Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
PanikkSkriv ut Utskrift
Nervøsitet, om å prøve å nå noko og følge opp andres forventninger.
Nynorsk - NovelleForfatter:


Panikken slo i ham. Sveitta pipla nedover panna hans og hjarta dunka hardt. Det ville sprette ut av han, ein ball. Hoppe over golvet til nokon stoppa det. Eit hardt tråkk. Eit nedtråkka hjarta på det mørke golvet. Det er det han vil, bli skvisa ned i golvet, han ville ikkje vere her, han ville, men likevel ikkje. Framleis kunne han kjenne det skarpe ljoset bryte veg inn i hornhinna hans, hente opp hovudpina som sitt fast bak i nakken og smyg seg vidare opp i tinningen. Nok ein gong skulle han overbevise ,,sjefen” om at han verkeleg kunne dette. Eller kunne han det, panikken slepp ikkje tak, han veit ikkje korleis dette kjem til å ende, endå!

 

Ikkje er det første gongen han gjer dette, tvert imot. Men aldrig har han blitt så skryttopp og rosa for arbeidet, aldrig har ,,sjefen” faktisk gitt ham ein så viktig jobb før. Vil det virke denne gongen og? Vil ,,sjefen” bli like imponert? Vil utstyret virke?

 

Hendene kjennes klamme, halsen tørr. Folk prata til ham, men han høyrte ikkje. Tankane satt langt inne, hadde aldrig vert så nervøs som dette før. Beina hans begynner å gå, sakte. Eigentlig vil han springe, men skoa kjennes oppfylt med sement. Rolig opnar han døra, sleper seg inn i den mørke gangen. Veggen presser seg mot han, føler seg innesperra.

 

No nærma han seg, skrika frå tidlegare gonger ligg framleis igjen i øyra hans. No var det på tide å fylle det opp igjen, nye skrik, ny hovudpine, ny kritikk. Han vil vende, klarar det ikkje. Dei sju glasa med vatn klemmer hardt mot blæra hans, ingenting å gjere med det no. Motvillig limer han eit smil fast i andletet, det sist skrittet er tatt. Ingen veg tilbake.

 

Att skyt ljoset seg inn i auga hans, røyk dannar seg rundt beina. Ein kjend melodi snik seg inn øyra, blir overspilt av høge, skarpe skrik. Panikken blåses ut, no smiler han verkelig. Han likar seg her. Auga treff ,,sjefen” sine, han smiler. Det er første gong han ser manageren sin smile. Eit stort fornøgd smil. Alle ventar spent. Alle har tru på han. Teksten spyttes fram. Jubelen bryt ut. Salen reiser seg.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish