Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Norsk språkhistorie 1900 til i dagSkriv ut Utskrift
Språkstriden i forrige århundre i korte trekk.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:



Trass i sjølvstendet i 1905 og feststemninga som følgje av det, var det tydeleg at Noreg i fleire hundre år ikkje hadde vore uavhengig. Påverkinga frå Danmark var særleg synleg. Rundt frigjøringsåret var det språket som flest nordmenn skreiv svært nær dansk, mens berre eit lite mindretal brukte landsmål.

 

Før 1900 hadde hovudfronten i språkstriden gått mellom:

- Dei som kjempa for dansk-norsken.

- Dei som kjempa for målsaka.

- Det var også dei som ville som Knud Knudsen, nemleg reformere med utgangspunkt i den norske ”dannede dagligtale”.

 

Noen ville også halde skriftspråket så nært dansk som mogleg, men i festrusen etter 1905 kjempa dei så å seie for tapa sak.

 

Etter 1900 skulle hovudfronten i målstriden komme til å gå mellom:

- Dei som kjempa for riksmålet, den fornorska dansken.

- Dei som kjempa for landsmålet.

 

Det to frontane stifta snart kvar sin kamporganisasjon; Noregs Mållag (1906) og Riksmålsforbundet (1907).

 

Midt i denne striden grodde det også fram ein tredje part, tilhengarane for samnorsk. Det var dei som ønskte å reformere begge skriftspråka i retning av ei felles samling. Landsmål og riksmål skulle ein gong i framtida gå opp i ei høgare eining, det vil seie eit samnorsk språk. Blant dei som sto i spissen for denne tanken, fann vi professor Moltke Moe.

 

I 1907 blei det vedteke at grunnlaget for det mest brukte skriftspråket skulle vere ”det dannede talemålet i Norge”. Dermed fikk Knud Knudsen realisert sine tankar. Riksmål blei nå det offisielle namnet, og reforma slo lett igjennom.

Endringane gikk hovudsakleg ut på ei fornorsking av dansken (t.d. blei blaute konsonantar skifta ut med harde, og substantiva i fleirtal fikk endinga –er eller inga ending mot tidligare –e).

 

1907-reforma omhandla altså berre språklege endringar i det som nå blei kalla riksmål. Men det skjedde også ting rundt landsmålet. På denne tida opplevde landsmålet faktisk eit oppsving.

- For det fyrste kom det mange nye skulekretsar til som brukte landsmål. Det var ikkje alle som tok seg råd til nye bøker med den nye rettskrivinga, men som heller endra målform.

- Den andre sigeren landsmålet vann i 1907 var ikkje mindre. Dette året blei det nemleg bestemt, mot store protestar frå riksmålsfolket, at elevane skulle skrive to stilar til eksamen artium – ein på riksmål og ein på landsmål. Denne avgjerda har stått seg heilt fram til i dag. Det same har diskusjonane rundt ho. Personleg synest eg dette er eit rettferdig vedtak fordi vi etter jamstillingsvedtaket i 1885 har to likestilte skriftspråk i Noreg.

 

I 1910 blei landsmålet modernisert. Men mykje større var vedtaket som kom sju år seinare.

 

1917-reforma skulle bli det fyrste store skrittet på vegen mot ei samling av landsmål og riksmål. Begge språka skulle tilnærme seg kvarandre, og ein skulle ta utgangspunkt i folkemålet, dialektane i bygd og by, og ikkje i det ”dannede talemål” som i 1907. Det blei gjennomført ei rekke obligatoriske endringar i skrivemåten som alle måtte rette seg etter, samt nokre valfrie uttaleendringar som skulle binde målformene enda tettare saman. T.d. kunne ein nå seie sola på riksmål i tillegg til det gamle solen. I skolen blei 1907-reforma straks innført, og igjen førte dette til eit oppsving for landsmålet.

 

Det mangla ikkje på reaksjonar på reforma, debatten gikk både i Stortinget og på gata. Riksmålsfolket meinte det var sterkt orsakeleg at barn frå ”dannede hjem” måtte lære ”rampesprog”. Mange forsto ikkje at dei store tilnærmingane var valfrie. Dei formene på riksmål som ein måtte bruke, fanst også i det danna talemålet. Da dette gikk opp for folk, dabba kritikken etter kvart av.

 

I 1929 bytta begge målformene namn. Landsmål blei til nynorsk og riksmål til bokmål.

 

Språkbruken i avisene var tydeleg farga av partitilknytinga. Venstrevennlege Dagbladet tok fort i bruk dei nye rettskrivingspåboda, mens ein måtte vente i mange år før den konservative høgreavisa Aftenposten godtok det same.

Innafor skjønnlitteraturen var det naturleg nok meir variert kva for eit språk forfattarane valde.

I trettiåra fikk vi for fyrste gong oppleve eit massemedium basert på talemål, og ikkje skrift. Da NRK blei stateleg, kom det også nynorsk i bruk i radioen.

 

I 1938 hadde Arbeidarpartiet overtatt regjeringsmakta. 1938-reforma tok sikte på å drive tilnærminga eit langt skritt vidare enn det ein hadde våga i 1917. Ein god del av dei endringane som hadde vore valfrie etter 1917 blei no obligatoriske. Etter 1938 ble det t.d. sola på begge målformene – mot tidligare sola og soli på landsmål og sola og solen på bokmål. Men med den same reforma kom også innføringa av klammeform som alternativ til den nye rettskrivinga. Lærebøker måtte likevel bruke hovudformene.

 

Med 1938-reforma blei reine folkemålsformer innført som obligatorisk grunnlag for skriftlig bokmål i staden for danna talemål. Bokmålet var dermed blitt meir ”folkeleg” enn det mange konservative kunne tåle, og reaksjonane lèt ikkje vente på seg. Særleg protesterte dei mot dei radikale skulebøkene som kom med former som bein, dyra, og språk. Som for dei tidligare reformene førte reforma til eit oppsving for nynorsken, 34% av elevane valde nynorsk som hovudmål i 1944. Men etter krigen venta tilbakegang.

Bokmål og nynorsk har ikkje korkje før eller seinare stått så nærme kvarandre enn etter reforma frå 1938.  

 

Etter krigen var den nasjonale stoltheita stor. Dette var ein av grunnane til at samnorsktanken var populær blant befolkninga i denne tida. I 1952 blei Norsk språknemnd oppretta. Nemnda skulle arbeide for å ”fremja tilnærminga mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn”. Sjølv om samnorsktanken var populær etter krigen var det slett ikkje alle som likte han. I 1952 gav Riksmålsforbundet ut si eiga ordliste, som viste kva forbundet la i riksmål. Det blei organisert foreldreaksjonar mot samnorsk, der blant anna foreldre brende skulebøkene til barna på bål.

 

Motstanden hadde tydelegvis sin verknad. I slutten av 50-åra vedtok Stortinget ”Ny læreboknormal 1959” der talet på påbodne samnorskformene var skore ned. Likevel var det framleis obligatorisk samnorskformer som hytta og stein som irriterte riksmålsfolket. Men størst grunn til misnøye hadde forkjemparane av nynorsk. Her var det hovudsakeleg snakk om tilnærming på bokmål.

 

I 1959 blei Landslaget for språklig samling oppretta. Tilhengarane var, som namnet tilseier, for samnorsk.

 

Elles kom det ein ny teljemåte midt under språkstriden. Tiarar skulle no stå framfor einarar. Men dette hadde ikkje noko å gjøre med språkstriden.

 

I 1963 blei Vogtkomiteen stifta. Hovudoppgåva var å finne ei fredleg løysing på språkstriden, og komiteen blei derfor gjerne kalla språkfredkomiteen.

Som eit resultat av arbeidet i Vogtkomiteen blei Norsk språkråd oppretta i 1972.

Språkrådet skulle ikkje ”fremje tilnærminga” som den gamle Språknemnda. Derimot skulle rådet følgje utviklinga i norsk språk, fremje samarbeidet og normeringa av dei to målformene og støtte opp om tendensar i utviklinga som på lengre sikt kunne føre dei nærmare saman. Den store forskjellen var altså at samnorsken ikkje lenger var like rundt hjørnet slik som optimistane trudde nokre tiår før.

 

1938-reforma blei meir og meir fjern. I 1973 kunne elevane igjen skrive uoffisielle riksmålsformer som t.d. bygden i staden for bygda. Lærebøkene måtte framleis bruke normalen frå 1959.

 

Ei språkreform som berre omhandla bokmål, blei gjennomført i 1981. Denne reforma var ein siger for riksmålsfolket fordi det danna talemålet igjen kunne vere grunnlaget for skriftspråket, altså som i 1907. Men samstundes blei ingen radikale bokmålsformer avskaffa etter 1981. Fram mot i dag har det vore lagt stor vekt på valfridom.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish