Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kongroene KommerSkriv ut Utskrift
En jente blir bortført av edderkopper.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Måneskinet var den einaste ljoskilden mellom alle dei mørke trea som strakk seg så langt dei greidde mot den trillrunde månen. Ein kald vind fekk trea til å rasle med blada sine, mens stjernene blunka urørt i det fjerne.

 

Åtte knallraude føter strakk seg ut på ei berghylle. Den svarte kroppen ramma inn eit merke på ryggen. Knallraudt det også. Den stod heilt stille. Den kunne kjenne auga brenne i nakken sin. Den visste at den vart haldt auge med…

 

Ovanfor den lisle kongroa satt ei lita jente samankrøkt. Ho var iført ei lang svart kåpe av fløyel, og det mørkebrune håret hennar var satt opp i ein høg hestehale. Ho skakka på hovudet, og såg nesten forheksa ut der ho satt med føtene godt trokke opp under seg. Ho blunka ikkje. Det var noko spesielt med disse vesena. Noko fantastisk og… nesten magisk? Ho kunne ikkje beskrive det.

 

Denne kongroa var liksom ikkje som andre kongroer. Ikkje bare såg den utroleg stilig ut, den sendte ut ein trollbindande glans som gjorde det vanskelig å dra blikket vekk frå den. Føtenes sterke raudfarge skilte seg sterkt ut frå den grå fargen på berghylla. Det raude merket den hadde på ryggen tok form som ei pil. Det hadde tatt lang tid før jenta hadde sett det, men det var ei pil.

 

Ei kråke letta frå eit tre ikkje så langt unna. Vengeslaga kunne høyres lenge etter den hadde forsvunne inn i mørkna.

 

Det knasa i grusen. Dei små føtene gjekk med korte, raske skritt bortover vegen. Jenta trakk kåpa tettare omkrig deg for å halde kulda vekke. I fleire minutt gjekk ho i stillskap, før ho endeleg kunne skimte ljoset frå bålet. Ein ljoshåra mann stod krøkt over det og rota rundt i asken med ein pinne. ”hei,” sa jenta med ein høg, skingrande stemme. ”åh… Hei, Elisabeth,” svarte han overraska. ”Eg høyrde ikkje at du kom.”

 

Dei satt seg ned og drakk kakao. Ljoset frå bålet tillet skyggane å leike seg i skogkanten. Elisabeth titta bort på faren sin. Dei grøne auga hans sterra tomt inn i flammane. Ho forstod at tankane hans var andre stader. Ho knuga kakaokoppen mellom dei små henda sine, mens ho snudde seg og såg inn i bålet igjen. Ho kjente seg uvel. ”Han tenkjer på mamma,” tenkte ho.

 

Ho hadde høyrt dei rope til kvarandre. Når Elisabeth spør kvifor, seier han at det er fordi mamma ikkje klarar å kontrollere seg sjølv. Når ho spør kvifor mamma ikkje er med dei på telttur, svarar han ikkje på spørsmålet. Da seier han bare at han er glad i ho, og at han vil gjere det som er til hennar beste.

 

Flammane leikte seg gladeleg mellom vedkubbane. Møtet med kongroa hadde etterlagt seg ein merkeleg kjenning i Elisabeth. Det var som om det var noko ho hadde glømt. Ho rista av seg tanken og heldt fram med å drikke kakaoen sin. Sakte kom nattekulda sigande som eit kaldt teppe, og Elisabeth og faren blei nøgd til å krype i soveposane.

 

Brått vakna Elisabeth av ein uvanlig ljod utanfrå. Søvndrukken kjempa ho seg ut av teltet. Det hadde ikkje blitt morgon enda, for månen stod enda høgt på himmelen. Ho kikka seg om etter kva det var som hadde laga ljoden. Den kalde vinden var framleis her, og nattekulda hadde heller ikkje sleppt taket. Ingenting såg uvanleg ut. Elisabeth gjespa høglydt og snudde seg for å gå inn og legge seg igjen. Då høyrde ho det igjen. Det knaka i trea. Det var som om dei prata til ho. Ho snudde seg. Ho var ikkje redd. Elisabeth satt auga på eit av dei eldste grantrea litt oppi skogen. Det såg tilbake på ho. Det veiva forsiktig på greinene som for å seie at ho skulle kommer nærare. Til og med vinden prøvde å dytte henne i retning av treet, sjølv om den eigentleg skulle ha blåst ein heilt annan veg. Elisabeth trengte ikkje tenkje seg om før ho følgde med dei, for ho var ikkje redd.

 

Da ho kom nærare kunne ho sjå at det satt ei kongro på steinen like under det gamle treet. Det stilna. Vinden endra retning og blåste håret ut av auga hennar igjen. Den såg på ho. Plutseleg blei ho fråverande. Det var som om synet av kongroa hadde trollbunde ho. Dei raude føtene sto heilt i ro på steinen. Det var noko den ville ho, men kongroer kan jo ikkje snakke. ”Pila,” tenkte Elisabeth som om det var sjølvsagt. Så gjekk ho som hypnotisert i retning av der pila peikte. Ho møtte på fleire av dei. Svarte kongroer med knallraude føter og ei pil på ryggen. Kvar gong snudde ho og følgde dei andre pilene.

 

Etter ei stund byrja ho å vakne frå forheksinga. No kunne ho skimte omgivingane gjennom eit tynt tåketeppe som hadde lagt seg framom auga hennar. Forskrekka merka ho at ho låg på bakken. Ho prøvde og setje seg opp. Ein brennande smerte for gjennom hovudet hennar. Ho kjempa for å ikkje falle saman. Det var nesten heilt mørkt. Under hendene kjende ho ei fuktig jordflate. Ho følte seg frem. Ho måtte finne ut kvar ho var henne. Våte klissete trådar trefte handflatene hennar. Dei var ikkje sterke, så ho bare veiva dei unna utan vanskar. Elisabeth forstod at det måtte vere spindelvev.

 

Ho opphaldt seg inni ein tunnel. Tusenar av små kongroer kraup overalt. I halvblinde kava ho seg bortover den mørke tunnelen. Ikkje visste ho om ho drog rett veg, eller om ho var på veg mot fjellets indre. Alt ho visste var at ho ikkje kunne bli liggande der ho var no. Ho måtte finne ein veg ut derfrå.

 

Spindelvev la seg i håret hennar, og hendene var fulle av jord. Ho fraus. Elisabeth lengta tilbake til det gode, varme bålet som faren hadde tent. Tenk kor godt det var når flammane lystig sendte ut sin varme. Dei hadde så mykje av den. Dei kunne dele så mykje på den som dei bare ville.

 

Tunnelen blei større. No kunne ho stå oppreist utan å skalle i taket. Ho heldt fram leitinga etter utgangen. Det var ikkje langt frå at panikken greip ho. Ei sterk lukt av jord og støv fylte nasen hennar. Ho kunne umuleg ha valt riktig veg.

 

Elisabeth geispa etter luft. Ho hadde komme inn i ein diger sal. Ho kunne sjå godt i mørket, no som ho var blitt vant med det. Heile salen var dekka av spindelvev. No stod ho og såg ned på den største kongroa ho hadde sett i heile sitt liv. Den måtte vere minst to meter høg, og gav frå seg ein hårreisande klikkeljod. Den var langt frå like vakker og tiltrekkande som dei små. Redselen kraup sakte opp ryggen til Elisabeth. Det kunne umuleg vere ein god ting.

 

Ho snudde seg for å springe. Ho måtte vekk derfrå. Korleis kunne ho ha tenkt slike gode tankar om kongroene? Kom alle til å bli like enorme som denne? Klikkeljoden vaks seg høgare da ho byrja å springe. Hovudet kjentes tungt, og det verka som om hjernen ikkje klarte å gje riktige signal til kroppen. Ho sprang for sakte. Klikkinga vaks seg høgare for kvart steg ho tok. Så kom ho til ein sving og glømte heilt bort å sakke ned farta. Ho sklei.

 

Så låg ho der, utstrakt på det fuktige jordgolvet. Klikkinga kom bare nærare og nærare. Ho torde ikkje sjå opp. Hovudet verka. No stod den like over ho. Kongroa klikka med munnen sin krøka seg over den lisle jenta. Elisabeth høyrer nokon skrike, og forstår at det må vere ho sjølv. Ho prøvde å vri seg laus frå dei store, knallraude føtene som hadde tatt eit hardt tak rundt midja hennes, men det var forgjeves. Den hogg til. Tennene sank inn i ho, som om ho var av luft. Ho skreik enda høgare. No av smerte i staden for redsel. Kongroa spruta gift inni den svake, forsvarslause barnekroppen. Det svei. Blod. Masse blod… så blei ho stille. Auga virka heilt fint, men ho fikk ikkje til å røyre kroppen. Skrekkslagen kikka ho på kongroa. Den tulla ho inn i spindelvev. Heilt til ho ikkje lenger kunne sjå nokon ting.

 

… og der låg ho. Utan å kunne røyre seg. Ingen kunne redde ho. Alt på grunn av hennes eiga dumskap. Ho hadde tenkt bare godt om kongroene, utan å vite korleis dei eigentleg er. Det ligg i naturen deira å ete det som går i fella deira. Denne gongen var det denne lisle jenta. Kven blir det neste gong?




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish