Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Surrealisme: M.C. Escher og "Waterfall"Skriv ut Utskrift
Om M.C. Escher og hans bilde Waterfall.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Surrealisme (1920-1940)

(=overvirkelig, ikkje naturtro)

 

Surrealismen bygde på fantasien og dadaismen, som la vekt på tilfeldige arrangement av gjenstandar. Surrealistane ville gi uttrykk for den frie utfoldinga av menneskelege, gå inn i underbevisstleiken. Dei var opptadde av å utforske og illustrere det ubevisste. No hadde det rasjonelle og vitskaplege synspunkt dominert for lenge, meinte surrealistane. Dei ville frigjere førestillingsevna, og gjera folk meir bevisste det poetiske aspektet, meir enn det vitskaplege. Kunstuttrykka verkar ofte hinsides all fornuft. Bileta er spanande og draumeliknande.

 

Namnet surrealisme var skapt av Gulliaume Apollinarie i 1917 for å betegna eit av hans skodespel. Kunstbevegelsen byrja i 1924 og fortsette til slutten av –30åra (til ca. 1940). Den blei organisert og teoretisk utforma av den franske forfattaren Andrè Breton. Dei ville viska ut grensa mellom draum og verkelegheit, og utvikla ein ny super realitet i kunsten, påverka av Freud sine teoriar om det ubeviste.

 

Surrealismen sine røter går langt tilbake. Ved byrjinga av det tjuande århundre var det stor interesse for det ubevisste i sinnet, og i kunst og litteratur henta ein fram 1400 –tals malaren Hieronymus Bosch fordi han hadde i symbolform fortolka middelalder-menneskets frykt og djupaste lengsler. Nokon av desse symbola var tradisjonelle, medan andre kom frå kunstnaren sin fantasi. I middelalderen låg desse sterke kjenslene nær overflata, og det var berre eit lite skritt å gjera dei synlege i måleria. Bosch viste i si tid det same som Freud viste seinare og meir vitskapleg, nemleg at symbolet kan vere sambandet mellom det bevisste og ubevisste.

  

Dei to mest kjende kjende surrealistiske kunstnarane var Salvador Dali og Max Ernst. Salvador Dali sa at han hadde dei same tendensane som ein psykotisk person; hallusinasjonar, visjonar og besettingar. Men til forskjell frå den psykotiske som trudde desse fantasiane var verkelegheita, var Dali fullt oppmerksam på forskjellen mellom den imaginære verda og den verkelege. Hans livlige personlege fantasiar blei verkelege ved at han malte dei.

 

Max Ernst var kanskje den størtste surrealistmålaren, han syntest å vere surrealist av temperament. Frå han var ung hadde han ein levande førestillingsevne, han observerte verkelegheita og lot fantasien sin spele på den. For han var det fullstendig naturleg å måle sine fantasiar og sjølvpåførte hallusinasjonar. Han måla ofte skogar, fulle av symbol, men det er ikkje alltid like enkelt å oppfatte symbola, for han nyttar ikkje tradisjonelle symbol.

 

 

Waterfall

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Biletet eg har vald heiter Waterfall, og er eit litografi laga av M. C. Escher i 1961. Biletet er figurativt, og er ei skildring av eit hus med tårn og eit vassfall.

 

Biletet er svært forseggjort, men dersom du set deg ned og studerer det nøye, vil du sjå at konstruksjonen er umogeleg. Det går ikkje an! Vatnet renn eigentleg rett fram, men søylene får det til å sjå ut som om det er fleire etasjar (dvs. at vatnet renn oppover!), dessutan står desse søylene ”i hytt og pine”!

   

 

 

 

 

Escher var ein mester i å lage umogelege konstruksjonar og mange ulike mønstre som glir over i kvarandre. Her er to gode dømer; Waterfall ovanfor, og Matamorphosis nedanfor.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

 

 

 

Tankar om kunstverket

 

Det falt naturleg for meg å velje dette kunstverket fordi dette biletet har eg vore fascinert av lenge. Eg såg det først i naturfagboka mi, og har sidan sett det i fleire samanhengar, det er utruleg godt malt. Og eg synes at det er eit kjempefint bilete i tillegg til at eg er fascinert av korleis kunstnaren har lagt inn mange delvis skjulte feil rundt om i biletet.

 

Eg kan sitte lenge å studere det for å finne alle ”feila” på biletet, prøver å tenkje og studere meg til korleis han har gjort det.

 

Eg trur kunstnaren, M. C. Escher prøvde å framstilla det reelt umogelege gjennom sine bilete. Resultatet vart eit intellektuelt illusjonsspel med dimensjonar og perspektiv som får oss til å halda opp med vanetenking, og som flyttar grensene for vår sanseevne. Han ville få oss til å tenka, studera, ikkje hengja oss sånn opp i det vitskaplege, men meir til det ubevisste.

 

 

Maurits Cornelius Escher

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Escher vart fødd 17. juni 1898 i Leeuwarden i Nederland. Han var fjerde og yngste sønn av ein sivilingeniør. Då han var 5 år flytta familien til Arnhem, der han tilbragde mesteparten av barndommen sin. Han strauk på vidaregåande, og byrja straks på ein kunstskule for arkitektur og dekorativ kunst i Haarlem. Der viste han sine tegningar og linoliums-snitt til sin grafikar-lærar, Samuel Jessrum de Mesquita, og han opmuntra Escher til å fortsette.

 

 

Etter å ha fullført skulen, reiste han gjennom Italia, der trefte han Jetta Umiker, som han gifta seg med i 1924. Dei slo seg ned i Roma. Der heldt dei seg til 1935. Gjennom desse 11 åra hadde han kvart år ei reise gjennom Italia for å lage skisser som han gjorde ferdige når han kom heim at. Desse skissene brukte han seinare i sine utallige litografiar og treutskjeringar. Bakgrunnen til f.eks. Waterfall er laga etter ei av desse skissene. Han budde ei tid i Spania, og dei åra 2.Verdskrigen varte tilbragde han i Sveits.

 

Escher brukte han sine matematiske kunnskapar og leika seg med arkitektur, perspektiver, mønstre og umulige konstruksjonar. Han lagde avanserte spel med verkelegheit og illusjon. Hans konstruksjonar gjer ved første blikk ein absurd visuell framstilling til noko tilsynelatande sannsynleg. Det er dette han er mest kjend for. Eschers billedeskperimenter med menneskets visuelle perspeksjon vakte interesse både hjå psykologar og matematikarar. Reproduksjonar av hans kunstverk var1960- og 1970 –åras mest populære plakatar. Hans kunst fortsetter å forbause folk over heile verda den dag i dag.

 

Han var, i likskap med sine førebileter og kolleger Michelangelo, Leonardo da Vinci, Dürer og Holbein venstrehendt. I løpet av livet sitt lagde han 448 litografier og treutskjeringar, og over 2000 teikningar og skisser. I tillegg til at han var grafikar, illustrerte han bøker, designa tapet og frimerke.

 

 

Kjeldeoversyn

 

- www.mcescher.com

- Bøker og leksikon




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish