Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Om minneSkriv ut Utskrift
Essay om minne. Nynorsken kan til tider være dårlig (sidemål).
Nynorsk - EssayForfatter:



Eg vil begynne dette essayet med å seie at eg eigentleg ikkje er den rette til å snakke om godt minne. Eg har eit utroleg dårleg minne sjølv, særlig når det gjelder å hugse ting. Denne uka har eg glømt nøklane mine heime tre gonger, og det er kva eg kalla dårlig minne.

 

Kven har ikkje ein gong opplevd å møte på nokon du ikkje hugsar namnet på? - Hei, hyggeleg å treffe deg igjen, seier ho og dykkar helser. Men kva i alle dagar var det ho heit igjen? På ”Massachusets Institute of Technology” (MIT) haldar de på å lage eit par med brille som visstnok hjelper deg til å hugse namnet til personen. Tenk kor mykje framtida kommer til å bringe, tenk om det etterkvart blir slik at alle har et utroleg bra minne. Ta skolen som et eksempel, ein må lage heilt andre type prøvar, ein må rett og slett ha ein heilt annan type skule.

 

Det er forskjellige måtar å hugse hendingar på, i ein draum, ved å titte på ein gjenstand som minner deg om noe, bildar eller nokon gonger dukkar minnet plutselig opp i tankane. Ein annan god måte å hugse minner på er å høre musikk. Det er ein utroleg fin måte å gjenopplive gamle minne på. I går høyrte eg ein forferdeleg song, som var populær i sommar, og som ble spilt over alt. Plutseleg hadde eg alle sommarminne i hovudet. Sommar, sol, latter og kjekke gutar på stranda.

 

Minne handlar om masse, ei lita del er det med å huske namn, steder, årstal og hundrevis av meir eller mindre viktige fakta. Det handlar også om å hugse gamle minne, minne frå ein var ung, spesielle dagar og gode hendingar. Eg trur det er disse minna som er det viktigaste å hugse, mykje viktigare enn å hugse når for eksempel Ibsen levde.

 

Eg har alltid tenkt meg at minnet er som ein datamaskin, du lagrar filer i forskjellige mapper, ikkje alltid med like god orden, og du kan når du vil finne fram gamle minna. Maskinen kan få virus, altså ein sjukdom. Eiterkvart som maskinen blir gammal merker du at den går tregare og tregare og det er berre nokre filar du kan opne utan å angstrenge deg veldig.  Akkurat som gamle menneske, har du ikkje lagt merke til at dei forteljar dei sama historiene om og om igjen? Dei gjentar dei sama forteljingane kvar gong ein møtar de, er det fordi dei har gløymt alt anna? Eller er det fordi dei vil fortelja om dei gode minna sine?

 

Det kan jo kanskje vere fordi vi alle har gode og dårlege minne, nokre minnar vil ein hugse, medan andre vil ein berre gløyme. Kanskje det er slik at dei gamle menneska gløymer det vonde? Tenk kor mykje betre alt hadde vori viss ein kunne gløyme alle dei vonde tinga på 1-2-3 og berre hugse dei gode minna. I nokre tilfeller skjer jo det faktisk, ein fortrengar ting ein ikkje vil tenkje på. Ein vil ikkje hugse det, latar som det ikkje har skjedd og etterkvart gløymer ein det på verkeleg. Dette skjedde med meg ein gong. Eg hadde krangla fælt med bestevenninna mi og når eg kom heim tenkte eg så mykje på det at eg eiterkvart gløymde det. Neste dag gjekk eg bort til henne og klemte ho. Ho trudde sjølvsagt det var for å si unnskyld og heile krangelen løyste seg. Minnet kan spille deg et puss innimellom.

 

Fysiske kjenslar et på ein måte eit eiget minna. Kan du hugse korleis det følast når nokon tek på deg? Korleis det kjennast når du slår deg, når du får eit kyss eller når det kriblar i magen? Vi kan difor seie at vi har to forskjellige minne, psykiske og fysiske.

 

Eg har ofte lurt på om alle kan få ein klisterhjerne, eller om det er slik fatt at nokre berre er født med klisterhjerne? Bjørn Ringom, leder av Ringo-instituttet hevder ”alle kan få ein klisterhjerne, det er berre snakk om øving”. Eg meiner dette kan stemme, særlig da eg høyrte om ein undersøking av deltakarane i ”Wold Memory Championship”. Denne gruppa blei målt opp mot ei gruppe av vanlege menneske. Resultata viste at det ikkje vart nemneverdige fysiske forskjellar i hjernen hos de to gruppa. Også ”Illustrert Vitenskap” støtter denne påstanden ved å seie: ”dette stemmar godt med tidligare undersøkingar, som har vist at overlegen minne ikkje skyldas spesielle intellektuelle evner, men målbevist trening”.

 

Men korleis hugse betre? Korleis øver ein sitt minne opp? Minnetrening handlar om å utnytte latent hjernekapasitet for å gjere sinnet raskare, skarpare og meir kraftfullt, seier Dominic O`Brian, sju gangar verdas beste i minne og forfattar av boken ”Lær å huske”. Fleire gongar har eg prøvd å leike typiske minnespel og leikar, men hjelpar eigentleg dette? Min favorittleik var ”Kims leik”, kor ein skulle kike på eit utval med gjenstandar og deretter dekkje dei til. Til slutt skulle ein si namnet på så mange av gjenstandane som mulig. Eg elskar denne leiken, sjølv om eg aldrig vant. Eg veit at slike leiker er morosame og dei er jo ikkje til skade for minnet, men eg er usikkar på om dei hjelpar for minne. Men det som er sikkert er at de kan oppmuntre menneske med minnevanskar til å bruke strategiar for å hugse og det gir også kanskje motivasjon til å prøve å hugse betre.

 

Ein ting eg alltid gjer for å hugse betre er at eg noterar veldig mykje i min ”sjuande sans”, filofaxen. Eg skrivar opp alt frå avtaler til kva eg har i leksar. Det var nyttårsforsettet mitt å begynne å hugse avtaler og planer, derfor kjøpte eg filofaxen, og brukt blir den. Livet mitt utan ein filofax ville nesten vori det sama som å leve utan minne. Mang ein av oss har eit eller fleire minne hjelpemidlar, som oftast utan at vi tenkjer noko særlig over det.

 

Eg er glad vi har minne, tenk korleis det hadde vori viss vi ikkje hadde muligheita til å ”lagre” ting. Viss ein ikkje kunne lært av sine eigne opplevingar, hadde vi gjort dei sama feila om og om igjen. Nokre har jo nesten opplevd dette, dei som har hatt minnetap. Berre tenk korleis det er å ha eit minnetap, du gløymer alt som har skjedd gjennom heile livet ditt, namn, familie og vennar. Heile livet vårt avhenger av minnet. Ein kan berre drøyme om korleis det er å leve utan sitt minne – sin identifikasjon.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish