Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Til kvinner er vi født" vs. "Barbie Girl"Skriv ut Utskrift

Sammenligning av de to tekstene "Til kvinner er vi født" av Inger Hagerup og Aquas "Barbie Girl".

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym



”Til kvinner er vi født”, frå ”Mitt skib seiler”, er skrivi av Inger Hagerup og songteksten ”Barbie Girl” er skrivi av popgruppa Aqua.

 

”Til kvinner er vi født” er ein seriøs tekst kor Inger frir til kampen om likestilling. Ho skriv godt og har mange fine ordval. Ho skrev dette diktet i 1951 da kvinner, som hun skriv i teksta, var født til å føde barn og støtte opp for mannen. Diktet ble nok skrivi for å få likestillingsdebatten opp i dagslys. Teksten har ni avsnitt og har enderim. Den er modernistisk, fordi det virke som om budskapet her sitter høgare en den ”tekniske” delen et dikt skal ha. Når eg seier ”tekniske” meiner eg enderim, besjeling osv. Kvifor ho gjorde det på denne måten er meg uvisst, men eg tenkjer at denne teksta måtte være lett å lese for at den skulle fri til mest mogleg folk. De orda som går igjen mest er vi, at og vær. For eksempel ”vær” viker friende for meg.

 

Ho tar for seg kvardagen til kjerringane og deira plass i familiebilete. Ho refsar menn som ikkje lar kvinner være seg sjølve. Ho setter foten ned for frigjering av kjerringane. Dei skal frigjerast frå sin faste sosiale plass. Menn lar dei aldri få gjera det dei vil sjølve, men det skal det bli ein slut på. Det kommer kvasse og kjappe replikkar mot menn som ikkje tåler å tape, menn som trur at kjerringar er ein ”ting”, ikkje eit levande vesen, og menn som bruker ord i pejorativ tyding. I slutten av diktet ser ho tilbake på jorden og kampen for likestilling. Her er ting svært sårbart, men ho vil kjempe til siste slut for her skal ein gong barna hennar leva.

Diktet er svært godt skrivi. Ho setter opp hendingane i ein kronologisk rekkjefølgje. Først kjempast det, deretter ser ho tilbake og tar opp temaet barn og tryggleik.

 

”Barbie Girl” er ein tekst fullt av ironiske og humoristiske innslag. Den ble skrivi i 1997 av Aqua som no ikkje finnes meir. Dette er ein song som er innefor ”Dance” sjangeren. ”Dance” er ein musikkart kor man har raske trommer og svært primitive melodiar. Denne typen musikk brukast spesifikt på festar og diskotek. Eg håpar inderleg ikkje at nokon hører på denne songen, fordi dei synst den er bra. Unntaket må være dei som er 14år og nedover. Aqua fikk seg ein kjempe hit når dei slapp denne songen i 1997. Eg husker da eg først hørte den. Fyste gongen var eg svært skeptisk og tenkte at den var for barnsleg for meg. Men etter kvart når eg så at dei som var eldre en meg høyrde på den stadig vekk ble den plutseleg meir interessant. No som eg har blitt litt eldre synes eg songen er god. Ikkje i den forstand at den er bra eller godt skrivi, men at den tar opp samfunnsproblem. Som for eksempel likestilling og slikt. Mottakaren av denne teksta er så klart ungdom. Ting forklarast igjennom eit ungdomeleg språk. Det jo forskjellige ting som ein må take omsyn til i ein ”dance-song” . For eksempel at refrenga må være lette å synge til. Det er viktig for ein ”dance-song” at den lar folk bli med ”i” songen. Altså dei blir meir og meir reve med på dansegolvet. Det er femten avsnitt i denne teksten. Det er skreve med gjentak stort sett overalt og rim i annenvær setting i refrenget. Eg trur ikkje denne teksta har noko gjømt tema, men den som vil kan kanskje ta nokon vettuge slutningar ut av teksten. Den skal bare være ein glad song som fiffar opp stemninga i det eventuelle romme. Det er svært vanleg at slike songar handlar om kjærleik mellom mann og kvinne.

 

No som eg skal samanlikne tekstane, vil trekkje fram at det er to forskjellige språk dei er skriven på. ”Barbie Girl” på engelsk og ”Til kvinner er vi født” på norsk. Viss Aqua hadde skrivi ”Barbie Girl” på norsk hadde den ikkje kome langt utanlands. ”Barbie Girl” er ny tekst som passar i vårt moderne samfunn. Ironien er lett forståeleg som den kanskje ikkje hadde vært viss den hadde blitt utgjeve i 1951. Da hadde nok teksten blitt stoppa og mesteparten av Noregs folk ville blitt illsinte og fått songen stoppet umiddelbart. I 1951 var dette eit tabuområde innafor samfunnet. Alle temaer rundt sex, voldtekt og den slags ble det overhovudet ikkje snakka om. ”Barbie Girl” er skrivi meir etter diktet sine eigne ”reglar”, mens eg synes at ”Til kvinner er vi født” er litt meir utradisjonell. Men det er framleis eit dikt. Inger Hagerup er ein stor og respektert forfattar som har skrivi fleire barne bøker. Aqua har aldri gitt ut nokon som helst bok. Og det kjem nokk ikkje med det første. Med dette vil eg seie at ”Til kvinner er vi født” er skreve med et veldig seriøst innhald i motsetting til ”tulleteksten” ”Barbie Girl”. Som gjør folk lette til sinns og ikkje noe meir.        




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish