Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Per, Pål og Espen AskeladdSkriv ut Utskrift

Analyse av eventyret om Per Pål og Espen Askeladd sett ut fra Olriks Episke Lover.

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Eg skal nu fortelja kort om kva eventyret handlar om og om korleis Olriks Episke Lover viser mønsteret som går igjennom heile eventyret. Tilslutt skal eg vise korleis Aktantmodellen også blir brukt.

 

Eventyret handlar om dei tre brørne som bor heime hos faren sin som er så fattig at han vil at gutane skal ut å tene sitt eiga brød. Kongen hadde lovt ut kongsdottera og halve kongeriket til han som klarte å hogge ned eit stort tre og grave ein djup brønn. Som vanlig er det ikkje bare bare å få gjort dette. På vegen til kongsgarden hører og ser Espen noen ting som vekker hans interesse og han går å ser kva det er. Han blir erta av brørne sine for sin nysgjerrigheit. Lite veit noen at disse tinga kommer til å hjelpe Askeladden med dei oppgåvene kongen har sagt. Per og Pål, dei eldste brørne prøver først og ingen av dei klarer det. Espen prøver og klarer det ved hjelp av dei tinga han har funnet på vegen. Han vinner kongsdottera og halve kongeriket.

 

Olriks Episke Lover:

 

Innleingslova er at eventyret har ein gradvis start frå det rolige til det dramatiske. Du kan sjå det i eventyret fordi det startar med ¨det var ein gang ein mann som..¨

 

Lova om handlingseinskap dreier seg om at bare dei personane som er viktig for handlinga som er trekt inni historia. Du kan sjå dette ved at eventyret ikkje fortel noe viktig om andre enn de tre brørne og kongen.

 

Midtpunktlova bygger på at eventyra som regel bare har ein hovudperson og at handlinga konsentrerer seg rundt denne personen. Eventyret dreier seg om Askeladden og korleis han vinner kongsdottera og halve kongeriket.

 

Den sceniske totallslova betyr at det bare opptrer to personar i same scene. Dersom det er ein tredjeperson tilstede, er vedkommande taus. I eventyret er det bare to og to som snakkar. Enten det er Askeladden som pratar med tinga han har funnet eller det er kongen som snakkar til alle.

 

Tvillinglova seier at to personar kan opptre som om de var den same. Heltene er ikkje slike ¨tvillingar¨ og står alene. I eventyret om Espen Askeladd opptrer Per og Pål som slike tvillingar da de deler de same meiningane og opptrer som ein gruppe igjennom heile eventyret.

 

Motsetningslova dreier seg om at når to personar opptrer i samtidig, blir ulikskapen mellom de to gjerne framheva: Ein er rik ein er fattig eller ein er god og ein er vond osv. Vi kan sjå dette i eventyret ved å sjå på kongen og Askeladden. Kongen blir framstilt som rik og vond mens Askeladden er fattig og god.

 

Tretallslova. I eventyra går talet tre igjen på forskjellig vis. Ein handling skjer tre gongar, tre oppgåver skal gjørast eller helten får tre magiske ting. I eventyret finner Espen tre ting som hjelper han med oppgåvene frå kongen og han er den tredje av brørne som prøver seg.

 

Lova om bakvekt seier at det er den siste av ein rekke hendingar som er den viktigaste. Ofte blir dette koplet saman med den yngste av personen. Av Per, Pål og Espen er den sistnemnte yngst. Han får også prøve seg til sist og er den som greier å lause oppgåva.

 

Kvilelova. Eventyra sluttar aldri brått eller midt i ein dramatisk situasjon. Vi får vite korleis det går med personane, og forteljinga får tid til å falle til ro før det er slutt – gjerne med ein lykkelig slutt for helten. Vårt eventyr ender med at Espen Askeladd klarer oppgåvene frå kongen og han vinner kongsdottera og halve kongeriket. Vi får også vite kva som skjer med dei to eldre brørne hans.

 

Aktantmodellen:

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish