Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Spelegalskap

Spelegalskap

Ein artikkel om spelegalskap.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
09.12.2004
Tema
Pengespill

Eit av dei største problema me har i Noreg er spelegalskap. Dagleg brukar folk millionar på pengespel. Problemet blir berre større og større, og det er lite som blir gjort. Den norske stat håvar in pengar, men er lite villige til å gi tilbod til spelavhengige. Folk satsar både hus og bil for å vinna den store gevinsten, men ofte endar det i tap. Monge mistar jobb og blir arbeidslause. Andre mister venner og familie på grunn av problemet. Folk tyr til å stele berre for å ha pengar og putte på speleautomaten som er full i pengar, eller spele på den ”sikre” kampen på langoddsen, eller tar ein stor sjanse og håpar dei vinn hovudpremien i lotto på 10 millionar kroner.  

 

Spelegalskap omfattar meir og meir av den norske befolkninga. Fleire og fleire blir bitt av basillen. Det er vanskeleg å slutta når du har begynt. Monge meinar at den norske stat bør ta meir ansvar i samband med dei problema pengespel førar med seg. Men i staden for å begrensa problemet, utvidar den norske stat og Norsk tipping tilbodet for pengespel. I dag er det nesten ingen grenser for kva du kan satsa pengar på. Alt frå handballkampar til boksing. Så lenge det er ein marknad og folk er villige til å satsa pengar. Norsk tipping skryt av at dei delar ut pengar til idrett, kultur og forsking. Men det er dei med minst pengar som betal prisen. Folk som er arbeidslause, folk som har selt bil og hus for å få pengar til pengespel, det er dei betal prisen. Ikkje rike eigarar i selskap som ikkje veit kvar dei skal gjera av alle pengane sine. Det er difor dette er eit problem, og det bør bli tatt seriøst av politikarane.  

 

Monge ser for seg den typiske spelavhengige. Og at det er forskjellige folk som spelar på ulike spel. Taxisjåførane er ”typiske” speleautomatspelarar, mens eldre folk er typiske lotto- og jokerspelarar. Men dette stemmer ikkje. Dette er ei myte. Alle folk i alle aldrar kan vera spelavhengig.

 

Norsk tipping satsar på flaxlodd no i juletider, og kjem med monge nye flaxlodd-spel for å freista meg og deg. Flaxlodd har kome ut i monge forskjellige versjonar, men det som er felles for alle er at pengesummen eller moglegheitene for å vinna har blitt større. Dette førar sjølvsagt til at folk blir freista til å bruka pengar på flaxlodd. Det kan byrja med eit flaxlodd, men det kan enda i skilsmisse, huslaushet eller einsamhet.   

 

Det som det har blitt/blir satsa mest på i dag er internettspel. Stadig blir det utvikla system som skal gjera det enklare for oss å bruka pengar. Einaste du treng som pengespelar i dag er å registrera deg på ei internettside. Du skriv inn bankkortnummeret ditt. Pengar som du tapar blir trekt frå kontoen din og pengar som du vinn blir lagt på kontoen din. Dette førar til at folk kan sleppe å gå gjennom det sosiale presset med for eksempel gå ned til nærbutikken og møte folk som veit om problemet ditt og snakkar bak ryggen din til andre.

 

Staten bør heilt klart tilby meir for dei spelegale. No finnes det eit telefontilbod der folk med spelegalskap kan ringa inn og fortelje om sine vanskar. Det som er sikkert er at problemet ikkje forsvinner. Den norske stat bør fokusera meir på metodar for å folk vekk frå spelegalskapen, og ikkje kva spel som gir mest pengar i kassa. Ein del av pengane som kjem inn bør bli brukt til førebyggande tiltak mot spelegalskap. Det er eit problem og det vil alltid vera eit problem. Folk bør ikkje ta så lett på spelegalskap, men heller leite etter metodar slik at folk kan bli kvitt problemet.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil