Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kroppsidealet

Kroppsidealet

Teksten er av sjanger en blading av essay og resonnerende. Handler om dagens og gårsdagens kroppsideal.

Sjanger
Resonnerende
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
09.02.2004
Tema
Kropp

Tankar frå ein 19-åring er ein artikkel som er henta frå Klassekampen 05.12-2000. Den handlar om ei jente på 19 år som er overvektig. Det er i førjulstida, og ho går forbi eit butikkvindauge frå H&M der det heng ein plakat av ei halvnaken dame. Ho har dårleg sjølvtillit, og meiner det biletet av den halvnakne dama representerer det ekstreme presset mange lever under i dagens samfunn.

Dei fleste som kjenner ho ser vel på ho som ei sterk og skuleflink jente. Men eigentleg er det berre eit skalkeskjul. Ho hater kroppen sin og er veldig usikker. Helst vil ho vere heime i sofaen der ho er verna frå resten av verda, og kan fantasere om at ho lever det livet dei fleste nydelege kvinnene ho ser på TV kvar dag, lever.

 

Vi er omgitt av bilete av den perfekte kvinna med den perfekte kroppen. Over alt finn ein dette: på TV, i annonsar og, som fortalt i denne historia, på reklameplakatar i byen. Den perfekte kvinna med sin slanke kropp som får dei fleste av oss til å sjå tjukke ut, ser ein over alt. Det er dette temaet som blir tatt opp i teksten ”Tankar fra ein 19-åring”. Der fortel denne jenta korleis ho føler det når ho ser biletet av den syltynne, halvnakne kvinna.

 

Eg vil påstå at fedme er noko ganske mange i dag skjemst over. Alle ønskelege eigenskapar er knytta til å vere slank. Den tjukke framstillast ofte som sjuskete, lat og ikkje ikkje heilt til å stole på. Du kan vere tynn, pen og flink, eller tjukk, stygg og dum.

 

For ikkje så mange år tilbake var kvinneidealet frodige hofter, brei rumpe og i det heile tatt kvinnelege formar. Dagens kvinneideal er derimot ganske så annleis. Du må ha smale hofter, liten og fast rumpe og enorme pupper. Å ha ein slik kropp er eigentleg fysisk umogleg. Det er her plastisk kirurgi kjem inn i biletet. Har ein for lite av noko sprøyter man det inn, og har man for mykje av noko, syg kirurgane det ut.

 

Du kan ikkje skjule korleis du ser ut. Uansett om du er tynn eller tjukk, vil antageleg dei rundt deg legge merke til kroppen din. Kroppen er ein del av deg, og du vil at andre skal godta han. Og i dag er det jo så enkelt at man betaler ein viss sum penger og vips; du er enda eit skritt nærmare perfekt! Men finn ein eigentleg lykka ved å sjå bra ut?

 

Det skal ikkje mange kiloa til før nokon blir kalla feit. Spesielt gjeld vel dette barn og ungdom. På skulen er det dei ”feite og stygge” som oftast blir mobba, mens det er dei søte, tynne, oversminka jentene som får all merksemda. Med mindre du ser bra ut og går med stramme Miss 60-bukser, har du eigentleg ikkje noko du skulle ha sagt.

 

Eg har høyrt opp til fleire gongar nokon av gutane i gamleklassen min fortelje fleire av jentene at dei var ”feit”. Eg veit ikkje om dei sa det som spøk eller om det var alvorleg. Men uansett veit ikkje desse gutane om jenta tar det til seg, og byrjar å lure på om det verkeleg er noko i det dei seier. Sjølv om det kanskje ikkje er noko grunnlag for slik bekymring, vil vel mange av oss sjå etter i spegelen og lure på om vi kanskje har nokre ekstra kilo på kroppen, etter å ha fått ein slik kommentar.

 

Fleire og fleire blir meir opptatt av å fylle krava til dagens kroppsideal. Vi byrjar på slankekurar, og nokre går kanskje for langt når dei prøver å finne idealvekta. Veldig mange ungdommar risikerer helsa for å sjå best mogleg ut. Det blir stadig fleire ungdommar med eteforstyrringar, og all kroppsfikseringa no til dags må nok ta ein stor del av skylda for dette. Men er det berre media og reklamen som har skylda? Har ikkje vi litt ansvar sjølv og? Det er vi som ser og det er vi som misunner. Men som sagt spelar media ei viktig rolle i å vise usunne kroppsidealer. Dei fører dobbeltmoral. I ei avis kan du for eksempel sjå ein artikkel der dei går til angrep på syltynne modellar, men dersom du blar nokre sider vidare vil du kanskje finne ein reklame for slankepiller.

 

Slik ting i vår kultur er i dag må ein berre passe seg så ein ikkje blir feit, gammal eller stygg på ein eller annan måte. Det er altfor mange som ser seg i spegelen og tenkjer at dei er misfornøgd med vekta, og vil heller sjå ut som ein av dei tynne modellane. Alle menneske er skapt ulikt, og har kiloa litt ulikt fordelt. Slik ting er i dag så er det for gale om du er for tjukk, men dersom du derimot er tynn frå naturen si side, blir du skylda for å vere anorektikar. Vil vi nokon gong bli fornøgd med kroppen vår?

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil