Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Uvitande gledeSkriv ut Utskrift
Det som ligg i postkassa ein gong i året. Neste stopp tannlegen.
Nynorsk - KåseriForfatter:

Du går uvitande av bussen ein vakker dag, glad og trallande, finn ein femmar på gata og herleg som dagen elles er, drar du eit askeladd-hopp, så energisk at naboen som er ute på tur med kongepuddelen sin, skjermar om hundens auge og tek fram peppersprayen. Ingenting kan øydelegge dagens fantastiske solskinsføling. Prøva på skulen gjekk faktisk greitt, feite overskriftar i avisene meddelar det glade bodskap at Wenche Foss er blitt heiltids-sangerinne, og at Saddam har blitt medlem i ei sjølvmordssekt som håpar på evig liv i ei anna galakse.

 

Plystrande letter du på postkasselokket og ser oppi. Der er reklame frå både Rimi og Rema, Vårt land og sjølvsagt Firda. Innimellom ligg det eit lite, raudt kort. Du skrik høgt og gale, og postmannen som er på veg tilbake til bilen sin snur seg, gjer ei hurtig rørsle med både armar og bein og skriker: "E-EG KAN KARATE!", men det er ikkje han du er ute etter (denne gongen). Kortet er frå ingen andre enn tannlegen!

 

Dagane etter innkallinga går raskare enn tarmslyng på ein varm dag. Du vaknar gong etter gong kvar natt, bada i sveitte, tek eit par symjetak og skifter så laken og dynetrekk for tredje gong same natta.. Tysdag morgon må foreldra dine rive pilleglaset ut av henda dine, der du står og lager rare lydar mens du spyttar ut små, gule piller mot dei, og truer med å tømme glaset og ta livet av deg sjølv, men glaset inneheld jo berre di søsters fluortablettar, og du innser kjapt at kampen er tapt.

 

Dei slep deg til tannlegekontoret mens du roper til forbipasserande at du blir kidnappa, men dei berre ler og peiker. Vel inne hos tannlegen blir du møtt av ein tannlegesekretær som smiler så vidt at du kan sjå kva ho åt til middag i går. Du blir plassert på venterommet, med alle dei femvekers gamle ”se og hør”-blada der alt stoffet om Mette Marits nye hatt er samla. Einaste plassen der det er ledig, er mellom kvisete unggutar med like imponerande togskinner. Dei fniser over eit vel utfordrande bilete av Lara Croft. På andre sida av rommet sit ein fyr som ser ut til å ha hatt seg med eit råkostjern, med eit imponerande yatzytannsett som nok var med på omgangen med jernet.

 

Du begynn å tenkje over din sterke tannlegeangst der du sit. Kanskje er den litt urimelig? Tannlegar er kanskje ikkje så fryktelige som du vil ha det til, eller kva? Det er vel ikkje eigentlig slik at dei et småbarn til dessert? Plutselig blir venterommets stilleik av eit angstfylt ”gurglehyl” som lyder som ei blanding av ein kamel i brunst i full gong med ein gris som IKKJE er i brunst. Du ser deg om panisk, men ingen av dei andre offera ser ut til å ha registrert spetakkelet. Stiv av skrekk sit du som forsteina når pasienten med dei sterke lungene kjem ut frå tannlegens kontor med kjeften så full av bomull at det ser ut som om han har åte heile innhaldet av ein teddybjørn. Han vaklar bort til utgangsdøra i all hast, mens han på vegen spikrar seg eit kors av to kledehengarar og held det opp mot tannlegen og sekretæren som vil hjelpe ham på med jakka.

 

Du velgjer ”strutseteknikken”, endelig har alle dei lange timane med dyreprogram fått betydning. Du tenkjer at om du sitter heilt, heilt stille så ser dei deg kanskje ikkje, men sekunder etter reiler dei deg inn i eit spektakulært rodeoshow, mens venterommet sine offer klappar og jublar, syg sakte ned på stolen, og så sitter du der, fanga. Ti minutt etter, ligg du og stirar opp i tannlegens gigantiske nesebor, samstundes som du lurer på om du kunne klart å stappe ei potet oppi der. Han roter rundt i munnen din. For deg kjennes det som om han prøver å gjenreise World Trade Center der inni, eller i beste fall beføle drøvelen din, og du vurderer moglegheitene for å anmelde ham for voldtekt, utan særleg konklusjon. Alle elementa er jo der, han har bare valt å forbryte seg på feil kroppsopning. Om du kniper auga tilstrekkelig hardt igjen kan tannlegen likne Ronan Keating etter ei kraftig sykkelulykke, men når han begynner å plystre Fraggelsangen mister du heilt assosiasjonen. Då begynner du likegodt å late som om du er bortført av romvesen som no vil suge hjernen din ut gjennon nasegongen for å stille den ut som eit prakteksemplar for menneskerasen. Ja, det går faktisk ganske greitt der hos tannlegen, men det er før han tar fram sprøyta. Fram kjem eit enormt spygrønt balltre av ei sprøyte som likner meir eit drapsvåpen, og eit sekund føler du deg litt som supermann med krypton, men så hugsar du ikkje meir etter at fire tannlegesekretærar og eit par av dei kvisete unggutane frå venterommet må halde deg nede.

 

Etterpå vaknar du til live igjen, og får eit glimt av tannlegen med noko som likner ei sirkelsag i handa, på veg inn i munnen din. Då har du fått nok. Du blinder tannlegen med ein tannkremsprut og biter reimane i stykk med dei nypolerte tennene dine og truar sekretærane tilbake med ein handspegel og eit pirkeinstrument før du hostar opp eit par bomullsdottar og kastar deg ut døra. Ut i fridommen, ut i lykkenes land, og ut til tannpina som kjem til å plage livet av deg og gjere deg til ein evig suppeetar, ikkje det at det er det verste som finns.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish