Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Gulperud og klokkefobien - Mysteriet med Knirkeland GøysenterSkriv ut Utskrift
Gulperud handlar om besviming og ranarar.
Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Kapittel 1 Lastebilen

 

Gulperud var tretten år og gjekk i tredjeklasse på Grønskehaug barneskule.

At han gjekk på barneskulen, var fordi at han hadde klokkefobi. Med ein gong han høyrde ei klokke som tikka, besvimte han. Så etter kvart friminutt, då klokka ringte inn, blei han liggjande på bakken, mens alle andre gjekk inn. Dei prøvde å gi han øyreproppar, men då hørte han ikkje klokka, og dessutan kunne han ikkje høre på vennane sine og andre lydar.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Gulperud hadde to svære kvite auge med ein bitteliten pupill inni. Han hadde ei feit nase og ein minimunn. Øyret var ganske stort og klokkeforma og det gjorde at han høyrde klokkene mykje betre. Ein kunne til og med sjå kva klokka var på øyrene hans. Håret var brunt, stritt og stod rett til vers. Han var passe høg og brei, men armane var så tjukke og stive at han ikkje kunne ta seg på ryggen. Det var fordi han var feilernært. Ein av grunnane til det var at han likte å ete kalde kotelettar og svidde pannekaker som han alltid fekk.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Ein dag då han sat og sutta på kotelettane sine såg han ut av vindauget sitt. Han såg ein lastebil, ein stor lastebil. Den var gul som øret til Kleopatra, mora til Gulperud, og hadde eit stort skilt på sida. På skiltet stod det, ”Knirkeland Gøysenter”. Det visste ikkje Gulperud, fordi han ikkje kunne lese. Plutseleg bremsa bilen og parkerte på nærmaste parkeringsplass. Ein feit mann med bart gjekk ut og sprang mot huset til Gulperud. Plutseleg stoppa han og klødde seg i hovudet. Så sprang han vidare, men denne gongen sikta han på nabodøra. Plutseleg kasta Gulperud koteletten ut av munnen sin og rett på kjøleskapsdøra. Han sprang ut av huset og stoppa ved lastebilen. Han såg inn døra bak på lastebilen.

 

Der var masse rare ting: Eit biljard bord, eit bordtennis bord, mange stolar som var festa oppå kvarandre, ein sofa, ni dart piler festa på ein dart blink, to spelemaskinar, ein haug med spel, eit stereoanlegg, ei diskokule og ein anna rar ting. Gulperud gjekk forsiktig inn i bilen, for å sjå kva det var. Då han kom nærme, såg han at det var ein sver maskin. Då han trykte på ein knapp begynte mange lys å lyse i forskjellige farger. Han trykte på knappen igjen så maskina gjekk av. Gulperud prøvde å dra i ein spake, men den var for langt unna. Då datt han bak eit hjørne, og det var flaks. For i samme sekund kom mannen med barten inn og la frå seg eit keyboard. Han gjekk ut igjen og låste døra. Gulperud, som ikkje var klok nok til å forstå det, var innesperra i ein lastebil.

 

Kapittel 2 Knirkeland

Motoren begynte å brumme, og Gulperud kjente at lastebilen flytta på seg. Lastebilen kjørte ut av Jylleland by, som Gulperud budde i. Dei kjørte forbi åkrane, som var fulle av jyllestank, og nærma seg nabobyen Knirkeland. Endeleg var det slutt på lukta frå dei fæle åkrane, og då Gulperud høyrde knirkinga frå den gamle mølla, skjønte han at dei var komme til Knirkeland. Den gamle mølla stod ved Knirkeporten, som var inngangen til Knirkeland. Gulperud huska alltid den gamle mølla når dei skulle til Knirkeland. Knirkeporten var ein bitteliten tunell som raste sammen kvart andre år og blei så bygd opp igjen etter den samme fæle teikninga.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Når dei var komme inn til byen, høyrde Gulperud knirking frå alle dei skrøpelege husa rundt i Knirkeland. Nesten alt knirka i Knirkeland utanom det nye huset midt i byen, med det samme skiltet Gulperud hadde sett tidlegare på dagen. Huset var Knirkeland Gøysenter.

 

Etter ein knirkande tur gjennom byen kom dei til ”huset som ikkje knirkar” og lastebilen køyrde inn i ein port og parkerte der. Mannen med bart gjekk ut av bilen og opna opp bakdøra. Han tok dartbrettet med pilane og bar det inn til Gøysenteret, utan å merke Gulperud. No var kysten klar. Mannen gløymde å lukke bakdøra, og Gulperud gjekk ut av døra utan problem. Gulperud såg at mannen hadde låst porten, og no høyrde han nokre skritt bak døra der mannen hadde gått inn. Gulperud smatt inn ein annan dør som stod på gløtt. Rommet var bekmørkt, så Gulperud stod like innafor døra og kikka ut gjennom dørsprekken.

 

No høyrde han stemmer, og Gulperud såg at mannen med bart kom saman med ein annan mann. ”Vi må klare å få folk hit på opningsdagen, Baltus,” sa den andre mannen. ”Vi vil klare det,” sa Baltus. ”Mange barn har spurt meg om kva som var her, og mange har lyst å komme hit.” Den andre mannen var høg og hadde briller. Han heitte mr. Sjøkliss og eigde senteret. Dei tok biljard bordet saman og bar det ut av bilen og inn gangen dei kom frå. Plutseleg høyrde Gulperud gullklokka til mr. Sjøkliss tikke, og Gulperud seig ned på golvet og besvimte.

 

Kapittel 3 Innbrotet

Gulperud vakna ved midnatt av ei garasjedør som small igjen. Han reiste seg og titta ut døropninga. Der såg han tre maskerte menn som sneik seg inn til Gøysenteret. Gulperud opna døra forsiktig, men likevel knirka døra. Den eine maskerte mannen sa noko som ikkje Gulperud forstod. Gulperud trudde han var blitt oppdaga, men dei maskerte mennene gjekk vidare. Når dei var ute av syne, følgde Gulperud etter. Dei tre mennene kom inn i eit stort rom med masse ting i og ein svær disk. Mennene gjekk bort til disken og prøvde å dirke opp eit kasseapparat. Gulperud såg kvar einaste bevegelse. Mennene stod lenge og dirka, men til slutt måtte låsen gi tapt. Kasseapparatet gjekk opp og den eine mannen tok alle pengane opp i ein sekk. Gulperud hadde aldri sett så mange pengar før.

 

Dei maskerte mennene gjekk vidare, mens Gulperud følgde forsiktig etter. Mennene kom til eit kontor med eit pengeskåp i. Ein av mennene tasta koden til pengeskåpet. Ein gong hadde mannen spionert gjennom vindauget og sett nokon taste koden. Pengeskåpet gjekk opp og der var det ti gongar så mykje pengar enn i kasseapparatet. Gulperud besvimte nesten når han såg alle pengane. Men så kom han til seg sjølv igjen og tenkte: ”Eg må ringe til politiet.”

 

Gulperud sneik seg ut av senteret og gjekk mot nærmaste telefonkiosk. Plutseleg såg han ein og gjekk mot telefonkiosken. Ved sida av telefonkiosken stod det ein politimann, men det skjønte ikkje Gulperud. Då Gulperud gjekk inn i telefonkiosken, såg han eit bilde av ein femkroning. Gulperud hadde ikkje pengar, så han bestemte seg for å spørje politimannen. ”Kan eg få fem krone?” spurte Gulperud til mannen. ”Kvifor det, om eg tørr å spørje?” svarte han. ”Eg skal ringe til politiet, fordi eg såg nokre folk som braut seg inn på gøysenteret,” sa Gulperud. ”Men då er du komt til rett plass. Eg er nemleg ein politimann, lille gut. Eit innbrot sa du? Då får vi ta å gå ned til Gøysenteret å sjå.”

 

Så gjekk Gulperud og politimannen ned til Gøysenteret. ”Eg trur du må gå heim no,” sa politimannen til Gulperud. ”Eit innbrot er ikkje noko for eit misfoster.” Då gjekk Gulperud i retning byporten, uten å skjønne nokon ting av det politimannen sa. Han gjekk forbi ein ung mann med ein splitter ny digital klokke. Han blei ør, og datt ut i buskene.

 

På politistasjonen var det fullt kaos. Første innbrot på 10 år og så hadde dei ikkje nokon mistenkte. ”Kor er den vesle guten?” sa politimannen som Gulperud hadde møtt. ”Kor er han?” Politiet hadde lett fleire dager etter Gulperud. Heime hos Kleopatra og i heile Knirkeland og Jylleland.

       

Kapittel 4 Ut av buskene

Endeleg vakna Gulperud. Han rista av seg kvistane frå buskene og kom seg opp på vegen. Gulperud gispa og gjekk bort til ein plakat med ein mann på. ”Gu, så stygg han var!” sa Gulperud. Han hadde sett det biletet før, men han kunne ikkje komme på kven det var på biletet. Då han såg øyra, huska han det. Det var han sjølv! ”Finn du denne guten får du 20000 kr,” stod det på plakaten. ”Hei du!” sa han til ein liten gut. ”Kan du lese?” ”Ja, litt” sa den vesle guten. ”Eg er 7 år og går på Knirkeland skule og bur der og…” sa guten, men han blei avbrote av Gulperud, som sa: ”Jajaja, du treng ikkje sei heile historia di når du berre skal lese ein setning. Les dette her.” Guten las sakte bokstavane på plakaten. Gulperud skjønte kva det stod der etter ein stund. ”Om eg kan finne meg sjølv, klart eg kan!” sa han og gjekk mot politistasjonen med plakaten.

 

Då han kom til resepsjonen, var resepsjonisten i telefonen. Men Gulperud såg ikkje det og sa: ”Eg fant meg.” ”Vent litt, eg er i telefonen. Det er eit stort kaos her, skjønner du,” svarte resepsjonisten. Etter ein halvtime venting la ho endeleg på røyret, men så ringte ho til ein ny person. Denne gongen sa ho heldigvis berre: ”Det var greit,” og la på røyret. ”Kan eg hjelpe deg?” spurte ho. ”ja, du skjønner, eg fant meg sjølv,” svarte eg og rekte ut plakaten. ”Gulperud er her!” ropte ho inn til sjefen.

 

Politisjefen kom ut døra og sa: ”Hei uh, Gulperud, det var det du heitte ikkje sant?” ”Ja, eg trur det,” svarte Gulperud forsiktig. ”Du er vårt einaste vitne, og då må du komme inn på dette rommet her,” sa mannen og viste han inn til eit kjedeleg rom. ”Sett deg ned,” sa politisjefen. ”Du sa at du hadde sett nokon bryte seg inn på Gøysenteret. Hugsar du noko frå det?” spurte mannen. ”Kan du forklare litt kva som skjedde?” ”Jo, eg var på ein lastebil. Så gjekk eg ut av bilen og såg at eg var på Gøysenteret. Så kom det nokon, og eg gjømte meg. Han eine hadde ein klokke, og eg besvimte,” sa Gulperud. ”Korleis? Kvifor besvimte du?” spurte politisjefen. ”Eg besvimer alltid når eg høyre ein klokke tikke. Ja, men så vakna eg og høyrde nokon. Eg titta ut dørsprekken og såg tre menn gå inn ein korridor. Så bestemte eg meg for følgde etter. Då såg eg dei jekke opp kassaapparatet, og ta alle pengane. Seinare tok dei safen og tok alle pengane der og. Så gjekk eg ut og møtte ein politimann,” fortalde eg.

”Korleis såg dei ut? Dei mennene som braut seg inn i Gøysenteret,” spurte politisjefen. ”Dei var maskerte,” svarte eg. ”Esj, då er det umuleg å finne dei, nesten. Hadde dei nokre spesielle kjenneteikn?” Spurte han. ”Nei ikkje som eg kan huske,” svarte Gulperud.

 

Politisjefen spurte mange spørsmål, men alle svara var ubrukelege. Plutseleg sa Gulperud: ”Dei snakka rart.” ”Kva,” svarte mannen. ”Dei snakka eit eller anna som eg ikkje forstod,” fortsette Gulperud. ”Ja! Eg veit kven det er!” sa politisjefen og sprang ut. ”Arrester dei spanske byggearbeidarane!”

 

Dei mistenkte var altså dei tre spanske byggearbeidarane. Det var deira familie som hadde bygd opp Knirkeland opp gjennom åra. Seinare vart det bevist og dei tre spanjolane fekk ei fengselsstraff på 10 år. Sakte men sikkert blei heile Knirkeland knirkefri og ingen såg spanjolane etter dei slapp ut av fengselet.

 

Gulperud fekk ein premie på 1000kr og eit årskort på Knirkeland Gøysenter. Etter dette var Gulperud alltid svolten på å oppklare mysteria, sjølv om dei ikkje var på den mest elegante metoden.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish