren ikkje var med i det orginale tempelet, men har vorte satt der i seinare tid. På grunn av den mjuke steintypen, har Hagar Qim vorte øydelagt av vær og vind, og har måtte gå i gjennom mange restaureringar.

 

Mnajdra

Mnajdra er også eit tempel, akkurat som Hagar Qim, men har i motsetning til sistenemnte, verte bygd av hardare steintype. Dei som laga Hagar Qim, fann ut at den mjuke steintypen ikkje var noko særleg motstandsdyktig mot vær, så dei brukte ein anna stein. Denne steintypen var ikkje så lett å jobbe med, så innsida av tempelet vart dekka med den mjuke steinsorten, som vart brukt til å byggje Hagar Qim tempelet, sånn at det blei lettare å lage fin dekor på veggane.

 

St. Johns katedral

Dette var kyrkja til dei som regjerte langt tilbake i tid. Heilt   tilbake til før franskmenna kom å tok over Malta, og i 1882 fekk denne kyrkja status som katedral. Før denne kyrkja vart bygd, så var det ei kyrkje i fiskarbyen Birgu som var ”hovud-katedralen” på Malta. For å byggje denne katedralen, trengtes det mange pengar og ressursar. Alt vart faktisk betalt av ein mann. Det var General La Cassiere, og arkitekten som bygde katedralen var Gerolamo Cassar. Dette byggverket er eit stort høgdepunkt for turistar som reisar til Malta. Viss ein skal til Malta ein gong, er det eit ”must” å besøke denne sereverdigheita.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish