Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
FluktenSkriv ut Utskrift
Spennende novelle.
Bokmål - NovelleForfatter:



Han kjøyrde så fort han torde. Han viste ikkje kor han skulle, bare at han måtte komme seg ut av landet. Han hadde kjøyrde mot nord den siste timen, så det så ut til han måtte søkje tilflukt i Canada. Hendene hans låg sveitte på rattet og det rant ei og anna dråpe ned over kinnet hans. Han trudde han høyrde sirener og snudde seg kvart tiande minutt, men kvar gong såg han ikkje nokon politi bil, det var berre tankane hans som spillte han eit puss. Han klarte ikkje tanken på å måtte tilbake, han skjønte ikkje korleis han hadde overlevd dei siste årane. På botnen av rangstigen i et av verdas verste avhol,. Han hadde berre eit år igjen å sone, men han makta det ikkje. Han hadde kvelt ei vakt og fått skyss ut med vaskeribilen. Tankane hans vandra tilbake til alle dei gongene vaktarane hadde kjeiet seg og gjort som alle andre der, tydd til litt rå og brutal vold. Dei kom alltid to og to, og alltid om natta. Det var det første slaget som gjorde vondt etter det nummet kroppen liksom av. Han hadde fått meire enn nok tid til å angre sine syndar. Han hadde betalt for dei ti minuttande han sat bak rattet for tre år sidan med blod og tårer, men ingen ting hjelp. Det hende framleis at han vakna midt på natta skrikande etter å ha drøymde kva som hende den ulykkes natta, kor full han var da han kjøyrde, ansiktet til den 17 jenta akkurat då bilen treff henne. Ho vart lam frå hofta og ned, dette måtte han betale 4 år av sitt liv for. 4 år med blod og tårer, 4 år i Eugene Rehabilitation Center, til tross for smertene han hadde opplevd synes han ikkje det var ein urimeleg straff. Han hadde jo gjort henne lam for resten av livet. Det hendte framleis at han vakna midt på natta, dyv våt av sveitte og helt frå seg av anger. Hun pleidde nemleg å besøke han i draumane hans. Han drømte heile scena om att og om att, men når han drømte så han det heile ovan frå, han kunne sjå bilen sin komma kjørande, det var berre så vidt han klarte å halda den på vegen. Han kjøyrde sikk sakk mellom kvitstripane og det var eigentleg ikkje så rart syntest han sidan han var så forbanna full. Ho gjekk alltid ut i vegen, uansett kor mykje han brøla for å åtvara henne, uansett kor mykje han ba og trygla. Der sto ho midt ut i overgangen og han kom rett i mot ho, akkurat etter at han har sett ho brekkje saman i møte med bilen, som når ljåen treff eit gras strå, vonar han.

 

Han begynte å nærma seg Portland. Då begynte han å rote med eit veg kart som han hadde i passasjer setet, han hadde ikkje så veldig lyst til å kjøre igjennom sjølvaste byen og bestemte seg for å ta ein veg som gjekk litt utanfor sentrums området. Han bestemte seg også for det endelege målet med reisa Vancouver, rett over grensa til Canada, han ville ta vegen over Mount Vernon og gjennom den vesle byen Bellingham. Det var ikkje meire enn 15 - 20 mil dit, hen kunne klare det på to timar.

 

Etter at han hadde kommen seg ut av Portland bestemte han seg for å stoppe på ei sprit sjappe, han ville ha ei flaske Jack Daniels for å roe nervane. Han stoppa, gjekk ut av bilen og gjekk inn i butikken og ba om ei flaske Jack, han tenkte ikkje ein gong på at dei kanskje kunne ha etterlyst han på TV. Betjeninga, som eigentleg var ganske sjarmerande, ga han flaska, tok i mot pengane og spurde om han hadde høyrt noe om bankranet. Han svara nei, ikkje så reint forfjamsa over at ho kom med dette spørsmålet, men resonnerte seg raskt fram til at det kanskje var slik dei tedde seg i småbyane. Han legde " nei, eg har ikkje det" på det heller uforskammede svaret han hadde gitt for litt sia. Ho sa " dei har vist ikkje tatt dei enno, men dei er vist på sporet" og gav han flaska og pengane. Han sa "det var synd å høyre", tok flaska og pengane og gjekk. Han hadde allereie tatt ein god slurk før han kjøyrde sin veg. No fekk han det travelt han måtte skunde seg ut av byen, for vist det hadde vert eit bankran i byen krydde det sikkert av purk. Han kom seg ut på hovudvegen og ga gass. Før det hadde gått tjue minuttar var han allereie kommen eit godt stykke på veg og enda lengre ned i flaska. No låg ho halv tom i passasjer setet ilag med eit saman krølla kart. Han hadde køyrt såpass langt at han regna med å vere i Canada om ein halvtimes tid. Plutseleg mens han sat der og blei fullare og fullare suste det ein bil forbi han. Han reagerte ikkje å mykje på dette, og sidan dette var ei ganske aude strekning rekna han med at det berre var eit par ville ungdomar, slik som hen pleidde å vere, som var ute og kjøyrde bil. Han blei derimot ganske sjokkert då han meinte han høyrde ein politi bil og såg i spegelen, bare for å få sjå at det var verkeleg. Han fekk full panikk og ga full pedal, speedometeret hoppa opp i 180. Han susa i full fart bortover vegen, politi bilen kom likevell berre nærmare og nærmare. Han ga meire gass, men politiet sneik seg innpå han. Det var då det skjedde, full som han var greidde han ikkje å halde bilen på vegen i ein sving og bilen brast gjennom autovernet og rett inn i eit stort grantre. Flaska med Jack flaug gjennom frontruta og eksploderte då den møtte eit tre den og. Det regna wiskey og glasbitar over det blodige panseret. Blodet og wiskeyen rant saman og draup ned i graset.

 

På vegen 50 meter lengre borte kjøyrde politi bilen forbi utan å slakke på farta, dei kunne ikkje stoppe dei måtte nå at ein bil før han nådde grensa.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish