Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Og tok de enn vårt liv" (P. Hansson)Skriv ut Utskrift
Dette er den sanne historien om familien Morset.
Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:



Tittel: …og tok de enn vårt liv

Forfattar: Per Hansson

Utgjevingsår: 1963

 

Handlingsreferat:

Familien Morset på ni, Peder, Marit, Trond, Tormod, Einar, Reidar, Helge, Ola og Oddmund som budde på garden Klegset, hadde sagt ja til å arbeide i motstandsrørsla under 2. verdskrig. Dessverre oppdaga nazistane i Selbu alt arbeidet, og var straks etter heile familien. Dei rømde frå garden og delte seg litt opp..

 

Tormod kom først over grensa til Sverige, etter han kom Einar. Seinare kom Ola og Reidar. På vegen mot tryggleiken i Sverige, var nazistane, og spesielt torturist nazisten Henry Rinnan, etter dei. Hjelpsame folk på gardane undervegs, skjulte dei for nazistane. Peder, Helge og Oddmund vart oppdaga under reisa. Tyskarane drap Oddmund og skøyt av armen til Helge. Peder og Helge blei torturert og sendt i fengsel. Der blei Peder dømd og drepen.

 

Marit og Trond drog tilbake til Klegset då ting hadde roa seg ned. Seinare kom Ola, Reidar, Einar og Tormod, som hadde vore med på militære saker i England.

 

Viktige personar:

Peder var faren i familien. Han var klokkar, lærar og bonde. Han blei torturert og drepen etter ei rettssak den 18. mai 1943.

Marit var mora i familien. Ho fekk øydelagde nervar og hadde eit dårleg liv etter at Peder var død.

Ola var eldste sonen og kom seg til Sverige.

Oddmund var 27 år. Han likte våpen, men blei drepen og liggande daud i snøen.

Reidar var nest, nest eldst. Han hadde lyst hår, kom til Sverige og vart radio-gymlærar seinare.

Tormod var 23 år, hadde mørkt hår og smugla radioar til Sverige. Han var også den første som kom til Sverige. Hen var i Sverige og venta så lenge at han bestemde seg for å dra til England og bli med i fly-militæret.

Einar var 19 år gamal. Han blei utnemnt av nazistane til å omvende Selbu, men gjorde det ikkje. Han kom greitt til Sverige.

Helge var 16 år. Han mista armen. Han hadde typisk norsk utsene.

Trond var 13 år og yngst. Tross i alderen forstod han godt at han ikkje måtte gi etter for nazistane.

Henry Rinnan var 160 cm høg og var ein forferdeleg torturist og nazist.

 

Handlinga føregår under 2. verdskrig i Selbu, Sør-Trøndelag. (Alderen på personane er frå 1943.)

 

Boka handlar om familien Morset sitt motarbeid under krigen.

 

Forfattaren valde å skrive boka fordi han ville fortelje om korleis krigen kunne forandre ein heilt vanleg familie på nikk til ein fysisk og psykisk skada familie på sju. Han har også skrivi ei eiga bok om berre Henry Rinnan. Tittelen på boka kjem frå eit dikt eller ei salme som heiter ”Vår Gud han er så fast som en borg”:

«Og tok de enn vårt liv,

gods ære barn og viv,

la fare hen, la gå.

De kan ei mere få -

Guds rike vi beholder. »

Dette sa nemleg Peder i kyrkja ein gong.

 

Boka var grei å lese. Handlinga hoppa litt, men berre ein fekk starta med å lese, var det vanskeleg å slutte..

 

Boka var spennande og eg likte henne godt. Terningkast 5.

 

Boka passar for alle som er interessert i å lære meir om korleis krigen var å oppleve.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish