Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Er det parallellar til Kristendommen i Ringenes Herre?Skriv ut Utskrift
Særoppgåve med drøfting om det er nokon parallellar til Kristendommen i Ringenes Herre (objektivt synspunkt). Skrevet i 9. klasse.
Nynorsk - SæroppgaveForfatter: Anonym



Innleiing

J.R.R. Tolkien sitt mest kjende verk er utan tvil Ringenes Herre. Over 100 millionar menneske har lese romanen, noko som gjer den til den mest lesne ureligiøse boka i verda. Men kanskje er det feil å kalla romanen ureligiøs. Tolkien var katolikk, og trua hans påverka alt han gjorde. Sjølv om han ikkje direkte nemner religion i Ringenes Herre ein einaste gong, har mange funne religiøse element frå kristendommen i boka. Tolkien innrømte at Ringenes Herre var eit religiøst verk, men nekta for at det var ei kristen likning. ”Historien er ikke annet enn seg selv,”1 skal han ha sagt, og understreka at Ringenes Herre verken var ein politisk, moralsk eller religiøs allegori. Sjølv om Tolkien har sagt dette, og var sterkt i mot allegoriar, vil eg sjå om eg finn parallellar til Kristendommen i boka.

 

Eg har valt å jobba med Ringenes Herre fordi eg synest det er ei utruleg god bok. Det verkar spanande å finna ut om påstanden om at det finnest spor av kristendommen i boka held mål. Eg las eit innlegg om dette temaet i Haugesunds Avis 5. januar i år, og det interesserte meg, fordi eg veit veldig lite om det frå før.

 

 

Problemstilling:

Er det parallellar til Kristendommen i Ringenes Herre?

 

 

J.R.R. Tolkiens (1892-1974) inspirasjonskjelder

Allereie då J.R.R. Tolkien var liten var han svært oppteken av språk, og laga sine eigne. Han var ikkje berre interessert i språka, men og kvifor dei var som dei var. Han tok eksamen ved universitetet i Oxford i 1915, og der vart han seinare professor i angelsaksisk. På universitetet i Oxford studerte Tolkien språk, og han hadde veldig god kjennskap til norrøn og keltisk mytologi, engelsk mellomalderdikting og gamle språk og kultur i Europa. Det var hovudsakleg gammalnorsk han studerte på universitetet, men og andre. Blant dei var det finske nasjonaleposet ”Kalevala”, på originalspråket. Då han byrja på Silmarillion, det eigentlege hovudverket hans, var det for å laga Englands ”kalevala”. Grunnen til dette var at Tolkien synest at det var dumt at England ikkje hadde sin eigen mytologi. Tolkien vart sjølv aldri ferdig med Silmarillion, men Christopher Tolkien, sonen hans, gjorde boka ferdig etter hans død.

 

Krigane Tolkien opplevde, fekk innverknad på bøkene hans. Under den 1. verdskrig døydde 2 av dei beste venene hans, og dette gjorde inntrykk. Enkelte har og undra seg om det var tilfeldig at Mordor, det vondes heimland, vart plassert i aust. Grunnen til dette er at Tolkien var svært mistenksam overfor Sovjet-Russland og Tyskland. Særleg Russland avskydde han å vera på same side som, same kva det gjaldt.

 

Trua til Tolkien hadde og stor innverknad på livet og bøkene hans. Faren hans var medlem av Den Angelsaksiske Kyrkja, og mora og tanta hans konverterte til den Katolske Kyrkja då mora kom attende til England frå Sør-Afrika. Dette førde til at dei vart utfrosne av dei andre familiemedlemmene. Seinare omtalte Tolkien mora som ein martyr, og takka Gud for den store gåva han og broren hans hadde fått ved å ha ei mor som tok livet av seg med slit for å sørgja for at dei bevarte trua. Tolkien var og katolikk, og då han skulle gifta seg med Edith Bratt krov han at ho skulle konvertera til Den Katolske Kyrkje fyrst. Det var dessutan Tolkien som fekk C.S. Lewis, kjend for Narnia-bøkene, til å verta kristen.

 

Det Tolkien var mest oppteken av når det gjaldt Kristendommen var syndefallet og nåden. Han meinte at ingenting av det som er skapt er perfekt, og at alle ting ber i seg høve til vondskap og galne ting (Dette er kanskje grunnen til at ingen av heltane hans, ikkje ein gong Frodo, klarer prøven?). Ingen personar i Tolkiens univers er perfekte eller klarar å handla rett heile tida, og ein treng Guds hjelp for å få det gode til å skje.

 

Tema i Ringenes Herre

Historia i Ringenes Herre går ut på at Sauron, Mørkets herre, har smidd ein ring av gull og sitt eige blod. Sidan Sauron, som er vond, har lagd ein del av seg sjølv i han, får den fram det vonde i alle folkeslag. Ringberaren vert besett av ringen, slik at han vert heilt oppslukt av han og livredd for å mista den. Ringen har derfor stor makt over han som ber den, og den fører til at ringberaren vert meir einerådig og isolerer seg frå andre. Sauron kontrollerte nesten heile Midgard ved hjelp av ringen, men så vart den kutta av fingeren hans av Isildur, prinsen av Gondor. Då vart Saurons makt broten, og han vart redusert til ein flammande andeform. For å verta sterk igjen treng han ringen. Dersom Sauron får tak i den, vil han ta over heile verda. Ringen må difor øydeleggjast, og det kan berre skje i lavaen i Dommedags berg i Mordor, der den vart smidd.

 

Historia er ein kamp mellom det gode og det vonde, og dette er hovudtemaet. Tolkien skildrar det vonde som noko som øydelegg og bryt ned det gode. Ringen kan sjåast på som eit symbol på synda, ei makt som slavebind menneska. Den kan ikkje brukast i krigen mot Sauron, for det som er vondt kan ikkje brukast i det godes teneste. Dei som er vonde har ikkje alltid vore det, dei har faktisk ein gong vore gode. Den vonde i Ringenes Herre er Sauron, men han var ein maia (engleliknande vesen) som slutta seg til Melkor (ein vala som ynskte å herska over verda som Den øvste). Melkor gjorde opprør mot Eru Ilúvatar (den eine Gud, skaparen). Det vonde var altså ein gong godt, men fall under det vonde og gjorde opprør mot det gode.

 

Eit anna viktig tema er vennskap. Då Frodo, ringberaren, reiser mot Mordor med ringen, nektar Sam å vera igjen, og vert derfor med i brorskapet han og. Sam er Frodos beste venn, og han er svært lojal over for Frodo, og prøver å støtta han på reisa. Sam ser kva ringen gjer mot Frodo, og dette gjer han svært trist i og med at han er så glad i han. Sam tilbyr seg til og med til å bera ringen for Frodo, men Frodo trur i tilfelle som dette at Sam er ute etter ringen, og skubbar han frå seg. Sam tar dette tungt, men held likevel fram og støttar Frodo. Det at han ber Frodo det siste stykket når han ikkje klarer det sjølv viser og kor mykje han bryr seg om Frodo. Sam er etter mi meining eit flott døme på korleis ein god venn skal vera.

 

 

Det guddommelege

 

Ein guddommeleg vilje

Eg synest det verkar som om det ligg ein guddommeleg vilje bak det som skjer i Ringenes Herre. Men kven eller kva er denne viljen? Det kan jo henda at det er Eru, i og med at han på ein måte styrer verda, men dette er berre ein usikker teori frå mi side.

 

På rådsmøtet i Kløvendal er det eit bra døme på denne viljen: Dei aller fleste på møtet er einige om at Ringen må øydeleggjast, men det er ikkje bestemt kven som skal reisa til Mordor med den. Det står i boka: ”Frodo kikket på alle ansiktene, men ingen var vendt mot ham. Hele Rådet satt med senket blikk, som i dype tanker. En dyp frykt falt over ham, som om han ventet på avsigelsen av en dom han lenge hadde forutsett og forgjeves hadde håpet aldri ville bli uttalt når det kom til stykket. Hjertet hans ble fylt av en overveldende lengsel etter å hvile og bli værende i fred ved Bilbos side i Kløvendal. Endelig brøt han stillheten med en kraftanstrengelse, og han undret seg over sine egne ord, som om en annen vilje brukte hans egen lille stemme. ”Jeg skal ta Ringen,” sa han, ”men veien kjenner jeg ikke,”2. Elrond (Kløvendals herre) trur og at Frodo er utsett til denne oppgåva, og at om ikkje han kan finna ein vei, kan ingen.

 

Endå eit døme kjem litt seinare i boka, i Fangornskogen, då trollmannen Gandalf kjem attende. Aragorn, Legolas og Gimli trur han er Sarumann, så Gimli ber Legolas om å spenna bogen sin. Då står det: ”Legolas tok buen og spente den, langsomt, som om en annen vilje enn hans kjempet i mot,”3. Det var altså noko eller nokon som ikkje ville at han skulle skyta.

 

Kristendommen sin Gud har og sin vilje, og då Jesus for opp til himmelen sendte han Den Heilage Ande til jorda for å rettleia oss om kva denne er. Gud har ein vilje med alt som skjer, men det tyder ikkje at alt som skjer er Guds vilje. Grunnen til dette er at menneska har fri vilje. Likevel bestemmer Gud nokon gonger kva som skal skje med menneska, der menneska ikkje får nokre val. Døme på dette er syndefloda og då han gjorde slik at alle snakka ulike språk under tårnbygginga i Babel.

 

Fri vilje

Den guddommelige viljen jobbar for at ting skal ordna seg for dei gode i Midgard. Det vert lagt til rette for at alt skal gå bra, men kvar person har fri vilje. Ein kan avgjera om ein vil gjera rett eller gale. På denne måten kan ein og velja å feila. Frodo kunne nekta å ta på seg ansvaret for Ringen. Hadde nokon andre fått det ansvaret, hadde oppdraget sikkert mislukkast, for Frodo, og Sam, var dei som klarte å stå best i mot ringen. Dersom Frodo hadde nekta å ta ringen, er eg ganske sikker på at Sam hadde gjort det same.

 

Frodo valde det rette i dette tilfellet, men sjølv om nokon vel å gjera feil, vert ofte hendingane snudd til det gode. Eit døme på dette er når Frodo ikkje lenger klarar å stå i mot Ringens kraft. Då fullfører Gollum ufrivillig oppdraget.

         

Også menneska har i røyndommen har fri vilje. Gud ynskte at menneska skulle leva i harmoni med han (og dette ynskjer han framleis). Derfor skapte han oss med fri vilje, slik at me kan ta eigne val. Me kan derfor velja om me vil ta i mot den treeinige Gud og verta frelste, eller ikkje. Mange av vala våre fører til at det som er Guds vilje ikkje alltid skjer. Derfor må me ta konsekvensane av det, og ikkje skulda på Gud når noko går gale.

         

Jesus hadde og fri vilje. Han kunne ha valt å ikkje dø på krossen, men han fylgde Guds vilje. Jesus hadde ikkje lyst til å døy, men han valde å utføra det oppdraget Gud hadde gitt han. Slik redda han menneska.

 

Utvalde personar

Det står i Ringenes Herre at først Bilbo (Frodos onkel) og deretter Frodo er utvalde til å vera ringberarar, men det står ikkje kven som har utpeikt dei. (Er det Eru?) I ein samtale med Frodo der han fortel kvifor Ringen har hamna hos han seier Gandalf: ”Det var det underligste som hadde hendt i Ringens historie til da: at Bilbo kom akkurat som han gjorde, og streifet den med hånden, blindt i mørket. Det var mer enn én makt som der var i virksomhet, Frodo. Ringen forsøkte å nå tilbake til sin herre”.4 Deretter fortel Gandalf om Ringens ferd heilt frå Isildur hadde han til Bilbo fekk han. Som ei forklaring til kvifor Bilbo fekk tak i Ringen seier Gandalf: ”Men bakenfor dette virket samtidig noe annet, som ikkje var en del av Ring-smedens planer. Jeg kan ikke si det klarere enn at det var meningen at Bilbo skulle finne Ringen, og at denne meningen ikke var hans som hadde smidd den. Hvis det har seg slik, må det også være meningen at du skal ha den. Og den tanken kan være en oppmuntring,”.5

         

Opp i gjennom tidene er det mange som meiner dei har fått eit kall frå Gud, til dømes til å reisa ut og forkynna. I Bibelen kjem det og godt fram at Gud vel ut folk til ulike oppdrag. Han salva personar som profetar, leiarar og kongar som skulle kunngjera kva Guds vilje var. Til dømes vart Moses vald ut til å leia Israelsfolket til Kanaan, Det lova landet, og han fekk vita Guds vilje for Israels folk gjennom dei ti bod.

 

Ei meining med alt som skjer

Det er ein god del små ting i boka som du knapt tenkjer over når dei skjer, men som seinare vert betydelege. Eit flott døme på dette finn ein i Hobbiten, som Ringenes Herre er ein oppfølgjar av:

 

Her reiser Bilbo, Frodos onkel, ut på eventyr med trollmannen Gandalf og 13 dvergar. Dei reiser til Tåkefjella, for å drepa ein drage og få attende alle rikdommane til dvergane, for dei har dragen stole. Bilbo kjem vekk i frå dei andre i reisefylgjet, og han går inn i ei grotte. Her finn han ringen, og tar den med seg. Han møter og på Gollum, som hadde ringen før han fann den. Gollum vert rasande over å ha mista ringen, og vil drepa Bilbo. Derimot vert det Bilbo som får sjansen til å drepa Gollum. Dette gjer han likevel ikkje, for han synest så synd på Gollum. Om Gollum er død eller levande er uviktig for historia i Hobbiten, men i Ringenes Herre har det svært mykje å seia. Det er Gollum som hjelper Frodo og Sam med å finna vegen til Mordor, og det er jo Gollum som gjer at heile oppdraget lukkast. Då Frodo er kommen inn i Dommedags berg klarer han ikkje lenger å stå i mot ringens kraft, så han gjer krav på den sjølv. Gollum ser Frodo stå der, og han spring mot han for å hindra at han øydelegg ringen. Frodo tar på seg ringen og det gir han eit lite overtak ovanfor Gollum. Likevel klarer Gollum å bita ringen av fingeren hans. Gollum hoppar rundt i glede over å ha fått attende ringen, men så mister han balansen, og fell sjølv ned i lavaen. Dersom ikkje dette hadde skjedd hadde Sauron fått attende ringen sin, og det hadde ikkje vore noko håp for det frie folket i Midgard.

 

Som sagt trur mange kristne at Gud har ei vilje med alt som hender, men at den ikkje alltid skjer.

 

 

Parallellar til Bibelen

 

Skapingsforteljinga

I Silmarillion kan me lesa om korleis Arda (verda) vart til. Den eine Gud, Eru Ilúvatar skapte verda ved hjelp av ainuane (engleliknande vesen inndelt i to ordenar: valar og maiar). Ainuane vart sende til jorda for å styra og halda orden. Så sendte Eru barna sine, alvar og menneske, til jorda. Alvane vart sendt til Valinor, valariket vest for Storhavet. To tre i Valinor, alvanes rike, fylte jorda med lys og varme, og alt var harmonisk og fredfylt. Men så gjorde valaen Melkor og andre skapningar han hadde fått med seg, opprør mot Eru. Melkor ynskte å styra heile verda, og stal til seg herredømmet over Beleriand i Midgard. Alven Fëanor skapte dei tre silmarillene, edelsteinar som har lyset frå trea i Valinor i seg. Melkor øydela trea, drap Fëanor og flykta til Angband, festninga nord i Beleriand. Nokre av alvane trossa valane og reiste tilbake til Beleriand for å prøva å vinna attende silmarillane frå Morgoth (deira namn på Melkor). Kampen var lang og hardt, men dei lukkast til slutt då valane sjølv tok opp kampen mot Melkor. Slik enda første tideverv med at Beleriand forsvann og Melkor vart bunden med lenkjer og kasta i ”tomrommet utanfor”. Alvane og menneskene vart verande i Midgard, men dei edlaste menneska tok valane med til øya Númenor, midt uti Storhavet. Her dukka Sauron opp, ”Melkors høgre hand”. Han lurte menneska i Númenor til å gjera opprør mot valane og Eru. Ei flåte for mot Valinor frå Númenor, for menneska ynskte og evig liv. Eru braut då inn og hindra dette. Númenor gjekk under i ei flodbølgja (Númenor er på ein måte Tolkiens Atlantis). Eru flytta Valinor utanfor verdas grenser, og forma om jorda til ei kule (før var ho flat). Dermed vart det umogeleg for menneska å segla til Valinor, men dei alvane Eru unner det evige livet kan. Sauron vende attende til Midgard, der han tidlegare hadde smidd Herskarringen sin. Så tok kampen om ringen til.  

         

Eg synest Tolkiens historie om korleis verda vart til er ganske lik bibelhistoria. Det er ein Gud som skapte verda og det finns ”englar”. Ein av valane gjorde opprør og svikta det gode, på same måte som Satan, som eigentleg var ein engel med namn Lucifer, svikta Gud. Både Syndefallet og Syndefloda er og ganske like. Når det gjeld Syndefloda likte ikkje Eru at menneska tok parti med det vonde og ville verta mektigare, så han utløyste ei flodbølgje. I Bibelen står det at syndefloda kom på grunn av at menneska var vonde, og Gud angra på at han hadde skapt dei. Det med at menneska ville verta mektigare kjem først seinare, i historia om tårnet om Babel.

 

 

Kristus-figurar

 

Gandalf

Trollmannen Gandalf er den figuren som eg synest liknar mest på Jesus i Ringenes Herre. Dette kan ein sei delvis på grunn av oppførselen hans. Gandalf gir ikkje eintydige svar på spørsmål, men fortel ofte likningar og i bilete. Han dømer ikkje andre, og lar dei sjølv finna svar på kva som er rett og gale.

 

Då Frodo og Gandalf snakkar om Ringen før Frodo reiser til Kløvendal, fortel Gandalf at Gollum har vore fanga i Mordor, og at han har fortalt om Ringen, til og med om Hobsyssel og Lommelun, etternamnet til Bilbo og Frodo. Frodo vert sjølvsagt veldig redd og seier: ”Så synd at ikke Bilbo spiddet den avskyelige skapningen når han hadde sjansen til det!”.6 Gandalf fortel at Bilbo ikkje drap Gollum fordi medynk og barmhjertighet held han attende, og at han er blitt vell belønna for det. Gandalf forsvarer Gollum. Frodo verkar oppgitt og seier ”Jeg begriper meg ikke på deg. Mener du å si at du, og alvene, har latt ham få leve, etter alle disse motbydelige ugjerningane? Nå er han i hvert fall like ille som en ork, og ingenting annet enn en fiende. Han fortjener å dø.”. ”Fortjener det! Det kan vel være. Mange som lever, fortjener å dø. Og noen som dør, fortjener livet. Kan du gi dem det? Vær da heller ikke så ivrig etter å avsi døden i dom. For selv de meget vise kan ikke se hvordan alt skal ende. Jeg har ikke stort håp om at Gollum kan bli leget før han dør, men en mulighet er det. Og han er vevd sammen med Ringens skjebne. Mitt hjerte sier meg at han ennå har en rolle å spille, på godt eller ondt, før enden er nådd; og når den kommer, kan Bilbos medynk komme til å avgjøre manges skjebne – ikke minst din.”7 svarer Gandalf. Her viser han både at nåden og gjelder synderar som Gollum og sine profetiske evner. Kanskje tenkte Tolkien på bibelverset "Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde! For de skal dømast etter den domen de feller over andre, og det skal mælast opp til dykk med det målet de sjølv mæler med”8 (Matt. 7, 1-2) då han skreiv dette avsnittet?

 

Då brorskapet er i Moria er det og ei viktig hending som ein finn ein parallell til i Bibelen: Gandalf fell ned i avgrunnen frå Kazad-dûm-brua då han forsvarar dei andre medlemmene i brorskapet i ein kamp mot ein balrog (ein elddemon). Han ofrar seg for at dei andre brorskapsmedlemmene skal få komma seg unna. Seinare vender han attende, etter ein hard kamp mot balrogen nede i djupet. Då er han mykje mektigare og visare enn før. Dessutan har han skifta frå å vera Gandalf Grå til Gandalf kvite. Dette førte til at Aragorn, Legolas og Gimli ikkje kjente han igjen med ein gong dei såg han. Det står: ”Hver av dem følte en underlig forventning: noe som nærmet seg som bar på en skjult kraft – eller trussel”.9 Då Gandalf kom nærmare trudde dei at han var Sarumann, så dei vart veldig redde. Jesus døydde for å frelsa menneska. Han ofra seg for at menneska ikkje skulle gå fortapt. Så stod han opp frå dødsriket og kom attende. Akkurat som Aragorn, Legolas å Gimli ikkje kjente Gandalf igjen, kjente ikkje disiplane igjen Jesus med ein gong etter at han hadde stått opp, Dei trudde det var ei ånd dei såg når Jesus kom til dei, så dei vart og svært redde.

 

Gandalf opptrer og som Jesus då han driv Sarumann ut av den besette kong Théoden. Besettinga har ført til at Théoden har mista motet, og verkar mykje eldre enn han eigentleg er. "Kast støtten din fra deg!" seier Gandalf, og staven til Théoden fell utav handa hans. Så rettar han seg opp og står rank og høgreist, og han føler seg som mykje kvikkare og humøret hans betrar seg med ein gong. Slike utsegner som denne Gandalf gir her, gir og Jesus i Bibelen då han lækjer og driv ut vonde ånder.

 

Frodo

Frodo kan sjåast på som eit bilete på Jesus som ”Guds lidande tenar” av den grunn at han tar Ringen til Mordor for å øydeleggja den på same måten som Jesus tok på seg syndene til menneska. Ringen må øydeleggjast for at Midgards frie folk skal verta redda, og Jesus måtte dø for menneska for at dei skulle bli frelste. Når Frodo sa at han skulle ta Ringen til Mordor, var det som om ein annan vilje brukte stemma hans. Frodo er redd og bekymra, og han seier at han skulle ynska at alt dette med Ringen ikkje hadde skjedd i hans tid. Jesus var og redd. Han ynskte å få sleppa å døy, men han fylgde Guds vilje.

 

På slutten av den første boka då brorskapet i øydemarka, er det ei hending som ein kan trekkja ein direkte parallell til i Bibelen. Fienden er nær, og Frodo er åleine for tenkja ut og velja kva veg han skal gå. Brått dukkar Boromir opp. Han vil at Frodo skal verta med han til heimbyen sin, og at Ringen skal brukast i kampen mot Sauron. Boromir vil ha ringen, og at den skal gjera han til ein hærførar med stor makt. Frodo seier nei, og Boromir vert rasande. Han meiner at ringen skulle høyrt til hans folk, ikkje ein hobbit. Boromir krev at Frodo skal gi han ringen, og han kastar seg over Frodo då han nektar. Frodo får akkurat på seg ringen før Boromir får tak i han, og flyktar. I Bibelen står det om då Jesus vart ført ut i øydemarka etter at han vart døypt. I øydemarka vart han freista av djevelen, men høyrde ikkje på han. Djevelen var før ein engel som svikta Gud. Boromir var medlem av brorskapet som svikta Frodo og dei andre venene sine.

 

Aragorn

Aragorn kan sjåast på som eit bilete på Jesus som den seirande kongen. Aragorn er kongen som kjem attende til Gondor etter at landet har vore styrt av riksforstandarar i uminnelege tider. Likevel kjem han kjem først når hovudstaden Minas Tirith står for fall, og det verkar som om Gondor er tapt til fienden. Jesus var og sett på som Messias, ”kongen som skulle komma”, og mange av eigenskapane hans har han lånt vekk til Aragorn. Aragorn er ein ekte konge. Han er god, kunnskapsrik og ein stor leiar som folket har tillit til og fylgjer. Han har og evna til å lækja dei sjuke.

 

 

Parallellar til andre personar i Bibelen

 

Gandalf som Moses

Gandalf leder brorskapet gjennom Moria miner. Her er ein parallell til Israelsfolkets vandring gjennom ørkenen. Gandalf leder brorskapet gjennom minene i 4 dagar, slik som Moses leia folket i 40 år gjennom ørkenen. Både Moses og Gandalf har ein ”magisk stav” som dei brukar. Staven til Gandalf viser vei i mørket, og Moses sin viser vei gjennom Sevsjøen. Moses døydde i ørkenen, og fekk ikkje komma inn i ”Det lova landet”, men han gav kommandoen over til Aron. Gandalf kom (i første omgong) ikkje ut av minene, så Aragorn overtok leiinga.

 

Smyagol som Kain

I historia om då søskenbarna Smyagol (Det namnet Gollum hadde før sinnet hans vart gnege i stykke av ringen) og Myagol var ute og fiska, og Myagol fann Ringen oppsto eit drama likt det om Kain og Abel i Bibelen. Smyagol meinte at Myagol skulle gitt han Ringen, fordi han hadde fødselsdag. Når Myagol nekta, vart misunninga for stor for Smyagol, så han drap Myagol og tok Ringen sjølv. Ingen i familien deira fann ut kva som hadde skjedd med Myagol, men dei vart irriterte på Smyagol som brukte Ringen for å erta dei og til å stela, så Smyagol vart forvist.

 

I Det gamle testamentet står det om brørne Kain og Abel. Kain vart misunneleg på Abel fordi dei begge ofra til Gud, men Gud såg berre på Abel si offergåve med velvilje. Kain si offergåve ansa han ikkje eingong. Det endar med at Kain drap Abel, og at Gud forviste han.

 

 

Avslutning

Ringenes Herre er ei flott bok, og innhaldet kan vera knytt til Kristendommen. Om det stemmer eller ikkje er diskutert av mange, og det er dermed mange ulike meiningar om dette. Det som er sikkert er at det ikkje er nokre personar i Ringenes Herre som er Jesus eller andre personar i Bibelen. Eg har brukt ordet parallell ein god del, og det er viktig å få med seg at det ikkje er det same som identitet. Personane eg har samanlikna med personar frå Bibelen, har lånt enkelte trekk og kan brukast som bilete på desse. Dei døma eg har gitt, må dessutan sjåast på som noko som kan stemma, ikkje noko som stemmer! Eg trur og at Ringen kan vera eit bilete på synda, for eg synest det gir meining.

 

Når alt kjem til alt finns det ingen fasit når det gjeld dette temaet, i og med at bøker vert tolka ulikt. Det at Tolkien var kristen, gjer det kanskje slik at ein synest at det logisk at boka og er det. Dessutan trur eg at dersom ein er oppteken av å finna allegoriar til boka, finn ein meir enn om ein ikkje er det. Ynsket om korleis det skal vera, har og i mange tilfelle innverknad på meiningane våre.

 

Konklusjonen min er at det er mange likskapar mellom kristendommen og Ringenes Herre, så eg synest at den påstanden held mål. Men som sagt, ein kan ikkje seia at slik er det, men at det kan vera slik. Etter mi meining er det likevel sikkert at dersom ikkje Tolkien var bevisst på å dra inn trua si i bøkene sine, har den likevel reflektert det han skreiv.

 

Heilt til slutt vil eg få fram at eg synest boka er svært god, uavhengig av om ein meiner ho er ei kristen bok eller ikkje. Å finna spor av kristendommen eller noko anna i ho er ikkje det viktigaste! Dersom ein berre sit å leitar etter dei, går ein glipp av mykje av boka, som er ei flott lesaroppleving i seg sjølv!

 

 

Kjeldetilvisningar

1 http://arda.jodal.no/, 31. mars 2004

2 J.R.R. Tolkien: Ringenes Herre, 1999, s. 266

3 J.R.R. Tolkien: Ringenes Herre, s. 471

4 J.R.R. Tolkien: Ringenes Herre, s. 66

5 J.R.R. Tolkien: Ringenes Herre, s. 66

6 J.R.R. Tolkien: Ringenes Herre, s. 69

7 J.R.R. Tolkien: Ringenes Herre, s. 69-70

8 Det Norske Bibelselskap: Godt Nytt, s. 15

9 J.R.R. Tolkien: Ringenes Herre, s. 471

 

 

Litteraturliste

Carpenter, H: J.R.R. Tolkien. En biografi, Tiden norsk forlag, 2000

Day, David: Tolkien, the Illustrated encyclopeadia, Fireside, 2001

Det Norske Bibelselskap: Bibelen, Det Norske Bibelselskap, 1978

Det Norske Bibelselskap: Godt nytt, Det Norske Bibelselskap, 1996

Hauge, Harald, Ung Teologi 1/04: Gandalf lever

Skjerdal, Terje S., Ung Teologi 1/04: Nok Jesus-prat!

Thoresen, Jens, Haugesunds Avis 05.01 2004: Kristne element i ”Ringenes Herre”

Tolkien, John Ronald Reuel: Hobbiten, Tiden norsk forlag, 1998

Tolkien, John Ronald Reuel: Ringenes Herre, Tiden norsk forlag, 1999

Tolkien, John Ronald Reuel: Silmarillion, Tiden norsk forlag, 2001

 

http://www.bt.no/kultur/article217739: Ringenes Herre – en protest mot normoppløsning, 31. mars 2004

http://www.bibelundervisning.com/gvilje/1hvaer.shtml: Hva er Guds vilje?, 26. mars 2004

http://www.dagbladet.no/nyheter/1999/07/23/17201: Ringenes Herre

http://www.dagbladet.no/kultur/2000/10/11/222824.html: Biografi om ”Hobbitenes far”, 31. mars

http://arda.jodal.no/: Arda, Tolkiens verden, 26. mars

http://talk.gospelsearch.no/dcforum/DCForumID11/180.shtml: "Bibelske paralleller i Ringenes herre.", 1. mars 2004

http://frikirken.no/Aktuelt/vis.php?f_c_id=92: - Et dypt Kristent verk, 1. mars 2004

http://www.sf-film.dk/undervisning/eventyretomringen/tolkninger.htm: Ringenes Herre – et litterært vært med mange tolkninger, 1. mars 04

http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article.jhtml?articleID=238985: Ringenes Herre – hvorfor slikt oppstuss?, 1. mars 2004

http://www.dagbladet.no/kultur/2003/12/17/386394.html: Svarte om Ringenes Herre, 1. mars




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish