Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Gunnlaug OrmstungeSkriv ut Utskrift
Komposisjon av sogo om Gunnlaug Ormstunge.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:



Boka om Gunnlaug Ormstunge er ei soge. Det som kjenneteiknar ei soge er at ho er autorital og refererande. Det vil seie at forfattaren skildrar det som skjer frå ein ytre synsvinkel. Når Gunnlaug døyr, står det til dømes bare at Helga ikkje kunne gløyme Gunnlaug, og at ho døyde av sorg. Men verken hennar tankar eller følelesar blir skildra. I sagaen blir bare vesentlige ting nemnt, utan pompøse skildringar. Handlinga går føre seg på Island omkring 1000- tallet. Grunnen til at me kan tidfesta sagaen til denne perioden, er at det i sagaen blir fortalt at kristendommen blir innført på Island og dette skjedde nemlig på 1000- tallet, då blei kristendommen innført på alltinget.

 

Sagaen er bygget opp rundt ein draum. Denne draumen representerer handlinga i soga i symbolsk form. Det er ein mann som heitar Torstein som drøymer. Han drøymer om ei svane som er så ven og fager. Så drøymer han at det kommer ei ørn og setter seg ved svana. Denne ørna har svarte augo og jernklør. Deretter draumar han at det kommer ei ørn til, men denne ørna kommer flygande frå sør. Så blir ørnene usamde og begynner å sloss, i denne kampen kommer ingen av ørnene frå med livet i behald. Det siste som skjer er at det kommer ein falk å setter seg ved sida av svana og er god mot henne.

 

Nå skal eg prøva å gjera rede for denne draumen. Svana er Torsteins framtidige dotter. Den første ørna som setter seg ved svana er Gunnlaug. At denne ørna har svarte augo og jernklør er noko som stemmer med beskrivinga av Gunnlaug seinare i sagaen. Den andre ørna symboliserer Ravn som kommer frå sør. Kampen mellom ørnene, og kampen mellom Gunnlaug og Ravn er identisk. Med same utfall og same konsekvensar. Falken som tilslutt setter seg ved sida an svana symboliserer Torskjeld som Helga giftet seg med etter Gunnlaug og Ravn sin død.

 

Spenningskurven i sagaen er spesiell, synes eg. Kurven begynner smått med introduksjonsdelen, med der hovudpersonane blir presentert. Med denne presentasjonen følgjar også ein presentasjon av slekt historia til slektene. Grunnen til at vi får slektene presentert er at familieforhold var ein viktig del av samfunnet på 1000- tallet og difor ein viktig del av den litterærsjanger. Ergo, hadde du ei bra slekt, var du ein bra mann. Deretter klatrar spenningskurven sakte men sikkert oppover og når eit klimaks under den siste kampen til Gunnlaug og Ravn. Deretter faller kurven drastisk og sagaen går mot ein avslutning.

 

Handlinga går altså føre seg på Island på 1000- tallet. Der Helga har blitt lova til Gunnlaug, men for at denne lovnadden skulle gjelde måtte Gunnlaug ut å reise og komme tilbake til Island innan tre år var gått. Og være akkurat like god mann. På denne reisa trefte han Ravn ved et slumpehøve. Som han klarte å fornerme og dumme ut. Ravn tålte ikkje denne utmjukinga så han ville ha sin hevn. Ravn bestemte seg for å ta Helga frå han. Så Ravn drog til Island for å gifte seg med Helga. Og det lykkas han med. For Gunnlaug kom for seint. Dermed var det strid mellom de to. På grunn av Helga og Gunnlaugs grenselause kjærleik for kvarandre klarte ikkje Gunnlaug å akseptera giftemålet. Så han utfordra Ravn til holmgard. Dette blei ikkje den store kampen for slekt og venner av dei stoppet dei frå å drepe kvarandre.

 

Etter ei stund blei dei einige om ein ny holmgard, men denne gangen i Noreg kor ingen kunne stoppa dei. Denne kampen gjekk gjekk hardt for seg. Gunnlaug kutta av beinet til Ravn med sverdet sitt. Ravn spurte Gunnlaug om han kunne finne noko å drikke til han, og lova at han ikkje skulle utnytte situasjonen. Gunnlaug gjekk å henta vatn til Ravn, men i det han kom opp igjen med vatnet hogg Ravn han i hovudet. Kampen enda til slutt med at det begge døde.

 

Forfattaren av sagaen har fått fram ein typisk historie om kjærleik, som er identisk til mange andre historiske verk som til dømes Shakesper sitt stykke Romeo og Juliet. Forfattaren har særleg lagt vekt på poenget at Ravn sveik Gunnlaug i kampen om Helga.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish