Reisa

En reise i universet.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.04.15

Kvitkledde skikkelsane stryk forbi meg,og ein og annan av skikkelsane ser på meg med medlidande blikk.

Handledda og anklane mine er fastspente til senga med tjukke reimar.

Eg er innlagt på psykiatrisk institusjon, og legane her fortel meg at eg er psykisk forstyrra.

Ingen trur på historia min som eg no skal fortelja.

 

Historia starta for nokre år sidan då eg begynte å interessera meg for uoppklara fenomen i universet. Eg kom i kontakt med utallige menneske gjennom Internett som og interesserte seg for universets løyndomar. Der fekk eg høyra mange underlege historiar om folk som hadde møtt utanomjordiske vesen av alle slag.

Etter fleire forteljingar eg høyrde om, dess sikrare vart eg i min teori om at det uendelege universet hadde meir å by på enn vulkanske tomme planetar.

 

Ein kveld eg sat og søkte på Internett, hende det noko underleg. Skjermen vart heilt svart og så starta den å blinka, og det dukka opp nokon merkelege teikn:”^^*//¨^¨¨^^^¤¤/*

Desse teikna hadde eg sitt før, i ei bok eg hadde fått av farfaren min. Eg gjekk opp på loftet for å leita etter boka, og som eg trudde låg boka i den brune kista med alle dei andre sakene eg hadde arva etter farfar, han forsvann sporlaust for 43år sidan.

Ved hjelp av denne boka klarte eg å tyda dei underlege teikna på dataskjermen. Det stod: Den som klarar å tyda desse teikna er verdig nok til å foreta ei reise som overgår alt menneske kan førestilla seg.

Dette vart for mykje for meg, og eg kjende kor eg fraus nedetter ryggen. Eg slo av pc`en min, låste alle dørene i huset, og kraup til sengs. Etter eit par timar som verka som uendelege, sovna eg, trur eg.

Det var då det hende, eg bråvakna av at nokon stira på meg, og kalde hender tok på meg og strauk meg over håret. Underlege stemmer summa over hovudet mitt. Senga mi vart brått borte, og i staden låg eg plutseleg på ein metallaktig benk.

Rommet mitt var heller ikkje som før, dei raude veggane var bytte ut med glasvegger, og rundt meg stod det merkelege einauga skapningar og stira håpefullt på meg. Det verka som om dei venta spent på at noko skulle skje.

Er det ein draum ? Tenkte eg, nei dette var slett ingen draum, dette var verkeleg. Eg følte inga redsel, men ein indre ro, og ei føling av at desse skapningane ikkje ville meg noko vondt.

Skapningane summa: ”Oooooh”, i det eg reiste meg opp.

Brått stod eit større og liknande vesen i rommet. ”Dette er ingen leikeplass, gå ut”, brumma han.

Så snudde han hovudet sitt mot meg, og sa: ”Så du er endeleg vakna no?” Eg nikka forsiktig på hovudet. Etter mykje prating fram og tilbake, hadde eg fått veta at skapningen heitte Morph, og at me var på ein liten planet i Andromegalaksen, og at det på nesten alle planetane der, budde det skapningar av ulika slag. Alle planetane hadde ein einskild eigenskap.

Denne planeten var hovudsentralen til alle planetane i galaksen, omtrent som ein hovudstad i eit land.

 

Planeten var dekka av metallaktige bygningar og romfartøy.

Morph viste meg rundt, og det var litt av ein planet med ein teknologi som menneska ikkje kan førestilla seg.

Det beste av alt var at det ikkje fanst krig eller fattigdom der, og pengar hadde ingen høyrt om.

 

Eg undra meg på kvifor Morph kunne prata språket mitt og spurde han om dette. Han svara: ”Det er ikkje eg som snakkar ditt språk, men du som snakkar mitt. På grunn av ferdigheita til denne planeten, snakkar alle dette språket når dei landar her.” Det ville altså sei at eg prata eit heilt anna språk utan å merka det.WoooW!

 

I to dagar hadde eg vore der, dagane gjekk mykje seinare enn på jorda, så i jordisk tidsrekning svara det til omtrent to månader.

Det var kjempekjekt å vera her, det var noko å finna på heile tida, og eg vart ikkje trøytt slik som på jorda. Mat brukte dei ikkje, dei brukte berre vitaminpiller.

Den tredje dagen kom Morph bort til meg og sa at eg måtte bli med han til Glustruks, ein annan planet i Andromegalaksen. Me reiste så i fartøyet hans til planeten, og på veien fortalde han at han hadde ein overaskelse til meg. Då me kom fram landa me på ei stor slette, og då eg kom ut av fartøyet stod det ein å venta som eg drog kjensel på med ein gong, eg hadde sitt bilete av han hos farmor, det var farfar!

Han hadde vorte bortført slik som meg, men han lika seg så godt her at han hadde bestemt seg for å bli buande.

Då Morph hadde funne ut at eg hadde så stor interesse for det utanomjordiske, så skulle eg få treffa farfar, og få veta at han budde trygt og godt her på Glustruks. Det var godt å møta farfar, og me hadde mykje å fortelja kvarandre.

 

Etter ei stund i Andromegalaksen begynte heimlengselen å gjera seg gjeldande for meg. Dette fortalde eg til Morph, og han lovte å frakta meg trygt heim, men idet eg gjekk inn i fartøyet, sa Morph: ”Du skal få denne kula som eit bevis for at du har vore her, men det er kun eit bevis for deg sjølv, dersom du nokon gong nemner for nokon dette som du her har opplevd hos oss, så kjem det til å gå deg ille.” Deretter vart alt svart for meg og det neste eg hugsar var at eg låg heime i senga mi, men idet eg snudde meg kjende eg noko hardt mot brystet mitt, det var kula som Morph hadde gitt meg.

Eg vart så glad, endeleg hadde eg sitt dette eg hadde drøymt om så lenge. Denne opplevinga hadde gjort meg til ein stor oppdagar, og no skulle heile verda få høyra den underlege historia mi. Gløymt var Morph sine advarsler.

Beviset hadde eg i kula, dersom folk ikkje ville tru meg. Eg kunne ikkje venta, eg måtte berre få det ut.

 

Det eg ikkje visste var at kula var laga av same metalltypen som og finst på jorda, dermed var det ingen som trudde på det eg hadde å fortelja, eg vart stempla som løgnar og tulling. Familien min trudde det hadde tørna for meg, og påstod at eg hadde øydelagt for heile familien med dette våset mitt. Så no er eg altså innlagt på dette sjukehuset, hadde eg berre teke advarslane til Morph alvorleg, det har gått meg ille nettopp slik som Morph sa.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst