Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Treng vi heltar i vår tidSkriv ut Utskrift

Denne artikkelen tek opp spørsmålet om vi treng heltar også i vår tid.

Kven er heltane og kven er det som treng dei? Og er dei annleis enn folk flest?

Kva slags heltar finst der? Det er berre rimeleg å kunne stille seg desse spørsmå

Nynorsk - ArtikkelForfatter: Anonym



Første definisjon på heltar vil gjerne vere noko slikt som: Gud, menneskjer, idol,

førebilete, audmjukskap, styrke, kvalitetar, uthald

Heltar er gjerne menneskjer som har gjort store ting og dei har blitt nokon man ser opp til.

Kanskje er dei menneskje som har utsette seg sjølv for fare og risikerer livet for andre. Brannmenn blir ofte sett på som heltar. Amerikanarane har forstått nettopp dette og spesielt etter hendinga i år 2001 då USA ble utsette for terror. Dei ønskja brannmenn velkomne med ”Welcome heroes” øve alt i gatene. Dei ble sett på som heltar, og folket som trengde dei, satt pris på dei. Folket opplevde sorg, trengde dei nokon som kunne gjere ein innsats og hjelpe. Til tross for stor takksamd og heltestatus var dei audmjuke og fortalde at dei ”berre gjorde jobba si”. Audmjukskap er ofte sett på som ein kvalitet hos dei vi kallar heltar.

 

Når menneskje ikkje ser opp til andre menneskje er det kanskje Gud og guddommen som får ein slags heltestatus. Ein strekk seg kanskje mot noko uoppnåelig, men som likevel har kvalitetar ein vil ha. For millionar av menneskjer er Jesus som Gud, den sigrande og uovervinnelige ein helt også i vår tid. Når ein møte noko ein ikkje klarar i livet kan ein guddommelig helt vere redninga som hjelper ein til å fortsette og holde motet oppe.

Tilbake i tid var Hercules ein slags halvgud og heltegud og menneskjer lager seg fantasiheltar også i dag. Eksemplar kan vere Supermann, Batman osv. Disse er kanskje ikkje så aktuelle for vaksne, men for dei unge og barna er dei nettopp dei store heltane. Fantasiheltane står for det gode og kjempar for det og lærar dei minste kva som er viktig.

Sportsheltar finst der også. Helter eller idol som folk i kanskje alle aldre ser opp til. Kanskje er dei nokon gangar heile folkets heltar. Bjørn Dæhli og Vegard Ulvang er gode eksemplar på slike sportsheltar eller folkeheltar.

                 

Det er kva heltane står for, det dei gjer og kvalitetane som er viktig.

Men når dei store heltane kanskje kan bli litt ”for store” for mannen i gata så har uttrykket  ”oss kvardagsheltar” oppstått. Dei heltane man bare høyrer om, blir kanskje for fjernt vekke og for upersonlege. Kvardagsheltane er dei som trufast står opp kvar einaste dag, går på jobb og tener peng til seg sjølv og kanskje ein familie utan å klage. Det er dei som gjer tenester for venner utan å vente noko tilbake. Det er dei som ein kanskje aldri høyrer om, men likevel gjer ein stor innsats for omgivingane rundt seg.

 

Sanninga er at vi treng alle dei forskjellige heltane kanskje meir enn nokon gong. Dei hjelpe oss, både dei minste og dei vaksne, til å gripe ting som audmjukskap, styrke, uthald og andre viktige kvalitetar i livet. Alt dette er viktige kvalitetar i ein tid der vald, krig, egoisme osv. er blitt faretruande stort. Heltane er stort sett ikkje annleis enn folk flest, men dei har satt seg mål om å forandre det negative til noko betre og dei når måla sine.

Det er det synlige beviset på forandring og forbetring, folk treng sjå. Dei som tør, blir heltar og førebilete for dei andre med oppfordring til å gjere likedan.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish