Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Gisseldramaet

Gisseldramaet

Kriminalnovelle om et gisseldrama på skolen.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk


Det var måndags morgon, eg var som vanleg i siste lita på veg til skulen. Det er ikkje noko uvanleg at det er berre to minuttar til skule-klokka ringjer, då eg er på veg ned til garasja for å sette meg på sykkelen. Det er tvert imot, heilt vanleg. Så i dag var det altså ein heilt vanleg start på dagen.

 

Eg kom ned på skulen, skule-klokka hadde nettopp ringt og lærarane var på veg inn i klasseromma. Vi hadde kristendom i første time. Oddbjørg prata i veg om alkoholproblem og all elendigdom som fyljer med. Sara og Silje gjekk som vanleg på do ganske tidleg i timen.

 

Plutseleg kom det to bevæpna mannfolk inn i klasserommet, alle i klassen vart livredde. Dei to beordra oss til å gå ned i gymsalen. Vi kom ned i gymsalen, der sat alle dei andre elevane og lærarane. Det såg ut som at vi var dei siste som kom. På scena sat han Svein og han Arve bundne faste i kvar sin stol. Alle elevane var redde, og lærarane prøvde så godt dei kunne å roe dei ned.

 

På scena stod òg ei dame og ein mann. Dei sa at dei hadde kapra skulen og vi var gislar. Svein spurte fortviland kvifor dei hadde kapra skulen. Svaret han fekk var eit slag i fjestet. No snakte mannen på scena veldig alvorleg til oss. Han advarte oss mot å prøve å spele helt. Var det nokon som gjorde noko mot "reglane", så var staffa døden. Førsteklassingane, som var berre seks år, sat på golvet heilt framme med scena. Dei var livredde. Mannen på scena beordra nokre andre bevæpna menn til å undersøkje heile skulen, for å vere sikker på at alle var i gymsalen. Då kom eg til å tenkje på Sara og Silje som hadde gått på do tidleg i timen. Kvar var dei tru. Plutseleg, utan at eg visste om det sjølv, sa eg til mannen på scena at eg måtte på do. Han bad "halde kjeft", men eg sa at eg måtte. Til slutt fekk eg fylje med ein mann, men han advarte meg; prøvde eg meg på noko tull, så var det ute med meg. Kva skulle eg gjere no? No hadde eg sjansen. Eg gjekk inn på doet, mannen stod rett utanfor døra. Etter ei stund låste eg stilt og forsiktig opp døra. Eg stilte meg heilt bak med veggen, tok fart og kasta meg på døra. Den bevæpna mannen fekk døra midt i tryne. Før han rakk samle tankane sine, tok eg maskinpistolen hans og sikta rett mot han. No hadde eg overtaket. Men kva skulle eg gjere no då? Mannen hadde eit handjarn i belte sitt, eg bad han løyse det og gje det til meg. Det gjorde han. Midt på dogolvet stod det ein svær stolpe. Eg beordra han til å stille seg opp med ryggen til stolpen. Eg hadde ikkje lyst til å kropsvisiterer han for å finne nøkkelen til handjarnet, så i staden for bad eg han å ta av seg alle klede. Eg festa han rundt stolpen, det var så vidt eg fekk armane hans rundt den. Alle kleda hans putta eg oppi eit av toaletta. Der stod han heilt hjelpeslaus utan klede. Han var rasande galen, og truga med å ta livet av meg då han fekk tak i meg. Denne dagen hadde eg på meg eit skjerf, det knytte eg rundt hovudet hans og inn i munnen. Då kunne han ikkje få fram ein lyd.

 

Så var det berre å kome seg ut og hente hjelp. Eg sneik meg ut ytterdøra, sprang tvers over skule plassen og opp på rektors kontor. No var det berre å ringe etter hjelp, men det var eit lite problem. Telefonen var øydelagt, eg undersøkte lærarrommet, men alle telefonane var øydelagde der òg. Då kom eg til å tenkje på fax`en. Han Svein hadde jo nettopp fått seg faxmaskin på kontoret. Og heldigvis, kaprarane hadde ikkje tenkt så langt. Faxmaskina "funka". Eg skreiv ei melding på eit papir, sendte det så til lennsmann- kontoret. Eg sende òg meldinga til alle andre eg kjende som hadde fax. No var det berre å vente. Etter ein halvtimes tid, kom det ein fax tilbake. Det var "Strandosen", han skreiv at politiet var på veg. Han var i Kalvåg, så han skulle komme med ein gong. Men det kom til å ta litt lengre tid med politiet i Florø. Han bad meg å ta det heilt med ro. Eg prøvde og vente litt men det var ikkje enkelt. Eg kom til å tenkje på at det kanskje kunne vere lurt at eg hadde eit sett nøklar med meg. Eg fann nokre nøklar i ei skuff, dei putta eg i lommen. Så for eg eg ut døra, eg gjekk ned på naturfagsalen. Der kunne det kansje vere noko eg trengde for å forsvare meg. Eg viste om at han Ragnar hadde ei pompehagle innelåst i eit skap. Den hadde han brukt i undervisninga. Eg fann hagla og to fulle øskjer med patronar. Eg stappa amunisjonen i jakkelommen, og tok hagla under armen og gjekk ut. Då eg kom ut på mark, såg eg at mannen som hadde stått på scena stod å peika på ein av lærarane med ein pistol. Eg gjekk nærmare for å høyre kva han sa. Han hadde beordra nokre andre lærarar til å gå og finne meg. Viss dei ikkje kom tilbake med meg innan tjue minuttar, så var de ute med læraren som sat med pistolen i nakken. Kva skulle eg gjere no? Eg fylte opp magasinet i hagla med patroner. Skaut så eit skudd rett til himmels, så sikta eg på mannen. Eg sa at han skulle kaste ifrå seg pistolen før eg blåste av han hovudet. No var det eg som hadde overtaket. Alle andre som var fiendar med meg, måtte legg ifrå seg våpene sine. Så tok alle lærarane kvar sin maskinpistol. Vi fekk samla saman alle kaprarane og låste dei inne i musikkrommet. Akkurat då vi hadde låst døra og teke igjen dei brannsikre dørene høyrde vi politisirenene. Politiet kom og tok hand om kaprarane.

 

Eg vart dagens helt. Det kom sjukebilar òg, for somme elevar og lærarar hadde fått sjokkskade og måtte fraktast til sjukehus. "Strandosen" kom bort til meg og spurte om alt var bra, eg svarte ja. Alle elevane vart kjøyrde heim, og foreldra vart fortalde kva som hadde skjedd. Heldigvis kom ingen til skade, untatt han som stod fastlenka på do, han fekk gnagesår.

 

Seinare vart det sagt at kaprarane hadde ikkje noko anna motiv enn galskap.

 

Eg er glad for at alt gjekk så bra, og håpar at noko slikt ikkje skjer igjen.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil