Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Farvel, min venSkriv ut Utskrift
Tekst om et 5 år gammelt barn som opplever at bestevennen flytter for godt. Karakter 6, 10. klasse.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Morgonsola lyste opp himmelen. Graset var grønt og det var trea òg. Fuglane kvitra, og snart ville menneska i den vesle bygda stå opp. Bak ei steinrøys ved foten at det høge fjellet, høyrtest det stemmer. Glade og lattermilde barnestemmer. Det var Tuva og Eirik som hadde snike seg vekk. Snike seg vekk frå dei små husa, dei små gardsbruka, vekk frå tunet. Dei var lykkelege, og ante ingenting om kva som venta dei.

 

Dei var fem år dei sommarmorgonen. Leikande sprang dei, tuva først og Eirik etter. Del lange bustete håret til Tuva flagra i den svale sommarbrisen, og kinna hennar var glødande raude av den skarpe morgonlufta. Ho smilte frå øyre til øyre og dei skinande blå auga hennar lyste. Ho stoppa og heiv etter pusten, før ho igjen la på sprang. Eirik tok henne att, la henne i bakken. Der vart dei liggjande ei stund og le.

 

Dei gjekk over tunet, og inn i den store skogen. Trea stod tett, og det var berre nokre få solstrålar som slapp inn gjennom greinene. Dei var tunge av konglar, greinene, og dei konglane som hadde falle ned, dei vart plukka opp. Dei to borna fylte lommene før dei gjekk vidare. Dei gjekk opp ein liten bakke, sneik seg mellom dei store trea. Då dei nådde toppen av denne bakken, då kunne dei sjå vatnet.

 

Det var til vatnet dei skulle. Dei små føtene byrja å springe. Dei visste kvar dei skulle og det var tydeleg at der hadde dei vore før. Dei stilte seg på ein stein som gjekk litt ut i vatnet. Steinen var liten, så dei måtte stå tett inntil kvarandre. Eirik putta dei små møkkete hendene sine i bukselommene, og tok opp konglane han hadde samla i skogen. Tuva såg på han, og tok opp sine eigne konglar. Blikka deira møttest, dei smilte.

 

I det dei skulle til å kaste konglane sine i vatnet, høyrde dei mor til Eirik rope. Dei snudde seg og der stod ho, eit stykke bak dei. Smilet i andletet til Eirik forsvann, mor hans hadde avbrote leiken mellom han og Tuva. Leiken var det kjekkaste han visste om. Ho såg utolmodig ut. Stod og trippa frå den eine foten til den andre. Ho ropte ein gong til, vinka på dei. Dei begynte å gå, sakte. Dei drog føtene etter seg, tydeleg lite lystne til å dra heim.

 

Då dei kom ut av skogen på den andre sida, kunne dei sjå tunet. På tunet var der noko uventa. Utanfor huset der Eirik budde stod fleire koffertar og sekkar. Kva var det som hende? Skulle Eirik reise bort? Kven skulle Tuva då leike med? Eirik skulle reise bort. Tuva kjende ein klump i halsen, og tårer presse på bak augeloka. Eirik skulle reise til Amerika, reise til ei tante og ein onkel i Amerika. Eirik skulle bu i Amerika.

 

Dei gjekk ned til bryggja. Det hadde blitt overskya no. Ei stor, mørk sky hadde plassert seg like framfor sola. Det låg ein båt og venta i vatnet. Den båten skulle frakte Eirik og familien hans til eit stort skip. Det store skipet skulle frakte Eirik og familien hans til Amerika, og sørgje for at Tuva aldri skulle få sjå han att.

 

Tårene trilla nedover det smale andletet til Eirik. Han gjekk sakte mot Tuva, opna armane og gav henne ein klem. Dei vart ståande slik, lenge. Dei sa ikkje eit ord, stod der berre. Heldt rundt kvarandre. Far til Eirik kom å skilde dei to, han løfta den vesle sonen sin ned i båten. Sakte smaug båten seg gjennom vatnet, forbi glatte berg, høge fjell, grøne tre og fargerike blomar. Tuva løfta den eine handa for å vinke. Ein regndråpe trefte kinna hennar og blanda seg med dei salte, sorgfulle tårene.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish