Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Kvardag" (O. Hauge)Skriv ut Utskrift
Diktanalyse av Olav H. Hauges dikt "Kvardag".
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym



Diktet "Kvardag" er skreve i 1966 av Olav H. Hauge (1908 - 1994). Hauge vart fødd og budde heile livet sitt på eit småbruk i Hardanger. Hauge er av dei mest kjente forfattarane i norsk etterkrigstid. "Kvardag" er henta frå diktsamlinga "Dråpar i Austvind" (utgitt i 1966). Han brukte ikkje bilete eller natursymbolikk, men ynskte å skrive om dei enkle og daglege hendingane i livet, og ville at lesaren skulle få kontakt med det verkelege. Dette kjem fram i "Dråpar i Austvind".

 

Diktet "Kvardag" her ei strofe som er delt inn i to delar. Fyrste del, på sju liner, handlar om barndomen og ungdomstida, medan dei 12 siste linene handlar om den vaksne og eldre levetida.

Diktet har ikkje rim og rytme. Livet har hellar ingen rytme, og dermed ville det kanskje vore unaturleg å hatt rytme i dette diktet. Linene er delte ved komma og leddsetningar, og dette gjer at det er lettare å skilje uttrykk frå resten.

 

"Kvardag" gjev eit godt bilete om korleis kvardagen åt menneska endrar seg gjennom livet. Diktet er skreve kronologisk, noko som gjer at det har god flyt.

 

Kvardagen i barndomen, og særleg i den opprørske ungdomstida var å leve "i stormen". Livet gjekk då sin gang, trass i at det kunne vere hardt og vanskeleg med mykje motstand. Men som ung tenkjer du ikkje så mykje på kvifor du lever og er til, for du hadde nok med deg sjølv. Her er setningane korte og intense, slik ungdomslivet er.

Det gjekk likevel ikkje mange år før du kom midt i livet - var "i elden".

 

Sjølv om det kunne vera hardt å leva i ungdomen, var dette likevel kvardagen. Som vaksen skal ein "setja poteter, raka lauv og bera ris". Å arbeida er for ein vaksen mann kvardagen. Det kan vere tungt og hardt, men det er likevel nødvendig. Ved full arbeid er livet tilfredsstilt. I denne livsepoken stiftar ein gjerne familie, og med arbeid på si vil ein ikkje få tid til draumar og andre ting som skjer i verda. Livet strekk nemleg ikkje til alt, og dagane er tunge og gråe. Når dagane er gråe kan dei vera i kontrast til dei yngre dagane då livet gjekk sin gang.

Men om ikkje lenge er også denne tida over. Etter hardt strev får "du steikja flesk og lesa kinesiske vers", å gjera kvardagen til slik du ynskjer. Som gamal tenkjer ein over livet ein har hatt, og kor kort det er. Eldre setter pris på meir daglege ting, og dagane vert meiningsfylte. Verda elles går sin gang med krigar og herjingar utan at dette er til bry for den eldre. Alt stress er lagt bort, og kvardagen er ikkje så tung og grå som den var tidlegare i livet.

 

Temaet i diktet er kvardagen. Dette kjem fyrst og fremst fram ved tittelen "Kvardag", men også på teksten i diktet som omhandlar kvardagen til ungdomen, den vaksne arbeidaren og den eldre.

 

Bodskapen i diktet er "alt til si tid". Som barn og ungdom tenkjer ein ikkje over livet slik ein gamal person gjer det. Ungdomslivet vert gjerne leva "i stormen" og det som følgjer med det. Fyrst etter harde arbeidsdagar kan ein slappe av slik ein har sett fram til i mange år. At du skal glede deg over dei nære ting er typisk for den nyenkle lyrikken som Hauge står representert for.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish