Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Jul i gamle dagarSkriv ut Utskrift
Analyse av "Jul i gamle dagar".
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:



Kåseriet «Jul i gamle dagar» er hentet frå Dag og Tid mai 1978. Det er skrevet av den folkekjære diktaren Ingvar Moe(1936-93)som i alt gav ut 26 bøker, og var aktiv i dei fleste sjangrar.

 

I denne teksten skrivar han om korleis han opplevde jula i gamle dagar. Det kommer tydeleg fram i teksten at forfattaren meiner vi ønskjer oss for mykje nå til dags. I gamle dagar hadde dei ikkje så mykje, og dei var fornøgde med det lille dei fekk. Forfattaren snakkar generelt for fleire gamle mennesker når han på ein humoristisk måte får fram kva som meines om utviklinga av juletradisjonane. I gamle dagar var det høyste ønsket ei ullunderbukse eller ei strikkalue. I dag ønskjer ungdommen seg ny video, nytt stereoanlegg og ny PC.

 

Eit verkemiddel som brukas mykje i denne teksten er overdriving. Overdriving er mye brukt i kåseriar for å få ein humoristisk verkning på teksten. Overdriving brukas ellers til å sette ting på spissen, og vekke lesarens oppmerksomhet. Eksemplar på korleis overdriving er brukt i dette kåseriet: Sitat 1.avsnitt: «Hoppa i veret av glede». Sitat frå 2. Avsnitt «takka med hue i handa» Sitat frå siste avsnitt: «Og eg hugsar kor viktig det var at ikkje borna fekk meir enn ei flaske kvar.» Her var det snakk om julebrennevin, og dei aller fleste veit at ein unge ikkje kan drikke ei flaske brennevin.

 

Kåseriar er gjerne uhøgtidelege og personlege, å språket er som oftast lett, muntleg og humoristisk i tonen. Gjennom heile teksten er det gjennomført muntlege utalelsar, og gammal nynorsk. Sammen med det gammaldagse språket får forfattaren understreka korleis det verkeleg var i gamle dagar, med gammal nynorsk og gamle juletradisjonar. Sitat frå teksten 4.avsnitt: «Glædelig Jul»

 

Ingvar Moe bruker mykje gjentaking i teksten. Spesielt kommer det ofte fram «me var fornøgde med det vesle vi hadde», og «me hadde ikkje så mykje før». Ved å bruke gjentaking minner han lesaren heile tida på kor lite dei hadde før, og det forsterkar inntrykket om at vi er for kravstore nå til dags.

 

Kontrastar vil seie motsatte ting. Eksemplar på dette er svart og kvitt, høgt og lavt, himmel og hav. I kåseriet «Jul i gamle dagar» er det brukt kontrastar for å framheve forskjellen på før i tida og nå. Forfattaren skriv ofte kor lite dei hadde, og deretter skriv han: «men nå!» Forfattaren skrivar «Me var fornøgde med så lite, då, små fuglar og slikt. I dag, nå, må det minst ei ørn til for at folk skal bli fornøgde.»

 

Her brukar han kontrastar og språklege bildar til å understreke at det skal meir til for å glede menneske nå til dags enn før i tida. Verkemidlar som gjentaking og kontrastar, er ikkje særs utprega som gjengangare i kåseriar. Men bruken av verkemidlar er viktige, og det er fullt lovleg å bruke andre verkemidlar enn dei som er satt opp på lista over dei mest typiske.

 

Sitat frå 3.avsnitt: «Vi hoppa i høgaste lukta og klappa i hendene:» I denne setninga har vi både eit ordspel og ein allusjon. Ordspel brukas mykje i kåseriar. Kåseri er ein sterkt ekspressiv sjanger, og hensikten er like mykje å underhalde som å drøfte. Ordspel vil si å vri på ord eller bruke dei i ein annan betydning. Dette gjer at teksten får ein humoristisk innfallsvinkel, og blir meir underhaldande for lesarane. Allusjonar er også eit verkemiddel som ofte brukas i kåseriar. Ein allusjon henspillar på noko kjent som for eksempel kunst, musikk eller bildar. Utdraget frå teksten overfor innehalder ein allusjon. «Klappa i hendene» er henta frå julesongen O jul med din glede, der teksten er « vi klappar i hendene». «Vi hoppa i høgaste lukta» er eit ordspel. Ordet lufta er forvrengt til lukta, og det blir ein komisk effekt innlagt i kåseriet. Eit anna ordspel finnes i 6.avsnitt. Sitat: «Kvitt skjegg, raud topphue og sekk på ryggen» Dei fleste vil her forstå at forfattaren meiner topplue, men har forvrengt ordet til topphue.

 

Mot slutten av kåseriet er det brukt sarkasme. Dette verkemiddelet brukas i kåseriar for å forsterke et uttrykk i en nedlatande tone, og gjøre det spydig. Sitat 6.avsnitt: «Høgdepunktet var da Blakken steig i stampen.» «Etter samla me feittet som flaut på vatnet i stampen og støypte julelys av.» Dei fleste meiner dette er ekkelt, og det er nettopp slik forfattaren vil at det skal framkome.

 

Min personlege meining om jula og juletradisjonar er at jula er familien sin tid. Man skal vere snille mot kvarandre, og ha det koseleg sammen i jula. I min familie feirar vi jula saman med slektningar, og på julaftan etar vi ribbe og surkål. Dei fleste familiar har sine eigne juletradisjonar, og eg synest det er viktig å ta vare på dei, å føre dei vidare.

 

Til slutt vil eg seie at dette kåseriet var ein humoristisk måte å fortelje korleis gamle juletradisjonar var, og korleis dei har forandra seg. Vi får håpe at jula fortsatt bær preg av dei gamle juletradisjonane, og at gamle menneske gleder seg over den jula vi har i dag.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish