Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
RedselSkriv ut Utskrift
Nynorskstil.
Nynorsk - FortellingForfatter: Anonym



Dei låg i ein haug i grøfta. Blodet silte ned frå panna til Lise. Lars kava seg over til ho og prøvde å få kontakt.

- Lise? Lise? Høyrer du meg?

Han fann frem handa hennar.

- Ingen puls! Faen! Lise… Du må vakne.

Med eitt visste han at det var for seint. Han visste at det var han som burde ha køyrt bilen, ikkje Lise. Lise hadde drukke for mykje. Lars hadde ikkje drukke i det heile tatt.

Han såg ulukka i reprise i hovudet sitt. Det var han som skulle køyre bilen, ikkje Lise. Men ho hadde insistert.

- Sjølvsagt kan eg køyre! hadde ho sagt, mens ho smilte eitt av dei fantastiske smila sine. Og Lars hadde gitt seg, som vanleg. Lars vart plutseleg redd. Kva ville skje nå? Korleis skulle han klare å leve uten Lise? Ho var alt for han! Langt borte høyrde han sjukebilane ule. Så vart alt svart.

 

Neste gong han vakna låg han i ei kvit seng på eit sjukehus. Han kjende att sjukepleiaren. Det var ho som hadde stelt for han i sommar når han braut beinet.

- Kvifor er eg her? mumla han til seg sjølv. Man så hugsa han korleis alt hang i hop.

- Lise, stamma han.

- Korleis har Lise det?

Sjukepleiaren såg på han med eit trist drag over det vakre andletet.

- Ho er diverre død. Legane gjorde alt dei kunne for å redda henne, men det var for seint. Ho var allereie død når ambulansen kom fram.

Med eitt føltes det som om Lars fekk heile verda i hovudet. Han ville reise seg opp for å finne Lise, men han klarte ikkje å gå.

- Kva har skjedd? Kvifor kan eg ikkje gå? spurde Lars med ei fortvila stemme.

- Du blei skada i ulukka. Du er lam i frå livet og ned og vil nok aldri gå att.

På ny føltes det som om heile verda raste saman, men nå fekk Lars alle stjernene i hovudet attpåtil. Dette tydde slutten på fotballkarriera til Lars. Han var den beste forballspelaren i heile kretsen. Han hadde ei lovande karriere framføre seg. Kva skulle han gjere nå? Fotballen og Lise var alt han hadde hatt! Nå hadde han mista alt. Lars vart med eitt redd. Redd for å ikkje bli godteken. Redd for at kameratane hans skulle snu ryggen til han.

- Legg deg til å sove nå. Du treng vile.

Sjukepleiaren breidde dyna over han og han forsvann inn i draumeland.

 

Neste gong han vakna satt mora attmed senga. Ho satt og grein. Når ho merka at han hadde vakna, smilte ho spakt mellom tårene.

- Korleis går det med deg, guten min? spurde ho varmt. Ho såg granskande på han med dei blå augo hennar.

- Det går greitt, svara Lars, likegyldig.

- Eg har litt vondt i hovudet og eg kan ikkje føle beina mine, men elles går det heilt greitt.

Mora sette i å grine igjen. Med eitt sprakk det for Lars og. Mora kom bort for å trøyste han.

- Eg er så redd! hulka han.

- Eg er så forferdeleg redd. Kva skal eg gjere med livet mitt? Eg har ikkje nokon ting! Eg har mista alt.

Mora såg ned på sonen sin. Ho hadde aldri sett han så hjelpelaus før.

- Det går bra, berre vent og sjå, trøysta ho.

- Me skal nok finne ei løysing.

Ho breidde på han dyna og strauk han over andletet.

- Legg deg til å sove nå.

Lars fall i søvn atter ein gong.

 

I draumen sin dansa han rundt i ei blomeeng med Lise. Ho smilt mot han og det blonde håret hennar flagra i vinden. Dei lo og leikte, akkurat slik som i gamle dagar. Han var frisk i beina og kunne gå, og ho var lys levande som ein sommarfugl. Plutseleg blei det mørkt som natta. Lise forsvann og Lars datt på bakken så lang han var. Så forsvann han ned i eit svart hol. Holet symboliserte redselen.

 

- Lars! Middagen er severt!

Stemma til faren nådde han heilt frå kjøkkenet.

- Eg kjem!

- Kva skal vi ete? spurde Lars då han kom inn på kjøkkenet.

- Spaghetti og kjøttdeig, det beste du veit!

Det var nå gått to veker sia Lars vart utskreven frå sjukehuset. Det hadde vore ei hard tid med mykje smerte og motgang. Han hadde vore på skulen den siste veka og han hadde vore hjå ein psykolog. Det gjekk sakte framover. Men inni seg var Lars heilt knust. Han tenkte på Lise heile tida. Han tenkte også på fotballen. I draumane hans sprang han mil etter mil og han vart aldri sliten. Men røysdoma var ein annan. Han måtte bruke rullestol, og han kom aldri meir til å gå. Han var på botnen av eit stort han og overflata lukka seg over han. Klassekameratane var greie dei. Dei mobba han ikkje eg hang med han i etepausen. Likevel følte han seg einsam. Redselen låg som ei tåke over augo til Lars, og eigentleg ville han berre døy.

 

Ein dag tok Lars avgjerda som skulle endra livet hans. Ein kveld forledra hans var ute på Kino, rulla han rullestolen sin opp på eit platå. Det var nylagd asfalt på gangstien, så det var lett å ferdast med rullestol der. Han kom opp på platået. Frå platået kunne han sjå heile byen. Det var ein varm og stille augustkveld og byen bada i raud aftensol, slik den ofte gjorde på varme, stille augustkveldar. Det han satt kunne Lars høyre små barn leike lykkelege i hagane sine. Lars tok sats, trilla rullestolen sin og med eitt flaug han oppe i lufta med fuglane. Bakken kom nærare og nærare. Så blei alt mørkt.

 

Dei fann han neste dag ved botnen av platået. Han hadde visst døydd momentant. Ut av lomma hans fiska dei ein rosa konvolutt som dei gav til mora. Det var hans siste farvel med denne verda.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish