Foreldre veit best

Novelle om ungdom og rusbruk.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.01.13

Det hadde vore ein vill fest. Ein av dei beste ho hadde vore på. Ikkje ein av dei tåpelege fjortisfestane med rusbrus og øl. Det var Even som hadde tatt henne med. Han var over 20 og utruleg kjekk. Det var mange som misunte henne. Han hadde gode kontaktar og visste kvar ein kunne få tak i skikkeleg stoff. Ho visste ikkje eingong namnet på halvparten av det ho hadde fått i seg den kvelden. Ho hadde blitt høg ganske fort. Men det hadde ikkje gjort noko. Even hadde tatt godt vare på henne. Han hadde vore så forståelsesfull og fått ho inn på eit eige soverom, ho kunne jo ikkje komma sjanglande heim. Etter det hugsa ho ikkje så mykje, men pokker og. Det hadde vore ein utruleg fest.

 

No var ho heime igjen. Ho kunne kjenne vibrasjonane av ein person som sette seg ned, og ho såg opp. “Stine vi treng å ta ein alvorsprat;” mora stirra ho bestemt inn i augo. Å, nei ikkje no igjen! Ho tålte snart ikkje meir av mora. Alltid var det graving, spørjing, masing og kjefting. Det var til å bli sprø av. Kunne ho ikkje la henne være i fred? Stine prøvde å oversjå  mora. Men Ingun let seg ikkje merke med det.  “ Eg vil vite kvar du var i går!” Forlangte ho. “Ingen plassar,” svarte Stine tvert. “Du berre går utan å seie frå, og kjem ikkje heim før langt ut på morgonkvisten. Eg vil ha ei forklaring!”   “Du har sikkert vore med han Even igjen,” fortsette ho då ho ikkje fekk noko svar. “Du veit kva eg synes om Even.” “Eg bryr i helvete ikkje om kva du synes!” Stine brydde seg ikkje at ho såra mora. Ho ville berre vekk.

 

Ho hadde allereie fått ein kraftig hovudverk av den skjærande stemma. At ho ikkje bare kunne holda kjeft. “Eg er ikkje dum. Du må ikkje tru at eg ikkje veit kva du driver med. Du er ute til langt på kveld og drikk og fester med ukjende folk. Du kan aldri vite kva som kan skje.” Det var standarsetninga til mora. Ho hadde ikkje tal på kor mange gonger ho hadde høyrt den. “Eg kan passe på meg sjølv takk,” sa ho bestemt og snudde seg vekk. “Du er berre 16 år Stine! Du er ikkje eingong myndig. Du kan ikkje forvente at du alltid har dei rette svara. Må du alltid lære på den harde måten? Kan du ikkje for ein gangs skyld høyre på meg?” “Å, du er så dum! Du forstår jo ingenting.!”  Det var rett før Stine mista beherskelsen. “Dessuten passa Even på meg.” Mora sukka oppgitt. “Du veit det bare er ein ting gutar som Even er ute etter.” Stine kjente rødmen stige opp i annsiktet. Mora hadde gått for langt. Ho kjente at det var rett før ho eksploderte. “Eg går ut ein tur,” sa ho med iskald stemme. “Nei, vær så snill. Kan du ikkje bli heime i kveld?” Tonen til Ingun var ikkje lenger sint og gneldrete. Ho kunne sjå det fortvila uttrykket i augo til mora. Tårene som truga med å bryte demninga og fosse ut. Ho oversåg det. Berre spaserte forbi og ut i den kalde desembernatta, ut i mørket.

 

Det hadde ikkje skjedd noko den kvelden. Det kunne ikkje. Even ville aldri ha gjort noko sånt. Kunne ikkje. Men innerst inne visste ho att mora hadde rett.

 

Stine tok ein slurk av den fuktige Jacob`s Creeken skipa frå Australia. Den friske smaken av epler og sitrus fylte ganen hennar. Alkohol var det einaste som kunne roe nervane hennar no. Ho hadde eit problem, det visste ho, etter mange år som medlem i AA (Anonyme Alkoholikarar) drakk ho fortsatt.

 

Det var gått 17 år sidan ho byrja å drikke, då hadde ho og byrja med dop. Tenåra skulle vore dei lykkelegaste åra i livet hennar, men dei hadde vore eit sant mareritt. Ho måtte hoppe av skulen på vidargåande, og no tjente ho knapt til livets opphald. Ho hadde klart å henta seg kraftig inn, med god hjelp av familie og venner. Men når ho satt aleine om kvelden kunne ho ikkje la være å tenke på korleis livet hennar kunne vore viss ho ikkje hadde byrja med rusbruk. No angra ho bittert på at ho ikkje hadde høyrd på mora for så lenge sidan.

 

Ho tok eit nervøst blikk på klokka. Kvart på eitt. Ho hadde sete her i 6 timar. Nervøs, redd og aleine. Ved sida av henne stod det to tomme vinflasker og den tredje var allereie halvtom. Solveig hadde vore lenge ute. Ho hadde ikkje sagt kvar ho skulle eller når ho kom heim. Ho hadde nettopp fylt 16 og var vel ute og festa. Ho hadde blitt henta av den nye kjærasten, Thomas. Stine kunne ikkje halde opp med å tenke på alt det forferdelige som kunne skje med dottera. Stine hadde bedt henne om å bli heime. Ho hadde prøvd alt. Men Solveig var like sta. Ho kjente tårene piple fram frå augekrokane. Ho følte seg forferdeleg. Skuldkjensla trykka ho ned. Ho hadde aldri vore så redd før i heile sitt liv. Ho ville aldri tilgi seg sjølv viss noko hendte. Ho ville ikkje at det samme skulle skje med dottera som hadde skjedd henne ein mørk kveld for lenge sidan. Men Solveig hadde vore så sta. Orda hennar svei framleis. Du er for gammal. Du forstår ikkje. Eg kan passe på meg sjølv.  Du veit ingenting.  Ho hadde brukt dei samme orda sjølv eingong. Ho kjente seg så altfor godt igjen.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst