Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
OD - berre ein orsakning for å få fri?Skriv ut Utskrift
Bruker bare elevene OD for å få seg en fest, eller betyr arbeidet noe for dem?
Nynorsk - ArtikkelForfatter:



Kvart år arrangeres Operasjon Dagsverk i dei vidaregåande skulane i Noreg. Dei innebær at elevane tar seg arbeid ein dag, og gir 300 kroner til eit u-land ein eller annen plass i verda. Fleirtalet av elevane deltar, men det finnast dei som ikkje vil bruke ein dag til å jobbe for at andre skal få ein betre kvardag. Kvifor er det slik at nokre ikkje vil ta i eit tak for å hjelpe menneska i den tredje verda? Er dagens ungdom rett og slett for giddelause? Sjøl trur eg ikkje det er det at dei ikkje gidd. Det er heller det at dei sjår problemer på nasjonalt og lokalt plan, og derfor velger å ikkje gjere noko for andre.

 

Mitt inntrykk er at dei som ikkje ønskjer å arbeide på OD-dagen, blir sett ned på av andre elevar. Majoritetene av elevane har ikkje noka problem med å arbeide ein dag i året. Elevane føler eit visst press fra venner og samfunnet generelt om å ta i eit tak for fellesskapet. I år samla OD i Noreg inn heile 500 millioner kronar til det asiatiske landet Sri Lanka. Dette er ufatteleg mykje pengar for eit land som er krigsherja etter mange år med borgarkrig og enorme øydeleggelsar. Kvifor skal vi bruke så mykje av pengane på Sri Lanka? Kvifor ikkje benytte desse midla på vår eiga skule? Men det er eit spørsmål om noka heilt anna enn pengar. Spørsmål om nestekjærleik, omtanke for dei som ikkje har det like bra som oss som bur i nord. For norsk ungdom er fullstendig klar over at vi er svært privilegerte som kan gå trygt til skulen kvar einaste dag, ikkje kostar det noko, vi har gratis skyss til og fra skulen. OD er også eit arrangement som er styrt av elevane, utan innblanding ifrå lærarane. Dette visar at elevar ikkje er giddelause, men snarare flinke verdsborgarar som tek ansvar for ein urettferdig verd, prega av krig, sult og sott.

 

På Mysen Vidaregåande skule vart OD markert med ulike prosjektarbeider i dei ulike faga. I gym var konfliktar illustrert med ballspell, jentene med bind for auga mot gutane. Resultatet vart kaos, jentene fomla rundt utan mål og meining. Jentene var mange fleire enn dei sterke gutane. Dette resulterte i at det oppstod panikk hos gutane som begynte å bombardere jentene med skudd. Jentene klarte å forsvare seg på sin eigen måte.

 

Det som blei vist med dette eksperimentet var at sjølv om gutane var sterkere enn jentene, vart det til at gutane skaut det dei kunne på jentene. Kampen enda 0-0, og vi trakk paralleller med konfliktar andre plasser i verda som til dømes USA som angripar Irak eller Afghanistan. Satt på spissen oppnår dei ikkje anna enn å øydelegge små land, mens dei som skulle vore tatt fortsatt får gå fri. Dette er ein øvelse eg må gje OD-komiteèn ros for. Eit anna arrangement var OD-show i bygdas storstue, Festiviteten. Heile skulen samla seg til ein hyggeleg lag. Elevane fekk opptre og ein ifrå Sri Lanka fortalte om kordan livet fortona seg for innbyggarane i landet langt unna norske fjell og fjordar.

 

Det er viktig at elevane får ta del i det internasjonale ”omsorgsarbeidet”. Det er også ein fin avveksling ifrå ein monoton skulekvardag prega av lærarar som foreleser gjennom heile skuleåret. Vi skal heller ikkje undervurdere den forebyggende effekten av slikt arbeid. Fremmedfrykt er eit stadig veksande problem. Ved å sjø problema og lære om eit stort internasjonalt problem, kan det hjelpe til å endre holdninga.

 

Mitt inntrykk ifrå lærarane er at dei tykker at det brukast for mykje tid på OD, fleire lærarar er lei å avsjå tid i timane til OD-arbeid. Spesielt nokon eldre lærarar er syns at OD er noke tull, som bare er ein orsaking for å kunne betale tre hundre kronar for ein ekstra fridag. Dette gjeld sjølvsagt ikkje alle lærarar! OD er ein sjanse for elevar til å gjere noke betyingsfullt i kvardagen. Å vise med medmenneskelegheit ovafor andre er det finaste ein kan gjere!

 

Ein ekstra motivasjon for elevane, er nok den mykje omdiskuterte OD-festen. Dette er ein tradisjon ved Mysen Vidaregåande skule. Dette er ikkje vanleg ved dei øvrige skulane i landet. Det er kanskje derfor at så mange velger å jobbe på OD-dagen, nettopp ved M.V.G.S. Dette er noke som skapar huvudbry for mange. Høgt fravær på fredagen etter, gjer at OD-dagen tek to dagar i staden for ein! Ein idé for å få ned dette fraværet, kunne vært å holdt Operasjon Dagsverk på fredag i staden for på torsdag. I tilfelle er dette noke som må bestemmes på nasjonalt plan.

 

Eg syns ikkje vi skal undervurdere viktigheita av Operasjon Dagsverk. Man lærar noke om forholda i den tredje verda, samtidig som man støtter ein god sak. Dette gjer ungdom engasjert i viktige politiske saker, noke som er viktig i eit land som har dårlegare veldeltaking for kvart år som går!

 

OD har vært eksisterane sidan 1964, og kjem nok heil sikkert til å vare i mange år til! For å vite meir om Operasjon Dagsverk anbefaler eg organisasjonens heimeside, http://www.od.no. Her finn du nyttig informasjon om alt frå kva pengane går til og om dei forskjellige historiene til dei formåla som det blir jobba for.

 

Heilt til slutt vil eg seie at ikkje OD for dei aller fleiste ikkje er noe orsaking for å få fri, men ein sjanse til å prøve å gjere noke som nyttar!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish