For alltid din

En tragisk kjærlighetshistorie.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.02.28

Kva ho kalla han, visste han ikkje og det same kunne det vere. Ho måtte for all del ikkje bli for involvert i han. Dei reiste seg og gjekk mot utgangsdøra. Nysgjerrige blikk møtte dei på vegen. Mange lurte vel på kvifor dei gjekk så tidleg, begge med så rastlause blikk. Den umiskjennelege klingelyden laud idet dei opna døra, og fekk mange til å snu seg for å sjå kven dei to var som gjekk. Utanfor lyste månen opp dei tronge, snøkledde gatene. Endå det var lenge sidan gradane hadde krype under null, var Eva varm. Varm av sjelevenens nærver.

 

Dei stod no utanfor baren dei hadde møttest fyrste gongen. Det var ikkje meir enn eit par veker sidan, og likevel føltes for Eva som om det var gått fleire år. Ho såg opp på han og  undra seg over kva han måtte tenkje. Han møtte blikket hennar og ho kunne no sjå kor himmelblå auger han hadde. Dette gjorde ingenting lettare. Han bøygde seg framover og tok hendene hennar i sine.

 

- Du skjelv, sa han med ein bekymra stemme. - Er det noko gale? Eva klarte ikkje å sjå han inn i auga. Blikket hennar falt ned på hendene deira. Ho rista på hovudet. Ho kunne ikkje seie noko. Iallfall ikkje til han. Han visste det var noko, men godtok svaret. Var det noko viktig, ville ho nok seie det før eller sidan. I staden la han hendene rundt midja hennar og klemte henne lenge. Hadde han berre visst kvifor ho var så inneslutta. Kvifor han ikkje fekk namnet hennar.

 

- Skal eg følgje deg heim?, spurde han til slutt. Eva nikka forsiktig. Ho tvila litt, men høyrde på den litle stemma inne i ho som sa at det ville vere ein god idé. Dei gjekk hand i hand bortover gatene, og no og då kika dei på kvarandre, begge med beundrande blikk. Eva kunne ikkje nekte for det lenger. Ho var forelska.

 

Då dei nærma seg kvartalet der ho budde, stoppa ho han. - Herfrå må eg gå åleine, sa ho, og denne gongen var det ho som tok tak i hendene hans. Ho såg lenge på han. Venta på at han skulle seie noko. Venta på at han skulle gjere noko. Han såg på henne, spørjande. Nøla litt, før han spurde: - Men eg får vel gi deg ein natta klem?

 

Eva smilte lukkeleg. – Klart du kan det, svara ho. Det blasse lyset frå gatelyktene, og snøkrystallane som no kom dalande ned frå himmelen gjorde ansiktet hans så overnaturleg vakkert. Det augeblikket kom alltid til å feste seg som eit minne for livet for Eva. Lenge stod dei slik, og heldt rundt kvarandre, berre tenkande på kor godt dei hadde det. Utan eit ord gjekk dei frå kvarandre. Begge visste godt at eit farvel var unødvendig, dei ville sjå kvarandre igjen dagen etterpå. Det gjorde dei alltid.

           

Eva vart møtt i døra av begge foreldra. Begge to oppskaka og frustrerte over at ho ikkje hadde sagt kvar ho for. Klokka var no over halv eitt. Brått kom skyldfølinga veltande over ho. Foreldra ville aldri tilgi ho for å ha blitt forelska i feil gut. Og attpåtil ein norsk gut. Ho kunne ikkje seie noko. Ho ignorerte dei, storma inn på rommet sitt og la seg stille ned på senga. Ho måtte ikkje vekke veslebroren som låg så rolig i senga ved sida av ho og sov. Slik låg ho lenge. Berre såg opp i taket og tenkte på Jørgen. Vel vitande om at det aldri kunne bli meir mellom dei. Ho var jo allereie lova bort, endå kor mykje ho ønskte ho ikkje var det.

           

Morgonen etter kom mora inn på rommet og vekka Eva. Ho sette ned på sengekanten med eit alvorleg uttrykk i ansiktet. Dette gjorde Eva nervøs. Mora var jo alltid sprudlande glad om morgonen. – Eva.., byrja mora. – Eg veit at du likar deg veldig godt her i Noreg, og eg veit du har fått mange nye venner. Eva kjente ein ubehageleg kjensle breie seg gjennom heile kroppen hennar, og det knytte seg i magen. Ho hadde ei vag aning om kva mora ville fram til. – Det er jo ikkje lenge til du skal gifte deg heller, mora smilte forsiktig. – Eg og far din har prata om det lenge, og vi har bestemt oss for å flytte heim att. Slik situasjonen er heime i India, ser det ut til at ting har roa seg ned. Slik kan vi la bryllaupet gå føre seg heime, og Shah slepp å flytte hit. Vi har bestemt oss for å dra om ei veke.

 

Eva var mållaus. Ho fekk ikkje fram eit ord. Ho kjente kvalmen bryte seg veg gjennom ho. No var det stadfesta. Det var ikkje noko meir ho kunne gjere for å halde fast på Jørgen.

 

Mora gjekk roleg ut av rommet. Ho visste Eva hadde det vondt, men gjorde ingen ting, ho hadde aldri vore noko flink å vise kjensler. Lenge låg Eva i senga og tenkte. Ho klarte ikkje førestille seg korleis det ville vere å aldri meir kunne sjå att Jørgen. Dei krystallblå auga og det blonde mjuke håret hans som ho likte meir enn noko anna. Klokka nærma seg fire før Eva endeleg gjekk for å møte Jørgen. Den kalde desemberlufta, snøen som knasa under beina hennar, pusten hennar, som laga røykskyar opp mot himmelen, tung av mørke uversskyar, fekk Eva til å tenke på at dette var ting ho aldri meir ville oppleve. Der, på det tidspunktet gjorde Eva eit avgjerande val. Ho såg det som den einaste utvegen.

 

Jørgen sat på ein benk i utkanten av eit skogholt. Ansiktet hans lyste opp idet han såg Eva. Det var rart korleis dei begge alltid møtte på kvarandre når dei gjekk ut. Jørgen laga alltid vitsar av det, og sa dei to var sjelevener. Han reiste seg opp og gjekk mot ho. Det triste, seriøse uttrykket i Eva sitt ansikt fekk han til å spørje seg sjølv kva det var. Han omfamna henne og klemde henne lenge. – Er det noko gale?, kviskra han forsiktig inn i øyret hennar.   Eva klarte ikkje å halde igjen lenger. Dei varme små dropane trilla ned kinna hennar, og iblant kom stille hikst. Jørgen ville aldri meir trøyste henne når ho hadde det vondt. Ho kunne ikkje svare han, kunne ikkje fortelje sanninga.

 

Dei sette seg på benken, og Eva la hovudet på skuldra til Jørgen. Dei sa ingenting, men tenkte det same. Dette var noko dei aldri ville gi slipp på. Eva sette seg opp og såg Jørgen alvorleg inn i auga. – Du veit, eg er for alltid din, sa ho roleg. – Og eg er for alltid din, svara han, like alvorleg. Då dei denne gongen gjekk frå kvarandre, også denne gongen i det same kvartalet, avslutta Eva med eit farvel. Dette ville vere siste gongen ho såg att Jørgen.

 

Då ho var heime, starta ho å skrive avskjedsbrev. Først til Jørgen, deretter til foreldra. Ho forklarte begge partane kva som var skjedd, og kvifor ho hadde tatt denne avgjersla.

 

Då klokka nærma seg halv tre på natta, var Eva vaken. Ho kledde stille på seg, for ikkje å vekke broren. Ho leita fram breva og kasta eit siste blikk på han, som låg uskuldig og sov. Så lista ho seg ut døra. Brevet til foreldra la ho på kjøkkenbordet. Eit lite augeblikk tenkte ho på at ho kanskje hadde feilvurdert situasjonen, men forkasta like etter tanken. Foreldra ville ikkje eingong prøvd å setje seg inn i situasjonen hennar.

 

Ute var det heilt mørkt. Gatelyktene var det einaste som gjorde det mogleg for Eva å navigere seg fram langs gatene. Den iskalde vinden blåste gjennom den tynne joggebuksa og genseren hennar, og gjorde alt mykje verre. Eit langt kvarter seinare stod ho utanfor blokka der Jørgen budde. Det var andre gongen ho stod her no. Førre gongen hadde Jørgen og vore her. Han hadde vist henne postkassa si då han henta posten, noko som passa bra med tanke på situasjonen no. Ho slapp ned brevet. Det same brevet han kom til å lese dagen etterpå, då ho ikkje lenger ville vere tilstede. Ho sukka stilt, og starta på vegen opp mot den vesle fjelltoppen. Den siste staden ho ville stå i dette livet. Berre ein time igjen.

 

Klokka var halv fire. Månen var no kome fram, omkransa av mørke skyer, og gav landskapet eit kvitt, uhyggjeleg skin. Eva stod no på toppen av fjellklippa og såg utover. Langt der nede låg steinane klare til å ta imot ho. For eit halvt døgn sidan hadde ho og Jørgen vore saman. No, då ho stod der, ønskte ho at Jørgen ville stå ved sidan av ho, og dei begge ville hoppe saman. Tanken gjorde ho varm, og ho smilte for seg sjølv. Tida var inne.

 

Vinden slo mot ansiktet hennar medan ho susa nedover. Ho kjente seg vektlaus, og med eitt forsvann kulda frå kroppen hennar. Ho kjende seg varm og trygg. Langt borte høyrde ho Jørgen si stemme, han ville for alltid vere hennar.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst