Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ivar AasenSkriv ut Utskrift
Kort tekst om Ivar Aasen.
Bokmål - TemaoppgaveForfatter:



Iver Aasen døde den 23. ds., noget over 83 Aar gammel. Ved hans Baare vil det norske folk med Tak mindes, at denne geniale Mands banebrydende Arbeide, der vil danne Grundlaget for vor nationale Gjenreisning, er et af de største Handsverk, nogen Nordmand i dette Aarhundrede har udført.

 

Dette er dødsannonsa til Ivar Aasen, som blir kalt nynorskens far. Han vart fødd den 5. august 1813, og døde den 23. desember 1896. Som han skreiv det i 1841: "Mit fødested er Gaarden Aasen i Ørstens sogn, Voldens Prestegjeld paa Søndmør." Han var den yngste av sju born og foreldra døydde tidleg, mora døydde då han var to år, og faren døydde då han var tolv år. Ivar Aasen vart dermed nødt til å drive garden aleine allereie frå konfirmasjonsalderen.

 

Garden deira låg litt vekk ifrå dei andre gardane, så han fekk ikkje kontakt med jevnaldringar slik som andre ungar fekk. Etter at han hadde lært å lese gjekk mesteparten av tida hans med til å lese. Han likte eigentleg ikkje det arbeidet som han av omstendigheitene såg ut til å måtte gjere. Så lenge faren levde hadde han nokelunde tid til det han likte best, nemleg å lese. Problemet var berre det at dei hadde så få bøker heime. Dei eigde omtrent ti gamle andaktsbøker og ein bibel. Denne var det mest dyrebare han visste om, fordi han av den kunne få vite så mykje merkeleg.

 

Etter at faren døde, måtte han styre garden aleine i fem år. I september 1831 blei han tilsett som skulehaldar i sognet. Då fekk han tilgang til bøkene som tilhøyrde lensmannen, og dette gjorde han seg stor nytte av. Denne jobben hadde han i to år. I september 1833 fekk han undervisning hos prosten, som snart oppdaga at Aasen ville lære meir enn det som var krava for å verte skulehaldar. Hos prosten blei han i litt meir enn to år. Seinare fann han ut at dei norske dialektane ikkje var skrevne ned og studert slik som andre språk, og dette meinte han at nokon burde gjere noko med. Han kom til at dette arbeidet måtte gjerast av nokon frå same stand som dei som snakka dialektane: "Ein person som var født og oppvokst i ein bondes hytte", og kom til at han burde prøve å gjere dette.

 

I 1840-åra drog Aasen rundt i bygdene i nesten heile landet. Mange stader var mistrua stor då han la fram ærendet sitt. Folk trudde ofte at han var sendt ut for å skrive ned det raraste og dummaste han såg at dei gjorde, slik at dei som sendte han skulle få noko å le av. Etter å ha gått, kjørt med hest og reist med båt i nesten fire år, starta han å arbeide med stoffet han hadde samla. Rundt 1850 var han ferdig med ein grammatikk og ei ordbok. Der var berre orda og bøyingsformene som han hadde høyrt dei i dialektane. Derfor kalla han dei grammatikk og ordbok "over det norske Folkesprog". I 1864 og 1873 kom dei ut i nye utgåver, som "Norsk Grammatik" og "Norsk Ordbog". Her hadde han bestemt seg for formene han ville ha i det nye skriftspråket sitt, landsmålet.

 

Aasmund Olavsson Vinje gav i 1858 til 1870 ut ei avis, Dølen, på landsmål. I denne avisa skreiv Aasen ein del, men Vinje sto for mesteparten av stoffet. Han følgde ikkje Aasen-normalen til punkt og prikke, og han la meir vekt på sitt eige telemarksmål og brukte meir frå det dansk-norske enn Aasen. I denne avisa viste Vinje korleis landsmålet kunne brukast.

 

Aasen skreiv og mange sangar og dikt. "Nordmannen", eller "Millom bakkar og berg", "Dei gamle fjell" og "Gamle grendi" er nokre av dei mest kjende. "Ervingen" er eit skodespel han har laga. Dette er blitt ganske mykje brukt i samanheng med ungdomssamlingar.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish