Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
FestenSkriv ut Utskrift

En flørt som ender opp med voldtekt.

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Klokka er halv eitt, og festen er godt i gang. Eg skimtar ho så vidt på den andre sida av det røykfylte rommet. Fleirtalet av dei feststemde gjestane er blitt høgrøsta og modige allereie, og eit par karar tek til å slåss på stovegolvet. Eg banar meg fram mellom dei, unngår akkurat å få ein knyttneve i trynet, og peilar meg inn på ho igjen. Ho er verkeleg nydeleg. Langt brunt hår og djupblåe auge. Sminka, men slett ikkje for mykje. Akkurat passe etter min smak. Ho skulle berre visst kor lenge eg har hatt ho i kikkerten. Heilt sidan vi gjekk ut ungdomsskulen for fem år sidan. Eg kan sjå at ho er komen godt i stemninga ho og no, der ho står og flørtar med Bjarte. Endeleg! Der er ho åleine. ”Heisann Laila, korleis går det med deg? Du er utruleg nydeleg i kveld.” ”Jo, takk, det går bra med meg, enn med deg? Fått litt for mykje å drikke kanskje?” ”Eg nei… Har du ikkje lyst til å bli med ut ein tur? Det er så røykfullt her inne.”

 

Ho luktar godt. Eg legg arma mi om skuldra hennar, det ser ikkje ut som ho har noko imot det. Eg er yr av kjærleik og alkohol. Sommarnatta er mild og lys. Det duftar godt av graset og blomstane. Nattelufta er klar, og det riv godt i nasebora. Vi går tvers gjennom eit par hagar, heilt til vi kjem til eit kvitmåla lite lysthus med ein benk, omgitt av ein del tre. Vi sett oss ned på benken. ”Frys du?” ”Nei, det går bra.” Handa mi finn hennar, og eg kyssar ho ømt. Stryk ein av dei lange hårlokkane hennar bakover, idet den kommer i vegen for munnen hennar. Å, kor eg har lengta etter dette augeblikket. Eg prøver forsiktig å hinta fram at eg vil nok meir, men ho stoppar handa mi i det den kommer lengre inn mellom låra hennar. Eg trekker meg tilbake, men prøvar igjen etter ei stund. Handa mi blir bestemt skove bort. Med eitt tennest alle pluggane mine, og eg aner ikkje kva som driv meg. Hjernen min vil berre ha ho. Her og no! Eg riv og slit i kleda hennar, og eg merkar at ho gjer motstand. Men eg er som forvandla til eitt vilt dyr. Eg pressar ho bakover til ho ligger langflat på golvet i lysthuset. Med ukontrollerte rørsler flerrar eg av blusa hennar. Deis kjelvande hendene mine fiklar med bukseknappane. Med eitt over ho, inne. Ute.

Ho er livlaus som eit slakt der ho ligg. Eg kan sjå at ho gret. Ho blør frå underlivet.

 

Eg spring. Rasar av garde. Gjennom hagar, buskar, mellom tre og blomar. Hjartet vil ut av brystet, og lungene skjer i meg. Halsen min er sandpapir. Eg stoppar like ved stien som går langs motorvegen. Angsten vellar opp i meg, det kjennest som heile kroppen min har dovna bort. Eg er kvalm. Det fossar ut av meg. Det kjennast nett som eg har blitt vrengt med innsida ut. Hjartet bankar alvorleg fort. Eg vil ikkje tenke på kva eg har gjort. Eg må ha fått eit psykopatisk anfall eller noko. Ja, eg skyldar på det! Nei, men det er ikkje nok. Eg elska ho jo. Heilt sidan vi gjekk ut ungdomsskulen har eg venta på den augneblinken da eg hadde ho for meg sjølv. Ho kjem til å melde ifrå til politiet om det, heilt sikkert! Og da er eg dømd. Merka for alltid. Og om ho ikkje gjer det… - kanskje enda verre. Eg må leve med skylda same kva. Ho må vere knust no. Bare ville dyr gjer sånt. Nei, vent, ikkje eingang dyr gjer sånt! Eg kan sjå ho for meg sånn som eg gjekk frå henne. Halvnaken, med blod på skjørtet. Det biletet vil alltid være brent fast til hornhinna mi.

 

Eg sett meg rett ned i det doggvåte graset med hovudet i hendene. Kva skal eg gjere? Tusen tankar strømmar inn i hovudet mitt. Melde meg til politiet? Nei, eg er for feig. Gå tilbake og prøve å snakke med henne? Aldri i livet, eg kan aldri sjå ho inn i auga igjen. Hjernen min er tom.

 

Stien ender i ei bru. Så langt ned… Dei få bilane som kjører på denne tida av døgnet ser ut som leikebilar herifrå. Lat det fare. Slepp meg fri. Vinden røskar meg i håret. Lungene mine fylles av luft, det kjennes nærmast ut som om dei er i ferd med å sprekke. Eg greier ikkje å holde munnen att. Den svære vindjakka mi blæs seg opp, og den aukar luftmotstanden noko. Nei, ikkje nok til å stoppe det uunngåelege. Det blir svart.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish