Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Volvo XC90 T6Skriv ut Utskrift

0-100 på 8,8 sekunder! Er ein reportasje (test av Volvo XC90) som vi hadde i 9. klasse.

Karakter: 5

Nynorsk - ArtikkelForfatter: Anonym
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Med nye Volvo XC90, vil Volvo no heva seg enda eit hakk. Denne bilen er luksusseriøs, har kraft og slår dei fleste konkurrentane på design. Sikkerheita til bilen er også bra. Dette er fordi Volvo gjennom mange år har arbeida med akkurat sikkerheita i bilane sine. Det som trekk ned er prisen. Den startar nemlig på rundt 700000,- kroner.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Eg kjem køyrande inn til Volvo sin testbane i Sverige i min gamle Ford Fiesta. Det som eg merkar mest er at folka som skulle møte meg med bilen ser rart på meg.

 - Kven for ein er det som kan køyra noko slikt? tenker eg at dei tenker om meg som køyrer ein slik bil. Det er jo ikkje alle som har så lave avgifter på bilar, at prisen blir nesten det ”halve” av det den ville blitt for ein ny Volvo XC90 i Noreg. Her misunnar vi svenskane godt!!

Eg parkerer bilen min, og går bort til mennene som ventar.

 

Dei følgjer meg bort til bilen eg skal prøva. Ein heilt ny Volvo XC90 T6 rett frå fabrikken. Eg har gleda meg til denne testen i lengre tid no, sidan bilen nett er komen i produksjon. Eg er òg den første i Noreg som køyrer bilen med ein T6-ar på 272 hestekrefter!

 

Med i denne testen har eg fått med meg ein fagmann, Petter Solberg, til å sei si meining om bilen. Kanskje han merkar noko ikkje eg merka med bilen?

 

Coupeen

Det første som slår meg når eg stig inn i bilen er at arbeidet er gjort med gjennomført eleganse!

På dashbordet er det ein storfront radio som har 13 høgtalarar, integrert telefon ved sida av og eit automatisk og elektronisk klimaanlegg som held din fastsette temperatur. Alt dette er laga med eleganse, samtidig som sikkerheita er sett som punkt nummer ein.

 

Setene er av mjukt, mørkt skinn og dei er elektrisk styrte i alle retningar. Her trur eg at kven som hels kan finna seg til rette. Til og med rattet kan justerast i høgde og lengde, noko som forsterkar denne påstanden.

 

Når eg vrir om nøkkelen, kjem det fram ein Volvo-logo på radioen, før motoren gir frå seg ein brummande lyd. Inne i coupeen høyrer du så vidt motoren, noko som tyder på at Volvo designerane har gjort ein utmerka jobb med isoleringa av bilen.

 

Denne bilen er utstyrt med automatgir, og eit system dei kallar Tiptronic. Dette systemet fungerar slik at du kan gira både opp å ned, berre ved å trekkja spaken til deg eller skyva ifrå deg. Smart!

 

Motoren

Eg set girspaken i D (Drive), og køyrer ut på banen. Det som eg merkar godt, er at med ein gong du trykker på gasspedalen, jobbar motoren med det same. Motoren som sit i denne bilen er ein T6-ar på 272 hestekrefter. Det T6 betyr, er at motoren har Turbo (T) og er utstyrt med seks sylindrar (6). Men sidan dette er ein bensin motor, frå du ikkje full effekt på motoren før du har passert 5200 omdreiingar i minuttet.

 

Denne motoren er den kraftigaste Volvo har laga, og står no i to av Volvo sine modellar. I denne XC90`en og i flaggskipet Volvo S80.

 

Volvo har og mindre motorar i T- serien. Eg kan for eksempel nemna T5 (på 250 hestekrefter) og T4 (på 200 hestekrefter). Altså noko for ein kvar smak og pengepung. For desse motorane er ikkje billige. T4-en startar nemlig på 400000,- kroner.

 

Det som også er ei økonomisk fare med desse bilane er at bensin forbruket blir veldig høgt. Fabrikken har sjølv målt at forbruket ligg på 1,0 liter på mila på blanda køyring med ein T6. Noko som er høgt med bensinprisane vi har i Noreg.

 

Elektroniske hjelpemiddel

I likskap med alle andre bilar, er også XC90-en proppa med slike hjelpemiddel, som oftast er forkorta med tre bokstavar. Desse hjelpemidla er laga med tanke på sikkerheta til folka som køyrer bilen. Eg kan nemna ABS (blokkeringsfrie bremser), TCS (antispinnsystem), ROPS (Roll over protection system, som er eit system som fungere slik at viss du må ta ein brå unnamanøver, vil systemet halda deg på vegen, og bilen vil ikkje velta uansett). Saman med dette har den også firehjulsprogrammet AWD, som er eit system som gjer at alle fire hjula driv samtidig.

Du kan også få navigasjonssystem, som hjelper deg med å finna fram.

- Blir bilane sikrare og lettare og køyra når bilen er proppa med hjelpemidel?

- Ja, utviklinga dei siste åra viser at det er spart mange menneskeliv grunna desse nyvinningane. For dei som er ute etter sladding og spinning må dei nok finna seg ein annan bil. Desse nye er det nesten heilt umulig å spinna med, seier Petter.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
På vegen

Etter at eg hadde køyrt ein runde på banen, ville eg prøva ein 0-100 km i timen test. Eg stoppa bilen og stilte klokka mi. Så gav eg gass……! 8,8 sekunder tok det! Det første eg tenkte var at det gjekk så raskt med ein bil som veg omlag to tonn.

 

Eg køyrde vidare for å testa fjøringane. Det som eg merka var at dette var ingen terrengbil! Fjøringane var altfor mjuke til å vera ein terrengbil.

 

Det som du også merka ved hurtig gassing, var at turboen jobba konstant, noko som er bra for dei som liker å ta eit lite fråspark med ekstra ”glede”.

Motorstøyen var liten sjølv i hastighetar som nærma seg 100 kilometer i timen. Men det som lagde mest lyd inni bilen, kom av dekka. Noko som kan ha med dekktypen som sat på bilen å gjera.

 

Bilen er godt egna som familiebil med fem plassar og god plass til bagasje. Men skulle du hatt sju personar med deg, kan du setja inn to seter bakerst. Då blir plassen dårleg i bagasjerommet og du kan ikkje ta med deg bagasje.

 

Vegen fram til hytta eller fram på ein veg av nysnø ville heller ikkje ha vore eit problem. Du har nemlig ein bakkeklaring på heile 21,8 centimeter, noko som gjer at du kjem deg fram kor som helst. Vi fekk Petter til å testa bilen på ein fartsbane like i nærleiken av testbanen, og her er hans konklusjon:

Denne bilen har nok av motor kraft til å dra eit fjell, men det er synd at du ikkje kan få bruka motoren til det. Bilen er altfor mjuk i fjæringane, plattforma bilen står på er berre bygd for landevegskøyring og det er altfor mykje luksus i bilen. Ingen ville tatt ein bil med så mykje luksus ut i skogen. Det ville ikkje eg gjort iallfall.

 Men etter mi meining kan du ikkje få ein betre bil til bykøyring.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Konklusjon

Så visst du har lyst på ein flott bil meg god komfort, plass og mykje utstyr, så er dette bilen for deg.

 

Dette er jo ikkje noko bil til deg med skitne ungar men viss du har 700000,- kroner og er glad i bil, prøv Volvo XC90 hos din Volvo forhandlar.

- Var bilen bra? spurte ein av svenskane meg etter eg hadde køyrt XC90`en.

- Ja, kvifor skulle den ikkje vore det? Det er jo ein Volvo.

Eg spurte Petter om han ville sei si meining om bilen og kva han hadde opplevd som interessant ved denne nye bilen til Volvo. Då svara han:

- Det som slo meg først, var at her oste det av kraft og eleganse. Designet var utrulig bra og i ein klasse forseg sjølv. Det som er litt trist er at Volvo ikkje heilt har fått til at bilen kan brukast i skog og mark. Trist.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish