Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Henrik Wergeland (1808-1845)

Henrik Wergeland (1808-1845)

Faktaoppgave om Henrik Wergeland.

Sjanger
Faktaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
15.03.2004


Henrik Wergeland var fødd i 1808 og døydde av ein lungesjukdom i 1845, berre 37 år gamal. Vi skal sjå gjennom hans tid, og korleis han levde.

 

Wergeland som person

<bilde>
Dei fleste kjenner Wergeland som diktar og forfattar av ”Vi ere en nasjon vi med”, men vi skal sjå korleis han oppførte seg.

 

Wergeland levde vilt og var med i mykje krangel og uro. Wergeland var veldig sta, og han kjempa for dei sakene han syntes var viktige. På grunn av dette vakte han mykje oppsikt i småbyen Kristiania. Han studerte teologi, og ville bli prest. Han var med i så mange kranglar, og mange rettsakar, at han ikkje var kristeleg nok til å ta prestestillinga.

Ein kjend strid var striden mellom han og den andre diktaren Johan Sebastian Welhaven.

 

Wergeland ville at landet skulle utvikle seg i sjølvstendig retning, bort frå det danske skriftspråket. Han var oppteken av det norske skriftspråkets utvikling, og han kom med forslag til forandringar frå det danske skriftspråket, som etterkvart utvikla seg til det vi kjenner som bokmål.


Han var også engasjert i folkeopplysning, og starta fleire folkebibliotekar rundt om i landet.

Wergeland kjempa for jødane, og ville endre grunnlova som seier at jødar ikkje har tilgang til landet. Jødane fekk først tilgang til landet seks år etter hans død. I dag legger norske jødar krans på grava hans den 17. mai.

 

Wergeland som diktar

<bilde>
Wergeland blir rekna som ein av dei beste norske diktarane gjennom tidene, og allereie som trettenåring fekk han sin første forteljing trykt i Morgenbladet. Wergeland brukte dikta sine til å kjempe for dei sakene han syntes var viktige. Det viktige for Wergeland var å skape frie menneske, og ein rein norsk kultur, løyst frå alle band som framleis knytte landet til Danmark.

 

Som diktar høyrer Wergeland til romantikken. Han var sterkt prega av den romantiske perioden, men stilen hans var omstridt, og den spontane og impulsive måten å skrive på blei sterkt kritisert av Welhaven og Intelligenspartiet, som sto imot gruppa som støtta Wergeland (Patriotane). Dikta hans handla om begeistring, draumar, og fantasi. Han brukte bilete, ord og uttrykk som var vanskeleg å forstå. Nokre av dikta har fast rim og rytme, men manglar av og til rim. Wergeland elska naturen og dyra, og han skreiv mange dikt om desse emna. Wergeland skreiv ikkje berre dikt, men også skodespel, forteljingar, artiklar, brev og rettsinnlegg. Han har skrivi 23 bind med over 9000 sider.

 

17. mai feiringa med barnetog er Wergelands forteneste - det var han som starta denne tradisjonen.

I 1844 blei Wergeland sjuk, men han heldt fram med å skrive heilt til han døydde 12. juli 1845, 37 år gamal. Folkemengda som følgde kista hans til grava var den største til då ved nokon gravferd i Noreg.

 

Intervju

Me har også fått tak i eit intervju med Henrik Wergeland frå hans tid,

då han låg på dødsleiet på Rikshospitalet:

 

”Kva er det mest slitsame du har opplevd?”

 

Henrik sukkar, tenkjer litt og svarar:

”Striden mot Welhaven var det verste. Det tok mykje krefter, og eg hadde berre lyst til å døy!”

 

”29 bind med over 9000 sider. Er du ikkje fornøgd med det du har gjort?”

 

Henrik tenkjer før han svarar strengt!:

”Eg er berre ein heilt vanleg person som likar og skrive, men eg unner meg sjølv litt skryt etter alt eg har jobba. Eg håpar det norske skriftspråket tar over etter det danske!”

 

”Kva er ditt siste ynskje?”

 

”Det er at jødane får tilgang til landet. Hadde eg berre fått opplevd det, kunne eg døydd med god samvit!” svarar han brått.

 

”Kva syntes du var det beste temaet å skrive om?”

 

Henrik ser sjuk ut.

”Eg elskar naturen, blomstane og dyra” svarar Wergeland før han tar sitt siste sukk og sovnar inn.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil