Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Nordmenn - den siste naturstammen i Europa?Skriv ut Utskrift

Vårt forhold til naturen og andre folkeslag.

Karakter: 5+

Nynorsk - EssayForfatter: Anonym


Sola står høgt på himmelen i det eg tar det siste steget opp den bratte skråninga. No er det ikkje anna å sjå enn bart fjell så langt augo rekker, og langt borte ser eg vatnet der natta skal vere mitt einaste tak. Eg ser på handleddet men hugsar at klokka ikkje sit der no. Ho ligg heime. Heime med alt maset og all støya. Her oppe, på verden sitt tak, er det ikkje noko eg skal rekke. Her er det berre meg og naturen, kjensla og stillnaden som rår. Eg er ikkje unik. Eg er ikkje den einaste som sit på eit kontor og berre ser fram mot stunder som dette, tvert i mot. Det er mange av oss, i ein klubb. Klubben heitte Noreg, og ve medlemma kallast Nordmenn.

 

Vi er stolte av han, naturen, symbolet vårt. Det er vi som bor i landet der ein ikkje har tog i nord, fordi det ikkje går, men der det i staden går fly og helikoptera for dei som skal på arbeid. Det er vi som bor i landet der bjørka er lita og krokete, fordi det er for hardt for dei store, ranke trea. Og det er vi som hevar alle prisar for å halde turistane på fråstand, for vi er ein einsam klubb og vi likar ikkje vere med andre klubbar. Vi liker nesten ikkje vere med våre eigne eingong.

 

Klubben Noreg er ikkje som andre klubbar. Vi høyrer til ein større einskap, Europa, men er den siste av vårt slag. I ”vanlege” klubbar er dei gjerne heime når dei har fri. Tar det med ro, og alle klubbane følgjer i same flokk. Vi er ikkje slik. Noreg er ein stamme som består av få menneske med mykje plass. Vi bruker berre ein prosent av klubbhuset vårt til å sove på, mens vi bruker resten til å gå i.

 

Naturen er ein psykiatar. Ein som ikkje tar betalt, men berre lyttar stilt. Ein treng ikkje trygde seg om at denne psykiataren har gitt eit løfte på teiingsplikt, han vil ikkje si noko til nokon sama kva. Eg er ikkje aleine når eg snakkar til vinden og vatnet, eg følgjer berre ein regel i klubben vår; ”Naturen lyttar, den stiller inga krav”

 

Skoa går lett i det kuperte landskapet. Hunden søker i dei få skråningane med kratt, og det flakser opp ei og anna rype her og der. Over ein morenerygg, ikkje langt unna, kan eg sjå eit reinsdyr som spring bort. Det er heil stille, ikkje anna ljod enn vinden som raslar i lyngen. Eg snur meg og ser ei tettgrend nederst i dalen. Røyk frå fabrikkane tyder på stress og støy. Ikkje rart eg tenker som Henrik Ibsen gjorde ein gong:

 

”Her opp på vidden er frihet og Gud,

der nede famler de andre!”




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish