Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Tom HanksSkriv ut Utskrift

Ei stor oppgåve om Tom Hanks.

Karakter: 5-

Nynorsk - TemaoppgaveForfatter: Anonym
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Tom Hanks vart fødd i Concord som er ein liten by i California 9. juli 1956. Thomas Jeremy Hanks, som er hans verkelege namn, var den tredje av fire søsken, Amos og Janet Hanks heiter foreldra. Foreldra skilde seg når Tom berre var 5 år. Han har ei gong sagt at ”Når eg var 10 år, hadde eg 3 mødre, 5 skuler og 10 hus”. Dette utsagnet har kome etter ein barndom som han har tilbrakt med faren rundt omkring. Amos (faren) reiste frå jobb til ekteskap heile veien. Tom reiste i saman med søskena Sandra og Lawrence og. Den yngre broren James, vart passa på av mora og vaks opp på ein heilt annan plass enn søskena i dei første åra.

 

Faren til Tom gifta seg to gonger etter at han skilte seg, han flytta rundt heilt til han slo seg til ro i 1966 i Oakland, California. Med ein ny jobb og eit nytt ekteskap satte Amos opp eit ny hus, ungane måtte forholda seg til ei ny mor og nye søsken. Her fekk endelig Tom få slå seg til med skule og vener, han fullførte grunnskulen og heile vidergåande utan å bytte skule.

 

I løpet av desse åra i Oakland vart Tom til ein liten ung mann, han hadde normale interesser som romfart (hans helter var astronautar) og idrett, spesielt baseball. Det var her talentet hans innan skodespel først vart oppdaga, og det var i desse åra han bestemte seg for å verta skodespelar. Han vart kalla ”klassens klovn” i The Skyline Hisg School si årsbok. Når han studerte ved Skyline high rann han terrengløp, spelte på skulens fotballag og han oppdaga også drama, det vart hans valfag.

 

Ikkje før Tom såg ein ven som framførta Dracula tenkte han på å starte med skodespel. Han starta i dramagruppa på skulen sin som scenemanager. Etter kvart fekk han også nokon småroller i skodespel. Etter kvart fekk han også jobber i større stykker. Hans første pris fekk han i 1974, tjue år før han skulle få sin første Oscar. I denne tida skulle skodespel fort verta hans største interesse.

 

Etter videregåande skule og ennå med skodespel og teater som hans største interesser, søkte han vidare på høgskulen i Chabot som ligg nære Hayward. Han kom inn på skulen og gjekk der frå 1974 til 1976. I løpet av denne tida på Chabot tillot han seg til å ha eit kvarter med drama på skulen kvar dag. Det var i løpet av desse timane at Tom gjekk for å sjå ”The Berkeley Repetory Company” produksjon av ”The Iceman Cometh” for å fullføre kursets betingelse. Der fekk han sjå Joe Spano spelte Rocky, og då bestemte Tom seg for å verta like god som Spano var. Skodespel hadde gått frå ein fritidssyssel til ein profesjonell karriere for Tom Hanks.

 

Etter to år på Chabot vart Tom overført til California State University i Sacramento. Når han var på ”Cal State” jobba Tom med oppsetninga av skulens produksjon. Der møtte han Susan Dillingham, som seinare skulle ta artistnamnet –Samantha Lewes – og ho skulle verta Tom si kone. Tom fekk rollen som Yasha i stykket ”Cherry Orchard” i det lokale teateret, han imponerte produseren Vincent Dowling.

 

Våren etter starta han å jobbe ved ”The Great Lakes Shakespeare Festival”. Her jobba han med profesjonelle skodespelarar for første gong . Det var i løpet av denne perioden på ”The Great Lakes Shakeapeare Festival” at han fekk løyve til å tjene maks $210 i veka som skodespelar. Ikkje berre arbeidde han no blant profesjonelle skodespelarar. Han vart betala for det i tilleg. Seinare den sommaren flytta Samantha Lewes inn saman med Tom i Cleveland. Dei starta eit liv i saman med teater og skodespel.

 

Når Tom var 22 år gamal, budde han i Hell’s Kitchen i New York der han arbeidde litt med skodespel. Han gifta seg med Samantha det same året, og dei fekk sonen, Colin i saman. Jobben som underhaldar i New York vart ein flopp. Difor flytta Tom og familien tilbake til Cleveland våren 1979 for at Tom skulle fullføre hans siste sesong med ”The Great Lakes Shakespeare Festival”. Han spelte også Harold Pinter i ”Do Me a Favorite” og Bottom i ”A Midsummer Night’s Dream” når han budde i Cleveland.

 

Dette skulle bli Tom’s siste år med arbeidd i Cleveland. Han vendte tilbake til New York seint i 1979. Han gjekk på audition for å få ein jobb ved The Riverside Shakespeare Theater’s oppsett av ”The Mandrake”. Han fekk hovedrollen som vart kalla Callimaco. På denne tida fekk han også sin førset manager, hans heitte Joe Ohla. Denne manageren skaffa Tom sin første jobb innan filmbransjen. Han debuterte på lerretet i filmen ”He knows yo’re alone”, for den jobben fekk han $785 i veka. Filmen vart utgitt i 1980, men den fikk dårleg omtale og enda dårlegare sal. Men Tom fikk derimot eit ”Screen Actors Guild card” noko som er ei eksklusiv greie for skodespelarar.

 

TV-kanalen ABC arrangerte i Januar 1980 ein slags talentjakt for å få fram nye idoler og talenter. Denne serien meldte Tom seg på. Han gjorde dette med stor suksees og gjekk seirande frå runde til runde. Til slutt sto han att med $50.000 og ei rolle som Kip Wilsopn i tv-serien Bosom Buddies. Dette vart starten på Tom sin TV-karriere. No tjente han $5.000 for kvar episode han spelte inn.

 

Tom og familien flytta så til San Fernando Valley i California, dei likte seg ikke i New York og hadde ikkje gode levekår. Serien hans, Bossom Buddies holdt på i to sesonger og 37 episoder før serien vart slutta av. Dette handte i 1982. Det same året vart også Tom’s og Samantha’s andre born født, ho vart kalla Elizabeth. Tom fekk gjesteroller i serier som Happy Days, Family Ties, The Love Boat, og Taxi. Han laga samstundes også ein TV-film, som var kalla Rona Jaffe’s Mazes and Monsters. Det vart vanskelegare og vanskelegare å finne nye jobber, men jobben i Happy Days skaffa han ein uventa sjanse.

 

I 1982 var Ron Howard i gang med å lage ein ny film for Touchstone Pictures, og han var på utkikk etter nokon som kunne spele hovudrollen. Howard huska han hadde sett den lilles scena til Tom Hanks i Happy Days. Etter problemer med å skaffe seg ein skodespelar til den mannlege hovudrollen i filmen han skulle laga, som heitte Splash, fant han ut at Tom Hanks var mannen for rollen. Han tilbudte Tom jobben som innehaver av den mannlige hovudrollen i denne 9 millioners filmen. Og Tom svarte sjølvsagt, ja. Dette var jo ein flott måte å få selja namnet sitt til den vide verda, og spesielt filmbransjen. Produksjonen av filmen starta i 1983. Splash vart utgitt i Januar 1984, filmen fekk god omtale. Og for Tom byrja ting riktig å lysa opp.

 

No visste folk og han sjølv at han var kapabell til å gjera mykje meir enn berre gjesteroller på TV. Han fekk også ein ny manager med det berømte manager byrået William Morris Agency og Tom vart dermed også plutseleg lagt merke til i Hollywood også. Han neste film skulle verta ennå ein kassesuksees, Bachelor Party var namnet på filmen, og den vart sluppen i 1984.

 

Med det mislykka året i New York i bakhovudet og med ein heim og ein familie å sørgje for byrja Tom å virkeleg ta til seg mange jobber. Han spelte i 6 filmer i ein 4-årsperiode. Han fekk lite tid til å være heime å ta seg av familien. Og ekteskapet med Samantha byrja å verta dårleg, og det såg ut som det snart skulle ende i skilsmisse.

 

I 1985 var Tom med i filmane The Man With One Red Shoe, Volunteers og The Money Pit. På sette til filmen Volunteers møtte Tom Rita Wilson. Tom’s vennskap med Rita skulle verta noko meir enn det det såg ut som etter 1988. På den tida hadde Tom problem på heimefronten, den aktive karrieren hadde laga privatlivet litt vanskeleg for Tom. I eit forsøk på å beholde familiefreden sa han: ”Mitt ekteskap hadde alt men det enda likevel med skilsmisse når eg møtte Rita. Men eg var fortsatt bestemt på å få det til å fortsette. Eg ville ikkje at ungane mine skulle få den barndommen eg hadde fått”

 

Tom tilbringte byrjinga av 1985 til å produsere, klippe til og til og med laga kullisane til eit lite skodespel av Steve Tesich, kalla ”Tha Passing Game”, stykket vart sett opp på Gene Dynarski Teateret. Kona hans, Samantha, hjalp Tom med spelet og var han assistent. Men ekteskapet vart ikkje betre for den skas skyld og det endte med seperasjon i slutten av 1985.

 

Det neste året, 1986, bringte ein sjanse for Tom til å spela i ein film som var ganske lik hans oppvekst og røter. ”Nothing in Common” vart filmen kalla, den handla om ein son som er midt oppi ein skilsmisse blant foreldra, mens han hadde ansvar for å hjelpa den liande faren. Filmen vart veldig personlig for Tom, faren til Tom hadde også ein slags skade frå han var born som fulgte han gjennom heile livet. Noko som Tom hadde som ein belastning når han vart eldre.

 

Samme året som Tom starta med å laga denne filmen som stod han så nært, fekk han si første inntekt over ein million kroner for ein film. Filmen vart kalla ”Every Time We Say Goodbye”, og vart spela inn i Israel. Filmen vart slakta av kritikarane men beviste at Tom Hanks kunne spele ein romantisk mann i ein seriøs drama også.

 

Det følgande året laga Tom Dragnet, ein kommersiell suksess men ennå ein slakt hos kritikarane I 1987 flytta Tom ut av heimen sin i San Fernando, hans seperasjonstid med Samantha vart enda, og dei skilte vegar. På tampen av året spurte han Rita Wilson om ho ville gifte seg med han, dette ville endra både livet og jobben hans.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Tom og Rita gifta seg 30. april 1988.

 

Det same året såg me han i dramaen ”Punchline”, og han fekk også sin første Oscar for sin rolle i filmen ”Big”.

 

Tom krediterte Sally Fields, ho som spela den andre rollen i ”Punchline”, for at ho hjelpte han med å ta betre val i vanskelege situasjoner. Han skulle spele ein stand-up komiker i filmen Punchline og vart råda til å drive med stand-up ei lita stund før filmen, det gjorde han, og hans erfaring frå stand-upen gjorde resultatet også mykje betre.

 

Hans første skikkelige suksess kom når filmen ”Big” vart sluppen. Filmen vart ein kassasuksess og spelte inn over 100 millionar dollar. Filmen var regisert av Penny Marshall. Denne filmen handlar om ein gut som ein dag plutseleg vert til ein mann over natta. Inni seg er han ennå ein gut, men i utseende og storleik er han ein mann. Han er åltså ein gut i mannsskikkelse. Marshall hadde Tom som sitt første val, ho var til og med villig til å vente med å starte innspelinga til Tom ver ferdig med filmen ”Punchline”. Ho valgte Tom foran namn som Harrison Ford og Robert De Niro. Den bestemmelsen og eit glitrtande spel av Tom resulterte i ein nominasjon for tittelen ”Beste Skodespelar” i det prestisjefyllte prisgallaet Oscar. Denne nominasjonen var i 1989.

 

Hans neste tre roller skulle vise seg å verta mykje mindre suksessfulle, dei var meir fyllt med hans eige geniale sans for komikk enn dei føregåande filmane.

 

I 1989 spelte han inn fleire ny filmer, dei vart ikkje så veldig godt mottat og gjekk raskt i gløymeboka. Tom bestemte seg for å ta ein pause frå filmkarrieren.På familiefronten hendte det derimot noko, han første kone bytta namn til sitt opprinnelige, Susan Dillingam, og ho beholdt også rettighetane på parets born. Ho flytta med ungane tilbake til Sacramento området, og sjølv om Tom hadde starta eit nytt ekteskap så var han framleis ein del av ungane sitt liv, han besøkte dei ofte og var gode vener med dei. Familien til Tom fortsatte med å vakse, Tom’s tredje unge, Wilson vart fødd i August 1990. Hanks einaste prosjekt desse første to åra var ein ukreditert rolle i ”Radio Flyer”, ein film om ein gut som rømmar frå heimen sin med hjelp frå sin eldre bror. Filmen vart sluppen i 1991.

 

Bestemmelsen med å returnera til filmen kom når Tom fekk eit nytt management byrå. Tom Hanks fekk rollen som Jimmy Dugan, ein full og mislukka baseball manager, filmen var kalla ”A Leauge of Their Own”.

 

Filmen frå 1992 var den første rollen han hadde søkt etter sidan byrjinga av 1990, han hadde verkeleg lyst til å spele i denne filmen. Han hadde blitt ”overtalt” av den gamle manageren sin til å ikkje ta rolla, men hans nye manager derimot anbefalte filmen sterkt, og så var ikkje Tom lett å overtala. 1992 vart også eit leit år når faren døydde etter ein lang kamp mot barneskaden sin.

 

Frå det augeblinket ”A League of Their Own” starta å gå på filmlerettet byrja Tom si lange rekke med suksessfulle filmer. I 1993 kom ”Sleepless in Seattle” ut, dette var Tom’s første film med Nora Ephorn, og hans andre med Meg Ryan. Samme året kom og Philadelphia, dette skulle bli den filmen som gav Tom hans andre Oscar nominasjon for beste skodespelar. 1993 var eit travelt år for Tom, for det same året tok han seg friheit til å ta seg ett kurs i produsering av film, han ville lære litt om å lage film.

 

Han var producer og opptrådde i ein episode av ”Fallen Angels” for Showtime og for HBO’s ”Tales From the Crypt”. Han produserte og ein episode av ”A Leauge of Their Own”, dette var den korte tv-serien som var fortsettelsen til filmsuksessen med samme namn.

 

Det som skulle følge etter dette skulle ikkje verta til noko anna en ein verdensrekord innan ”eit eller anna tema”. Følg med: Tom Hanks gjekk bort og vann Oscar for beste skodespelar prestasjon, dette fekk han for sitt strålande portrett av Andrew Beckett, ein advokat som lider av AIDS, denne rollen hadde han i ”Philadelphia”, 1994. Det same året spela han inn Forrest Gump (som eg personleg meiner må væra den beste filmen som nokon gong har blitt lagt), Toy Story (har dubba han Woody, ein leketøyscowboy) og Apollo 13.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Tom Hanks i ”Apollo 13”

 

Rollen som Forrest Gump gav Tom endå ein Oscar nominasjon for beste skodespelar, og rollen som Jim Lovell, ein NASA astronaut, i Apollo 13 fekk han sjansen til å oppfylle barndommsdraumen, nemleg å fly til rommet, eller late som han flyr til rommet.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Bilete frå filmen Forrest Gump, den beste filmen så må ha blitt laga nokonsinne.

 

Forrest Gump kom ut i 1994. I 1995 vart Tom den andre mannen som nokon gong vant Oscar for beste mannlege skodespelar to gonger på rad, denne prisen fekk han for intsatsen i Forrest Gump. Det samme året kom også Toy Story ut. Og heilt på tamen av året skulle Tom få sitt fjerde barn, Truman, som vart fødd 2.juledag.

 

1996 vart eit travelt år, det var premiere på Apollo 13, og Tom’s første film som han hadde laga sjølv, ”That Thing You Do!” hadde han skreve og produsert heilt åleine, denne dilmen viste folk Tom sitt gode forhold til musikk og hansfasinasjon til eigongshitane på 60-talet. Tom spelte også rollen som Mr.White i filmen. Uansett om ikje filmen vart ein kassasuksess så fekk den gode kritiker, kanskje pga. Tom som var så sentral i filmen. Tom laga to nye filmer året etter og han starta og eit prosjekt for HBO.

 

I 1997 reiste Tom til Europa med Steven Spielberg, dei skulle spele inn ”Redd Menig Ryan”. Og Tom skulle spele Kaptein John Miller, og denne rollen skulle skaffa Hanks sin fjerde Oscar nominasjon for tittelen ”Beste Mannlege Skodespelar” for 1999. Å spele inn ”Redd Menig Ryan” var veldig krevande og utmattande men Tom hadde bestemt seg for å spele filmen for å ære verdskrig 2. veteranane som kjempa i krigen på Normandie kysten på ”dommedagen”. Han hadde så lyst til dette at han gjekk ei veke i ein leir og trente seg opp der i saman med 7 andre som og skulle spele viktige roller i filmen, dei øvde seg på å spele krig og ”overleve”. Dei fekk rasjoner med mat, måtte trene styrketrening og tåle kulde. Innspelinga gjekk strålande, og sommaren 1998 kom filmen for første gong på kino, filmen vart eit verdsvid fenomen.

 

I 1998 så jobba Tom isaman med Meg Ryan for tredje gong. Filmen heitte ”You’ve Got Mail” og vart vist for første gong hausten 1998, filmen beviste at Tom Hanks var mester i å spele romantisk komedie.

For å runde av året så fullførte Tom mini-serien ”From The Earth” for HBO, han var her producer, tekstforfattar, regissør og skodespelar. Serien var så bra at Tom, som producer, fekk Emmy for Beste Serie i 1998.

 

I 1999 laga Tom to nye filmer som skulle ha premiere det samme året, han spela rollen som fenghselsvakt i storfilmen ”The Green Mile”, som var ein filmversjon av boka til Stephen King. Og han var stemma til Woody i Toy Story 2.

 

Som om ikkje 1999 var eit travelt år for Tom så skulle år 2000 verta mykje travlare. Han spelte inn filmen ”Cast Away” (ein film som er veldig verdt å sjå), men midt i innspelinga av filmen vart Tom nødt til å stoppe opp, han måtte slanke seg, slik at det såg ut som han hadde gått veldig ned i vekt når han hadde vore på den aude øya han hadde stranda på. Så Tom gjekk ned 55 pund, eg veit ikkje kva det tilsvarar i kg, men det skal vera noko rundt 27 kg.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Her er Tom i filmen ”Cast Away”.

 

I tillegg til dette så fortsatte også Tom med innspelinga av ein mini-serie for HBO, denne gongen var det ”Band Of Brothers” som vart innspelt.

 

”Band Of Brothers” gjekk på lufta på slutten av år 2001 og gav Tom(som var producer) ein AFI utmerkelse og endå Emmy pris. I løpet av sommaren 2001 var Tom med i filmen ”Road to Perdition”, i denne filmen kjem Tom ut av sitt koselige og ordentlige skall og spelar rett og slett ein mafia boss. Premieren på ”Road to Perdition” var i juli 2002.

 

I år 2002 laga Tom Hanks sitt firma, Playtone, filmen ”My Big Fat Greek Wedding”. Denne filmen fekk voldsom god mottaking av både presse og publikum, og det beviser for ente gong at Tom er ein mann med mange talent. I 2002 jobba Tom også med filmen ”Catch Me If You Can”, denne filmen har nettopp kome ut på norske kinoar og vert nok snart også vist på Sirdal komm. kino. I denne filmen spelar han i saman med bl.a. Leonardo Di Caprio.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Tom Hanks i filmen ”Catch Me If You Can”

 

Uansett kva Tom Hanks gjer så kan me alle væra sikre på at det blir fantastiske filmar og flotte resultater ut av arbeidet. Og det beste er at alle filmane hans vil væra heilt tilgjengelige for oss som vil nyta dei.

 

 

Kjelde:

www.tomhanksland.com

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish