Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Lindås kommuneSkriv ut Utskrift
Artikkel om kultur, historie og opplevingar frå Lindås kommune.
Nynorsk - ArtikkelForfatter: Anonym



Har Lindås kommune noko historie? Det er nok mykje kultur og opplevingar frå Lindås kommune som ikkje alle veit om. Spørsmålet ”har Lindås noko spesielt med seg?”, vert aldri stilt, men undrar mange i kvardagen. Denne artikkelen skal handle om kultur, historie og opplevingar frå Lindås som er verd å få med seg.

 

Kommunevåpenet vart teikna av Magnis Herdeland i 1978 og heile nitten år seinare i 1997 vart lindetreet godkjent som kommunen sitt symbol. Symbolet var godkjend ved den kongelege resolusjonen 4 mai 1997. I kommuneskjoldet har kommunevåpenet teikna som eit kvitt lindetre med raud bakgrunn. Det var fyst lagt fram då ei kulturinteressert kvinne frå Ostereidet i 1996 låg fram forslag om lindetreet som eit nytt symbol for kommunen.

 

Det er logisk å tenkje seg at namnet Lindås tyder ein stad kledd med lind, men namnet ”Lindås” har ikkje noko med lind å gjere. Ordet ”lind” tyder svakt skrånande på nynorsk, og ås tyder ein haug. Namnet Lindås kjem frå haugen der Westland Hotell ligg i dag.

 

Namnet Lindås blitt vore uttalt på forskjellige måtar gjennom tidene. Namnet har sjølvsagt utvikla seg saman med dialekten. Nokre av dei eldre namneformene er; ”Lindiase” som vart bruken i 1315-åra, Lindass i 1349, Lindeass rundt 1390-talet og Lindias som gjennom dei siste femti åra har vorte Lindås.

 

Lindås sitt folketal og areal er det størst av alle kommunar i Nordhordaland. Lindås dekkjer i alt eit areal på om lag 474km² og har eit folketal på om lag 12700. Grunna til at så mange velgjer å bu i Lindås kan vere mange, men hovudgrunna er nok fordi nesten 7000 innbyggjarar har arbeidsplassen på Mongstad.

 

Heil sør i kommunen, fin vi Knarvik senter. Knarvik senter er regionsenter for Lindås kommune. Her fin ein alt få kledebutikkar til fotobutikkar. Knarvik ligg om lag 30kilometer frå sentrum i Bergen. I 1994 fekk det kjende distriktet Knarvik brusamband med Bergen over Nordhordalandsbrua.

 

Aust i kommunen reiser det seg ein fjellheim over 900 meter over havet. Fjellheimen strekkjer seg inn mot Modalen som er nabokommune med Lindås. Den høgaste toppen i fjellkjeda er Sørdalsnuten. Med ei høgd på 975 meter over havet, utgjer Lindås seg til ein kommune med gode turmoglegheiter.

 

I det kjende Seim-distriktet, vert det vore halde Håkon-spel kvart år sidan 1997. Formålet med Håkon-spelet er for å minne om vår kjende Kong Håkon den gode som vart gravlagd på Håkonshaugen i Seim i 961. Skodespelet har vorte innvigd av sjølve Kong Olav V.

 

Kystlinja i kommunen ligg i vest og strekkjer seg heile 375 kilometer frå sør til nord. Langs kystlinja kan me finne 531 holmar og øyar. Her er og gode moglegheiter for friluftsliv. Innanfor strandlinja er det strend og finne badeplassar som til saman utgjer om lag 20 kvadratkilometer.

 

Slusene er sjølve sjøsymbolet på Lindås. Den indre farleia mellom Bergen og Sogn gjekk gjennom slusene. Her kjørde den gamle dampen gjennom i si tid for om lag hundre år sidan med handelsvarar og turistar frå Bergen. Slusene, som vart laga frå 1899 til 1908, vart laga med for å auke samferdsla i området. Slusekammeret er 38 meter langt, 7,6 meter brei, 3,5 meter djupt og har i alt 8 portblad. Slusene i Lindås er dei einaste sjøslusene i landet som kan restaurerast til sitt opphavlege og urørte miljø.

 

Ja, Lindås har utrulig mykje kultur og opplevingar bak seg, så det er verd for framandfolk å ta turen innom Lindås viss ein vil oppleva Noreg.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish