Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Nyere Historie

Nyere Historie

Besvarelse av oppgaver i Nyere historie. Fakta om den russiske revolusjonen, norske arbeiderpartiet, facisme og nazisme og norsk fagbevegelse.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
24.10.2004


2.2

Årsakane til den russiske revolusjonen var fleire, og gjekk i fleire ledd.

 

Fyrste smellet kom i 1881, då ei gruppe unge anarkistar klarte å drepe tsaren i eit bombeangrep. Dei gjorde dette mest i frustrasjon over folk si manglande opprørsvilje. Dei kom nyutdanna frå vesteuropa, og hadde innformasjon om korleis ting kunne vere i forhald til slik det var i Russland på den tida. Angrepet førte ikkje til nokon revolusjon, snarare tvert om, men attentatet var med på å ”vekkje” folk, og fleire starta å utvikle eigne meiningar om ting.

 

Utover på 1900- talet vaks industrien fram i landet, og med den kom også marxismen. Dei måtte halda møtene sine utanlands for å unngå å bli oppdaga av tsarveldet.

 

1903 braut den fyrste revolusjonen ut i Russland. Ein prest leia eit opptog av 200 000 mennesker mot tsaren sitt palass i St.Petersburg. Ein misslykka krig mot Japan, samt høge matvareprisar og krigen det førte med seg, var nokre av dei tinga dei protesterte mot. Tsaren sine soldatar opna ild og drap mange i opptoget. Dette ”vekkte” folk enda meir enn bombeatentatet. Streikar, bondeopprør og mytteri vart resultatet. Etterkvart måtte tsaren motvillig gå med på å demokratisere landet. Ei nasjonalforsamling vart valgt og landet blei litt meir demokratisk, mot tsaren si vilje.


 

Tsarveldet leia dei russiske troppane i 1. verdskrig elendigt. Troppane mista moralen i takt med nederlaga ved frontane. Folk utan støvlar og gever vart sendt ut i krigen som kanonføde, og folk vart drepne i massevis. Dette var ein av grunnane til at ein ny revolusjon vart ein realitet i 1917. Den 8. mars, på den internasjonale kvinnekampdagen, gjekk kvinnelege arbeidarar ut i gatene og oppfordra industrien til å gå ut i generalstreik. Det vart sett inn troppar frå myndigheitene, men soldatane nekta å skyta. Soldatane gjekk på parti med kvinnene i lag med andre arbeidarar. Nasjonalforsamlinga krevde at tsaren skulle gå av. Sidan han ikkje hadde nokre styrkar til å stå bak seg, hadde han ingen andre valg enn å gi etter for krava. Det vart no utnevnt ei provosorisk regjering.

 

Etter dette kunne Lenin og bolsjevikane gjere sin entrè, dei var for ein ny revolusjon som skulle spre seg ut over heile verda. I november 1917 gjennomførte dei den siste revolusjonen i Russland. Lenin i spissen tok over med bolsjevikane bak seg. Sidan alt ikkje gjekk heilt som planlagt ved valg o.l, måtte Lenin gjere diverse tetak som fekk samfunnet til å styre meir mot eit totalitært samfunn.

 

Alt dette var med på å føra fram –Den Russiske Revolusjon. Ein seier vanlegvis at den russiske revolusjonen kom i 1917, då bolsjevikane kom til makta, men eg vil seie at den endelege og siste fasen av revolusjonen skjedde vinteren 1917. Utan kvinneopprøret og opptoget i 1903 ville sansynligvis historien blitt ein heilt annan. Bombeattentatet i 1881 var også med på å forbrede til det endelege kuppet, sjølv om det var 35 år før. For å ha makta i eit land må ein kontrollera tenkesetta til folkemassane, eg trur tsarveldet mista denne kontrollen etter bombeattentatet.

 

Virkningane rundt i verda etter den endelege revolusjonen i Russland var store. Landet blei eit eksempel på alternativ styresett i forhald til den vestlege modellen. Sidan målet var ein revolusjon verda over, var det naturleg at mange fleire land vart påverka. Komitern vart opretta, og fleire utanlandske parti meldte seg inn der, bl.a det norske arbeidarpartiet. Komitern og Russland skapte store debattar verda over. Etterkvart som Russland utvikla meir industri og vart store nok til å konkurrere med dei største stormaktene, såg folk på russland som eit land med lysande fortid. Russland var svært gode til å sjule hungersnaud og nauda som regjerte på bondelandet i forskjellige deler av landet, utad var alt kun velstand.

 

Det at Lenin og bolsjevikane slutta fred med Tyskland under 1. verdskrig var kankskje det som gjorde mest inntrykk på resten av verda, noko som kunne kosta dei allierte seieren.

 

2.4

Facismen var ei antidemokratisk tru, der raseskillje og eit tolitært samfunn var nokon av hovudpunkta. Staten skulle styrast av ein elite med ein førar i front. Eit parlament med parti og nasjonalforsamling var ikkje handlekraftige nok i kritiske situasjonar, meinte dei. Den facistiske staten kunne bruke vald for å nå sine mål, autoritet og orden var altså viktige stikkord. Folket skulle ikkje vere med på å styre landet, dei skulle jobbe for landet sitt beste med å adlyde staten, som kunne gjere med dei som dei ville. Rase og ”det reine folket” var vikteg, nasjonalismen stod også sterkt.

 

Bl.a i bondesamfunnet i Italia stod nasjonalismen sterkt, dei frykta også ein revolusjon og retten til å eiga jord, her vaks facismen. Etter 1. verdskrig kom facismen for alvor i Italia. Landet var med i 1. verdskrig på alliert side, men etter det vart klart at dei ikkje fekk noko igjen for det, auka missnøyen med politikerane. Landet var blitt ført ut i ein meininglaus krig med økonomisk kaos som resultat. Mot 1920- talet auka arbeidsledigheita og missnøyen blant borgarane var stor. I politikken regjerte det eit uendeleg kaos med regjeringsskifter og usikkerheit. Dei største sosiale partia meldte seg inn i komitern, og auka med det frykta for ein revolusjon. Under desse forhalda vart dei fyrste facistiske gruppene stifta i 1919. Dei utmerka seg med stadige konfrontasjonar med andre sosialistiske parti, og hadde ein stabil auke i medlemmar. Gruppene vart kjende for å bruke vald og trugsmål, men dei vart likevell sympatiserte av mange, og politiet og myndigheitene aksepterte dei på mange måtar. I 1922 marsjerte omlag 25 000 facistar mot politikarane i Roma, og forlanga at leiaren deira, Benito Mussolini, skulle overta regjeringsmakta. Etter alt oppstyret våga ikkje kongen og myngdigheitene å sette inn millitære styrker, og gav etter for presset. Mussolini vart no ny regjeringssjef, og starta ei ny tid i Italia. Få år etter kuppet hadde facistane full kontroll over heile det italienske samfunnet. Nye valglovar og pressesensur vart innført, og dei forbaud nokre parti, fagforeiningar og streikar.

 

Facistiske haldningar vart spredt til folket via massemedia, kulturliv og skular.

 

I 1938 vart raselovane innført, sjølv om dei ikkje vart oppretthaldt like strengt som i Tyskland, mange deler av befolkninga tok avstand frå loven.

 

I 1927 vart ”arbeidets grunnlov” innført. Denne loven gjekk ut på at ein skulle eit ha styre beståande av arbeidarar innanfor eit yrke eller ei næring, og desse skulle velge representantar til å bli med i nasjonalrådet, som skulle erstatte nasjonalforasmlinga. Nasjonalrådet vart styrt av facistpartiet og Mussolini. På denne måten slapp dei å ha den brysomme nasjonalforsalinga og dei fekk kontroll med arbeidslivet ovanfrå, i tilegg til at ein dempa motsetningane mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.

 

Mussolini og facistpartiet klarte å skapa eit totalitært samfunn med private eigendommar og kapitalisme. Landet vart sjølvforsynte med mat og alle hadde arbeid, og folk var derfor svært nøgde med facismen og Mussolini.

 

I Tyskland regjerte ein annan facisme, nemleg nazismen. Nazismen hadde mange av dei same trekka som facismen i Italia, største forskjellen var at alt var meir ekstremt, og ideologien gjekk mykje ut på å spre seg til større deler av verda. Her skulle også staten bestå av ein førar med ein elite under seg og folkemassane under dei igjen som staten sin ”reiskap.” Raseskille og nasjonalisme stod svært høgt, og ein var ikkje framand for bruk av vald og terror for å oppnå måla.

 

I Tyskland kom ikkje Nazismen  skikkeleg på banen før byrjinga på 1930- talet. Adolf Hitler dukka opp som formann i det Nasjonalistiske Tyske Arbeidarpartiet i 1921. Han organiserte nokre av medlemmane og gav dei militære uniformar, noko som gav partiet eit militert preg, og kalla dei for SA(Sturmabteilungen). Hitler leia eit kuppforsøk i München i 1923, inspirert av kuppet i Italia i 1923. Dette vart totalt misslykka, og han vart sittande 9 mnd i fengsel, der han skreiv boka, Mein Kampf. Denne boka handla om korleis Tyskland best kunne styrast, og kva jødane var verd og kva dei var skuld i. Koloniseringa og koloniane var ikkje viktege lengre, det som var vikteg var å ekspandere og utvide territoriet i europa, særskilld mot øst og inn i Russland. Den ariske rasen skulle regjere i verda!


 

Pga den urolege økonomien som råka Tyskland i 1929-1931 regjerte det kaotiske tilstandar i den tyske politikken. Presidenten måtte derfor ta drastiske tetak i verk, og tok i bruk ein paragraf som gav han rett til å styre utenom riksdagen, det parlamentariske systemet vart altså sett til side. Hitler og NSDAP merka stor framgong etter dette. Nazistane støtta bøndene, som var eksempelet på den ariske rasen, og stod på deira side i tvangsauksjonar. Dei spelte på nasjonalismen og var sterkt i mot kommunisme og revolusjon. SA vaks og blei til ein styrke på 400 000 mann.

 

Etter at Hitler vart rikskanslar i januar 1933 etter oppfordring frå presidenten, var landet dømt til å bli eit totalitært samfunn med nazistisk styre. Rivaliserande parti vart enten forbode eller fjerna på andre måtar. Innad i Hitler sitt parti regjerte det ei stund uro, der nokre ikkje lika at gammle offiserar og godseigarar skulle få behalde makta si. Ved hjelp av den nye livgarden sin SS(Schutz-Staffeln) vart alle brysomme personar likvidert(dei longe knvivar si natt). Presidenten og riksdagen godkjente dette, i full viten om kva som hadde skjedd, og med det var Hitler øverste dommar og Tyskland var ikkje lengre ein rettsstat. Like etter daude presidenten, kanslerstillinga og presidentstillinga vart slått saman, og Hitler var no øverste sjef for heile militæret. Nazistane spredde sin propoganda gjennom skular og kulturliv. Bøner som fadervår vart erstatta med bøner om føraren. Gutar og jenter måtte i ein viss alder inn i kvar sin organisasjon for å bli ”nazifiserte.” Store paradar vart organiserte, der faner og musikk vart bruka i lag med store millitære rekker.

 

I 1935 vart jødeforfølgelsen trappa opp. Krystalnatta var då alle jødiske busettningar og foretningar vart knust og ramponerte, jødane søkte asyl i andre land. Andre svake grupper i befolkninga vart også sett på som unyttige, og vart etterkvart myrda. Homofile vart også sendt til konsentrasjonsleirar, i lag med andre mindreverdige.

 

Dei fleste støtta opp om Hitler, tillogmed størstedelen av kyrkja var på hans side, etter ein avtale med paven.

 

2.5

Den økonomiske oppgongen før 1. verdskrig var eit resultat av opprustninga til krigen blant stormaktene, og at fossekrafta i landet vart utnytta(det kvite gullet). Norsk arbeidskraft var heller ingen mangelvare. Utanalandske innvestorar vart svært interesserte i norske råvarer skipsfart og energi. Sidan staten ikkje hadde nokre grenser for kor mange aksjer utlendingane kunne eige i norske selskap, hadde dei heller ikkje kontroll med eigarforhalda i bedriftene. Politikarane debaterte om ein skulle bremse industrialiseringa litt og settje grenser for kor mange aksjer utlendingane skulle få kjøpa. Dette dreiv fram konsejonsloven, den slo fast at utlendingar fekk begrensa tilgong til norske fossar og gruvedrift, skog fekk dei ingen tilgang til. Dei måtte også søke om lov for å kjøpe opp slike naturressursar. Utanlandskeigde fossar og kraftverk skulle havna i staten sine hender etter 60 – 80 år(hjemmelsretten). Loven blei etterkvart redussert til 35 år, og det vart i tilegg sett avgifter på produksjon av straum.

 

Norsk Hydro vart stifta i 1905, dette selskapet var sjølve symbolet på at norsk industri og at økonomien var på vei oppover. Dette selskapet spesialiserte seg på å produsere salpeter, som vart nytta som gjødsel i jordbruket, for å tilføre meir nitrogen til jorda. Mestedelen av firmaet vart bygde på franske pengar, franskmennene såg at salpeter-gruvene i Chile snart vart tomme, og rekna med at etterspurnaden ville auke betrakteleg dei neste åra. Salpeter var også vikteg i produksjonen av våpen og ammunisjon, noko som gjorde vara meir ettertrakta. Den største eksportnæringa var alikevell norsk skog som vart foredla til tremasse, cellulose og papir. Med åra klarta Noreg å produsere maskinar som kunne lage papir i landet, dette fekk ein ringvirkning med produksjon av maskinar som ei ny industrinæring. ”Blikkbkosnæringa” kom i gong og laga mange arbeidplassar. Ulempa med hermetikken var at ein trong fisk, og tilgongen på fisk varierte frå sesong til sesong og år til år, med det varierte også arbeidsplassane.

 

Utan norsk fossekraft ville ikkje noko av dette vore mogleg. Energiproduksjonen gav mange arbeidsplassar, og førte til at mange flytta ut i distrikta igjen. Ikkje minst vart industrien billigare å halde i drift med straum.

 

2.6

Arbeidarpartiet

Det Norske Arbeidarpartiet(DNA), kom fyrst med på stortinget etter forhaldstalvalget i 1919. Partiet bestod mykje av folk som kom frå landet, som netopp hadde flytta inn i byane til anlegg- eller industriarbeid. Dei vart rivne frå den gamle kulturen sin på landet, og fant den igjen i DNA. Dei framstod som svært radikale, og kjempa mot kapitalismen. Dyrtida under krigen var med på å styrke trua på ei sterk arbeidarrørsle som kunne tvinge fram forandringar i samfunnet. Den russiske revolusjonen var med på å styrka denne trua i partiet.

 

Martin Tranmæl spelte ei vikteg rolle i partiet, han, med sine kvasse uttalelsar, reiste rundt i landet og oppildna til kamp mot kapitalismen.

 

I 1918 vart leiinga i partiet skifta ut med ferske kamplystne folk. Dei meldte seg inn i komitern, og framstod som det mest redikale av dei sosiale partia i europa. Etter dette vart partiet splitta, dei som gjekk ut av partiet og ville fortsette utan revolusjonære tankar, danna eit nytt parti, Norges Socialdamokratiske Arbeiderparti.

 

I 1923 braut DNA med komitern, dei skulle arbeida for ein fornorska kommunisme. Dei som var ueinige danna Norges Kummunistparti.

 

Frå 1930 gjekk den norske økonomien bedre, men fortsatt var mange utan arbeid. Arbeidarpartiet gjekk til val med slagorda ”heile folket i arbeid.” Dei utvikla eit kriseprogram basert på Keynes sin teori og sovjetunionen sin planøkonomi. Programmet gjekk i mot alt ein tidlegare hadde trudd på. I 1935 klarte arbeidarpartiet å danne ei mindretalsregjering, ved eit samarbeid med bondepartiet, for å klare dette måtte dei inngå mange forlik. Her fekk dei realisere kriseprogramet sitt, og primærnæringane vart sterkt finansierte. Her fekk dei også gjennom lovar som 8 timars arbeidsdag og krav om 9 dagars ferie. Det var under arbeidarpartiet sitt styre økonomien kom i orden og arbeidslausheiten gjekk ned.

 

Dei videreførte ikkje den gamle politikken der alt skulle eigast av staten, dei gjekk også med på å gi subsidiar til forsvaret, sjølv om dei altid har vore mot dette. Dei gav meir pengar til militære formål mot slutten av 1930 –åra, men ikkje nok.

 

Det var ikkje lett å vera arbeidar mellom 1920 og 1935. Tida var prega av arbeidslaushet og dårleg økonomi. Arbeidarane kunne sjå lyst på framtida i om lag to veker, då abeidarpartiet fekk danna regjering etter oppfordring fra kong Håkon, men dei sosialistiske utspela frå partiet sin leiiar Christopher Hornsrud skremte kapitalistane, regjeringa vart dermed felt etter 14 dagar, og venstre danna ei ny regjering. Etter dette auka klassekampen, og det hjalp ikkje at regjeringa innførte nye lovar som gjekk mot arbeidarane. Mange arbeidarrørsler gjekk til ekstremistiske oppfordingar, og mange vart fengsla. Rundt 1930 var situasjonen på det mest kritiske, myndigheitene fant det best å fjærne vitale deler frå våpen i våpenlager, og dei sjerpa den militære etterretninga for å halde tritt med revolusjonære rørsler.

 

Det heile toppa seg då 2000 demonstrantar gjekk til åttak på politistyrker som skulle beskytta uorganiserte arbeidarar i 1931. Myndigheitene svara med å sende krigskip, statspoliti og eit gardekompani til plassen. Konflikten vart løyst fredeleg seinare utan tap av liv, men dette auka bitterheiten blant arbeidarane.


 

Eg tykkjer det er rart at arbeidarpartiet ikkje fekk større oppslutning enn dei fekk. Når ein tenkjer på alle opprøra, og alle dei opprørske organisjonane som vart stifta, desse måtte vel spele ei viss rolle på valgresultata? Kanskje splittelsen av partiet øydela ein del her, ein splittelse betydde vel og at dei måtte dele stemmene. Mens arbeidarane hadde 3 parti å stemme på, hadde andre grupper kun eit parti.

 

Arbeidarpartiet var det partiet som førte landet då økonomien og arbeidsplassane ordna seg. Eg trur at det var uungåleg å føre eit land mot ein bedre økonomi. 2. verdskrig stod rett om hjørnet, og frå 1930 gjekk norsk industri lyse tider i møte. Stormaktene tenkte kun på ein ting, våpenproduksjon, dette var gode nyheiter for norsk industri. Hadde arbeidarpartiet komme til makta før og sett i live Keynes sin teori, ville kanksje arbeidslausheiten minska lenge før.

 

Fagrørslene

Mellom 1900 – 1920 opplevde LO ei sterk auke i medlemmar, men etter 1920 sank medlemmstala betrakteleg. Mange hadde ikkje råd til medlemmskontigentet, og andre gjekk med ei oppfatning om at arbeidsgiverar føretrakk uorganiserte, sidan dei nøyde seg med mindre lønn.

 

Då DNA vart splitta fekk LO problem, dei hadde no 3 parti å forhalde seg til. For å få einigheit danna dei ein samlingskongress, DNA, NKP og sosialdemokratane vart einige om eit program og samling i eit parti. Her stod reformpolitikken(ikkje revolusjon!) i sentrum igjen. Dette var i 1927.

 

Bondeorganisjonen Landmannsforbundet utvikla seg etterkvart til å bli eit politisk parti som skulle påverke politikken i deira retning, Noregs Bondelag kalla dei seg i 1922. Mot slutten av 1920- åra fekk dei jorbruket inn under ordna former ved hjelp av sentralar, og streng regulering av produksjonen for å halde ein stabil pris. Det kom sentralar for mjølk, egg, kjøtt og egg. Dette var med på å bedre økonomien blant bøndene.

 

Fiskerane hadde store problem med å organisera seg, dei prøvde men pga sprikande innteresser og avhengighet av prisane på verdsbasis vart dette svært vanskeleg. Fyrst i 1936 klarte dei å samle seg, og stifta Noregs sildesalgslag.

 

Sammarbeidet mellom LO og N.A.F gjekk mykje betre på 1930- talet, og dei forhandla fram ein avtale som fastsatte retningslinjer for tariff forhandlingar, arbeidarane sin rett til å organisera seg og dei tillitsvalgte sine rettigheitar og plikter. Denne avtalen blei kalla hovudavtalen.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil