Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Gunnlaug OrmstungeSkriv ut Utskrift

Stiloppgave om sagaen Gunnlaug Ormstunge.

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:



Det første som er typisk for ein islendingsaga, er at den er ein realistisk prosaroman. Handlinga i sagaen er som oftest lagt til ufredstida på Island før år 1030. Dette kan vi sjå igjen i sagaen om Gunnlaug Ormstunge, der handlinga er lagt til rundt om 900 tallet. Sagaen tegner også oftest eit bilde av eit urolig og voldeleg nybyggersamfunn, som vi også ser igjen i Ormstunge sagaen der vi møter mennesker som har problemer med å finne ro. Eit samfunn der blodhevn og tvangsgifting er et faktum, dette samfunnet kan vi også sjå i våre dagar med ein annan vri. Blodhevn og tvangsgifting skjer for eksempel i islam religionen. Islendingsagaer starta ofte med ein oppregning av hovedpersonens slekt og fortell ofte om korleis forfedrene kom frå Norge til Island.

Slik står det skrevet i begynnelsen på Gunnlaug Ormstunge:

”Torstein heitte ein mann; han var son til Egil, son til Skallagrim, son til Kveldulv herse frå Noreg. Mor til Torstein heitte Asgerd Bjørnsdotter.”

 

Mange navn og forholde seg til er også eit typisk kjennemerke, på første sia er det i alt 13 forskjellige navn, ikkje alle er lika viktige, men uansett eg synes at det er nok. Men for islendingene var ættavlene rene godbiten, dei lika godt å lesa igjennom dei og grav i sin eiga slekts fortid.

Kvad er også noko som er med i Ormstunge sagaen, her er eit;

 

I hirda er ein

som er full av mein

Tru han kje rart,

han er vond og svart.

 

Dette er kun eit av flere kvad i sagaen. Draumetydning er også eit vanleg innslag, der venner eller familier tydar draumane kverandras, i sagaen fortell Torstein ein draum til Austmannen, der han skal prøve å tyde den slik han finn den mest truleg. Draumene i sagaene pleier å gå slik som det er blitt spådd, slik gjer det også i denne sagaen, der Austmannen tyder at Torstein skal få ei dotter som flere menn kommar at sloss og mista livet for. Dette er da Ravn og Gunnlaug, som døyr, men Austmannen sier også at etter dette kommar det ein tredjemann som kommer at gifta seg med ho. Også konflikten mellom 2 personer, grupper eller familier er vanleg, det finest ikkje ei islendingsaga som er uten ei eller annen type konflikt. Konflikten i Ormstunge utspiller seg mellom Ravn og Gunnlaug når dei skal kjempa om kven som skal få Helga.

 

Konflikten er ofte forårsaket som følge av ære eller kjærlighet. Spenningen bygger seg ofte gradvis opp med eit drap eller hevndrap mot et blodigklimaks slik som når Ravn huger Gunnlaug i hodet med sverdet sitt. Helten døyr etter å ha kjempet lenge og dramatisk mot ein stor overmakt, Gunnlaug døyr i slutten av sagaen etter ha kjempet i dagevis mot Ravn, Gunnlaug viser seg som kriger og menneske igjennom denne kraftpresentasjonen med Ravn, og møter tilslutt sin tragiske skjebne. Når Gunnlaug døyr er det ikkje lenge før familiene deira begynner og snakka om hevn, der på den tida der blodhevn var vanlig.

 

Tilslutt i sagaene pleier det å sies litt om korleis det går med hovedpersonens og slektninger og etterkommere. Det sies ikkje så møkje i denne sagaen om det, mest om korleis det var med Helga etter Gunnlaugs død, det står at ho gifta seg om att og at ho døyde på kappa ho fekk av Gunnlaug. I sagaen har også menneskene eit avslappende forhal te døydden, når Ravn hogg Gunnlaug i hovudet med sverdet sitt, er Gunnlaug bare rolig og sier ”Ille sveik du meg no, og umannleg fòr du fram mot meg som trudde deg.” Eg tenkjar ikkje eg ville sagt noko slikt hvis eg var på vei mot og døy meg eit stort åpent sår i hovudet. 

 

Det er som regel mannen som spiller hovedrolla, men kvinnen er i høy grad med i handlinga, akkurat som at det er Gunnlaug vi hører mest om, men Helga spiller ein utroleg viktig del i sagaen. Ein person sa ein gong at det er kun kjærlek og konflikt som folk vil lese om, dette kan eg tro er sant. For det er ikkje mange bøker der det ikkje er noko som helst av de temaene i.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish