Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Manns- og kvinnerolla i vikingtidaSkriv ut Utskrift
Kåseri om kjønnsrolla i vikingtida
Bokmål - KåseriForfatter:



Finnast det eit tema vi menneske aldri vil slutte å diskutere og kommentere, må det vere manns- og kvinneroller. Aldri har det vore skrive meir om noko; i teikneseriar, kjærleiksromanar, kokebøker og ikkje minst historiebøker. Og den som på ein måte alltid kjem i fokus er sjølvsagt mannen, "det sterke kjønn". Når vi snakkar om våre norrøne forfedrar, er det i fyrste rekke vikingen vi tenkjer på. Men er no denne modige, handlekraftige mannen noko å sjå opp til og vere stolt over, sånn som den morderne mannen har ein tendens til å gjere? Og har vi kvinner nokon grunn til å ikkje prøve å likne meir på våre langt mindre omtalte stammødre? Eg trur ikkje det.

 

Den moderne mann liker å tenkje på vikingen som ein modig berserk som ikkje frykta noko eller nokon, og som plyndra, valdtok og drap der han for fram. Og dei var det ein hel del av, men dei fleste var fyrst og fremst bønder, og ikkje særleg mykje tøffare enn Donald Duck vil eg tru. Den perfekte norrøne kjernefamilien bestod av vikingen sjølv, ei god og tru hustru, samt ein god porsjon ungar. Gjerne 3-4 søner, for då som alltid seinare var det å få berre døtrer ein forferdeleg lagnad. Nesten som å berre ha Vikingarnakassettar i bilen på ei fire timars lang strekning utan radiosamband. Dei hadde ein gard, nokre kyr, ein åkerlapp eller to, og nokre trælar. Mannen var det naturlege overhovudet, og skulle heile tida ha full oversikt over og ansvar for familien. Inntekta var det han som stod for, på sine mange turar til utlandet - like den moderne jappemannen på forretningsreise.

 

Det var også mannen som måtte forsvare æra til familien, dersom det vart aktuelt. Og det kunne skje både titt og ofte. Men det kjem eg tilbake til. Kvinna hadde ansvaret for dura og garden, spesielt når mannen var ute på tokt. Ho gjekk alltid med alt av nøklar i beltet på stakken, ho var ei riktig nøkkelkvinne. Når det gjeld ekteskapet, må utviklinga på dette området ha gått minst ti skritt tilbake, for ikkje å seie sprunge sekstimeteren gale vegen, etter norrøn tid. For her stod kvinna relativt sterkt. Det var mannen som bad familien hennar om giftarmål. Dessutan kunne kvinna, om ho såg grunn til det, bede om skilsmisse - ho kunne også reise sin veg når ho ville. Og dette, utan at nokon såg ned på ho av den grunn. Sjølvsagt skulle ho i utgangspunktet føye mannen sin og elske og ære han alle sine dagar. Men om ho no likevel gav han grunn til å kaste ho på dør, var det ikkje alltid han hadde mot til å gjere det. Ein typisk slik grunn var utruskap. Det var nok ikkje fritt for at ei kvinne kunne få nok av både daglege nattlege besøk frå menn som ville trøyste ho i einsemda hennar når mannen var på tokt. Og når han fann ut om dette meiner eg han eigentleg var i si fulle rett til å verte arg på ho. Men samstundes såg han det kanskje som eit nederlag. Eit teikn på at han ikkje hann "manndom" nok. Og det ville han jo ikkje innrømme for Gud og kvarmann. Det var nemleg særleg audmjukande for ein norrøn helt å verte audmjuka av ei kvinne! Eit eksempel på nettopp dette finn vi i "Soga om Gisle Sursson": Den hemningslause Åsgerd, gift med Torkjell Sursson, har eit forhold til Vestein, blodsbroren til Torkjell. Ein kveld mens overhøyrer Torkjell ein samtale mellom kona Åsgjerd og Aud der dei snakkar om hennar forhold til Vestein, dei slutter samtalen brått - men Torkjell har fått vite meir enn nok. Når ho så kjem for å leggje seg til natta, er Torkjell ikkje nådig; ho skal ikkje liggje hjå han korkje den natta eller andre. Då gjer ho stemma si djevelsk mjuk og set sjølv hardt mot hardt: Anten får ho liggje hjå han både no og seinare, eller ho dreg ifrå han då og for alltid. "Gjer som du vil", seier han tørt, skjønt her herskar det vel ikkje særleg mykje tvil om kva han ville. "Du vet kva eg vil", seier ho og kryp inntil han utan vidare protest frå den kanten. La oss no sjå på kva for andre ideal ein mann av den norrøne tida levde etter. Og no snakkar vi om dei samfunnet sette. Eit av hovudideala var å vere modig. Var du feig, var du ikkje mann. Det som til ein viss grad synte dette, var om du hadde skjegg. Ein skjegglausing vart dømd nedanom og heim med ein gong. Utover dette, syntest motet gjennon handlingane dine. Samfunnet kravde mykje av mennene, og hadde ikkje mykje til overs for feigingar. Så hadde du mykje skjegg men lite mot, var det ein fordel å vere ein god skodespelar. Eg tippar det var mykje av den sorten.

 

Men eg skal ikkje vitse bort at mannfolka nok hadde sitt å stri med. På tokt var det hardt, og vart skipet utsett for angrep kunne dei ikkje akkurat stå og sjå på frå sidelinja. Dei ofra alt i store slag, og fall heller i strid enn å kome ut av det ærelaus. Det var dessutan feigt å ikkje møte lagnaden sin. Eit eksempel på dette finn vi også i "Soga om Gisle Sursson". Her er det Gisle sjølv som er helten. På slutten av soga, der Øyolv kjem med mennene sine for å drepe han, flyktar han ikkje unna, men møter lagnaden sin, som seg hør og bør. Han kløyvde til og med ein annan ned til beltestaden etter sjølv å ha fått dødshogget. Øyolv er her den feige. Det er han som har fått oppdraget om å ta Gisle av dage, men han sender mennene sine framfor seg, i staden for å gå sjølv. Oppdragsgjevaren Bork er også nokså feig, som betalar ein annan for å drepe ein kar han ønskjer livet av. Ei anna bør som kvilte tungt på akslane til vikingane var blodhemnen. Om ein familiefiende drap broren til ein kar, var han plikte til å hemne slekta ved å drege til nabogarden, der han måtte stikke spydet sitt i nokon. Ein litt upraktisk skikk, sidan dei straks ville svare med å drepe eit nytt familiemedlem av familien, som vikingen igjen vart nøydd til å hemne. Og såleis ville dei kanskje halde det gåande til dei hadde utsletta kvarandre. Men sånn var det no eingong på den tida. Kvinna hadde ingen særskilde ideal å følgje, bortsett frå dei eg allereie har vore inne på. Ho skulle vere ei god mor, og ho hadde også ansvaret for å oppsede døtrene til det same. Her fyrst byrjar vi moderne kvinne å kjenne oss igjen.

 

Eg trur ein alltid vil finne nye argument for ulike teoriar innanfor det tema eg no har snakka om. Mange vil sikkert vere usamde i det eg har sagt. Kanskje spesielt menn…. Eg seier ikkje at vikingen ikkje var ein tøffing, berre at han kanskje er litt vel heroisk framstelt i litteraturen. Og den moderne mannen må gjerne ta litt meir etter han, for dette samfunnet treng nokon skikkelege barskingar. Men det er på tide at vi kvinner syner samfunnet vi òg har vikingblod i årene. Og møter vi motstand frå mennene våre, får vi t bruk eit godt knep vi har lært av Åsgjerd. Det virka jo då, så då verkar no og. På det området kjem mannen nemleg aldri til å endre seg…




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish