Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Til vi skillastSkriv ut Utskrift
Resonerende om hvorfor ekteskapet ikke lenger varer livet ut.
Nynorsk - ResonnerendeForfatter:



”I gode og onde dager til døden skiller dere ad,” heter det i viingsritualet i den Norske Kyrke. Er ideen om eit livslangt ekteskap gyldig i vår tid?

 

Etter andre verdskrig var Noreg i ein dårleg forfatning. Landet skulle byggast opp igjen. Vi samla familiane til innsats, vi giftet oss og fikk mange barn, jobba dugnad og hørte radio. Om man ser på denne tida frå nittigårenes perspektiv, ser oppbyggingstida ut som ein god tid med familielykke og samhald. Slitet satt nok sitt preg på kvardagen, men det gjorde samhaldet og familielykka også.

Økonomien, samfunnet og ikkje minst moralen bland folk sata familien i sentrum. Man klarte seg ikkje aleine, men om men om man haldt saman kunne man klare kva som helst. Og ein av de tinga man klarte var å bygge opp økonomien. Frå sluten av 40 åra og framover pekte alle piler opp og frem. Levestandarden økte til nye og ukjente nivå for så godt som alle i samfunnet. Man hadde nå alt man trong for eit godt liv saman med familien, men mye vil ha meir, det fans noe anna man også ville ha. Man ville ha seg sjølv, og man begynte å lete.

 

Veksten økonomien førte med seg eit økt behov for arbeidskraft. Kvinnene ble oppfordra til å ta arbeid, spesielt i byene, utanfor hemma. Dei hadde ikkje lenger store ungeflokkar og dei hadde heller ikkje småbruk å ta hand om. Nå fekk også kvinnene inntekt, dei skule på jobb som alle andre. Det sosiale nettverket som oppstår på ein arbeidsplass mellom kollegaer, var med på å lausrive kvinnene frå heimen. Dette førte til at dei kvinnene i arbeid også begynna å tenkje på seg sølv, heimen og familien var ikkje lengre livet ens. Dette gjorde kvinnene meir bevissete på sine muligheiter og de fekk også oppleve gleda ved å ta fatt på ulike utfordringar i yrkeslivet og føle meistring på ein helt anna måte enn de kunne i heimen. Kvinneidealet ble endra og kvinnesaken kom på dagsorden. Økonomisk sjølvstendiging førte også til økt mot. Kvinnene gjorde opprør, dette var kanskje ikkje nytt. Men det nye var at nå fikk de pressens og politikarane sin  oppmerksemd. Dette endra samfunnssynet på kvinnerolla. Ikkje bare mor og kone, men også ein fri og likeverdig kollega eller partner.

 

Flower power kulturen på slutten av 60 åra skapte ein ny seksualmoral i Noreg. Man kunne bytte partner ofte. Nå hadde vi jo effektiv prevensjon, dessutan hadde jo mennene gjort dette så lenge dei fans. Kvinnene fekk sin seksuelle frigjøring. Litt seinare kom p-pillen og verkelig sata fart på denne frigjøringa. Nå kunne kvinna og ha kontroll over sitt eiget seksualliv. Flower power bedrog også til at unge kvinner i større grad enn tidligare satsa på yrkeskarriere. Familieverdiane og samhaldet frå oppbyggingstida var nå erstatta av enkeltindividets verdiar. Det er i dag disse kvinnene som er retningsgivande i samfunnet, de har blitt statsministrar, skolelærarar, politisjefar og rektorar. Det er det som var radikale studentverder i 60 åra som i dag er rådande samfunnsmoral.

 

Kvinnene og mennene frå de siste generasjonar stiller høyarar krav. Vi tar helse og velferd for gitt. Alderdommen vår er trygg, så vi får ikkje fleir ungar ein det vi har lyst på. Levealderen, levestandarden, utdanningsnivået - alt har økt. Det er ikkje innsatsen på soverommet som gir befolkningsvekst i Noreg i dag. Det er den økte levealderen. Så er alle våre primære behov dekket. Kva skal vi streve etter? Vi er jo ikkje fornøgd enda. Velferdssamfunnet har flyttet fokus frå å overleve til å realisere seg sjølv. Kanskje er det vanskeligare å realisere seg sjølv om ein heile tida må vise omsyn til et anna menneske?

 

Man spør seg sjølv om man er lykkelig og fornøgd. Det er dessverre ikkje urimelig å tro at svært få er absolutt lykkelig og fornøgd. Årsakene til dette er mange. Man har mange ønskjar og drømmar. Man lever "fleire gonger". Ungdom er eit liv, etablering eit anna, osv. Man treng forskjellige partnarar til forskjellige liv. Kanskje klisjeen "vi vekst frå kvarandre" har noe i seg. Ofte veks det frem ein viss feigskap også. Man tør ikkje rive seg laus frå det gamle før man har sikra seg noko nytt. Man er utro, utolmodig og effektiv. Man har ikkje tid til tomrom. Snarveia frå et liv til neste er å skifte partner. Skilsmissa er ikkje et mål, men et middel.

  

Som menneskjer elskar vi. Vi elskar så intenst at vi er villig til å love å "elske og ære til døden skil oss ad". Men levealder og levestandard har gjort det nesten umulig å holde løftet. Kanskje er det sånn at de som verkelig klarer å være gift et helt liv ikkje "elskar og ærer", men bare er gode nok venner til å bo saman? Dei finn ikkje nokon andre de trur de vil trives betre med, derfor blir de værande i ekteskapet. Om dette stemmer bør vi endre ekteskapsløftet. "Elske og ære til vi skillast ad"?




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish