Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kva skapar vår personlegdom? (Hefteoppg. "Jeg")Skriv ut Utskrift
Resonnerende artikkel om personlighetsutvikling.
Nynorsk - ArtikkelForfatter: Anonym



I ein artikkel i Illustrert vitenskap i desember 2000 kunne ein lese om korleis DNA-kodane fungerar som ei oppskrift på eit menneske. Nokre forskarar vart på seinsommaren ferdig med eit komplett oversyn over arvematerialet til mennesket. Det var nok ein milepæl i det omfattande arbeidet med metodar for å kunne knytta gjerningsmenn til brottsplassar, men då berre som eit samanlikningsgrunnlag. Dei avslutta artikkelen med påstanden at DNA er "ei forklaring på akkurat kva det vil seie å vere menneske". Etter mi meining er den setninga ein dristig påstand som verkar noko enkel. For det første er det å vere menneske eit mykje meir subjektivt fenomen, det å eksistere handlar i høg grad også om tankar og handlingar. For det andre er DNA og det kroppslege berre ein liten del av dei tinga som samla sett blir til personlegdomen vår. Eg vil i denne artikkelen prøve å sjå på nokre av dei andre faktorane som verkar inn på oss gjennom oppvekst og utvikling.

I dei første leveåra til eit menneske handlar utviklinga om å identifisere seg med omgivnadene. Barnet smakar på ting, lyttar og ser etter haldepunkt i tilværet. Etter kvart som barnet får referansar i verda omkring seg, kan det starta på ei systematisk utvikling som er basert på inntrykk og forventningar. Mange spesialistar meiner at denne tida skapar grunnlaget for mennesket si utvikling gjennom heile livet. Småbarna lever i ein enkel situasjon saman med foreldra, men som dei fleste veit, er inntrykka mykje sterkare for eit barn enn for oss vaksne. Barndomsheimen vert derfor viktig. For nokre tiår sidan trudde ein at barnet måtte ha fred og ro, men den teorien har ein gått ifrå.



For å gå litt meir inn på kva som skjer med eit barn under utviklinga, kan ein sjå på ein teori av filosofen Sigmund Freud. Modellen for denne teorien er at personlegdomen består av tre instansar. Den første, som han kallar "Id" eller "det'et" består av medfødde instinkt og drifter. Freud meiner "det'et" har ei fullstendig forankring i det ubevisste, derfor vil eg tru at ein kan knytte desse eigenskapane til DNA-koden. Men her sluttar også den rolla som DNA-koden har. Etter kvart som eit barn veks opp i samfunnet, oppstår eit behov for vurderande og kontrollerande funksjonar. Barnet finn ut kva som er rett, og kva som er feil, det begynner å ta til seg dei første normene. Freud kallar denne instansen for "jeg'et" eller "Ego". "Jeg'et" er også den delen av oss som har kontakt med resten av verda, seier han. Ein kan tydeleg kjenne att denne instansen i dette med å beherske seg, eller ville skille seg ut; det er den delen av oss som spelar roller ute i samfunnet. Den siste instansen i Freud sin teori er "over-jeg'et", som forenkla sagt er den fundamentale moralen og verdinormer som barn har fått gjennom assimilasjon av foreldra sine meiningar og handlingar.

Så langt kan ein seie at DNA og foreldra er med på å skape vår personlegdom, ein har fått eigne meiningar, normer og haldningar som ein byggjer vidare på. Samtidig har ein utvikla ein kritisk sans, ei evne til å vurdere omgivnader og impulsar vidare i livet.

I møte med nye situasjonar, slik som i trafikken, skulegang og arbeid, kjem nye reglar og normer til. Desse skal få oss til å fungere i samfunnet. Nokre av normene er lovar som stortinget har vedteke, vi kallar dei formelle normer, og ein kan verta straffa dersom ein bryt dei. Samfunnet set altså krav til oss, og formar oss. I meir sosiale situasjonar, slik som i familien, blant vener eller i parforhold, har vi normer som ikkje er skrivne nokon stad, dei er uformelle normer. Eksempel på dette er korleis ein kler seg, moral- og verdispørsmål. Ein vil gjerne tru at desse vert skapte og haldne vedlike på eit ideelt plan, men det er nok ikkje heilt sant. Det kapitalistiske industrisamfunnet, med stadig effektivisering, set krav til høgt forbruk og god inntening. Gjennom reklame og annan påverking, ønsker private selskap å styre våre normer. I dag er dette så utvikla at ein finn både psykologar og advokatar i firma ein aldri skulle tru.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish