Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kenya - Afrikas hjartaSkriv ut Utskrift
Denne teksten handler om en reise gjennom Kenya. Du finner masse fakta om selve Kenya og forskjellige byer i Kenya.
Nynorsk - FortellingForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Kenya – Afrikas hjarta

I fjord sommar reiste eg og mine to arbeidskameratar til ”Afrikas hjarta”, Kenya. Landet som har alt! Det vekslande landskapet rommar alt frå ørkenliknande slettar til frodig regnskog og har eit fantastisk dyreliv. I dei mange nasjonalparkane gjerast det ein kjempe innsats får å verne det opphavlege dyrelivet mot sivilasjonen. Blant anna har det lykkast å redde nashornet frå utrydding.

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Men Kenya har meir enn nasjonalparkar å by på. Ved kysten mot aust vaiar det skyggefulle palmer på finkorna sandstrender. I Kenya høyrer ein lyden av Afrika. Kenya er på mange måtar Afrika i miniatyr, med alt frå svært tørt til svært fuktig klima. Mangfaldige dyrereservater, store innsjøar med Victoriasjøen som er Afrikas største. Du kan også ta deg opp på Afrikas nest største fjell; Mount Kenya i 5.895 meters høgde, eller dra på safari til ein av dei mange nasjonalparkane. Den mest kjende er Masai Mara, og her finn du alt du har høyrd. Elefantar, løver, gasellar, sebraer og geoparder – og eit utal andre eksotiske dyr.

 

Kenya er ein republikk som ligg midt under ekvator ved kysten i Aust-Afrika og har Tanzania, Uganda, Sudan, Etiopia og Somalia som sine naboland. Landet strekk seg frå Det Indiske hav i øst, til Uganda og Victoria i Vest. Landskapet varierer mykje. I nord ligg tørre ørkenar og ved kysten lågland. Mot vest hevar dei snøkledde fjella seg, og i syd finns flate savannar.   

 

Så begynte reisa vår…Etter ein lang og uendeleg flyreise frå Gardemoen, kom vi endelig fram til Kenyas hovudstad, Nairobi. Vi budde i eit lite hotell i sentrum av Nairobi. Det var ikkje så enkelt å sove i dei få nettane vi var der, for å finne eit hotellrom som ligg i ein roleg del av byen er ein umogleg oppgåve. Som mange andre byer er Nairobi folksam og kan vise til større handlegatar, ein bykjerne med interessante bygningar og har alltid noko som er verdt å sjå. Vi var blant anna innom Det Nasjonale Museum, slangemuseet og dei nasjonale arkiva. Du synas kanskje at dei nasjonale arkiva høyres forferdeleg keisamt ut, men her fantes det både flotte maleria og mykje bra innan tradisjonelt, kenyansk handverk. 

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Etter nokon fine dagar i Nairobi reiste vi lengre vest mot store jordbruksområdar med ein kjend folkegruppe kaldt massaiane. Dei er eit nomade folk som flytter omkring saman med dyra sine. Vi blei svært godt tatt i mot, og vi blei nesten behandla som kongelege. Dei dansa og song, og kvinnene var pynta med fargerike og klede. Massaiane snakka eit språk som var litt vanskeleg å forstå, nemleg Swahili, men heldigvis var det nokon som snakka engelsk.

 

Det var ikkje mykje luksus i husa, vil eg seie. Dei var laga av møkk og leire og var ikkje særleg behageleg å sove i, men vi fekk i det minste få oppleve korleis massaiane levde. Dei hadde også få eigendelar, men var svært stolte over spyda sine og sitt kulturelle særpreg. Til saman bor det omtrent 300 000 massaiar i Kenya og Tanzania, men talla er nokre usikre, fordi massaiane nektar å vere med i folkeforteljingar. Massaiane lever av jordbruket og dyra sine.

 

Etter nokon dagar hos massaiane framhalde vi reisa vår, denne gongen til ein liten by ved Mount Kenya – det nest høgaste fjellet i Afrika (5199moh.). Her var klimaet behageleg på dagen, men frysande kaldt på natta. Her var det både gode overnattingsstader, gode handlegater og innbyggarane virka hyggjelege. Mount Kenya er fjellet for fjellvante; bratt og krunglete. Her vil du finne dei beste moglegheita for isklatring i Afrika. Faktisk er det nokon av dei beste moglegheita for dette, som du vil kunne finne på verdsbasis. Mount Kenya består av meir enn berre ein fjelltopp. Fjellet har fleire toppar og høgder, isbrear og mengder av urørte daler.

 

Etter nokså nokon fine dagar her drog vi vidare til strandparadiset i søraust, Mombasa. Mombasa er Kenyas nest største by og framstelle både som varm og dampande, med eit snev av historisk sus over seg. Denne byen var min personlege favoritt! Med sydenvarme, korallrev, og milelange sandstrender var det herleg å liggje avslappande på

<bilde>

Logg inn for å se bildet
stranda med ein god bok. Her var det også mang moglegheita for bading og vann sport. Mombasa by er i seg sjølv ein spennande blanding mellom oldtid og nytt, med ein urban befolkning som kjem frå Afrika, arabarland, Asia og Europa. Vi drog også innom gammelbyen langs havnekanten, med ein labyrint av tronge gågater med flotte gamle hus saman med opne butikkar. Det var da dei avslappande dagane i Mombasa.

 

Så fortsette reisa til Masai Mara på grensa til Tanzania. Masai Mara er ein del av Serengeti Nasjonalpark. Dette var den siste byen vi var i, på vår lange, eksotiske ferd gjennom Kenya. Vi kunne jo ikkje forlate Kenya utan å ha vore i ein av landets populære nasjonalpark. Vi budde på eit av dei mange Safari – Lodges. Det er luksuriøse hotella der ein kan overnatte når ein er på safari. Dei hadde eit veldig vakkert lægje som stod godt i stil med naturen rundt.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
I Masai Maras vidstrakte savanne, streifa flokkar av elefantar, sjiraffar som åt blada på trene, flodhestar som velta seg i gjørme, gasellar, sebra, bøflar, gnuar og andre antilopeartar. I nærleika deira følgt rovdyr som løver, leopardar, geoparder, og hyenar etter. Vi køyrde i små køyretøya på savannen og opplevde ein fantastisk og vakker natur. Eit besøk på Masai Mara er ein oppleving eg alltid kommer til å hugse, både fordi av mangfaldet av dyreartar og fordi eg fikk komme så nært. Dette var ein fantastisk fin avslutting på vår reise igjennom Kenya. Eg vil verkeleg anbefale den til alle som liker varme, vakker natur, lange sandstrender, eksotiske dyr, spenning og utfordring, som sagt; Kenya har alt!

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish