Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Sertifikatet - den ellevte landeplagaSkriv ut Utskrift

Eit kåseri om kvifor ungdomar tek sertifikatet.

Karakter: 5 (VK1 allmenn)

Nynorsk - KåseriForfatter:



Ein gjennomsnittleg ungdom tenkjer berre på ein ting når han er i 17-18 årsalderen: å ta lappen. Skulearbeid, prøvar, vener og forpliktingar heime må vike plass for denne livsviktige tillatinga det er å føre ein blikkboks på fire hjul.

 

Det er ikkje nokon løyndom at det er eit valdsamt strev å ta sertifikatet. Ein skal kome seg gjennom køyretimar, mørkekøyring, langkøyring, glattkøyring og enorme mengder teori før ein i det heile tatt kan byrje å tenkje på teoriprøve og oppkøyring. Dette går sjølvsagt ut over skulearbeidet. For ungdomar er det nemleg utenkjeleg å prioritere utdanninga som bestemmer resten av livet deira, framfor ei tillating dei mest sannsynleg ikkje får på verken fyrste eller andre forsøk, eller mistar etter kort tid uansett. Dessutan trenger dei han; ei utdanning kan ein jo alltids skaffe seg seinare.

 

Eg er sikker på at dersom det var umogleg for skuleungdomar å ta sertifikatet, ville karakterane deira ha stige radikalt. Det seier seg sjølv at om elevane ikkje hadde brukt all den tida det trengst å gå til nyskaffing av den velkjende lappen på nettopp dette, ville dei heller brukt denne tida på skulearbeid og diverse andre nyttige ting. Reknestykket er opplagt: dess meir tid ein bruker på skulen og alt som høyrer til, dess betre karakterar får ein.

 

Kvifor trenger ungdomane lappen? Jo, dei har behov for å kome seg rundt som det passer dei sjølve. Å ta bussen, sykle, verte køyrt av foreldra eller gå av eigen motor er visst ikkje lengre bra nok for dei: ungdomane har sjølvsagt funne noko gale med desse tinga. Bussen går ikkje der ein skal til rett tidspunkt – kanskje ikkje der ein skal i det heile tatt. Sykkelen er for stygg, for gammal, for punktert eller for ubrukeleg av ein eller annan grunn til å brukast, og det er flautt og direkte gammaldags å verte køyrt rundt på av foreldra. Kva som er galt med å gå på eigne bein, har eg aldri forstått. Dette er, etter mi meining, ein av dei beste transportmåtane vi har. Alle burde gå til ei kvar tid. For dei som av fysiske verknader ikkje har moglegheit til å gå, finnes det heldigvis tekniske hjelpemiddel som gåstol, rullestol og heis.

 

Det er viktig for ungdom å vere ”sjølvstendige”. I ungdomskulturen tyder det å ha ein papirlapp kor det står at ein kan køyre ein bil, å vere sjølvstendig. La meg no rette opp ei alvorleg og dessverre velbrukt misforståing på dette området: ein blir ikkje sjølvstendig av å ha lappen. Det er motsett: ein må vere sjølvstendig for å ta lappen. Dette medfører at ungdomar flest eigentleg ikkje er kvalifiserte til å ta lappen: det at dei ikkje klarer å bære ut søpla utan at mora deira masar i fem dagar fyrst, viser kor sjølvstendige dei faktisk er. Å ta lappen burde dei plassere langt bak i gløymeboka.

 

Likevel skal lappen bli skaffa. Det er merkeleg kor utruleg medgjerlege og ivrige ungdomar vert, når orda ”øvingskøyring” og ”sertifikat” vert nemnt. For det er dyrt å ta sertifikat, altså er det greitt å ha eit nokolunde leveleg forhold til foreldra, som tilsynelatande utan nykker betalar rekninga og bil attpåtil. Foreldra lir nemleg av dobbeltmoral. Kven har ikkje høyrt vaksne klage over desse umodne ungdomane som rasar rundt i trafikken og er ein fare både for seg sjølve, andre og alle dei dyrebare bilane deira? Det er med andre ord merkverdig, at samme personane spanderer lapp og bil på eigne ungar. Årsaka til dette er at foreldra er lei av å drasse rundt på ungar til ei kvar tid. Når ungane deira er så gamle at dei kan ta lappen, har dei knapt gjort anna enn å køyre rundt på dei dei siste åra. Det faller difor foreldra på dette tidspunkt naturleg å ville ha noko att. Dette fører til at dei bidrar oppsiktsvekkjande mykje til at ungane får lappen, med den lumske hensikta at no skal ungane køyre dei istaden, og at dei snart kan verte lykkelege pensjonistar utan bekymringar. Så får dei heller leve med at ansvarslause ungdomar gjer trafikken utrygg, men akkurat det gjeld sjølvsagt ikkje deira eigne ungar – berre alle andre sine.

 

Foreldra har i dette tilfellet rett. Dei meiner sjølvsagt at dei alltid har rett, men vi andre veit betre og kan bevise at kva foreldre seier, ikkje alltid harmonerer med verkelegheita. Ungdomar i trafikken er dumdristige, fartssugne psykopatar: dei er med andre ord direkte helsefarlege. Faktum er at samfunnet ikkje trenger fleire uansvarlege sjåførar til å bryte fartsgrenser. Vi har mange nok frå før.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish