Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Fjernsynsunderhaldning

Fjernsynsunderhaldning

Artig vinkling på tekst om tv-underholding.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
11.05.2004
Tema
TV

Heilt inntil 1926 var verda ganske normal. Joda, riktig nok var det krig, svolt og den vanlige elendigheta. Men elles var vel alt ganske normalt - Så kom tv-en og verda ville aldri bli den same igjen…

 

”Eg orkar da ikkje å gå på skule! Herregud mamma, har du ikkje sett på tv i det siste? Skal være med i ”Vil du bli millionær” eg, og vinne – eg har sett alle programma, så eg treng ikkje skule!” Alt dette er fullstendig forståelig. Kven ville prioritere noko anna framfor slike viktige program? Ein lærer da om overlevingsteknikk i ”Big Brother” – korleis overleve i eit hus med 9 framande i 100 dagar utan å starte krig! Kan ikkje nekte for at vi har kome langt i utviklinga gitt! Nei, vi er jaggu meg nokon siviliserte folk. Ideen til ”Big Brother” kjem forresten frå ei bok som heitar ”1984.” Sjølvsagt har ikkje mange i dag lest denne boka. For det fyrste står det ikkje 2001 på, men 1984, - datoen er altså gått ut. For det andre er det ei bok, noko ein må lese for å skjøne. Tv er ein mykje betre løysing. Mannen som skreiv ”1984”; George Orwell, skreiv den faktisk for å kritisere og åtvare mot ei samfunnsutvikling som ville føre til at folk ikkje hadde noko privatliv, blei overvaka konstant, og at ein ikkje hadde noko rettighetar. Regjeringa bestemde altså alt, og dei sto frie til å gjere kva dei ville, om det så måtte vere legalt eller illegalt. Overalt hang det plakatar av eit mannsandlete kor det sto; ”Big Brother is watching you.” og det var slik regjeringa framviste seg. Å gå imot regjeringa betydde døden. I dag syns vi ”Big Brother” er kult. Overvaking og brot på privatliv er god underhaldning. Ein kan faktisk sjå ”Big Brother” heile døgnet om ein vil – ein kjøper seg bare ei spesiell innretting til tv-en, og da kan ein gløyme heile verda, jobben, vennar og familie om ein vil. Så enkelt er det. Med andre ord ein solid oppskrift på å bli ein einstøing…

 

Dei fleste av oss lever av fjernsynet. Vi må få vår daglege dose av seriar, filmar og program. Gjennomsnittstida folk brukar på tv, er vel rundt 6 – 8 timar per dag. Heilt normalt. Eg fekk kritikk her om dagen fordi eg ikkje har fylgt med på nok tv – program; ”Er du ikkje med da? Må da holde deg oppdatert – begynn å følg med i verda du… ” Det er ikkje bare ungdomen som har blitt avhengig av tv-en, også vaksne er blitt ganske avhengige. Dei rettferdiggjer også det heile, det er det som er verst. Syster mi spurde meg om eg kunne ta opp ”Hotel Cæsar” til ho sist helg. ”Nei.” sa eg. Da blei det bråk da! Jøss, trudde ikkje det gikk an eg – her har eg ivaretatt sunne interesser for ho, og det som skjer er at ho jamrar til mamma om det, slik at mamma kallar meg ”egoistisk, omsynslaus og sta.” Kvifor? Eg tok da ikkje opp ”Hotel Cæsar” til ho! Kan skjøne det er synd på ho når ho har fått med seg alle andre episodane utanom denne!

 

Fyrst da fjernsynet kom, var mange fascinerte nok over denne nye teknologien til å kunne sjå på eit akvarium og liknande til det. Om kvaliteten på tv – underhaldninga er betre i dag, er diskutabelt, men mange har likevel gjort det til ein hobby å glane på tv. Den som glaner lengst, er mest ”med.” Nyhetar om folk som svelt i hjell, krig som bryt ut og folk som blir drepne, er ikkje interessant – til og med avisene visar dette klart og tydelig; - førsteside oppslaget i VG for nokre ukar sia var ”ANETTE OG RODNEY I ”BIG BROTHER” HADDE SEX I NATT!” Får du ikkje med deg dette, da sliter du neste dag; herregud, du har da ikkje følgt med på tv! Samtidig er det folk som følgjer for mykje med på slike program…- Eg må seie at eg byrjar lure på korleis sexlivet hos det norske folk er, når ein høyrer at vaksne folk sniker seg til å sjå slike ”kosescenar” frå Big Brother på Internett i arbeidstida! Er vi verkeleg så desperate? Er nordmenn så lite aktive i sine eigne forhold at vi må ty til sånt, eller er vi bare ein gjeng av forvrengte tittarar?

 

Nokre lærerike program finnest også; i Jeopardy for eksempel, lærer ein mange spørsmål på mange svar innan ålmennvitskap. På Globus 2 kan du lære ein del biologi og faktaopplysningar om dyr. Desse programma har sjølvsagt beste sendetid slik at alle får dei med seg og lærar noko… I grunn er mange informative, nyttige program vist til totalt upassande tider, mens ”dritsekk – tv” er vist til tider når alle ser på tv. Prøver tv-industrien å fordumme oss? Å gjere oss tankelause, slik at tv-en etter kvart kan ta over verda? Vi sitt jo bare tilbakelente og nomne i beina på mangel av rørsle, så kva hindrar at noko sånt kan skje?

 

At nokon i det heile tatt les avisar og bøker lenger, skjønar ikkje eg. Kva skal ein med bøker? Ein kan da få sjå alt på tv – mykje kjekkare, for det tar kortare tid, mindre konsentrasjon og tar mindre plass enn mange bøker gjer. Så slepp ein også den der ekle stillskapa, for ikkje å nemne duringa i øyra ein har fått frå volumet på tv-en. Forresten er konsentrasjon ein nesten utdøydd evne i dag. Før i tida var det mange store tenkjarar som tenkte seg til det heilt mirakuløse, ved hjelp av konsentrasjon. I dag treng vi ikkje dette, for dei før oss har gjort alt det vi treng. Nå kan vi bare legge oss tilbake i god - stolen med potetgullposen i fanget, Colaen i den eine handa, og fjernkontrollen i den andre og slappe av og sjå på tv…

 

Kva gjer eigentleg tv med oss? Når ein les bøker, så lager ein bilder og nye tankar oppe i hovudet sitt medan ein les, men når ein ser på fjernsynet, så tar ein jo bare imot. Kva gir vi eventuelt tilbake? Eg trur eg mista halvparten av konsentrasjonsevna mi på barneskulen, for den gong las eg ni bøker i veka, og visste faktisk kva eg hadde lest. I dag les eg den same boka to gangar i løpet av ei veke og lurar enda på kva eg har lese ! Noko har eg mista, om det bare er konsentrasjonen og minnet mitt, det veit eg ikkje, men kva blir det neste?! Kva gjer eigentlig overdrove fjernsynstitting med eit menneske i lengda? Kjem vi til å bli krøplingar frå all sofasittinga, få firkanta augo og bare kunne kommunisere gjennom Internett, tv og tekstmeldingar, fordi vi er for feite frå all sittinga til å kunne kome oss ut gjennom døra? Nokre teikn på denne utviklinga ser ein allereie i dag; mange eg kjennar er ”sosiale” ved å sjå på tv saman, og ungdomar kjenner Nokia sine funksjonar betre enn dei kjenar sine egne kroppsfunksjonar. Men ein må ikkje gløyme å trekke fram det positive i denne situasjonen – av og til er vi nemlig sporty! Når Superbowl, VM, OL og liknande kjem på tv-en sitt vi trufaste framfor skjermen og trenar augomusklane våre, medan utøvarane på skjermen i stillskap lar seg imponere av den sportlige innsatsen dei veit vi gjer her heime.  

 

Kva med innhaldet på det vi ser? Det finnest komedie, sport, drama, science - fiction, talkshow, dokumentarfilmar, debattprogram, nyhetar, barneprogram, action, erotikk, reality - show og så vidare. Kvar er definisjonane på kva som er dårlig, og bra underhaldning? Enkelte påstår jo at Donald er dårlig kledd fordi han viser bar rumpe – er dette grunnlag nok til å kalle det porno for barn? Når eg tenker på det, så skjønner eg heller ikkje at politikarar kritiserer at det er for mykje og for valdsam vold på tv, men ofrar ikkje ”Tom & Jerry” ein einaste tanke! Der ser ein jo Tom få ei steikepanne i hovudet, bli sett fyr på, eksplodere og få eit piano oppå seg – ofte alt saman i løpet av ein teikneserieepisode. Ved sidan av det uskuldige vesle barnet som ser på ”Tom & Jerry”, står mamma og pappa ved sida og mimrar tilbake til sin barndom. ”Hahaha, eg husker denne episoden! Det er den kor Tom får ei steikepanne i hovudet, så glir han ned eit vaskebrett og får halen kappa av frå eit strykejern som faller ned på han! Jøss, denne er så morosam! No må du følgje med, vesle Jens!” seier far.… No kjem vesle Jens til å huske på i framtida at å få ei steikepanne i hovudet, det er skikkelig gøy – da flirer mamma og pappa. Mamma og pappa flirer, og vesle Jens blir ein seriøs ungdomsforbrytar. Plutseleg så ler ikkje mamma og pappa lenger. Dei sit heime og lurar på kva dei gjorde feil – han opplevde da ikkje noko vald og så da ikkje noko sånt på tv…bare ein og anna teiknefilm…?  

 

Kvar går grensa mellom røynda og verda i fjernsynet? Om nokon har litt psykotiske tendensar frå før, seiest det at sterke scener frå tv kan hjelpe med å gjere tilstanda verre – til slutt lever dei ut yndlings tv –serien sin i det verkelege liv. Ein skulle nesta tru at dei fleste hadde funnet ”av” – knappen på fjernsynet til no, men framleis finst det nokon som ikkje har det. Dei har ein egen knapp oppi hovudet deira som må slåast av, før dei vaknar opp frå si eiga tv/drømme - verd. Nokon får den vel aldri slått han av, men bare sett den på pause. Dei lever i si eiga vesle verd, med si eiga vesle tvangstrøye… For dei som ikkje klarer å skilje mellom ein tv/røynda , men trur røynda fungerer som tv-en gjer – (bytt kanal når du vil, og gjør alt du vil), dei kallast potensielle truslar for samfunnet. Vonleg får stakkarene hjelp, men i mellomtida kan ein bare gå og håpe på at dei ikkje har sett for mye på Tom & Jerry…

 

Tv skal trass i kritikk ha ros for dei bra aspekta det har. Til tider er det faktisk ganske koselig å sjå på tv. Når ein er trøtt og sliten og bare vil ha ytre stimuli utan å gje noko tilbake, kan ein bare dope seg ned framfor tv-en og vente på å bli ein grønsak. Svært enkelt. Samtidig kan ein halde seg oppdatert, takket vere kringkastinga av nyhetar. Læringsprogram er også veldig nyttig, for ein får båe lyd og bildar i rørsle samtidig. Ein tar faktisk til seg informasjon fortare på denne måten, men kvifor er det da fleire som kan teksten til ”Swiffer” – reklamen enn til Fedrelandssongen? Kanskje vi ein gong å framtida vil gå rundt på 17. mai og syngje reklamer…; ”Swiffer gjør det lett, som du aldri før har sett – hipp, hipp, hurra for Swiffer!” i steda for ”Ja, vi elsker”? I dag hyller vi jo eigentlig tv-en meir enn sjølve landet vi bur i. Ein må byrje å lure på om det er vi som lurar oss sjølve, eller om heile tv – opplegget faktisk er ein god gjennomtenkt manipulerings – operasjon. Sorterer tv-kanalane ut program etter korleis retning dei vil manipulere oss i? I kva for grad er i så fall den manipuleringa? Tenker vi gale vei, blir vi kanskje tatt av tanke politiet frå Big Brother for tankeforbrot. Eller kanskje det bare er eg som er på ein lita paranoia –tur? Ein kan aldri vite, kanskje eg bare har fått innblikk på sanninga…? Kanskje Big Brother ser oss… - ser deg, akkurat no?

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil