Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
JA til folkestyre, NEI til EUSkriv ut Utskrift
En svært innholdsrik oppgave om den Europeiske Union, der jeg også viser til mine meninger om saken.
Nynorsk - SæroppgaveForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Innhaldsfortegning

 

Innleiing

Byjinga

Under utvikling

- Felles politikk

- Landbrukspolitikk

- Handelspolitikk

- Valutasamarbeid

- Politisk samarbeid

- Andre områder

- EF/EUs suverenitet

- Fleire medlemsland

- Utviklinga inne i EF

- «Ny giv i EF»

- Den indre marknaden

- Einingsakta

- Unionen

- Samarbeidets skjørleik

- Noreg og EU/EF

- EU-strida

- Ny grunnlov

Korleis fungerar EU ?

- Europakommisjonen

- Europaparlamentet

- Unionsrådet

- EU-domstolen

- Den økonomiske og sosiale komité

- Regionalkomiteen

Påverknad frå EU

Korleis skal Stortinget tolke ei folkerøysting ?

Kvifor skal me sei nei til EU ?

- Demokrati

- Miljøvern

- Solidaritet

Avslutning

Kjelder

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

 

Europeiske Fellesskap, de, fork. EF (eng. European Communities), fellesbetegnelse for Det ►europeiske kull- og stålfellesskap, Det ►europeiske økonomiske fellesskap (Fellesmarkedet) og Det europeiske atomenergifellesskapet (►EURATOM). Ved en traktat mellom fellesskapets medlemsland, Belgia, Frankrike, Italia, Luxembourg, Nederland og Vest-Tyskland, som trådte i kraft 1967, ble det opprettet ett råd og én kommisjon for fellesskapene. EF er en overnasjonal organisasjon. (Bokklubbens 3-binds leksikon, 1982).

 

Slik står det forklart i leksikon kva er EU er. Men det gjer oss ikkje noko djup innsikt i kva EU er. Difor har eg i dette prosjektet gjort heilt klart - for alle som er i tvil om kva EU er – kva EU faktisk er. Du vil få opplyst korleis EU har utvikla seg gjennom den perioden EU har vore i live. Ein oversikt over alt byråkrati som finnes i EU gjennom eit uttal organ og instansar, domstolar og rettsapparat, forsvarsutviklinga og Festning Europa.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

 

Byrjinga

 

Etter 2.verdskrig var ikkje Vest-Tyskland mykje respektert, ikkje Aust-Tyskland heller for den del. Etter to verdskrigar på under 50 år og Tyskland sto bak begge. Det seier seg vel sjølv at skepsisen var stor bland dei andre Vesteuropeiske landa. Dei ville kontrollere Vest-Tyskland for vere sikre på å stoppe ein eventuell militær oppbygging frå Vest-Tyskland si side, hadde dei prøvd på det, kunne det ha hendt utan orientering til dei andre landa. EU var eit fredsprosjekt satt i gang for å hindre krigsproblem frå tysk side. Dei hadde skjønt at samarbeid var noko verd å sette i praksis for å hindre krig.

 

Frankrike og Tyskland hadde vore i ein del krigar, først rauk dei i tottane på kvarandre i den fransk-tyske krigen i 1870-71. Kort liten krig, med tanke på framtidas stridar. Den første verdskrig (1914-1918) var ikkje noko opptur i venskapen deira, før den andre og hittil siste verdskrigen (1940-1945) braka laus ikkje lenge etter. Med alle krigane ferdig, og stillinga 2-1 til Frankrike, måtte det gjerast noko for å hindre ein hemnlyst frå Tyskland i praksis. Den franske utanriksminister Robert Schuman føreslo derfor at dei tidligare fiendane skulle sameinast i samarbeid. Tysklands forbundskanslar Konrad Adenauer slutta heilhjarta opp om forslaget. Også Italia, Belgia, Nederland og Luxemburg ville være med på å samle Europa. Motivasjonen deira var å prøve å løyse politiske problem i fellesskap, skape varig fred og betre befolkningas levekår.

 

Ei anna side av saka er mangelen på alt i Europa. Dei store landa var bygga opp på industri og handel. Med bomba industriområde og lite råvarer, skulle det vise seg å at det var vanskelig å stå åleine om oppbygginga. USA klarte å forsyne seg sjølv med eigne råvarer, og klarte dermed å oppretthalde si eiga industri, og den store befolkninga der skapte grunnlaget for industriproduksjon i stor målestokk. Det hadde jo heller ikkje vore noko bombeåtak av noko slag i USA. Der var mykje akkurat som før. Europa måtte ha ei makt som stod samla, om USA skulle – mot fôrmoding – vise seg å verte ein fiende.

 

Sterke kreftar søkte mot eit bindande overnasjonalt samarbeid: ”Europas Sameinte Statar”. Tankane bak dette var at medlemslanda kunne løyse felles problem betre på eit overnasjonalt nivå, enn enkeltvis.

 

Dette forslaget, datert 9. mai 1951, skulle vise seg å verte noko stort. I starten var det kull- og ståladministrasjonane som vart slått saman. Avtalen skulle lage et felles marknad for kull, stål, jernmalm, skrapjern og koks. Italia, Nederland, Belgia og Luxemburg viste også interesse for denne avtalen, og i 1951 var den signert av alle seks landa, og trådde i kraft i juni 1952.

 

Italia og Vest-Tyskland, som stod attende som dei store taparane i krigen, hadde mykje å hente i eit europeisk samarbeid. Det førte til at dei var også dei store pådrivarane for dette samarbeidet, som ville føre til forsoning for deira grufulle handlingar under Mussolini og Hitler. Vest-Tyskland

                                                                

Dette samarbeidet vart i 1958 utvida til å omfatte heile den økonomiske politikken. Altså var det skulle ikkje berre vere ”stål- og jernunionen”, men ein meir ”skikkeleg” union, ein der dei samarbeide i meir enn kun eit liteområde som berre omfatta delar av industrien til medlemmane. Med dette var Det Europeiske Økonomiske Fellesskapet ein realitet. Forkorta blir dette EEC. Og ein ”skikkeleg” union var komen til Europa.

 

Dette løyste man reint praktisk ved å fjerne alle import- og eksportavgifter landa imellom. På sikt skulle også subsidiane til disse industriane fjernes. Å subsidierer betyr at staten gjer ein bedrift fordelar eller pengar for å kunne oppretthalde produksjonen. På denne måten kan bedrifta oppretthalde priser som er konkurransedyktige.

 

For å få dette samarbeidet til å fungere best mogleg ble det laget ein overnasjonal instans som skulle styre og dette organet heitte den Høge Myndigheit. Denne var tenkt å fungera som ein uavhengig regjering.

 

Ein overnasjonal instans står over enkeltlands nasjonale lovgjeving. Dette er forløparen til det overnasjonale samarbeidet vi ser i EU i dag. Det ble oppretta ein kommisjon og eit ministerråd. Ministerrådet ble det organet som fekk den øvste myndigheita. Det besto av ministarane i de ulike landa. Fiskeriministeren møtte når det saksfeltet skulle opp, justisministeren når justispolitikk sto på dagsordenen osb..

 

Dette var starten på det vi i dag kjenner som EU. Seks år seinare kom det ein ny traktat, Romatraktaten. Ein traktat er et dokument som kan samanliknas med ei grunnlov. I Romatraktaten oppretta man Det Europeiske Økonomiske Fellesskap (EF). Denne traktaten slo fast at toll og importkvoter skulle fjernes mellom medlemslanda. Det skulle være fri handel på tvers av EFs grenser.

 

For å få fart på utviklinga satt dei mektigaste bedriftsledarane i Europa seg ned for å leggje planar for EF. Dette var ikkje valde politikare, men næringslivstoppar som danna sin eigen klubb. Denne klubben vart kalla The European Round Table of industralists (ERT). Her satt dei 46 mektigaste næringslivsledarane i Europa og utvikla det som skulle bli den nye traktaten i EU. Dei lagde ei spørjeundersøking der 11000 bedrifter i Europa deltok, der dei ba direktørane for kvar bedrift skissere opp kva EF kunne gjøre for å auke deira bedrift så mykje som mogleg. Etter å ha fått inn resultata satt ledaren for ERT seg ned og lagde noko som dei kalla Kviteboka om den indre marknad. Denne blei oversendt til kommisjonen og danna grunnlaget for den nye traktaten.

 

Økt økonomisk vekst var eit prioritert mål. Dette skulle gjennomførast ved frihandel og fri flyt. Maastricht-traktaten slår fast at økonomisk vekst går framfor alt anna. Den indre marknaden var no eit faktum. All indre toll vart fjerna. Avgjeringa blei tatt overstatleg og nye områder blei innlemma i den indre marknaden. Det skulle vere felles reglar for miljø og utdanning, og man planla ein felles valuta, det som i dag er Euroen. Fellesskapet skaut fart, og det kom stadig inn nye områder.

 

Då, som no, var pengar så godt som einaste fokus. Miljø og helse kom nokre hakk bak, det var tema som nesten ikkje var nemnt eingong! Det er farleg å tenke på kor trongsynt dei er og var med pengar som einaste mål. Skammeleg! Solidaritet var ikkje typisk EU, virkar som om dei tok og tar avstand frå det. Avstand frå positivt omtalt tema. Virkar som om dei er ute etter negativ omtale, skal vi dømme ut etter handlingane vi har sett frå EUs side dei 50 åra dei har eksistert.

 

 

Under Utvikling

 

Men stål- og kullunionen (heretter forkorta med ESKF) var ikkje nok. Dei ville noko meir, noko meir enn berre seks land som samarbeidde om stål og kullhandel. I 1957, fem år etter ESKF sin framtreden, kom forslaget om EEC (Det europeiske økonomiske fellesskapet, heretter EF). Forslaget kom samtidig med EURATOM (Det europeiske atomenergifellesskapet), gjennom Roma-traktaten.

 

EF-forslaget kom på bordet etter initiativ frå Benelux-landa. Dei ville ha ein ”tollunion”. For at ordet tollunion skal gje noko meining, må ein vete kva som ligg bak det. Det var nemleg fjerning av toll, avgifter og andre hindringar for handel mellom landa. Målet var å få eit tettare samarbeid, og betre økonomisk handelstilbod for medlemmane, tettare samarbeid enn ESKF der dei kun samarbeidde om kull-, stål, malm-, kokshandel, osb. Hovudprinsippa var fri flyt av tenester, varar, personar og kapital. Fri konkurranse vart også innført med Roma-traktaten. Det skulle hjelpe til å med ein gong få økonomisk vekst og stabilitet. Medlemslandas økonomiske politikk og pengepolitikk skulle samordnas, det skulle gjennomførast fellesmarknad for matvarer og felles landbrukspolitikk. (Noreg og EU; verkingar av den medlemskap i den europeiske union, s.16). Traktaten vart underteikna 25.03.57, og trådde i kraft 01.01.58.

 

Når det gjelder samarbeid om økonomiske og sosiale spørsmål er det kome nye områder med overnasjonal avgjersle: Utviklingshjelp\, kultur, utdanning og folkehelse, forbrukarvern, sivil vern og turisme, ØMU; felles bank og mynteining, transeuropeiske nettverk; energi, transport og kommunikasjon, unionborgarskap.

I tillegg har Europaparlamentet fått auka påverknad. Det er større bruk av kvalifisert fleirtal. (Europanøkkelen; Norge og Europa fra A til Å, s.259)

 

Dette var ein omfattande endring som måtte ta tid før det kunne kallast fullført. Gjennom 12-15 år skulle denne forandringa skje, noko som viste seg å ta litt hardt i. Unionen var vorten ein ”tollunion” allereie i 1968, etter berre ti år.

 

EURATOM, eller ”Det Europeiske Atomfellesskapet”, vart oppretta 01.01.58, då Roma-traktaten trådde i kraft. EURATOM var eit resultat av Suez-krisa, der USA viste seg å ikkje alltid vere ein påliteleg alliert for Europa, vist seg å vere ein støttespelar ein ikkje heilt kunne stole på. Det var difor naudsynt med ei eiga atomforsking. EURATOM skulle koordinere atomforskinga til dei seks landa og førebu produksjon av kjernekraft i stor skala. Frankrike hadde ein spesiell iver for etablering av EURATOM.

 

Noe av det som kom frem i Roma-traktaten, fikk først aktualitet med Enings-traktaten i 1985

og Maastricht-traktaten i 1992. Noko vart ikkje realisert i det heile tatt, og blei verande tankar.

 

Felles politikk

EF (og EU) har alltid satsa på fordelar for alle medlemslanda, så dei ikkje skal vere store ueinigheitar fordi nokon ikkje tener på dei andre sine framlegg. Det blir i tilfeller der landa er ueinige lett for ”motparten” å få gjennom sine hjartesaker. For å tilfredstille alle. Dette prinsippet om å la alle medlemslanda hauste fordelar av medlemskap har i alle år prega EF/EU. Eg vil her gå igjennom dei viktigaste områda for felles EF/EU-politikk.

 

Landbrukspolitikk

Frankrike var den største pådrivaren for felles landbrukspolitikk, sidan ein tollfri union ville skape hard konkurranse på den franske marknaden frå Vest-Tyskland. For å kunne stå imot dette, var det viktig for franskmenna å etablere ein felles landbrukspolitikk.

Hovudelementa i landbrukspolitikken vart fastsett i 1962:

  • Støtte til rasjonalisering for å ha ein meir effektiv landbruksproduksjon pr. brukseining.
  • Matvarer skulle også vere frihandel, og felles tollmur utad EF.
  • Landbruksministarane fastsette ein høg minstepris på matvarer, ein mykje høgare pris enn på verdsmarknaden.
  • EF kjøpte varar der prisen sank under minstepris, for å sikre at bøndene fekk seld varane sine til minstepris (eller meir).
  • Det vart fastsett ein ekstra avgift på importerte matvarer for å nytte eigenproduserte matvarer og kunne få selje matvarer innanfor EF. Då slapp jo andre EF-land å importere mat frå utsida av EF, om dei ikkje hadde satsing landbruk sjølve. Dei kunne toll- og avgiftsfritt kjøpe matvarer.
  • Det uttrykte målet med felles landbrukspolitikk var å sikre stabile marknader og forsyningar.

 

Dette fekk jo følgjer, og som EF håpte (og visste) vart det ein enorm auke i produksjon, og overskotslagra vart fylt opp gong på gong på gong. Mykje av dette som var til overs, sende dei ut på verdsmarknaden, noko andre matvareproduserande land ikkje nytta store fordelar av, dei vart oppgitt over manglande konkurranseevne frå eiga side, og vart så fortvila over vanskane med å få seld sine matvarer, etter dumping frå EF-landa.

 

Dette området er det politiske området som er felles i EF/EU som har volda mest skade på resten av verda gjennom heile EFs historie. Det er også det området EFs engasjement har vore størst.

 

Denne felles landbrukspolitikken, har ikkje berre gått utover land utanfor EF, men også medlemslanda. På 80-talet, låg støtteordningane til landbruket beslag på opptil 70 % av heile EFs budsjett ! Sjølv om retten til landbruksstøtte gjaldt alle bønder, var det enkelte land som drog ein stor del av ressursane, mens andre blei netto bidragytere. Mykje problem og ueinigsemd mellom Storbritannia og resten av EF/EU, har bakgrunn og opphav frå landbrukspolitikken.

 

Handelspolitikk

Det har sidan Roma-traktaten vore eit mål for EF og EU å ha ein felles handelspolitikk. Dette har vist seg nyttig i ein rekke handelsavtaler. Noen som er verd å nemne er Yaoundé-avtalen frå 1964 mellom EF og 13 afrikanske land, og Lomé-avtalen mellom EF og 70 koloniar, den første Lomé avtalen vart signert i 1975.

 

I 1973 vart EFTA-avtalen inngått, og frihandelen var no tilgjenge for EFTA-land, og den kjende EØS-avtalen vart underteikna i 1992.

 

Valutasamarbeid

I det kjære år 1969, vart valutasamarbeidet starta. Året etter kom Werner-rapporten, som tok til orde for danninga av ein pengeunion innan 1980. Den første delen av dette samarbeidet var noko kalla ”slangen”. Den gjekk ut på at medlemslanda forplikta seg til å halde valutaen bunden innanfor visse grenser i forhold til dei andre landas valuta. Noko som ikkje varte lenge, då oljekrisa kom trakk Storbritannia Irland, Italia og Frankrike seg frå samarbeidet. Nokre år etter, i 1979, tok dei opp at samarbeidet, gjennom danninga av Det Europeiske Monetære System (EMS), som ville opprette eit fastare valutasamarbeid. Dette systemet varte ikkje lenger enn til 1992-93, då det braut delvis saman.

 

Politisk samarbeid

Like etter Charles de Gaulle sin avgang som Frankrikes president, vart det Europeiske Råd starta, beståande av den franske president og dei andre landas statsministare. Dette var starten på det politiske samarbeidet i EF. Rådet fungerer etter konsensusprinsippet, og fekk ikkje noko formell myndigheit i EU før Einingsakten, likevel har det, takka vore si tyngde, vorte EUs viktigaste organ.

 

Då Det Europeiske Politiske Samarbeidet (ESP) var danna, var det med på grunnlaget for eit politisk samarbeid i EF (og seinare EU). ESP skulle samordne utanrikspolitikken til medlemslanda, og hadde, som Det Europeiske Råd, inga formell myndigheit.

 

I 1987 vart ESP endeleg ein del av Roma-traktaten, gjennom Einingsakten.

 

Andre områder

Roma-traktaten låg opp til ein felles fiskeri- og transportpolitikk skulle utviklast, sjølv om det ikkje skjedde mykje med noko av dette før det vart fart på fiskeripolitikken når Noreg, Danmark, Storbritannia og Irland kom med sine søknadar i 1970. Det vart laga ein ny avtale for fiskeripolitikk 13 år seinare, i 1983. Den gjekk ut på at det var felles EF-hav utanfor kvart lands 12-milssone, og kvotene var fordelt av Ministerrådet til kvart enkelt land. Fiskeripolitikken skal nok ei gong behandlast, i 2002 neste gong.

 

EF/EU og overnasjonalitet

Roma-traktaten stadfesta at bindande fleirtalsavgjeringar skulle halde samarbeidet saman, noko Gaulle ikkje likte spesielt godt, og trakk Frankrike ut av alle fellesskapets institusjonar i 1965, med grunnlag på ein krangel om landbrukspolitikken, ein glimrande unnskyldning om eg må seie det sjølv.

 

Noko kalla Luxemburg-kompromisset i 1966 klarte – heldigvis for EF – å løyse problema. Luxemburg-kompromisset var eit kompromiss dei inngjekk om at ingen skulle nedstemmast i sakar som var viktige for dei, og prøvde med det å kome til einstemmige vedtak.

 

Dette har likevel ikkje vore noko garanti mot at bindande vedtak kunne fattast mot eit lands vilje. Til dømes nekta Storbritannia å bruke veto i ein landbrukspolitikktvist.

Ei anna side ved overnasjonalitet er EU-rettens stilling i forhold til nasjonal lovgjeving. EF-domstolen gav i 1964, etter Costa vs. ELNEL-dommen, klar beskjed om overnasjonaliteten til EU-retten, og at den var overordna nasjonal lovgjeving.

 

Mange av personane som arbeidde hardt for ESKF, hadde som mål for auget ein europeisk føderal stat. Dette gjekk tregare enn planlagt, Frankrike sin steile haldning gjorde det vanskelig å gjennomføre fleirtalsvedtak. Ser ein vekk frå handelspolitikken, er landbrukspolitikken det einaste området der EF står samla om ein svært stor overnasjonal avgjeringsevne. Rart å tenke på at nettopp det området har skapt størst strid innad i EF, og vore kjernen provosering til samarbeidsproblem.

 

Fleire medlemsland

Femten heile år etter etableringa av ESKF kom dei fyrste nye medlemslanda. I 1973 var det klart for nye medlem, Irland, Storbritannia og Danmark var offisielt medlemmer av EF 01.01.73. Noreg hadde også søkt, men me trekte vår søknad etter eit klart svar under folkeavstemminga, ”NEI!”. Som eit følgje av medlemskapen til Irland og Storbritannia, vart fondet ERDF, det europeiske regionale utviklingsfond, oppretta.

 

EFs territorium strakk seg lenger syd ut på 80-tallet. Hellas vart medlemmer i 1981, dei hadde også hatt assosiasjonsavtale med EEC sidan 1962, sjølv om den avtalen ikkje var velfungerande under det høgreekstremistiske diktaturet, som såg sin slutt i 1974 etter sju år ved makta.

 

Portugal og Spania, to andre diktaturstatar, som vart fridd frå deira grufulle, fascistiske diktatur i høvesvis 1974 og 1975, togode år for europeisk demokrati. Tre diktatur var oppløyste, og å byggje oppatt landa sine samt slette ”spor” frå fortida, søkte dei medlemskap i EF. Pengar var viktig for ein økonomi sterk nok til å bere landa i framtida, og da var EF eit bra alternativ med tanke på auke i EFs støtte til regionar og oppretting av strukturfond. I 1986 vart både Portugal og Spania medlemmer.

 

Desse tre landa som var mykje meir enn dei andre EF-landa avhengige av jordbruk, både fordi det var ein stor del av BNP, og fordi mange meir enn i andre land var sysselsett i jordbruket. EF kunne sjå på dette som ei utviding av territoriet i sørlig retning, samt eit steg nærmare strategiske viktige område i Midtausten og Nord-Afrika, no kunne EF forsyne seg sjølv med jordbruk frå Sør-Europa. Tollfrie, søreuropeiske matvarer av kvalitet var endelig fridd frå deira fascistiske diktatorar og inne i EF.

 

Middelhavslanda vart i tillegg til fryd og glede, store mottakarar av støtte frå EF, og kvar moglegheita til å oppnå størst mogleg økonomisk konvergens, eit krav som vert stilt i samanheng med Den Økonomiske og Pengepolitiske Unionen, er minst.

 

Tidlegare kommunistiske DDR vart i 1989, ved Berlinmurens fall, sameina med Vest-Tyskland, noko som gav tidlegare Aust-Tyskland automatisk medlemskap neste årsskifte, 1990.

 

I 1995, var Noreg endå ein gong på trappa av eit EU-medlemskap. Sverige, Finland og Austerrike også skulle verte medlemmer. Etter alle desse fire folkerøystingane var tre nye land klar til å tre inn i det europeiske fellesskaps rekker.

 

Utviklinga inne i EF

I tiåret etter 1974 gjekk utviklinga i EF langsamt. Oljeprisen gjekk opp, verdsøkonomien gjekk ned. Keisame tider. Denne nedgangen i verdsøkonomien gjekk mykje verre utover EF-landa enn konkurrentane USA og Japan. EF-landa sleit med å halde følgje med høgteknologien, samtidig som jern og stål vart avleggs, og EU-landa med mykje metall- og gruveindustri tapte marknad. Det som var så viktig i oppbyggingsperioden, og eit av verdas skikkelig viktige råmateriell var no ikkje så viktig lenger.

 

Arbeidsløysa byrja å auke midt på 70-talet, etter å ha vore stabilt låg i fleire tiår. Ikkje berre gjekk økonomisk nedover for EF, dei fekk også interne problem. Vanskar for å samarbeide. Særleg britane sin ankomst vakte problem. Ein kontinuerleg krangel om budsjett, spesielt alle pengane som gjekk til landbruk. Ingen vart einige om noko som helst, og det er ikkje ein positiv ting. Ein ting som ordna opp i ein del av kranglane, var kompromisset mellom Storbritannia og resten av EF på møtet i Det Europeiske Råd i Fontainebleu i 1984. Her vart Storbritannia innrømma at delar av landets nettobidrag skulle betalast tilbake, og at bidraga for dei kommande åra skulle gå ned, noko som innebar ein stor nedgang i årlige bidrag til Storbritannia.

 

«Ny giv i EF»

Romatraktaten, som eg skreiv om tidlegare, hadde framtidsvisjonar, og planar. Mykje av dette vart ikkje meir enn planar, og samla støv i mange år. Sia 1985 har realisering av Romatraktaten sine framtidsplanar vore eit heitt tema, og EF har utvikla seg med stormskritt i retninga av realisering av desse planane og visjonane.

 

Alle problema under det økonomiske temaet, skulle vise seg å vere mangel på integrasjon og økonomisk samarbeid. Ein stilte ikkje spørsmålet om korleis fri flyt av varar, kapital, tenester og arbeidskraft påverka problema. For denne fri flyten, tok frå enkelte land moglegheita til ein sjølvstyrt økonomi. Ein stilte ikkje spørsmålet om kva effekt det hadde på den økonomiske nedgangen.

 

Nei, no var planane endå friare flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft. Slik som Roma-traktaten ville ha det.

 

Den indre marknad

For å få fart på utviklinga satt dei mektigaste bedriftsledarane i Europa seg ned for å leggje planar for EF. Dette var ikkje valde politikare, men næringslivstoppar som danna sin eigen klubb. Denne klubben vart kalla The European Round Table of industralists (ERT). Her satt dei 46 mektigaste næringslivsledarane i Europa og utvikla det som skulle bli den nye traktaten i EU. Dei lagde ei spørjeundersøking der 11000 bedrifter i Europa deltok, der dei ba direktørane for kvar bedrift skissere opp kva EF kunne gjøre for å auke deira bedrift så mykje som mogleg. Etter å ha fått inn resultata satt ledaren for ERT seg ned og lagde noko som dei kalla Kviteboka om den indre marknad. Denne blei i 1985 oversendt til Det Europeiske Råd og danna grunnlaget for den nye traktaten.

 

Kviteboka la opp til rundt om 280 tiltak so måtte til, som gjekk ut på å fjerne hindringar og hjelpe til mot ein realisering av ein indre marknad.

 

Det var tre grupper med hindringar som haldt tilbake den indre marknaden:

- Fysiske hindringar. Grensekontroll av personar og varer.

- Tekniske hindringar. Kvalitetssikring, minstekrav og standard på varer i dei ulike landa.

- Fiskale hindringar. Avgiftar og skatt er forskjellige i alle land, men no måtte nivået verte jevnare ut.

 

Dette var ting som måtte vere klart til utgangen av 1992, for då skulle den indre marknaden vere klar.

 

Einingsakta

Den då viktigaste endringa i Roma-traktaten var Einingsakta. Vedtatt i desember 1985, men hadde ikkje verknad før 01.01.87.

 

Med innføringa av den indre marknaden, var behovet for enklare avgjeringar og avgjeringsprosedyrar. I Roma-traktatens §100 stod det klart og tydeleg at harmonisering av medlemslanda lover må vedtas med einstemmiging, men Einingsakta innfører §100 A, som går ut på at direktiv som har noko med den indre marknaden å gjere treng kun kvalifisert fleirtal (2/3 fleirtal).

Ikkje nok med det, eit nytt system for utarbeiding av direktiv vart utvikla. I staden for lange, detaljerte direktiv vart det no innført rammedirektiv. Detaljane skulle utformast på ein veg gjennom omtrent 250 komitear, der private næringslivsinteresserte er hovudaktørane. Samarbeidet var heilt annleis, mykje betre og mykje meir effektivt.

 

Einingsakta tar mykje nasjonal kontroll, og flyttar det til overnasjonal kontroll. EF bestemte etter Einingsakta over regionalpolitikk, miljøsamarbeid, arbeidsmiljø, valutasamarbeid, forsking og teknologi.

 

Unionen

I februar 1992 i Maastricht haldt Det Europeiske Råd eit ekstraordinært møte, dei diskuterte og vedtok opprettinga av ein politisk og økonomisk union, EU skulle innføre ein felles valuta og økonomistyring, felles utanriks- og tryggingspolitikk og delvis felles justis- og innanrikspolitikk.

 

Den politiske unionen inneberer felles forsvarspolitikk og ein felles indre tryggingspolitikk. Forsvarspolitikken går ut på at EU-landa skal utforme ein felles forsvarspolitikk som skal utvikle eit felles forsvar. Dette arbeidet skal skje innanfor rammane av Vestunionen, som kallast EUs forsvars- og tryggingspolitiske element. Vestunionen blei danna allereie i 1948, men den fekk “nytt liv” først etter at Berlinmurens fall. Det vart vedtatt å opprette eigne “Europastyrkjar” lagt inn under Vestunionen, ikkje direkte under EU. Disse styrkane skal kunne brukast i områder kvar som helst i verden der EU ser sine interesser trua. Forholdet mellom EU, Vestunionen og NATO er endå ikkje klarlagt, noko som i høg grad skyldast ueinigsemd innan EU om kva tryggingspolitisk forankring EU-landa skal ha. Opphevinga av grensekontrollen ved opninga av den indre marknaden førte til nye problem for EU-landa. Grensekontrollen var tidlegare eit middel for å hindre ulovleg innførsel av narkotika og innvandring av uønska personar. Grensekontrollen ved dei indre grensane må nå erstattast av stikkprøver og felles asyl- og visumpolitikk. Det er også bestemt å opprette eit eige “Europoliti”. Den vidare utforminga av justis- og innanrikspolitikken blei på nytt behandla på et møte mellom medlemslanda i 1996.

 

Opprettinga av den indre marknaden førte til eit behov for å samordne den økonomiske politikken i medlemslanda. Dette fordi mange meinte at dei stadige svingingane i valutakursane førte til stor risiko for tap ved valutatransaksjonar. Behovet for ein felles valuta var eit faktum. Det økonomiske samarbeidet starta med Werner-rapporten frå 1970, og valutasamarbeid var forsøkt innført i siste halvdel av 70-åra. Dette har du lest meir om tidlegare i oppgåva.

 

Den økonomiske unionen krev ein felles sentralbank, som er inspirert av og utforma som den tyske sentralbanken. Den skulle vere uavhengig frå politisk styring, og føre ein penge- og valutapolitikk med hovudmålet å halde inflasjonen nede. Landa som er med i Unionen skal ha felles valuta. Unionen vart oppretta med kvalifisert fleirtal i 1999, minst sju av medlemslanda oppfyll ein del krav som vart stilt. Kort sagt dreier det seg om at landa måtte ha lav inflasjon, lav rente, stabile valutakursar, lavt underskot på statsbudsjettet og lita utanlandsgjeld. I 2002 blei den felles valutaen Euro introdusert. Tre medlemsland (Sverige, Storbritannia og Danmark) har førebels vald å stå utanfor Euro-samarbeidet.

 

Gjennomføringa av ØMU (Den Økonomiske og Monetære Union) vil føre til at nasjonalstatane mister ein vesentlig del av sine økonomiske styringsmoglegheiter.

 

Samarbeidets skjørleik

EU har gjennom heile historia slitt med samarbeidsproblem. Ueinigheita er ofte om korleis samarbeidet mellom landa skal vere, kor omfattande det skal vere, og kva nasjonale områder som skal vere underlagt EUs myndigheit. Allereie frå starten var ueinigheita der, det var ulike ambisjonar om kvar samarbeide skulle føre i forhold til ein føderalstat.

 

Gjennom Einingsakten vart vetoretten avgrensa, samt fleire politiske område vart underlagt EU. Gjennom Maastricht-traktaten vart mykje av den økonomiske politikken, innanriks- og tryggingspolitikken underlagt EU sine organ. I 1996 vart det igjen tatt opp til diskusjon om endå meir skulle underleggjast EU. Føderalister vil helst ha ein føderalsk stat på lik line med USA, mens mange vil ha noko heilt anna. Dei små landa har hatt ein moglegheit til å stoppe ein del vedtak som vil ramme dei, i staden for gagne dei, slik som med dei større landa. Desse små landa får sin makt avgrensa.

 

Alt går i retning av ein føderalstat, den indre marknaden, overføring av myndigheit frå nasjonalt nivå til EU-organa, oppbygging av ein felles forsvarspolitikk, sentralbank og felles valuta. Korleis dette vil ende, er uklart, men det som er klart er ein tendens til ein føderalistisk stat på line med USA. Vil me få to stormakter som står mot kvarandre, som under den kalde krigen ?

 

Det er ikkje berre Noreg som er bekymra og er motstandarar av denne utviklinga. Danmark nedstemte Maastricht-avtalen i deira første folkerøysting om det, og i Frankrike vart det eit knapt fleirtal. Og dei fleste hadde ikkje noko dei skulle sagt, og fekk ikkje halde folkerøystingar i det heile tatt.

 

Noreg og EF/EU

Då EKSF utvikla seg til å bli EEC (EF) i 1958, valde så godt som alle landa å stå utanfor. Noreg, Storbritannia, Sverige, Austerrike, Sveits og Portugal, nokre av landa, etablerte ein eigen handelsorganisasjon, Det Europeiske Frihandelsforbund (EFTA). EFTA skulle vere ein organisasjon der medlemslanda kunne handle tollfritt med kvarandre, ein light-versjon av EU. Finland og Island vart medlem ti år seinare, i 1970. I 1961 søkte Storbritannia medlemskap i EF, og Noreg, Danmark og Irland fylgde kort tid etter sin viktigaste handelspartnar. Frankrikes president de Gaulle nedla veto, han meinte Storbritannia ikkje var moden nok for medlemskap. Forhandlingane vart teke oppatt i 1967, de Gaulle nedla nok eit veto, og det heile enda med at Storbritannia og Danmark søkte på nytt etter de Gaulles avgang i 1969, og vart medlem av EF i 1973, og Irland, som ikkje var EFTA-medlem, melde seg inn i EF. Paradoksalt nok hadde Storbritannia vore svoren motstandar av den tette integrasjonen dei seks landa la opp til.

 

Blant mange var det meint at EFTA var eit steg nærmare EU-medlemskap, noko EFTA-landa skulle ende opp med. Det kunne vi sjå med alle som melde seg inn i EU.

 

Men Noreg fortsette i EFTA. I 1984 vart Portugal EU-medlem, og Austerrike, Finland og Sverige i 1995. Då var det kun Noreg, Sveits og Island att. I 1994, året før Austerrike, Finland og Sverige forsvann inn i EU, vart EFTA-samarbeidet forsterka gjennom EØS-avtalen, ein avtale som romma heile 18 land, og inneberer same konkurransereglar og ein felles marknad i heile Vest-Europa.

 

I Noreg gjekk dei fleste av representantane på Stortinget og i LO inn for EU-medlemskap, men folket ville noko anna. Ved folkerøystinga 1972 stemte 53,6 % mot medlemskap. Allereie året etter, i 1973 forhandla Noreg seg fram til ein frihandelsavtale med EU som sikra tollfridom og bortfall av kvoteordningar for alle industrivarer.

 

EU-strida

EU-strida, strida om Noregs tilknyting til EU er den mest omstridde politiske saken i Noreg etter 1945. I 1972 og 1994 hadde me folkerøystingar om EU-medlemskap, begge gongane enda det med eit knapt NEI-fleirtal. Noreg har med andre ord vald å stå på eigne bein, sjølv om me er med i EØS, som gjer oss tilgang til nokon av EUs fordelar. EØS var eit resultat av misnøye i EFTA-leiren med handelsavtalane, og kommisjonen i EU kom med eit framlegg om EØS, som vart positivt tatt imot. Til tross for at Noreg sa nei til EU-medlemskap, og EØS er blitt ytterlegare redusert med Sveriges og Finlands inntog i EU, vil denne avtalen fortsette å gjelde så lenge Noreg ynskjer det. Det vil kanskje bli reforhandlingar om visse institusjonar, særlig overvakingsordninga, som omfattar overvakningsorganet og domstolen. (Kun Noreg, Island og Liechtenstein er medlemmer av EØS i dag.)

 

Ny Grunnlov

Det har vore heftig diskutert ei ny, felles Grunnlov for EU dei siste åra, og det var eit toppmøte om det i 2003. Resultatet av det var ikkje positivt for føderalistar – du kan sjølv tenke ut resultatet.

 

I februar 2002 vart eit eige Grunnlovsorgan, Konventet om Europas Framtid, satt på saken om å lage eit utkast til ei Grunnlov. Konventet var satt saman av utsendingar frå regjeringar og nasjonalforsamlingar i land, søkarlanda så vel som medlemslanda, 105 i talet. Ledaren for konventet var tidligare fransk president, Valéry Giscard d’Estaing.

 

Heite diskusjonstema var tyngdeforholda mellom store og små land, maktforholda mellom EU-kommisjonen og Det Europeiske Råd, om EU skal gå i retning av ein føderalstat eller eit samarbeid mellom land, om EU skal utvide systemet med meir.

 

Dei viktigaste punkta konventet kom fram til var:

- Formålsparagraf som viser til Europas kulturelle, religiøse og humanistiske arv.

- Europaparlamentet får 732 medlemmer, fordelt etter landets storleik.

- Det Europeiske råd består av medlemslandas regjeringssjefarog skal velge president for fem år.

- EU-kommisjonen får frå 2009 15 kommisjonærar med røysterett og 1 utan.

- Kommisjonens president skal i framtida velgast av Europaparlamentet.

- Kommisjonens utanriksminister skal utpeikast av medlemslanda, men godkjennast av Kommisjonen.

- Ei europeisk påtalemakt skal kjempe mot terrorisme og grenseoverskridande kriminalitet.

- Fleirtalsslutningar vert hovudregelen: Et fleirtal av landa må også representere minst 60 % av den samla befolkninga.

- Einstemmiging krev endå i felles utanriks-, tryggings- og forsvarspolitikk.

- Europaparlamentets makt i lovgjevingsprosessen aukast tydeleg.

- Medlemslandas parlamenter får uttale seg om forslag og dokumenter frå Kommisjonen.

- Utmeldingsklausul: Det utarbeidas reglar for korleis eit land kan forlate unionen.

 

Forslaget låg på bordet under EUs toppmøte i Thessaloniki 20.06.03, men fekk heilt frå starten massiv kritikk frå fleire kantar. Om det lar seg utføre gjenstår å sjå, dei møter motstand, men sia når har det stoppa EU ?

 

To be continued…

 

 

Korleis Fungerar EU ?

 

EU består av utallige instansar og organ, og i dette kapittelet tar eg for meg korleis Unionen vert styrt, og korleis apparat, organ, instansar, domstolar og råd som styrer Unionen, faktisk gjer det dei gjer.

 

Det er eit så svært system at einkvar kan gå eg vill i. Det mykje folk i arbeid, og mykje pengar i omløp. Veldig mykje sysselsette menneske og veldig mykje pengar i omløp. I alt frå lobbyverksemd til Europakommisjonen. Eg skal no vise kvar dei forskjellige er sysselsett, kvar forslaga vert vedtatt, kvar dei vert foreslått, og kven som betalar kven for kva arbeid osb..

 

Europakommisjonen

Eg startar med Europakommisjonen, det er EUs mest sentrale organ, og vert rekna som EUs regjering. I året 1967 vart kommisjonen formalt oppretta, men hadde ein funksjon heilt ifrå 1958. Den består av dyktige politiske fagfolk frå medlemslanda, Tyskland, Spania, Italia, Storbritannia og Frankrike stiller med to representantar kvar, og dei andre landa med ein såkalla ”kommissær” som er vald av heimlanda sine for ein femårsperiode, dei må verte godkjent av eit einrøysta Ministerråd (sjå seinare) og dei må avleggje ein eid om å gjere sitt arbeid for EUs interesser ikkje for einkvars lands interesser. Det europeiske råd (sjå seinare) vel ein ledar, presidenten for Europakommisjonen.

 

Kommisjonens jobb er å kome med framlegg om nye lovar og vedtekter. Som hos vårt Storting. Framlegg frå kommisjonen må godkjennast både av Europaparlamentet (sjå seinare) og Ministerrådet før det kan tre ut i live. Kommisjonen har også jobben med oppfølging av desse vedtektene og lovane, og passe på deira ivaretaking og overleving i dei forskjellige landa.

 

Hovudsetet til kommisjonen er i Brüssel, og dei har 18 000 arbeidarar i sving, rundt 4 000 meir enn i samtlege norske departement.

 

Europaparlamentet

Europaparlamentet er EUs einaste folkevalde land, så dei bør kanskje ha meir makt enn dei har i dag, dei er jo folkets stemmer i det gode selskap.

 

Parlamentet såg dagens lys for første gong etter at Romatraktaten vart vedtatt, altså i 1958. Det var ein av delane som kjem med eit tettare samarbeid, felles folkevalde organ.

 

Mandatane vert altså vald i sine respektive land av folket, og for ein femårsperiode, og talet på mandatar har auke parallelt med talet på medlemsland. Etter utvidinga i 1995 talte parlamentet 626 mandatar, og det kjem endå ei utviding 01.05 i år, når ti nye land vert medlem, då vert 732 sittande i parlamentet. Plasseringa til mandatane i Parlamentet er sik at dei er ikkje plasserte ved sine landsmenn, men med sine partifellar frå dei andre EU-landa, som nemnt om Europakommisjonen skal ein ikkje i EU arbeide for eigne eller sitt eige lands interesser, men EUs felles interesser.

 

Unionsrådet

Unionsrådet, ofte berre kalla Rådet, og tidlegare Ministerrådet, er eit råd beståande av representantar frå medlemslandas regjeringar, kven som stiller f frå kvart land er heilt avhengig av kva sak som kjem på bordet. Landbrukssaker tar landbruksministeren seg av, og finansministrane møter opp når det kjem økonomirelaterte saker fram, osb.. Utanriksministrane er delaktige i saker som vedrører overnasjonalitet. Formannskapet vert vald for eit halvt år, og er ein veldig viktig posisjon, kva land som har formannskapet har mykje makt om kva saker som vert tatt opp.. Det er 76 stemmer i 1994, noko som aukar med eit ukjent tal så lenge det kjem nye land til. Men for å bruke 94’tala, då trengs det 54 stemmer for å vedta noko eller fatte ei gyldig slutning, logisk nok trengs det då 23 stemmer for å blokkere eit framlegg. Og eit sjølvsagt press om enkelte nasjonar står imot.

 

Det er ein eigen komité innan Rådet som hente framlegga frå Kommisjonen, og leggje dei fram for Rådet. Denne komiteen heiter Coreper og er satt saman av medlemslandas ambassadørar. Coreper har inga formell slutningsmyndigheit.

 

Unionsrådet kan ikkje fatte vedtak om noko som vedrører eit land om landet ikkje vil. Altså, alle land kan leggje ned veto mot konklusjonar frå Rådet, om det vedrører dei.

 

EU-domstolen

EU-domstolen er EUs overnasjonale domstol som bryt med alle prisnipp om Høgsterett som øvste rettsinstans. EU-domstolen tar opp saker som kanskje bryt med EUs regelverk, eller er av internasjonal grad. Slik som Menneskerettsdomstolen i Strasbourg i Frankrike, og Den Internasjonale Domstolen i Haag.

 

Domstolen er sat saman av 13 dommarar, nesten ein frå kvart land (lurer på kva som skjer når ti nye land kjem inn). Sjølv om det er dommarar frå nesten alle landa, er det ikkje lov å krevje at ein frå din nasjon er dommar, altså, om du er tiltalt.

 

Ein nasjonal rett har plikt til å leggje fram sine saker om det kanskje vedrører EUs regelverk eller EU-domstolen ber om det.

 

Hovudoppgåva til domstolen er å dømme eller frikjenne dei som vert mistenkte og sikta for kriminelle lovbrot som går utover EUs eigne lover. Det er ting som smugling over landegrensene, og når rører fleire land. Om eit land meiner eit av dei andre landa bryt EUs reglar, er det i denne domstolen dei sakane vert tatt opp. Til dømes vart Noregs differansielle arbeidsavgift tatt opp her, og me måtte avvikla store delar av den, fordi den hemma den frie konkurransen og dermed ein av dei viktigaste prinsippa i EU.

 

Domstolen har også ein underorda domstol, førsteinstansdomstolen, som vert tatt i bruk i mindre avgjerder, og dommane der kan ankast til den verkelege EU-domstolen.

 

Den økonomiske og sosiale komité

Den økonomiske og sosiale komité (ØSK) er ein høringsinstans for saker som vedrører den indre marknaden, arbeidsmiljø, utdanning, handel og miljø.

 

Dei er plasserte i Brüssel, kvar elles, og består av 222 representantar, der storleik nok ein gong er avgjerande om kor mange representantar landet får. Dei er delt opp i tre grupper:

- Arbeidsgjevar

- Arbeidstakar

- Andre interessegrupper

 

Dommarane er utnemnd av Rådet for ein fireårsperiode om gongen, uavhengige av sine eigne eller sitt lands interesser skal dei ivareta EUs interesser.

 

Det er 231 representantar i komiteen, og kor mange eit land får er avhengig av landets storleik i befolkninga.

 

Regionkomiteen

Regionkomiteen er delt opp på akkurat same måten med representantar og grupper, dei her vert også vald av Rådet for ein fireårsperiode. Ein forskjell er talet, det er her 263 medlemmar, mens i ØSK er det ”berre” 222. Medlemmane i denne komiteen representerer regionale og lokale myndigheiter, og er på same måte som ØSK uavhengige av eigne og landets eigne interesser, dei er medlem for å ivareta EUs interesser, hadde dei ikkje gjort det ville dei vore lite hjelp i å ha.

 

Regionkomiteen er også ein høringsinstans, men dei er involvert i saker som relaterer til regionalfondet, yrkesutdanning, kultur, folkehelse og transeuropeisk nett.

 

Komiteen vart oppretta allereie i 1994, og er ein av dei aller yngste instansane i EU-systemet.

 

 

Påverknad frå EU

 

EU er her, EU er der, slik er det i kvardagen vår. Sjølv om me ikkje er medlem, men gjennom EØS og andre tvilsame metodar EU har skaffa seg ein maktposisjon. Eg vil her prøve å framstille kva for ein påverknad EU har på Noreg og nordmenn. Om det er positivt eller negativt er opp til deg å finne ut !

 

I 2003 vart det vedteke rundt 800 lovar i Noreg, vedtatt av våre folkevalde stortingsrepresentantar som sit i Løvebakken. Men rundt 5 % av desse lovane, vart IKKJE vedtatt av dei folkevalde. Dei vart vedtatt i Europaparlamentet, der EU vedtar sine lovar. Dei som sit der er ikkje folkevalde, og ikkje norske, men dei vedtar lovar me har å følgje her i Noreg. Dette på grunn av EØS-medlemskap, eit fullbyrdig medlemskap ville medført at omtrent 30 % av dei vedteke lovane hadde vore bestemt i Europaparlamentet. Det er i slike statistikkar ein kan sjå korleis me vert påverka av EU, utan å kunne gjere noko med det. Dette med lovane er eit av dei ”klassiske” døma på denne påverknaden, eit anna er arbeidsgjevaravgift.

 

Differansiell arbeidsgjevaravgift er noko heilt spesielt me har i Noreg. Det er ein avgift alle arbeidsgjevarar betaler inn til staten, det er ikkje så spesielt, men Noreg har ein meir spreidd bustadstettleik, og i utkantstrøka treng dei jo jobb dei og. Den differansielle delen av avgifta går ut på at i utkantstrøk, som til dømes i Nord-Noreg, skal gjere det lettare å etablere ei bedrift der. For å ikkje ha ei enorm arbeidsløyse i ukantstrøka, og ein enorm sentralisering fordi det ikkje er lønsamt nok til å overleve i utkantstrøka. For i, til dømes, tettbusette austlandsområdar er det ei høgare avgift. For å gjere det meir lukrativt å starte ei bedrift i utkantane og distrikta i Noreg, og heldt innbyggjarane der heldt seg i arbeid, så dei ikkje treng å ”rømme” til byen. Denne avgifta gjer altså sitt for å halde sysselsetting i distrikta, mens den i følgje EU-domstolen, ulovleg. Den hindrar bedrifter i å starte i byane. Det skal vere like konkurransereglar, alle skal få starte sine bedrifter med lik arbeidsgjevaravgift.

 

Så eit av punkta der eit EU-medlemskap vil påverke oss nordmenn er vår kamp for sysselsetting og busetting i distrikta. Ved nyttår måtte me avvikle store delar av denne avgifta, men ikkje alt, for EU fann det ikkje lovleg å ha ei differansiell arbeidsgjevaravgift, nettopp pga. denne frie konkurransen innanfor EU.

Ein ting til er den ævelege frie konkurransen EU har. Den kjem inn både i ja-argument, nei-argument osb.. Ein liten oversikt over korleis den faktisk påverkar oss.

 

Fri konkurranse fører med seg:

- Arbeidsløyse.

- inntekter og velferd blir skeivt fordelt, nasjonalt som internasjonalt.

- Krav til meir effektivitet og ein betre konkurranseevne gjer arbeidslivet litt for brutalt for mange.

Dette er ting som ikkje er positivt for mannen i gata, han som vert gåande arbeidslaus, og overleve av trygd, som takka vere EU er skeivt fordelt, og han kjem ikkje i arbeid lenger, EU still for høge krav ! Er det slik vi vil at Ola Nordmann skal ende opp ?

 

 

Korleis skal Stortinget tolke ei folkerøysting?

 

Ei folkerøysting kan ”ramme” Noreg innan eit par år, men resultatet har jo eigentleg ikkje noko å seie. I 1962 vart Paragraf 93 innført, ein paragraf som aukar kravet om stemmar på Stortinget for suverenitet, i staden for eit krav på to tredelar fleirtal – som i vanlege grunnlovsendringar, er kravet eit fleirtal på ¾ i Stortinget for å kunne avgje suverenitet til internasjonale organisasjonar/unionar.

 

Ei rådgjevande folkerøysting kan altså ikkje avgjere om Noreg skal verte medlem av EU, nettopp fordi den er rådgjevande. Den skal gje stortingsrepresentantane grunnlag for kva dei skal stemme, og dei aller fleste følgjer folket si avgjerd. Ei folkerøysting er ikkje eingong nødvendig, Stortinget kan avgjere det heilt av seg sjølv. UTAN folkets meining i grunnlaget for avgjerda. Men no har Stortinget halde røystingar både i 1972 og i 1994, for å vite kva folket vil, og bestemme utifrå det. Då står me att med det store spørsmålet: Kan eit knapt fleirtal på berre ein prosent eller mindre margin, avgjere heile røystinga og saken om eit EU-medlemskap? Er det riktig? La meg kome med eit døme: Kan eit fleirtal på 50.1 % frå ja-sida binde Stortinget til å stemme ja?

 

Quebec, ein del av Canada hadde i 1995 ei røysting om dei skulle lausrivast frå resten av Canada. Då røysta 50,1 % nei til lausriving. Korleis skal ein tolke det ? Dette førte til ein omfattande, konstitusjonell diskusjon der kanadisk Høgsterett uttalte at lausriving burde baserast på eit sterkare ja-fleirtal enn til dømes 50,1 prosent. Høgsterett anbefalte politikarane å krevje eit kvalifisert ja-fleirtal i ei mogleg ny folkerøysting om dette temaet. Ei lov vart så vedtatt som presiserte at ein klar majoritet i provinsen Quebec var for lausriving, utan at fleirtalskravet vart talfesta på noko vis.

 

Vil det ikkje vere rett og rimeleg at det i folkerøystinga, som på Stortinget, må vere eit krav om kvalifisert fleirtal. På Stortinget er jo det, som nemnt, krav på ¾ fleirtal i slike saker, burde det ikkje vere slik i folkerøystinga og, spør no eg.

 

Gambia hadde i 1965 ei konstitusjonell folkerøysting der det var eit krav på 60 % fleirtal for å få ei gjeldane røysting. I nokre land har ein operert med fleirtal rekna i forhold til talet på dei som kan røyste. Skottland hadde i 1979 ei røysting om auka skotsk sjølvstyre, der måtte 40% av dei registrerte veljarane støtte dette for å få forslaget vedtatt i det britiske parlamentet.

 

Johan Scharffenberg kom med eit utsegn like etter krigens slutt, før EU var etablert, derfor heilt uavhengig av EU. Han kom nemlig med det forslag at ja-sida i bindande folkerøystingar måtte overgå både dei som stemte nei òg dei som ikkje stemte i det heile tatt. For at ein er sikra riktig demokratisk avgjering i slike viktige spørsmål. Då veit me at dei som verkeleg er for er dei som stemmer for, og at dei som ikkje stemte fordi dei ikkje veit kva dei skal stemme, ikkje tel til fordel for ja-sida, men til fordel for folkets verkelege meining.

 

La meg til slutt kome med nokre utsegn:

 

«Kravet bør være et relativt stort flertall i folket,»

Høgremann, Svenn Stray sin grunn om kvifor me bør ha §93.

 

«Det dreier seg her om et vedtak som griper dypt inn i vårt statsliv – et vedtak med vidtrekkende økonomiske og politiske konsekvenser for kommende generasjoner. De strenge vilkår Grunnloven stiller for å godta en slik «overnasjonal» myndighet som det her er tale om, er framfor alt et vitnesbyrd om hvor sterk garanti det har vært ansett riktig å kreve.»

Vår fremste folkerettslærde professor Frede Castberg i ein artikkel i bladet Lov og Rett om EU-medlemskap

 

«Jeg sa også før folkeavstemningen at et ja-flertall på 51 prosent ville være for lite. Vi måtte opp i 60 prosent og ja-flertallet måtte være noenlunde likt fordelt over hele landet om vi skulle bli medlem.»

Ja-general frå ’72, Reidar Carlsen.

 

Og la meg heilt til slutt sei:

Makta – media og ja-politikarane meiner at dette både er udemokratisk og eit spesielt syn. Fakta – Grunnlovens paragraf 93, norske grunnlovsekspertar og internasjonal praksis – viser derimot at det motsette er tilfelle.

 

 

Kvifor sei nei til EU?

 

EU-medlemskap er noko som bør takast alvorleg, for sjølv om svaret kun er ja eller nei, er det likevel mykje viktigare enn ein skulle tru. Eg vil i dette kapittelet gjere greie for kvifor eg meiner me bør sei nei, kvifor EU ikkje vil vere for Noregs fordel, men heller motsatt, kvifor det for kvar enkelt vil vere best å sei nei.

 

Demokrati

Først og fremst, demokrati. EU skal framstå som ein demokratisk union, men handlingar og historia tyder på noko anna !

 

Eg har nokre spørsmål i forbinding med EU som ein demokratisk union:

- Kvifor bestemmer ikkje folkevalde ?

- Kvifor oppfyller ikkje EU sine eigne minstekrav til demokrati ?

- Kvifor får me ikkje ein eigen stemme i internasjonale fora ?

 

Det er ein ting i demokrati som er udiskuterbart, det skal vere valde politikare som vedtar lovane og sit med makta, slik som i Noreg. Me har Stortinget der lovar vert vedtatt og dei mektigaste sit. Men i EU, der er det Ministerrådet, det øvste organ, som har ansvaret og makta, men det er ikkje eit folkevald organ. Derimot har lobbyistar og næringslivet hatt veldig stor påverknad på korleis politikken i EU har vorten sjåande ut. EU er styrt av eliten, utanfor folkeleg påverknad og deltaking.

 

EU krev eit demokratisk styresett hjå søkjarlanda, eit heilt greitt krav, og det skulle berre mangle frå EU si side å stille dette kravet. Det einaste problemet ligg i EU sjølv, dei oppfyll ikkje krava om demokrati. Med andre ord, hadde EU vore eit land som søkte medlemskap i EU, ville dei fått avslag ! Kan du tenkje deg noko slikt ? Er dette noko me vil påføre den norske stat ? Skal me verte medlem i ein union som ikkje eingong fyller sine eigne krav ?

 

I EU har jo medlemslanda no fått eit veldig tett samarbeid, og fører felles politikk på mange område. Blant anna er jo store delar av utanrikspolitikken samordna i EU, og dei har, sidan dei fører same politikk, kun ein stemme i internasjonale fora. I internasjonale samanhengar stiller kun ein representant. Du høyrde riktig, kun ein. Korleis kan ein union som frå 01.05 i år har omtrent 450.000.000 innbyggjarar kun tale med ein stemme ? Noreg har i fleire samanhengar vist korleis me kan påverke verda åleine. Sist haust haldt FN ein konferanse i Johannesburg om berekraftig utvikling, der greidde Noreg og to andre land å forhindre at handelsreglane vart overordna miljøregelverket. Som EU-medlem hadde ikkje Noreg kunne arbeide på ein slik måte og samarbeide med andre land om viktige saker. Nettopp fordi EU ikkje stiller med minst ein representant frå kvart land, men med kun ein i frå heile EU. Ein tin som er klinkane klart: Er du først komen innanfor, kan du ikkje vere ein pådrivar utanfor.

 

EU var i starten eit samarbeid mellom nokre land. No har utviklinga gått så langt at landa som er med, vert styrt av EU, og ikkje med. Ein ganske stor forskjell, som ikkje talar til fordel for EUs demokrati.

 

Miljøvern

EU har jo sitt mål og sin visjon om fri flyt av litt av kvart og økonomisk vekst. Det seier seg sjølv at EU då ikkje kan føre ein miljøpolitikk slik den skal førast og engasjere seg slik ein bør gjere. Det EU gjer, er ikkje å hindre utslepp, men å begrense skadane. Populært kalla miljøsminke.

 

Som EU-medlem ville Noreg miste sin moglegheit til vere eit førebilete for andre nasjonar. Me ville mista vår moglegheit til å stille så strenge krav som me vil til miljøpolitikk. Og me vil ikkje kunne ha eit internasjonalt forpliktande miljøsamarbeid som prioriterar miljø framfor økonomisk vekst, altså motsat enn det EU gjer.

 

Eg har nokre spørsmål om miljøpolitikk også:

- Kvifor kan ikkje Noreg samarbeide med andre land enn medlemsland i EU for å betre miljøpolitikken ?

- Kvifor kan ikkje me stille dei krava me vil til vår eigen miljøpolitikk ?

- Kvifor prøver EU å begrense skadeomfanget av sine handlingar i staden for å føre ein annan økonomisk politikk som vil betre miljøet, og vil lage mindre skadar EU treng å begrense ?

- Kvifor favoriserar EU sine tilskotsordningar landbruksbedrifter som tar i bruk ikkje-miljøvennlege hjelpemiddel for å lage ein så effektiv bedrift som mogleg og med det skadar miljøet meir enn andre miljøvennlege landbruksbedrifter med mindre tilskot ?

- Kvifor oppfyller ikkje EU sine fagre løfter frå Kyoto-avtalen i 2001 om å senke CO2-utslepp med 8% frå 1990-nivå innan 2010 ?

- Kvifor forventes det i staden for nedgang på 8 % ein oppgang på 30 % av CO2-utslepp frå 1990-nivå og fram til 2010?

 

Noreg vil jo få det nemnte problemet at me ikkje kan gjere noko i samarbeid med andre land eller stille eigne krav om miljøpolitikk fordi dette vil hindre prinsippet EU har frå Roma-traktaten om fri konkurranse. Eit eventuelt vedtak for å fremje miljø i handel, produksjon, lovgjeving eller oppdrag, vil dette vere konkurransevridane og dermed, i følgje EU, ulovleg. Eit vedtak som hindrar enkelte ting i å passere grensene, vil hindre denne frie flyten, og vil også vere forbode. Forbod mot miljøvenlege vedtak må vere det dummaste utsegne øyrene våre har oppfatta, men like fullt er det sant ! Ein sit vel attende med bøter frå EU om ein fører ein offensiv miljøpolitikk.

 

Mislykket miljøprogram
EUs femte handlingsplan for miljø har ikke vært vellykket, viser EU-kommisjonens egen evaluering. I vurderingen heter det at "fremskrittene for en bærekraftig utvikling helt klart har vært begrensede og det femte miljøprogrammet har ikke nådd sine mål." Initiativet har mislykkes fordi "andre sektorer og medlemsland bare er delvis forpliktet av handlingsplanen."
      Ifølge kommisjonen har EU redusert forsuring, luftforurensning og utslipp av ozonødeleggende stoffer. Et område hvor man ikke har lyktes, er utslipp av klimagasser. Evalueringen fastslår at EU ikke vil innfri Kyoto-forpliktelsene, og viser blant annet til at planer for fornybar energi og energieffektivitet har "hatt liten virkning".(
ENDS Daily 25. november 1999)

 

Med dette forbodet EU har for ein god og offensiv miljøpolitikk, er vel det beste EU då kan gjere å avgrense skadeomfanget som følgje av deira lusne politikk på det feltet. Me burde vel vere fornøgde ? Forlange så mykje som at EU kanskje kunne stille strengare krav blir vel litt for mykje. Då er me tilbake på det som står like ovanfor, forbodet mot miljøavgrensingar.

 

Favorisere effektive jordbruksbedrifter er vel ein allright plan ? Gje meir støtte til dei som gjer mest for å få støtte. Heilt logisk. Men kvifor skal EU favorisere dei som med sin effektivitet utnyttar til siste slutt alle naturressursar som er på mest lønsame måten gjennom ein sentralisert tyning av dei nemnte ressursane. Mens miljøvenlege småbruk som med ei måtehalden utnytting, og ei aksepterande miljøpolitisk forbruk av ressursar, skal lide av favoriseringa EU driv med.

 

Derfor er EU verre
Norge fører i dag, på lik linje med andre europeiske land, en vekstpolitikk som skader miljøet. I hovedsak brukes EUs overnasjonalitet til å videreføre en politikk som i de enkelte landene har vist seg å ødelegge miljøet. EU-medlemskap er verre fordi:

- Det er verre å bli del av et system som er bygget for å lage mer vekst enn enkeltlandene klarer alene..

- Det er verre at veksten skal komme fra en varehandel som gjør systemet ekstremt avhengig av forurensende veitrafikk.

- Det er verre med vekst når medlemsland ikke får stille strengere miljøkrav til varene. (www.neitileu.no)

 

I 1997 i Kyoto-avtalen, tok EU seg det ansvaret å redusere sine Co2-utslepp med 8 % frå 1990-nivå til 2010. Desse fagre løfta ser ut til å bare vere bløff, utsleppene vert rekna med, i følgje prognosane, å auke med heile 30 %.

 

Det ser ikkje ut som EU har noko planar om å, i næraste framtid, å senke tungtransporten som står for størstedelen av utsleppa. Det ser heller ut som at dei kjem til å passere forureininga til energiproduksjonen.

 

EU vil også satse på å auke sin atomenergiproduksjon, og har gitt alle medlemslanda som har nedtrappingsplanar klar beskjed om å vente med sine planar til Kyoto-avtalens slutt, i 2010. Dette må vere ein av dei største miljøsminkeoperasjonane eg har vore ute for.

 

Solidaritet

Solidaritet betyr felles kam for felles interesser. Som når Redd Barna er på fjernsyn med sine kampar for fattige og tørste afrikanske barn. Då er me alle samde om målet å hjelpe dei, altså solidaritet. Då er me solidariske.

 

Når me no veit kva solidaritet er, veit me då at EU ikkje er solidariske ? Nei, det veit me ikkje ? Jo, nettopp fordi EU ikkje er solidariske.

 

Eg fortsett då edm mine spørsmål til EU:

- Kvifor er ”hjelpen” Dykkar retta mot u-land alltid ein fordel for Dykk sjølv, og ikkje alltid ein like stor fordel for mottakarane av ”hjelpa” ?

- Kvifor byggjer EU opp ein enorm Europahær ? Kva vil hjelp til for, når dei prioriterar det framfor folk i nød ?

- Handelen De driv med ovanfor fattige land er med på å hjelpe forskjellen mellom fattig og rik ved hjelp av Dykkar tollsatsar. Kvifor er den satt opp på ein måte som kun gagnar EU-landa som importerar varer frå fattige land, ikkje landa som eksporterar.

- Kvifor er det vanskeleg for flyktningar på flukt frå heimlandet å kome inn i EU ? Dykkar krav er så høge at om dei hadde oppfylt dei, ville ein greid seg flott i heimlandet.

- Kvifor stiller Dykk så harde krav til økonomisk svake land innanfor EU, slik at dei tapar store pengar på å privatisere store delar av den offentlege sektor ?

 

EU har sine band til dei fattige landa gjennom avtalen ”Everything But Arms”, som legg til rette for tollfri import og eksport mellom EU og dei 49 fattigaste landa i verda, EU lar ikkje våpen og ris, sukker og bananar - som er de områdane landa kan utgjøre ein trussel for EUs næringsliv - gjelde for den avtalen. Dette verkar jo solidarisk, men EU får jo gjennom denne avtalen eksportert mykje varer til desse landa, som må fokusere på å eksportere sine varer for å betale EU sine varer, og alt blir veldig eksportfokusert, og fører til at dei fattige landa EU handlar med, ikkje får konsentrere seg om å dyrke mat til eigen bruk, dei må eksportere sin mat for å betale den importerte maten frå EU. Unødvendig og dyrt for dei fattige, og god forretning for EU.

 

EU følar seg trua av andre si våpenproduksjon, men sin eigen kan dei drive med. Dei byggjer opp ein enorm Europahær, og er for augeblinken verdas nest største våpeneksportør, har ein eigen utrykingsstyrke på 60 000 mann, ein beredskapsstyrke på 250 000 mann, dei har eit eige jagarfly kalla ”The Eurofighter” (eit namn som ikkje høyrast fredleg ut), og EU har eit eige mål om å verte verdas mest konkurransedyktige stormakt innan 2010. Kva solidariske og fredlege handlingar er det dei driv med ?

 

Også ovanfor andre enn desse aller fattigaste landa driv EU med usolidarisk handel. Dei har noko kalla ”Tolltrappa” som medfører høgare toll for eldre varer, altså er tollen lav for råvarer, og EU kan med det ivareta u-landa si posisjon som råvareprodusent, ein bransje som vert mindre og mindre lønsam. EU tener store pengar, og dei fattige – ja du tippa riktig – dei får mindre og mindre.

 

Skal me gå på noko anna enn denne handelen ? Ja, kvifor ikkje bistand. På det området gjer EU langt mindre enn lova til heilt andre saker. Alle land skal innan 2006 gje 0,39 % i bistand i gjennomsnitt. Til samanlikning gjer Noreg rundt 1 %, nesten tre gongar så mykje. Men, det er alltid ”eit men” når nokon gjer bort noko. Tony Blair klarte å kome med det forslaget at flyktningar frå dei landa som mottar EU-bistand, skal ikkje oppsøke EU-land for asyl !

 

EU sin bistand verker det også som har mykje med interesser i utlandet å gjere, med tanke på deira utsegn om å hjelpe dei fattige, 2/3 av verdas fattige lever i Asia, mens 7 % av EUs bistand går til det kontinentet. Kanskje dei gjer til dei landa som på andre måtar gagnar EU best ?

 

Eg var inne på eit forslag frå Blair, om flyktningar frå land som mottar EU-bistand, skal helst ikkje oppsøke EU-land for asyl. Vel, i media verda over vert EU kalla Festning Europa, takka vere alle lovane og reglane som gjeld for flyktningar og asylsøkarar. Måten dei vert tatt imot på kan ikkje akkurat kallast solidarisk. Eg tenkte difor eg kunne kome med nokon reglar dei har i EU når det gjeld asylpolitikk, som gjer det vanskeleg å kome inn, så ein i det heile tatt kan søke asyl.

 

- Økonomisk straff til transportselskap som hjelper flyktningar å kome seg på EU-land på ulovleg vis.

- EU allierer seg med naboland, og oppretter buffersoner.

- Marokko vaktar Gibraltarstredet med soldatar kvar femtiande meter, og som løn får 600 000 marrokanare førebels opphaldstillating i Spania.

- Ein må bevise kva ein skal og at ein har nok pengar til heimreisa for å kome gjennom kontrollar.

- Ein må ha visum. (Noko som er særs vanskeleg når ein er på flukt frå myndigheita. Og om ein får visum, gjeld det i kun eit land, men eit avslag gjeld i heile området).

- Og til slutt, eit enormt overvakingssystem ventar ein når du først er innanfor.

Som du sikkert har lege merke til, er det veldig vanskeleg for dei som faktisk treng asyl å i det heile tatt kome langt nok til å søkje. Vert ikkje det litt feil, dei burde vel vore prioritert før dei som ikkje ha hjelp eller er i den verste situasjonen, dei er trua på livet i heimlandet. Gjennom Schengen-systemet har EU skaffa seg ei verdas strengaste asylpolitikk.

 

Men det er ikkje berre utanfor EUs eigne grenser dei opptrer usolidarisk. ØMU forlangar eit statsbudsjett av høg standard, noko som gjer den offentlege sektor i ein del medlemsland, dei har måtte privatisert ein heil del. Det som er vanleg for eit land i økonomiske vanskelegheitar er å justere valutaen og budsjettere med eit stort underskot, for å investere i lønsame føretak. Men dette går ikkje om du vil oppfylle ØMUs krav, noko ein må, for dei tillet ikkje underskot i statsbudsjetta eller høg inflasjon, underskotet kan ikkje overskride 3 %, velferd og arbeidsløyse vert ikkje prioritert like mykje.

 

Det som vert hardast ramma av mykje privatisering er utdanningstilboda, helse- og omsorgstilboda og kollektive tilbod. Og dei private går på pengane dei tener, ikkje det å gje eit tilbod til alle, slik staten ville gjort det. Altså er ikkje din tilstand og dine behov noko dei bryr seg om, men lommeboka derimot.

 

Men i Noreg, ein folkevald nasjon, kan me driva ein solidarisk politikk ovanfor fattige og svakarestilte i samfunnet, uavhengig av deira lommebok. Me kan føre ein utanrikspolitikk med u-hjelp så andre land får gleda av nokre av dei tilboda me i dag synest er latterleg dårlege, for dei er meir enn bra nok, mykje betre enn ikkje noko tilbod i det heile tatt.

 

 

Er dette ein union me vil blande oss inn i ? Ein ikkje-demokratisk, ikkje-miljøvennleg, usolidarisk union. Vil det verkeleg vere til Noregs fordel å blande seg i ein union som prøver å verte ein stormakt på linje med USA, både økonomisk og militært. Samt ein føderal stat, der Noreg ville vore ein liten delstat nesten ingen hadde høyrd om. Der dei som styrer ikkje ein gong er vald av folket. Me vil nesten kvelast i eiga ureining, alt frå CO2-utslepp til miljøsminke. Vil me ha noko å gjere med ein union som set sine eigne interesser før eventuelle hjelpetiltak og ei hand å halde i for dei fattige i verda ? Er dette verkeleg noko for Noreg ?

 

 

Kjelder

 

Internett:

- http://europa.eu.int

Offisielle internettsida til EU

 

- http://www.caplex.no

Cappelen sitt internettleksikon

 

- http://www.eung.no

EU-informasjon for ungdom

 

- http://www.neitileu.no

Nei Til EU si offisielle internettside

 

- http://www.senterpartiet.no

Senterpartiets offisielle internettside

 

- http://ww.uio.no

Universitet i Oslos internettside

 

- http://www.umeu.no

Ungdom mot EU si internettside, Nei til EUs ungdomsorganisasjon

 

Personar:

- Christian Angell (christian.angell@hoyre.no)

Rådgivar for Høyre.

 

- Dr. Morten Søberg (morten.soberg@stortinget.no)

Finanspolitisk rådgjevar i Senterpartiets stortingsgruppe

 

- Jan Terje Kristiansen (neitileu@neitileu.no)

Org.-/info. Sekretær i Nei Til EU

 

- Stein Hernes (stein.hernes@stortinget.no)

Politisk rådgivar i Arbeidarpartiets stortingsgruppe

 

Bøker:

- Johan J. Jakobsen, EU 2003 – EU 1994. Hva er forskjellen ?, 2004

- Hans Chr. Erlandsen, Morten Malmø, Europanøkkelen; Norge og Europa fra A til Å, 1996

- Regjeringens informasjonsutvalg for Europasaker, Informasjon om EØS-avtalen, 1994

- Nei Til EU, Ja til Folkestyre, 1994

- John Dale, Kampen om Kartet – Myter og Fakta i EU-kampen, 2004

- Nei Til EU, Motmelding til kortversjon av Stortingsmelding nr. 40, 1994

- Nei Til EU, Norge og EU; Virkninger av medlemskap i den europeiske union, 1994

- Dag Seierstad, På tvers av EU – et folk i bevegelse, 1994

- Utenriksdepartementet, Stortingsmelding nr. 40 (1993-1994) – Kortversjon, 1993

 

 

Avslutning

 

Dette prosjektet har vore eit krevjande og stressande prosjekt, noko ei innlevering i siste liten kanskje tyder på, men ikkje minst har det vore interessant og spennande. Ei ny utfordring å ha prosjekt om noko så politisk som EU, og eg er glad eg har endelig fått satt meg skikkelig inn i EU, og gler med til mange diskusjonar om EU i framtida, men kameratar og politikare eg er ueinige med.

 

Ei veke med lite søvn, mykje arbeid har kravd sitt, no har eg tømd med for krefter, og det er ikkje noko til overs, eg gler meg berre til helgen kjem, og eg kan sove skikkelig ut, og samle kreftar atter ein gong.

 

Håper du som lesar har fått like mykje utbytte av denne oppgåva, som eg har fått !

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish