Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ingen ting kan klikkaSkriv ut Utskrift

Ein fantasirik forteljing.

Karakter: 5+

Nynorsk - FortellingForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Det nye jetflyet har nettopp starta, og gjennom høgtalaren høyrer vi ei stemme: ”God morgon, mine damer og herrar. Velkommen om bord. På turen over Atlanterhavet vil flyet liggja på 15000 meter over havet og ha ein fart på 1600 kilometer i timen. Veret er framifrå fint heile vegen.

 

I dag er De med på å skriva flyhistorie! Det flyet De er ombord i er det første passasjerflyet som er fjernstyrt. Det er ingen radiotelegrafist med. Alt vert kontrollert frå New York, til og med denne vesle helsinga som er innspelt og radiooverført hit til høgtalarane. Mangelen på personell i flyet treng ikkje skremma Dykk. Len Dykk roleg tilbake i setene for ingen ting kan klikke, kan klikke, kan klikke, kan klikke, kan klikke, kan klikke...

 

Alle byrjar å skrika av redsle.

Flyet skanglar.

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Eg reiser meg opp frå setet, vaklar bortover mellom seta.

Oppe i taket ser eg ei snor med ein lapp hengande på enden.

På lappen les eg: ”Kun i naudstilfelle.”

Eg tek i snora og dreg.

Ei luke opnar seg, og ned kjem ein tiger!

Eg kvekk til.

Brått vender flyet spissen ned og styrtar rett ned mot Atlanterhavet!

Tigeren spring mot naudutgongen.

Så legg eg merke til at han har venger i alle regnbogens fargar!

Tigeren slår ut vengene og flyg ut naudutgongen.

Han rettar opp flyet og set det trygt ned på ei tropisk øy.

Passasjerane frå flyet går fortumla ut, eg med.

Eg ser heilt forferda på tigeren som no står og snakkar i mobiltelefonen sin. Han legg på.

Tigeren går bort til meg.

”Lurt av deg å dra i snora,” seier tigeren.

Eg berre står å gaper.

”Eg heiter Tiger. Eg ringde akkurat til nokre kameratar av meg. Dei kjem og skal ri dykk heim til leiren vår,” forsett Tiger.

”Eg heiter Karen,” stammar eg. ”Bur du på denne øya her?” Eg snur meg og ser ein svær jungel og eit stort fjell som kan sjå ut som ein vulkan.

”Ikkje berre eg. Flokken min og mange andre dyr lever her òg,” svarar Tiger stolt.

Alle passasjerane byrjarå koma til seg sjølv att og ser seg spørrande om.

”Kvifor var du opp i taket på flyet?” spør eg og ser på flyet som ligg på stranda.

”I staden for å bruka dyrt redningsutstyr, fangar mange jegrar tigianerar slik at dei kan bruka oss sidan vi har magiske evner,” gjer Tiger til svar.

”Tigianerar?” spør eg og hevar augnebryna.

”Ein tigianer er namnet på dyrefolket vårt,” svarar Tiger

Brått kjem det ein hær av tigianarar ut av jungelen.

”Set dykk på ryggane deira!” ropar Tiger høgt.

Passasjerane ser litt usikre på kvarandre før dei gjer som Tiger seier.

Alle passasjerane sit på kvar sin tigianer-rygg.

Tigianerane flyg inn over i jungelen.

I full fart flyg vi forbi både elefantar og aper

Det vert mørkare jo lengre inn i jungelen vi kjem.

Tigianerane vert brått urolege.

Mange ropar rundt oss: ”Jegerar! Pass dykk! Søk dekning!”

Alle tigianerane flyg rundt i eit kaos av panikk.

 

Tiger, som egflygpå, flyg nedmot bakken.

”Ver stille,” kviskar Tiger lavt.

Han flyg inn i ein busk.

”Her kan ingen sjå oss,” kviskrar Tiger igjen.

Vi ser opp på alle tigianerane som vert tekne til fange av jegerane.

Alle passasjerane frå flyet hylar og skrik i alt kaoset. Mange har ramla ned på bakken.

Tigianerane prøvar fortvila å koma seg skjul. Eg sermange tigianerar som vert tekne bort i svære bur.

Jegerane er menneske. Eg kjenner eg vert sint. Eg får lyst til å reisa meg opp og befri tigianerane frå bura, men Tiger held meg att.

 

Brått vert det heilt stille. Jegerane er borte. Dei tigianerane som er att har gjøymt seg ned i buskar og kratt.

Det einaste vi kan høyra, sutrande passasjerar som ligg på bakken.

Alle kjem varsomt ut or buskane.

Eg ser at mange manglar.

”Kva skal vi gjera?” spør ein tigianer.

”Redda dei fanga tigianerane!” ropar eg høgt og

tydeleg.

 

”Orsak, vil De ha noko meir å drikka?”

Eg kvekk tili setet. Ved sida av meg ser eg flyvertinna som ønska meg velkommen inn i flyet, ståande med ei vogn med forfriskningar.

”Vekte eg deg? Orsak, eg berre lurte på om De vill ha noko å drikka?” seier flyvertinna.

Puh, det heile hadde berre vore ein draum!

”Ja, eit glas vatn, takk,” svarar eg letta.

 

Over høgtalaren høyrer vi: ”Håpar de har hatt ei behageleg reise. Fest setebeltene så går vi inn for landing om eit par minuttar, takk.”




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish